Tiltak for å motverke sosial dumping ved inngåing av kontraktar
Tiltak for å motverke sosial dumping ved inngåing av kontraktar
Kunngjering av konkurranse
1. I kunngjering av konkurransar for oppdrag eller tenester skal det opplysast om tydelege krav og forventningar til leverandørar. Det skal og gå fram kva eksplisitte tiltak leverandørane må vere førebudde på å ha på plass for å vere ein kvalifisert tilbydar. Ved kunngjøringar skal det tas inn rett til å gjennomføre pre-revisjon anten sjølve eller gjennom 3. part. Tilbydarar som ikkje tilfredsstiller krava som er stilt for å kvalifisera seg skal avvisast og det må bli innført avgrensing av kva mottiltak tilbydar kan nytta for å utsetja eller rettsleggjera ein avvising. Dette må og være tydeleggjort ved utlysing av kvalifikasjons prosessen.
2. Det er nødvendig å regulere tiltak direkte i kontrakt basert på krav i konkurransegrunnlaget, sjå vedlagte matrise.
3. Konkurransegrunnlaget skal bygge på prinsipp om at det er dei dyktige og profesjonelle leverandørane som skal bli kvalifiserte og vinne fram
Kontrakt
1. Kontrakten skal fremme og bygge opp om eit velfungerande arbeidsliv.
2. Kontrakten som blir nytta skal hindre sosial dumping og arbeidsmiljøkriminalitet
3. Kontrakten skal ha klar regulering av prøvetid, der det er opp til oppdragsgjevar å vurdere leverandøren i ein første tid av oppdraget/leveransen. Der leverandøren ikkje opptrer i tråd med forventningane og krava, skal det vere mogleg å avslutte oppdraget/kontrakten. Det same gjeld eventuelt underleverandører. Det skal heller ikkje være mogleg å bytte ut underleverandører ein har kvalifisert seg saman med og som ligg til grunn ved kontraktsinngåing, utan på førehand godkjenning av oppdragsgjevar. Det skal være rett til å visa bort leverandør/underleverandør som ikkje opptrer i tråd med krav til HMS og som ikkje har allmenngjort tariffavtalar. Kontrakten må regulere kva slik bortvising får av konsekvensar. Det må og vurderast kva bankgaranti ein vil krevja for å kunne utløysa denne i fall ein må visa bort ein leverandør eller avslutta ein kontrakt.
Tilsettingsforhold
1. Tilsettingsforhold for dei som skal utføre oppdraget som er avtalt i kontrakten, skal vere namngjevne før oppmøte. Dei skal enten vere tilsett hos hovudoppdragsgjevar eller hos godkjend underleverandør, og som var ein del av kvalifikasjonsgrunnlaget for tildeling av oppdraget.
2. I tenestekontraktar skal dei som utfører arbeidet i føretaksgruppa Helse Vest vere tilsett i den verksemda som kontrakten er inngått med.
3. Leverandøren skal uavhengig av bransje og type oppdrag på førespurnad legge fram dokumentasjon av tilsettingsforhold når oppdragsgjevar ber om det
4. For bygg og anleggsoppdrag bør det vurderast om ein skal avgrense oppdraget til to ledd, det vil seie ein hovudleverandør som nyttar ein underleverandør per faggruppe for å oppfylle kontrakten. Desse skal vere del av kvalifikasjonsgrunnlaget
5. I tenestekontaktar og bygg- og anleggskontraktar skal alle arbeidstakarar synleg bere gyldig ID-kort der regelverket krev det, (lovpålagt for arbeidstakarar innan bygg- og anlegg og reinhald)
Arbeidsmiljølova
1. Arbeidsmiljølova er ei ufråvikeleg lov som gjeld for alle tilsettingsforhold
2. Det er leverandøren som er arbeidsgjevar for dei som utfører oppgåver på vegne av leverandøren. Der hovudleverandøren har ein eller fleire godkjende underleverandørar, (kan berre vere fleire underleverandørar der det er basert på faggrupper for å utføre oppdraget godkjent i pre-kvalifiseringa), kan desse vere arbeidsgjevar for sine respektive tilsette. Hovudoppdragsgjevar skal minst sikre oversikt og oppfølging i tråd med reglane i AML og andre forskrifter som er aktuelle
3. Det skal til ein kvar tid vere oversikt over personar som utfører oppdraga
4. I oppfølgingsmøter skal HMS alltid vere tema
5. I oppfølgingsmøter skal leverandøren og eventuelt godkjende underleverandører kunne leggje fram oversikt i tråd med føresetnadene i kvalifikasjonsgrunnlaget og i kontakt.
Lønns- og arbeidsvilkår
• I tenestekontraktar og bygg- og anleggskontraktar er leverandøren ansvarleg for at eigne tilsette, tilsette hos underleverandørar har lønns- og arbeidsvilkår i tråd med Forskrift om allmenngjort tariffavtale