Låneavtale for læringsbrett i Kviteseid kommune
Låneavtale for læringsbrett i Kviteseid kommune
Skulen sitt namn: Serienummer på læringsbrettet: Namn eleven:
Dette læringsbrettet og tilhøyrande ladar skal brukast av (fullt namn) som eit personleg læringsbrett til arbeid på skulen og heime. Avtala gjeld frå påført dato og signering. Læringsbrettet er Kviteseid kommune sin eigedom og skal leverast tilbake når det skal bytast ut, eller dersom eleven slutter på skulen i Kviteseid kommune. I sommar- og joleferien skal læringsbrettet oppbevarast av Kviteseid kommune.
Ved å signere denne låneavtala, aksepterer eleven og føresette dette reglementet:
1. Ordensreglement
a. Skulen sine ordinære ordensreglar gjeld også for denne låneavtala.
2. Administrasjon
a. Kviteseid kommune bestemmer til ei kvar tid kor stor grad av kontroll skulen og eleven skal ha over oppsettet på læringsbrettet. Læringsbrettet blir lasta opp med naudsynt programvare. Eleven skal ikkje fjerne eller legge til programvare.
b. Skulen kan når som helst be om å få tilbake læringsbrettet av tekniske eller praktiske grunnar. Eleven må i slike tilfelle levere tilbake læringsbrettet ulåst (utan passord eller pinkode).
c. Eleven skal ikkje logge på med personlig Apple-id på læringsbrettet.
d. På skulen skal læringsbrettet vere kopla til kommunen sitt trådlause nett.
3. Praktisk bruk
a. Læringsbrettet skal alltid vere med på skulen.
b. Eleven må sørgje for at læringsbrettet kvar dag er tilstrekkeleg lada til å kunne brukast gjennom heile skuledagen utan lading undervegs.
c. Dekslet skal alltid vere på læringsbrettet. Eleven skal ikkje skrive eller klistre noko på dekslet, men kan få merkelapp utlevert til merking av dekslet. Eleven skal bruke veske/sekk når læringsbrettet blir transportert.
d. Skulen tek ikkje ansvar for tap av data og har rett til å slette innhald på læringsbrettet.
e. Skulen kan til ein kvar tid kontrollere at læringsbrettet blir brukt etter skulen sine retningslinjer.
f. Tap og manglar skal meldast til lærar så raskt som mogleg.
g. Det er ikkje lov å laste ned ulovleg materiale frå Internett.
h. Læringsbrettet skal brukas til skulerelaterte aktiviteter, og det er læraren som styrer når læringsbrettet er i bruk.
i. Eleven og føresette har eit spesielt ansvar i forhold til skade og tap. I slike tilfelle kan det bli stilt krav om erstatning til eleven/ føresette på lik linje med xxxx xxxxxxxxxxxxxx som blir øydelagt. Ved alle typar skade eller tjuveri, vil skulen undersøke hendinga og vurdere kvar ansvaret for hendinga ligg. I grove tilfelle som
t.d. hærverk, kan det hende at eleven ikkje får disponere eige læringsbrett, men må låne læringsbrett på skulen etter behov.
Skadeerstatningslova:
• §1-1 : Barn sitt ansvar
• §1-2: Ansvaret til føresette
4. Endring av reglar
Låneavtalen blir publisert på Kviteseid kommune sine heimesider. Eventuelle endringar vil bli varsla på nettsida.
Læringsbrett er utlevert (dato):
Signatur eleven :
Signatur føresette:
Rektor/lærar: