AVTALE FOR KJØP AV ELEVPLASSAR I HORDALAND FYLKESKOMMUNE
AVTALE FOR KJØP AV ELEVPLASSAR I HORDALAND FYLKESKOMMUNE
Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune inngår slik avtale om inntak av elevar frå Gulen kommune, Solund kommune og frå Gudvangen i Aurland kommune:
1. Elevar frå Gulen kommune og Solund kommune kan søkje plass ved Austrheim vidaregåande skule.
Elevar frå Gudvangen skulekrins i Aurland kommune kan søkje plass ved dei vidaregåande skulane på Voss.
Avtalen gjeld inntak etter §3-1 i Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). Retten til opplæring etter den nemnde paragrafen ligg hjå Sogn og Fjordane fylkeskommune.
2. Elevane som søkjer elevplass i Hordaland sender søknad om inntak til Sogn og Fjordane fylkeskommune. Sogn og Fjordane fylkeskommune tek inn elevane til dei kjøpte elevplassane i Hordaland i samsvar med eige inntaksreglement.
3. Sogn og Fjordane fylkeskommune har ansvaret for kunngjering av skuletilbod, søknadsfristar o.l. for den ovanfor nemnde søkjargruppa.
4. For nemnde søkjargruppe avtalar Sogn og Fjordane fylkeskommune og Hordaland fylkeskommune tal på elevplassar som skal kjøpast i Hordaland innan 1. juni kvart år for det påfølgjande skuleåret.
5. For inntil 55 elevar gjeld ein fastsett sats på kr. 75.000,- per elevplass. Denne satsen gjeld for tre skuleår, 2014/2015 til 2016/2017. Kjøp av plassar utover desse vil Kommunenes Sentralforbund sine satsar bli nytta.
6. Dersom Sogn og Fjordane fylkeskommune ønskjer å kjøpe elevplassar for eit overskytande tal elevar i høve det som avtalen tek høgde for, vert stykkprisar i tråd med Kommunenes Sentralforbund sine satsar lagde til grunn.
7. Elevar som etter sakkunnig vurdering har rett til særskilt tilrettelagd opplæring, kan få tildelt ekstra ressursar fastsett av Sogn og Fjordane fylkeskommune.
8. Sogn og Fjordane fylkeskommune betaler Hordaland fylkeskommune for det tal elevplassar som er avtalt kjøp for påfølgjande skuleår (jf. pkt. 4 ovanfor).
Refusjonen blir betalt med ein del om hausten og ein del om våren, etter nærare avtalte fristar.
9. Ved kjøp av elevplassar i Hordaland fylkeskommune, i dei tilfella der elevar nyttar seg av Hordalandsavtalen, er det ein føresetnad at elevane dagpendlar mellom heimstaden og lærestaden. Det vert etablert rutinar som gir den aktuelle skulen i Hordaland ansvar for å rapportere til Sogn og Fjordane fylkeskommune om eleven si reelle adresse.
Xxxxxx ein elev vel å flytte på hybel skal vedkomande, dersom opplæringstilbodet er
oppretta i Sogn og Fjordane, styrast til næraste vidaregåande skule i heimfylket som har tilbodet.
10. Dersom eleven må skifte skule for å gjennomføre ønskt opplæring på vg2 og vg3, skal eleven, om tilbodet vert gitt i Sogn og Fjordane, søke dette tilbodet her.
11. Sogn og Fjordane fylkeskommune dekkjer utgifter til skuleskyss for dei nemnde elevane.
Dersom Sogn og Fjordane fylkeskommune, etter søknad frå eleven/føresette, likevel gjer unnatak frå inntaksreglane, står fylkesrådmannen fritt til å vurdere om eleven/føresette sjølv må dekke ev. meirkostnader ved skuleskyss.
12. Denne avtalen erstattar tidlegare avtale som har vore gjeldande frå skuleåret 2005-06.
13. Avtalen gjeld frå skuleåret 2014-15, og gjeld difor elevar som går ut av grunnskulen våren 2014.
14. Avtalen kan seiast opp av begge avtalepartar, Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune, med eitt – 1 – års varsel.
Bergen, den Leikanger, den
Fylkesordførar i Hordaland Fylkesordførar i Sogn og Fjordane
fylkeskommune fylkeskommune