Kontrakt ved utleige av Lensmannsløa
Kontrakt ved utleige av Lensmannsløa
Leigetakar: Alder:
Adresse: Postnr/stad:
Epost: Mobil:
Kva type arrangement: Kven leiger:
Konfirmasjon Lag og foreining
Bryllup Privat
Selskap Bedrift
Xxxx
Forventa tal på personar tilstades på arrangementet:
Leigeperiode
Frå dato/klokke: til dato/klokke:
Leigetakar må vera merksam på at lokalet kan vera oppteke dagen før leigedato. Viss du vil dekka dagen før, må du leiga to dagar.
Pris
Løeståvå med kjøkken:
Ein dag: 2575 kr
To påfølgande dagar: 3900 kr
Med atterhald om prisendring. Lag og foreiningar i Hå kommune leiger gratis, men må betala vanleg sats ved selskap, julebord osv. Det same gjeld arrangement i kommunal regi; utan fagleg innhald gjeld vanlege betalingssatsar.
Alkohol
Det er lov å servera alkohol i Lensmannsløa, men du må søka om skjenkeløyve. Søknadsskjemaet finn du på xxx.xx.xx/xxxxxxxxx. Løyvet kostar kr 360,-.
Støy
Forventes høg støy fra musikk skal naboane varslast. Demp lyden etter kl 24.
Avbestilling og endring
• Den skriftlege kontrakta som servicetorget mottek blir gjeldande.
• Du må betala halv leigesum viss du avbestiller seinare enn fire veker før leigeperioden.
• Send avbestillinga skriftleg til xxxxxxxxxxx@xx.xxxxxxx.xx.
• Det kostar 100 kr å endra bestillinga.
• Me sender faktura til adressa du skriv i kontrakta.
Nøkkel
Nøkkelen hentar du ved servicetorget i Hå rådhus. Opningstidene er måndag-fredag 07:45- 15:15. Spørsmål: Tlf 00 00 00 00 eller e-post xxxxxxxxxxx@xx.xxxxxxx.xx
Viktig informasjon og vilkår for utleige:
1. Kontrakt skal skrivast under ved bestilling. Viss me ikkje mottek signert kontrakt innan rimeleg tid, vert bestillinga sletta.
2. Inventarliste finn du i huset. Leigetakar er ansvarleg for skade og må erstatta eventuelle tap.
3. Det er ikkje tillate å ha hund/katt i lokala.
4. For å kunna leiga lokala må du vera over 20 år. Du er ansvarleg for arrangementet. Leigetakar til festarrangement på kveld/helg må vera 30 år eller meir.
5. Ved vanleg helgeutleige er lokalet tilgjengeleg frå kl 08.00 og kan nyttast til kl 02.00 (Fredag, laurdag og sundag). Kvardagar til kl 23.00.
6. Du kan ikkje reservera Løa lenger enn to år fram i tid til arrangement.
7. Det må ikkje ligga igjen mat i kjøkken eller kjøleskap. Kjøleskap må vaskast etter bruk. Me har ingen fryseboks til utleige.
8. Leigetakar er ansvarleg for rydding og vasking, utanom vask av golv og toalett som er inkludert i prisen. Men golvet skal moppast der det har vore sølt. Utstyr til dette finn du i kottet bak kjøkken. Gjer reint stolar, bord, kjøkkenbenk, og det som er brukt på kjøkkenet. Rydd borda på rett plass etter bruk. Møbler nede kan ikkje flyttast opp i 2. etasje. Hugs at uteområdet er midt i ein barnehage. Ikkje la sneiper og søppel ligga att.
9. Alt avfall skal leggast i søppeldunkar i søppelskuret, merka med «lensmannsløa». Nøkkel finn du på kjøkkenet. Ved fulle dunkar er leigetakar ansvarleg for å ta med seg avfall. Dersom dette ikkje blir gjort skikkeleg, fakturerer me eit tilleggsgebyr. Det same vil skje viss det blir brukt fleire rom enn det som er bestilt.
10.Lensmannsløa har parkeringsplass til fire bilar på dagtid. Ettermiddagar og helger kan de bruka parkeringsplassar ved barnehagen.
