Avtale
VEST-TELEMARK KRAFTLAG AS
Avtale
om
Levering av elektrisk kraft for
Næringskundar m.m.
Desse Allmenne Vilkår gjeld mellom Vest-Telemark Kraftlag AS og bedriftskundar, offentlege kundar, organisasjonar og alle andre typar sluttbrukarkundar som ikkje er omfatta av forbrukardefinisjonen i forbrukarkjøpslova.
23.03.2007
Kontaktinfo:
Vest-Telemark Kraftlag AS Høydalsmovegen 815
3891 Høydalsmo
Tlf.: | 00 00 00 00 | Kundsenteret åpent kl. 07.30 – 15.30 |
Telefaks: | 35 07 57 01 | Feilmelding heile døgnet |
E-post: | ||
Internett: |
Innhald
§ 1-2 Innhald i avtalen, avtaleforholdet og Vest-Telemark Kraftlag AS si yting 4
§ 1-2.1 Vest-Telemark Kraftlag AS si avtalte yting 4
§ 1-5 Definisjon av uttrykk og omgrep 5
§ 1-6 Opplysningar ved inngåing av alle typar avtalar om kraftpris 5
§ 1-7 Oppseiing av kunden sin gjeldande avtale om kraftpris i samband med overgang til avtale om kraftpris med Vest-Telemark Kraftlag AS. 5
§ 1-7.1 Ansvar for oppseiing av kunden sin gjeldande avtale 5
§ 1-7.2 Verknaden av protest frå kunden sin tidlegare avtalepart 5
§ 1-7.3 Ansvar for tap m.m. som følgje av forseinka eller ikkje gjennomførbart leverandørskifte 5
§ 1-8 Kredittvurdering, stilling av sikring m.m. ved avtaleinngåing 6
§ 1-8.2 Stilling av sikring m.m 6
§ 2 Avrekning for uttak av elektrisk kraft 6
§ 2-1.1 Avrekning ved bruk av nettselskapet sine måleverdiar. 6
§ 2-1.2 Avrekning ved stipulering av forbruk 6
§ 2-2.1 Feil ved avrekning som kan tilskrivast Vest-Telemark Kraftlag AS 7
§ 2-2.2 Avvikskorrigering etter at det er blitt nytta stipulering ved avrekninga 7
§ 2-2.3 Avrekningsfeil som følgje av feil i oppgitte måleverdiar frå nettselskapet 7
§ 3-1 Kraftprisar og endring av kraftprisar 7
§ 3-1.1 Endring av Standard variabel kraftpris 7
§ 3-1.4 Offentlege avgifter m.m 8
§ 3-1.5 Plikt til å dokumentere avgiftsfritak og rett til refusjon ved feilaktig avgiftsfritak 8
§ 3-3 Rente ved forseinka betaling 8
§ 4 Sanksjonar ved brot på avtalen 8
§ 4-2 Heving av tidsavgrensa kraftprisavtalar 9
§ 4-2.1 Kunden sin hevingsrett 9
§ 4-2.2 Erstatningsansvar for kunden dersom hevingsgrunn ikkje ligg føre 9
§ 4-2.3 Vest-Telemark Kraftlag AS sin hevingsrett 9
§ 4-3 Vest-Telemark Kraftlag AS sitt erstatningsansvar for feil ved avtaleinngåing. 9
§ 5 Frikjøp, oppseiing og opphøyr av avtale om kraftpris med fast pris og/eller lengde 9
§ 5-1 Hovudregel for avtalar om kraftpris med fast pris og/eller lengde. 9
§ 5-2 Frikjøp frå avtalte plikter og utrekning av frikjøpsbeløp 9
§ 5-3 Særskilt om vidareføring og frikjøp frå avtalar for kundar som flyttar i avtaleperioden 10
§ 5-4 Oppseiing av avtalar om kraftpris utan særskilt avtalt opphøyrsdato. 10
§ 5-5 Særskilt om opphøyr av avtale om kraftpris med fast pris og/eller lengde 10
§ 6 Endringar i desse Allmenne Vilkår for avtale om kraftpris. 10
§ 1 Allmenne reglar
§ 1-1 Partane i avtalen
Partane i avtalen er kunden som tek ut elektrisk kraft til bruk på ei eller fleire leveringsadresser, og Vest- Telemark Kraftlag AS som står økonomisk ansvarleg overfor den avrekningsansvarlege for kunden sitt uttak på den/dei same leveringsadressa(ene), og har avtale med kunden om kva pris/prisreferanse som skal gjelde ved avrekning av kunden sitt uttak.
