Forankringsavtale HELSE VESTS STRATEGISKE SATSINGAR 2025-2029
HELSE VESTS STRATEGISKE SATSINGAR 2025-2029 |
|||||
Denne avtalen skal leggjast ved når søkjaren på søknadstidspunktet ikkje er tilsett i minimum 20 % stilling i eit helseføretak i Helse Vest RHF eller ved ein privat, ideell institusjon som har avtale med Helse Vest RHF. (I avtalen omtalt som søkjarinstitusjonane).. Tilsette ved følgjande institusjonar kan søkje med forankringsavtale: Universitet og høgskular i regionen, samt rehabiliterings- og rusinstitusjonar som har avtale med Helse Vest. I forankringsavtalen skal desse underteikne som «Ekstern institusjon». Denne avtalen inneber plikter i forhold til punkta som blir gjennomgått i avtalen. Retningslinjene for Helse Vest sine forskingsmidlar ligg til grunn for forankringsavtalen. |
|||||
Avtalen gjeld |
|||||
Søkjar: |
Xxxxx her for å skrive inn tekst. |
||||
Tittel på prosjekt: |
Klikk her for å skrive inn tekst. |
||||
Søknaden gjeld: |
Velg et element. |
||||
Ansvar som søkjarinstitusjon |
|||||
Helseføretaket (søkjarinstitusjonen) er forskingsansvarlig institusjon for prosjektet (jf. Lov om medisinsk og helsefagleg forsking) og har arbeidsgivaransvar for personell finansiert av tildelinga. Ved tildeling av doktorgradsstipend er også søkjarinstitusjonen ansvarleg for at stipendet kan fullførast på normert tid/innafor ramma av tildelinga. Forsking er ei av fire hovudoppgåver for helseføretaka, og føretaka er grunnfinansiert for å utføre denne oppgåva. Helse Vest sine forskingsmidlar er eit økonomisk bidrag til forskingsaktiviteten, og det kan ikkje takast dekningsbidrag frå desse midlane. Dekningsbidrag i eit forskingprosjekt er søkjarinstitusjonen sine felleskostnader som husleige for kontor/arbeidsplass, leige av PC med standard programvare, telefon og andre administrative fellestenester knytt til personal, økonomi og bibliotektenester. Institusjonen er ansvarleg for kostnaden også dersom det er behov for å kjøpe desse tenestene andre stader.
|
|||||
Nytting av areal og infrastruktur i prosjektperioden |
|||||
Med utgangspunkt i søkjarinstitusjonens ansvar, gjer greie for kva avtale (inkludert fordeling av kostnadar) som er inngått mellom partane. |
Xxxxx her for å skrive inn tekst. |
||||
Forsking på helseopplysningar og humant biologisk materiale |
|||||
Kjem prosjektet inn under helseforskingslova? |
Ja ☐ |
Nei ☐ |
|||
Dersom ja: Pliktene som forskingsansvarleg institusjon er avklart mellom partane i tråd med helseforskingslova. |
|||||
Arbeidsgjevaransvar |
|||||
Ved eventuell tildeling skal personell som er finansiert av Helse Vests forskingsmidlar tilsettast ved søkarinstitusjonen (helseføretak/privat, ideell institusjon). |
|||||
Kreditering ved publisering |
|||||
Partane er kjente med samarbeidsorganets retningslinjer for kreditering, og er klare over at desse ikkje kan fråvikast. Partane er einige om at søkjarinstitusjon og underliggjande eining (avdeling, klinikk) som eit minimum må krediterast på publikasjonar utgått frå dette prosjektet. I tillegg kan forfattaradresse til universitet/høgskule eller annan klinikk/avdeling i helseføretak krediterast i dei tilfella det finst eit vesentleg bidrag frå desse. |
|||||
Fordeling av rettar i tilfelle resultatet har kommersielt potensial |
|||||
Partane er einige om følgjande når det gjeld oppfinningar utgått frå denne søknaden og prosjektet: Søkjarinstitusjonen skal ha melding om oppfinning med mogleg kommersiell verdi. Meldinga (DOFI) skal vere skriftleg på fastlagt skjema, jf. søkjarinstitusjonens eigne retningslinjer for dette. |
|||||
Rekneskapsinstitusjon |
|||||
I samsvar med overordna føringar for bruk av det øyremerkte tilskotet til forsking, skal Helse Vest sine forskingsmidlar rekneskapsførast av helseføretaka i Helse Vest eller dei private, ideelle institusjonane. |
|||||
Avtalens lengde |
|||||
Som eit minimum gjeld avtalen så lenge søknaden/prosjektet mottek finansiering frå Helse Vest RHF. |
|||||
Frå dato: Xxxxx her for å skrive inn tekst. |
Til dato: Xxxxx her for å skrive inn tekst. |
Avtalepartar |
|
Signering av forankringsavtalen skal følgje fullmaktsstrukturen i institusjonane, og skal minimum vere på nivået klinikkdirektør, instituttleiar e.l. Avtaler som ikkje er signert i tråd med fullmaktsstrukturen vil føre til at søknaden blir lagt til side. |
|
Søkjarinstitusjon |
Ekstern institusjon |
Vel søkjarinstitusjon |
Vel ekstern institusjon |
Namn på leiar ved søkjarinstitusjon:
|
Namn på leiar ved ekstern institusjon:
|
Dato: |
Dato: |
Signatur leiar søkjarinstitusjon
|
Signatur leiar ekstern institusjon |
(Tittel og namn)
|
(Tittel og namn)
|
Helse Vests strategiske satsingar 2025-2029