11.Viss brannalarmen går ved ein feil, og det ikkje blir avblese, må du betala for utrykning.
12.I ein raud perm på kjøkkenet finn du informasjon om bruk av varmepumpe, nøkkelbrikke og anna. 13.Ved første gongs bruk, avtal eit møte med Xxxxxx X. Xxxxxxxxxxx tlf 000 00 000 for gjennomgang av bruk, prosjektor, steamer, nøklar osv. Ho kan møtast ettermiddagstid, tysdagar. Vaktmeister er
Xxxx Xxxxxx, tlf 000 00 000
14.Hugs at Lensmannsløa ligg midt i eit stille nabolag. Vis omsyn til naboane, og demp lyden etter klokka 24:00.
15.NB! Hugs å sjekka at alle dører er låste og vindauger er lukka før du forlet lokalet.
Utlevert nøkkel Innlevert nøkkel
Eg stadfester å ha lese gjennom kontrakten, og godkjenner vilkåra for utleige:
Dato Signatur leigetakar
Leigereglane er revidert januar 2018.
LØESTÅVÅ er møte/selskapslokale med plass til 70 personar. Løeståvå har kjøkken m/ oppvaskmaskin (steamer), komfyr, kjøleskap og dekketøy til ca 100 personar. Lokalet er i 1. etasje og har piano.
NÅR DU KJEM TIL LØA
Lås opp inngangsdøra ved å leggja nøkkelbrikka inntil lesaren. Døra vil gå i lås når døra lukkes. Ynskjer du at døra skal vera open, legg du brikka inntil lesaren ein gong til medan du held døra oppe. | |
Sett på ventilasjonsanlegget ved å nytta brytarane som står på sikringsskapet i gangen. Sill inn ønska tid. | |
Reguler varmen i romma du skal bruka ved å nytta fjernkontrollen til varmepumpene. Fjernkontrollen finn du i skapet ved kjølehjørnet. | |
Les på branntavla til høgre for inngangsdøra, slik at du er klar over kva du skal gjere om alarmen går. Merk at nøkkel heng på venstre side. | |
Hvis du skal bruka andre etasjen, ligg nøkkelen til løa i skapet ved kjølehjørnet | |
Sett kjøkkenvifta på maks når du vaskar opp (nyttar oppvaskmaskina) |
NÅR DU SKAL FORLATA LØA
Vask opp og sett på plass evt. brukt kjøkkenutstyr. Bruksanvisning på oppvaskmaskinen heng på veggen. Husk å reingjere kaffekannene, samt fjerna evt. brukte kaffefiltre frå kaffemaskinen. Dra ut kontaktane til kaffetrakter og te-kokar. | |
Rydd romma du har brukt. Vask evt. av bord og stolar, og sett dei tilbake slik dei stod. I løeståva skal bord og stolar plasserast som vist på baksida av dette arket. Møbler nede kan ikkje flyttast opp i 2. etasje. Hugs: sjekk toaletta. | |
Hvis du har nytta lysestakane, vask av evt. talg med varmt vatn. Set lysestakane tilbake i vindauga. | |
Senk temperaturen på varmepumpa til 18 gr (vinter, 16 gr om sommaren) dersom den er justert. Bruk fjernkontrollen (som ligg i skapet ved kjølehjørnet). | |
Kast søppel i søppelskuret, merka «Lensmannsløa». Nøkkel finn du på kjøkkenet under benken ved søppeldunkane. | |
Legg brukte gulv- og kjøkkenfiller i utslagsvasken i bøttekottet. | |
Sjekk at dører er låst og at ingen vindauge står opne. Slå av lys. | |
Forlat lokala via hoveddøra, og sjekk at døra er låst. Hvis den ikkje går i lås, held du døra open samtidig som du legg nøkkelbrikka inntil lesaren | |
Ta ein runde rundt løa for å sjekke at det ser reint og fint ut | |
Returner nøkkelen til Servicetorget, Hå kommune. |
Meir informasjon om bygget finn du i den grønne permen som ligg i skapet ved kjølehjørnet.
Plassering av bord og stolar i løeståva Mål på borda er 0,9 x 1,60 m
Parkering kun på kveldstid Xxxxxxxxx på dag- og kveldstid