Kunden som inngår avtale om kraftpris må vere identisk med den som er registrert som nettkunde hos nettselskapet på vedkomande leveringsadresse(r) (målepunkt ID).
§ 1-2 Innhald i avtalen, avtaleforholdet og Vest-Telemark Kraftlag AS si yting
Denne avtalen gir Vest-Telemark Kraftlag AS rett til å avrekne kunden for kunden sitt uttak av elektrisk kraft i samsvar med Vest-Telemark Kraftlag AS sin til ei kvar tid gjeldande Standard variabel kraftpris, eller til annan/andre prisregulering(ar) partane har avtalt i Særskilt avtale.
Med mindre anna er særskilt avtalt mellom partane, skal avtalen omfatte avrekning for alt elektrisk kraftforbruk som kunden har på si(ne) leveringsadresse(r) i avtaleperioden.
§ 1-2.1 Vest-Telemark Kraftlag AS si avtalte yting
Ei følgje av Vest-Telemark Kraftlag AS sin rett etter § 1-2, 1. ledd, er at dette forpliktar Vest-Telemark Kraftlag AS til å stå økonomisk ansvarleg overfor den avrekningsansvarlege for det uttak av elektrisk kraft som skjer til kunden si(ne) leveringsadresse(r) i avtaleperioden. Dette er Vest-Telemark Kraftlag AS si yting i avtaleforholdet.
Kunden sitt nettselskap er ansvarleg for at kunden kan ta ut elektrisk kraft etter behov frå nettet til sitt/sine elektriske anlegg.
§ 1-3 Ansvarsfråskriving
Avtale om kraftpris er ein avtale om ei finansiell teneste. Som følgje av dette fråskriv Vest-Telemark Kraftlag AS seg eit kvart ansvar for skadar og tap den elektriske krafta i seg sjølv eller mangel på elektrisk kraft, måtte påføre kunden eller kunden sine medkontrahentar.
§ 1-4 Avtaledokument
Avtale om uttak av kraft til Standard variabel kraftpris skjer i samsvar med reglane i desse Allmenne Vilkår.
Ved avtalar om uttak av kraft som skal avreknast etter andre prisar enn Standard variabel kraftpris, omfattar avtalen mellom partane følgjande dokument:
1. Særskilt avtale mellom partane.
2. Desse Allmenne Vilkår dersom den Særskilte avtalen ikkje fastset noko anna.
Reglar i Særskilt avtale gjeld ved motstrid alltid framfor reglar i Allmenne Vilkår.
§ 1-5 Definisjon av uttrykk og omgrep
Oppstår det tvil om tydinga av omgrep og uttrykk som er brukte i desse Allmenne Vilkår, skal definisjonane i definisjonslista som er innteken til slutt i desse Allmenne Vilkår, leggjast til grunn.
§ 1-6 Opplysningar ved inngåing av alle typar avtalar om kraftpris
For at ein avtale om kraftpris skal kunne inngåast, må kunden gi opp følgjande:
1 Namn (firmanamn, namn på offentlig organ eller organisasjon eller liknande)
2 Organisasjonsnummer
3 Adresse(r) for det/dei målepunkt ID(ar) avtalen skal omfatte.
4 Om (1) har hatt avtale om kraftpris med Vest-Telemark Kraftlag AS for andre leveringsadresser enn oppgitt under (3) i dei siste tre åra.
