Kontrakt
Kontrakt
for utlevering av nasjonalt lånekort og utlån av lærebøker
Eleven får nasjonalt lånekort i samband med utlån av lærebøker.
For å få nasjonalt lånekort må eleven gi sitt samtykke til at fødselsnummeret blir lagra i Xxxxxx låneregister. Nasjonalt lånekort kan brukast i heile landet.
Les meir på xxx.xxxxxxxxxx.xx/xxxxxxxx.xxx
Denne kontakta må signerast som prov på at ein godkjenner utlånsreglane og mottar nasjonalt lånekort. Lærebøker er kostbare så les punkta nedanfor nøye.
Reglar for utlån av lærebøker i vidaregåande skolar i Hordaland
1. Eleven får bibliotekkort i biblioteket når han/ho:
* viser legitimasjon
* har lese og godkjend brosjyren om nasjonalt lånekort
Bibliotekkortet skal signerast. Signatur gjeld som godkjenning av desse reglane. Har eleven nasjonalt bibliotekkort frå før, kan han/ho bruke dette.
Nytt bibliotekkort ved tap kostar kr 10.
2. Eleven har ansvar for å levere bøkene tilbake i god stand:
* Bøkene skal vere reine.
* Ein får ikkje skrive i eller setje merke i bøkene, unnateke pkt. 4 (skrive namn i boka)
* Strekkodane skal vere intakte
* Innleveringsfristen skal overhaldast
3. Eleven har erstatningsansvar dersom bøker kjem bort eller blir øydelagde:
*Ein må betaleinnkjøpspris for ikkje innleverte bøker.
*Det blir berre sendt ut ei purring før det vert sendt ut rekning på lånet. Når rekninga er sendt ut, må den betalast sjølv om materialet vert levert inn.
4. Du skal skrive namnet ditt på innsida av permen slik at du veit at du leverer inn att den boka du lånte.
Du har ansvar for ditt eksemplar av kvar bok. Ikkje byt med andre!
Stad og dato:
Namnet til eleven: (blokkbokstavar)
(Er eleven under 18 år, må ein av dei føresette skriva under. Hugs fødselsdato!)
Signatur: Fødselsdato