5 Målepunkt ID. (Finst på faktura frå nettselskap(a)- siste 8 siffer skal nyttast)
6 Fakturaadresse dersom ho er ulik adressa oppgitt under (3).
7 Behov for årleg uttak av elektrisk kraft fordelt på kvartal ev månad. (Basert på historisk statistikk eller skjøn).
Dersom det vert avtalt i Særskilt avtale at Vest-Telemark Kraftlag AS skal seie opp kunden sin(e) gjeldande avtale(ar) om kraftpris, må kunden i tillegg gi opp:
8 Namn og adresse på avtalepart og eventuelle referansar for den avtalen/dei avtalane som skal seiast opp.
Avtale om kraftpris er ikkje rekna for gyldig inngått før Vest-Telemark Kraftlag AS har akseptert gjennom stadfesting av ordren at opplysningane er mottekne og er fullstendige nok for å inngå avtalen.
§ 1-7 Oppseiing av kunden sin gjeldande avtale om kraftpris i samband med overgang til avtale om kraftpris med Vest-Telemark Kraftlag AS.
§ 1-7.1 Ansvar for oppseiing av kunden sin gjeldande avtale
Dersom ikkje anna er avtalt i Særskilt avtale, må kunden sjølv sørgje for oppseiing av sin(e) gjeldande avtale(ar) om kraftpris.
§ 1-7.2 Verknaden av protest frå kunden sin tidlegare avtalepart
Dersom kunden sin tidlegare avtalepart i samband med oppseiing/leverandørskifte gjer gjeldande at kunden ikkje har rett til å seie opp den gjeldande avtalen om kraftpris og gjennomføre leverandørskifte, er dette Vest-Telemark Kraftlag AS uvedkomande.
§ 1-7.3 Ansvar for tap m.m. som følgje av forseinka eller ikkje gjennomførbart leverandørskifte
Dersom leverandørskifte vert forseinka, eller ikkje kan gjennomførast, pga. forhold nemnt i § 1-7.2, er Vest-Telemark Kraftlag AS ansvarsfri for dei tapa kunden måtte ha i høve saka. Dersom Vest-Telemark Kraftlag AS lid tap pga. at eit leverandørskifte vert forseinka, eller ikkje kan gjennomførast pga. forhold
Erstatning for Vest-Telemark Kraftlag AS sitt tap vert utrekna etter reglane i § 4-2.2, andre ledd, for det tidsrommet Vest-Telemark Kraftlag AS blir påført tap.
§ 1-8 Kredittvurdering, stilling av sikring m.m. ved avtaleinngåing
§ 1-8.1 Kredittvurdering
Vest-Telemark Kraftlag AS inngår avtale med kunden under føresetnad om at kunden er i stand til å betale. Kunden aksepterer at Vest-Telemark Kraftlag AS kan innhente kredittvurdering av kunden.
§ 1-8.2 Stilling av sikring m.m.
Dersom kredittvurderinga etter Vest-Telemark Kraftlag AS si saklege vurdering gjer sannsynleg ein fare for at betalingsplikta vert mishalden, kan Vest-Telemark Kraftlag AS avvise tinginga, eventuelt seie opp avtalen, eller krevje at det vert stilt sikring, også for løpande forskotsbetaling.
Sikring i form av sjølvskyldnarkausjon (bankgaranti og liknande) skal dekkje betaling for stipulert uttak i inntil 4 månader. Sikringa kan krevjast oppretthalden så lenge faren for mishald av betalingsplikta kan gjerast sannsynleg.
Dersom eit sakleg grunngitt krav om å stille sikring eller forskotsbetaling ikkje vert akseptert av kunden, er dette eit vesentleg mishald som gir Vest-Telemark Kraftlag AS rett til å heve avtalen straks.
§ 1-9 Teieplikt
Partane, partane sine tilsette og andre hjelparar partane måtte ha engasjert, har plikt til å teie om alt som vedkjem den andre parten sine drifts- og forretningsforhold.
Dette er ikkje til hinder for at Vest-Telemark Kraftlag AS kan nytte eigen kunnskap om kunden i samband med kredittvurdering, eller at Vest-Telemark Kraftlag AS kan gi opplysningar om kunden til offentleg organ som har heimel i lov til å krevje opplysningar.
§ 2 Avrekning for uttak av elektrisk kraft
§ 2-1 Avrekning
§ 2-1.1 Avrekning ved bruk av nettselskapet sine måleverdiar.
Vest-Telemark Kraftlag AS nyttar tilgjengelege måleverdiar frå nettselskapa ved all avrekning av kundar.
§ 2-1.2 Avrekning ved stipulering av forbruk
§ 2-2 Feil ved avrekning
§ 2-2.1 Feil ved avrekning som kan tilskrivast Vest-Telemark Kraftlag AS
Dersom Vest-Telemark Kraftlag AS feilaktig har nytta andre målarverdiar ved avrekning av ein kunde enn dei måleverdiane som nettselskapet i rett tid har gjort tilgjengeleg for Vest-Telemark Kraftlag AS, kan Vest-Telemark Kraftlag AS eller kunden krevje respektive tilleggsbetaling eller tilbakebetaling for den tida feilen kan ettervisast.
Krav om tilleggsbetaling og tilbakebetaling vert forelda etter reglane i lov om foreldelse av fordringer av 18. mai 1979 nr.18.
Vest-Telemark Kraftlag AS kan ikkje krevje tilleggsbetaling i dei tilfelle avrekningsfeilen må tilskrivast Vest-Telemark Kraftlag AS, og avrekningsfeilen er så lite synberr at kunden heller ikkje burde hatt mistanke om feil og såleis er i aktsam god tru.
§ 2-2.2 Avvikskorrigering etter at det er blitt nytta stipulering ved avrekninga
Avvik som skuldast at Vest-Telemark Kraftlag AS ikkje har fått oppgitt nødvendige målarverdiar frå nettselskapet i rett tid, og såleis har nytta stipulert forbruk ved avrekning, jf. § 2-1.2, skal også korrigerast ved tilbakebetaling eller tilleggsbetaling når måleverdiane ligg føre. Slik korrigering reknast ikkje som feil ved avrekning, og skal derfor gjerast utan omsyn til kunden si aktsame gode tru.
§ 2-2.3 Avrekningsfeil som følgje av feil i oppgitte måleverdiar frå nettselskapet
Dersom Vest-Telemark Kraftlag AS har motteke feil måleverdiar for kunden frå nettselskapet, og nytta desse ved avrekning av kunden, kan Vest-Telemark Kraftlag AS ikkje krevje etterbetaling frå kunden, og kunden kan ikkje krevje tilbakebetaling frå Vest-Telemark Kraftlag AS.
Oppgjer i høve for mykje eller for lite betalt for elektrisk kraft i dei tilfelle nettselskapet har meldt feil måleverdiar til Vest-Telemark Kraftlag AS, er i det heile eit forhold mellom nettselskapet og kunden som nettkunde hos nettselskapet.
§ 3 Pris og betalingsvilkår
§ 3-1 Kraftprisar og endring av kraftprisar
§ 3-1.1 Endring av Standard variabel kraftpris
Standard variabel kraftpris kan som hovudregel endrast med 14 dagars varsel. Varsel om endring av Standard variabel kraftpris skjer anten ved direkte varsel til kundane, eller på annan eigna måte.
§ 3-1.2 Andre kraftprisar
Kraftpris(ar) og vilkår for eventuelle endringar av andre kraftprisar enn Standard variabel kraftpris følgjer av det partane avtalar i Særskilt avtale.
§ 3-1.3 Nettleige
Kraftprisen gjeld berre for avrekning av kunden sitt uttak av elektrisk kraft. Avrekning for nettleige kjem i tillegg til avrekninga for kraftuttaket.
§ 3-1.4 Offentlege avgifter m.m.
Kraftprisane er oppgitt eksklusive alle avgifter. Meirverdiavgift, forbruksavgift for elektrisk kraft og eventuelt nye avgifter, kjem i tillegg til kraftprisen med dei til ei kvar tid gjeldande satsar.
§ 3-1.5 Plikt til å dokumentere avgiftsfritak og rett til refusjon ved feilaktig avgiftsfritak
Kundar som etter aktuelle forskrifter er fritekne for avgifter, må i tvilstilfelle dokumentere overfor Vest- Telemark Kraftlag AS at dei har rett til avgiftsfritaket. Dersom Vest-Telemark Kraftlag AS skulle bli etterrekna for avgifter som kundar feilaktig er blitt fritekne for, har Vest-Telemark Kraftlag AS rett til å krevje det aktuelle beløpet refundert av vedkomande kunde(ar).
§ 3-2 Betalingsvilkår
Faktura forfell til betaling i samsvar med Vest-Telemark Kraftlag AS sine faktureringsrutinar og betalingsvilkår, og det partane avtalar i Særskilt avtale.
§ 3-3 Rente ved forseinka betaling
Forseinkingsrente kjem i tillegg ved betaling etter oppgitt betalingsfrist gitt på faktura etter lovbestemt rentesats i forbrukarforhold i lov om renter ved forseinka betaling av 17. desember 1976 nr 100.
§ 3-4 Inkasso
Inkasso skjer i samsvar med lov om inkasso av 13. mai 1988 nr 26.
§ 4 Sanksjonar ved brot på avtalen
§ 4-1 Stansing
Vest-Telemark Kraftlag AS kan stanse å ta økonomisk ansvar for kunden sitt uttak av elektrisk kraft dersom kunden ikkje betalar faktura innan betalingsfristen oppgitt på fakturaen.
Kunden og vedkomande nettselskap vil bli varsla skriftleg om stansing og opphøyr av kraftleveranse, og om tidspunktet når stansen vert sett i verk.
§ 4-2 Heving av tidsavgrensa kraftprisavtalar
§ 4-2.1 Kunden sin hevingsrett
Dersom Vest-Telemark Kraftlag AS i vesentlege forhold bryt ein tidsavgrensa avtale om kraftpris, kan kunden heve avtalen.
§ 4-2.2 Erstatningsansvar for kunden dersom hevingsgrunn ikkje ligg føre
Vest-Telemark Kraftlag AS kan krevje erstatta tap Vest-Telemark Kraftlag AS lid dersom kunden hevar ein tidsavgrensa avtale om kraftpris før utløpstidspunktet, og det ikkje ligg føre slike brot på vesentlege forhold i avtalen frå Vest-Telemark Kraftlag AS si side som nemnt i § 4-2.1.
Erstatningsbeløpet finn ein som differansen mellom områdeprisen i det prisområdet kunden sitt uttak skjer på den dagen Vest-Telemark Kraftlag AS får melding om hevinga, og den prisen som gjeld i kontrakten mellom kunden og Vest-Telemark Kraftlag AS. Denne differansen vert multiplisert med avtalt, eller skjønsmessig stipulert, kraftuttak frå den dagen hevinga vert gjennomført og ut den perioden som den tidsavgrensa avtalen gjaldt for.
§ 4-2.3 Vest-Telemark Kraftlag AS sin hevingsrett
Vest-Telemark Kraftlag AS kan heve ein tidsavgrensa avtale om kraftpris dersom kunden misheld betalingsplikta vesentleg.
§ 4-3 Vest-Telemark Kraftlag AS sitt erstatningsansvar for feil ved avtaleinngåing.
Dersom Vest-Telemark Kraftlag AS som følgje av svikt i eigne rutinar ikkje har registrert ein kunde Vest- Telemark Kraftlag AS har gyldig avtale om kraftpris med, og feilen heilt eller delvis ikkje skuldast forhold på kunden eller nettselskapet si side, er Vest-Telemark Kraftlag AS ansvarleg for eventuelle meirkostnader som kunden har ved at kunden er blitt avrekna etter ein høgare kraftpris av annan avtalepart eller av nettselskapet i samsvar med konsesjonsvilkåra om leveringsplikt.
§ 5 Frikjøp, oppseiing og opphøyr av avtale om kraftpris med fast pris og/eller lengde
§ 5-1 Hovudregel for avtalar om kraftpris med fast pris og/eller lengde.
Avtale om kraftpris med fast pris og/eller lengde skal gjelde for det tidsrom som er avtalt i Særskilte Vilkår.
§ 5-2 Frikjøp frå avtalte plikter og utrekning av frikjøpsbeløp
Erstatningsbeløpet (frikjøpsbeløpet) finn ein som differansen mellom områdeprisen i det prisområdet kunden sitt uttak skjer på den dagen frikjøp vert kravd av kunden, og den prisen som gjeld i kontrakten mellom kunden og Vest-Telemark Kraftlag AS. Denne differansen vert multiplisert med avtalt, eller skjønsmessig stipulert, kraftuttak frå den dagen frikjøpet gjeld frå og ut den perioden som den tidsavgrensa avtalen gjaldt for.
§ 5-3 Særskilt om vidareføring og frikjøp frå avtalar for kundar som flyttar i avtaleperioden
Kundar som har avtalar om kraftpris med fast pris og/eller lengde, og som flyttar før avtaleperioden er ute, får fullført avtalen ved uttak av kraft på si nye adresse. Kundar som ikkje ønskjer å fullføre avtalen ut avtaleperioden ved flytting, får høve til frikjøp etter reglane i § 5-2.
Kundar med avtalar om kraftpris med fast pris og/eller lengde, som flyttar, pliktar å varsle Vest-Telemark Kraftlag AS om si nye leveringsadresse med dei same opplysningane som dei som går fram av § 1-6 i desse Allmenne Vilkår. Vest-Telemark Kraftlag AS vil deretter sende melding om oppstart av kraftleveranse til vedkomande nettselskap, jf. § 2-1 i Forskrift om måling, avrekning og samordna opptreden m.m. av 11.03.1999 nr 301.
§ 5-4 Oppseiing av avtalar om kraftpris utan særskilt avtalt opphøyrsdato.
Avtalar om kraftpris utan særskilt avtalt opphøyrsdato kan seiast opp av kvar av partane med 3 vekers skriftleg varsel rekna frå førstkomande måndag etter oppseiinga.
§ 5-5 Særskilt om opphøyr av avtale om kraftpris med fast pris og/eller lengde
Dersom Vest-Telemark Kraftlag AS etter utløpet av ein avtale om fast pris og/eller lengde ikkje har motteke leverandørskiftemelding frå nettselskapet, og heller ikkje har motteke tinging frå kunden om ein ny avtale om fast pris og/eller lengde, vil kunden bli avrekna av Vest-Telemark Kraftlag AS i samsvar med Standard variabel kraftpris, eller eit anna standardprodukt som kan seiast opp etter regelen i § 5-4 i desse Allmenne Vilkår.
§ 6 Endringar i desse Allmenne Vilkår for avtale om kraftpris.
§ 6-1 Endring i Allmenne Vilkår for avtale om kraftpris for kundar som har avtalar om kraftpris utan særskilt avtalt opphøyrsdato
For kundar som har avtalar om kraftpris utan særskilt avtalt opphøyrsdato, kan
Vest-Telemark Kraftlag AS gjere endringar i desse Allmenne Vilkår for avtale om kraftpris.
Endringar skal kunngjerast med 14 dagars varsel som direkte melding til kunden eller på annan eigna måte, og er deretter gyldige.
§ 6-2 Endring i Allmenne Vilkår for avtale om kraftpris for kundar som har avtalar om kraftpris med fast pris og/eller lengde.
For avtalar om kraftpris med fast pris og/eller lengde blir endringar som nemnt i § 6-1 ikkje gjort gjeldande i avtaleperioden. Endringane vil først bli gjort gjeldande for slike avtalar dersom kunden etter utløpet av avtalen fornyar eller vidarefører avtalen med ny aksept.
§ 7 Tvistar
Tvistar om kontraktsforholdet, som ikkje blir løyst ved forhandlingar, skal bringast inn for XXX tingrett, med mindre partane i det enkelte tilfelle blir samde om bruk av skilsdom.
Sorenskrivaren i tingretten skal i tilfelle semje om skilsdom oppnemne formann for skilsdomsretten. Elles avtalar partane i samråd med den oppnemnde formannen samansetting og sakshandsaming i samsvar med reglane i lov om voldgift.
Definisjonar til Allmenne vilkår for avtale om kraftpris.
Avrekningsansvarleg Eining utpeika av Olje- og energidepartementet som har ansvar for at det blir avrekna for all innmating og alt uttak av elektrisk kraft som finn stad i netta i Norge. Dette er regulert i § 4-3 i energilova og i kapitla 4 og 5 i forskrift av 11.3.1999 nr 301 Om måling, avrekning og samordna opptreden ved kraftomsetning og fakturering av nettenester.
Avtale om kraftpris Finansiell avtale der ein aktør (kraftleverandør) påtek seg å avrekne ein kunde for kunden sitt uttak av elektrisk kraft i samsvar med avtale, samtidig som aktøren overfor avrekningsansvarleg tek på seg det økonomiske ansvaret for vedkomande kunde sitt uttak av elektrisk kraft frå nettselskapet sitt nett.
Elspotpris Pris for elektrisk kraft som blir notert kvar time av den nordiske kraftbørsen Nord Pool ASA. Elspotprisen, eller berre spotprisen, er referansepris for all annan prissetting av kraft. Det blir notert ein systempris som er snittet for heile børsområdet. Ved flaskehalsar i det fysiske kraftoverføringssystemet (sentralnettet) mellom regionar blir det notert ein elspotpris for kvart område (områdepris).
Finansiell avtale Sjå avtale om kraftpris.
Kraftleverandør Nemning for aktørar som ”sel” elektrisk kraft til sluttbrukarar. Nemninga
”kraftleverandør” er innarbeidd. Det må likevel presiserast her at nemninga ikkje refererer til ein aktør som står for fysisk leveranse av ei bestemt kraftmengde til ein sluttbrukar, men til ein aktør som forpliktar seg til å avrekne kunden for den uttekne kraftmengda til avtalt pris. Ytinga til kraftleverandøren er følgjeleg ein finansiell avtale.
Leverandørskifte Formell, forskriftsfesta prosedyre for registrering av den leverandør som skal ha økonomisk ansvar overfor avrekningsansvarlege for kraftuttaket i eit kvart målepunkt ID. Denne registreringa (leverandørskiftet) vert gjort av nettselskapet som eig nettet der kunden sitt målepunkt ID er. Melding om leverandørskifte skal alltid sendast av den aktøren som har inngått ny avtale om kraftpris (kraftleveringsavtale) med ein kunde. Reglane om leverandørskifte er inntekne i kap. 2 i forskrift av 11.3.1999 nr 301 Om måling, avrekning m.m.
Leveringsadresse Sjå Målepunkt ID
Målepunkt ID Etter § 1-3 i Forskrift om måling, avrekning og samordna opptreden m.m. av 11.3.1999 nr 301, er målepunkt ID definert som ”ein eintydig identifikasjon av eit målepunkt basert på EAN- standarden Global Service Relation Number (GSRN)”.
Nettleige Alle prisar og annan økonomisk godtgjersle (tariffar) som nettselskapet fastset for tilknyting til og bruk av elektriske nettanlegg. Jf. § 1-3 om tariffer i Forskrift av 11.3.1999 nr 302 Om økonomisk og teknisk rapportering, inntektsrammer m.m.
Nettselskap Selskap som eig overføringsnett eller har ansvar for nettenester i samsvar med nettleigekontrakt med kunden og har områdekonsesjon og omsetningskonsesjon etter energilova.
Nord Pool ASA Den nordiske kraftbørsen som er eigd av sentralnettsselskapa i dei nordiske landa.
Aktørane som tilbyr avtalar om kraftpris til sluttbrukarar, handlar kraft og prissikrar avtalepliktene sine overfor kundane hos Nord Pool ASA.
Områdepris/prisområde Sjå Elspotpris.
Sluttbrukar Som sluttbrukar er rekna den kunden som tek ut elektrisk energi til eige bruk, og som ikkje omset krafta vidare.
Spotpris Sjå Elspotpris
Stansing Kraftprisansvarlege si utøving av tilbakehaldsrett overfor kunden. Det inneber at kraftleverandøren overfor kunden og nettselskapet erklærer at ein frå eit oppgitt tidspunkt ikkje står økonomisk ansvarleg overfor den avrekningsansvarlege og nettselskapet for kunden sitt uttak av kraft.