A K S J O N Æ R A V T A L E
Utkast pr. 15.04.2020
A K S J O N Æ R A V T A L E
vedkomande
Sognekraft AS
aksjonæravtale .tilråding.rev..docx
Denne aksjonæravtalen (”Avtalen”) er inngått den ● 2020 mellom:
(1) Luster Energiverk AS xxx.xx. 933 297 292 ("Luster Energiverk"),
(2) Luster kommune xxx.xx. 964 968 241 ("Luster kommune"),
(3) Sogndal kommune xxx.xx. 922 121 893 ("Sogndal") og
(4) Vik kommune xxx.xx. 937 498 764 ("Vik")
i fellesskap kalla ”Partane” og kvar for seg ein ”Part”, vedkomande utøving av eigarrettar i Sognekraft AS, xxx.xx. 916 069 634 – eller etter ny konsernorganisering avløyst av det selskapet som er morselskap i konsernet, xxx.xx [●] ("Selskapet"). Luster Energiverk og Luster kommune saman vert kalla "Luster". Partane har slik definert tre like likeverdige eigarkonstellasjonar.
1. BAKGRUNN
Partane ynskjer å oppretthalde lokalt majoritetseigarskap og kontroll i Selskapet, og vil difor opptre samla og koordinert i høve utøving av eigarrettar i Selskapet. Partane ynskjer å sikra føreseielege ordningar i høve styring og utvikling av Selskapet. Partane ynskjer å nytta selskapet som kraft i regional utvikling i desse kommunane, der Selskapet har ressursar og kompetanse å bidra med.
Aksjane som er eigd lokalt er ved inngåing av aksjonæravtalen fordelt som følgjer mellom partane:
Aksjonær | A-aksjar | B-aksjar | Sum tal xxxxxx | Xxxxxxxx |
Luster Energiverk AS Luster kommune | 931 105 | - 391 | 931 496 | 12,91 % 6,88 % |
Sogndal kommune | 243 | 909 | 1 152 | 15,98 % |
Vik kommune | 302 | 1125 | 1 427 | 19,79 % |
Totalt | 1 581 | 2 425 | 4 006 | 55,55 % |
BKK AS eig 679 A-aksjar og 2 526 B-aksjar, samla 3 205 aksjar (44,45%).
2. STYRET
Aksjonærane har i fellesskap ansvar for at styresamansetjinga til ei kvar tid sikrar samla styrekompetanse, mangfald og andre krav til representasjon i styret.
Etter Selskapet sine vedtekter skal Selskapet ha eit styre på inntil 8 medlemmar med personlege varamedlemmar. Partane er samde om at minst 4 styremedlemmar inkl styreleiar skal veljast mellom medlemmar nominert av partane. Inntil 6 av styremedlemmane med varamedlemmar skal veljast av generalforsamlinga og to av styremedlemmane med varamedlemar skal veljast av og mellom dei tilsette. Medlemmane skal veljast for 2 år om gongen. Generalforsamlinga vel styreleiar og nestleiar mellom dei valde styremedlemmane. Valet gjeld for 1 år om gongen. Partane vil nytta maksimal tenestetid/ funksjonstid på 8 år for medlemmar av styret. Ved opprykk til styreleiar kan dette utvidast til 10 år. Slik ordning vil sikre kontinuitet og fornying.
2.1. Valnemnd
Generalforsamlinga oppretta i møte 24. mai 2005 valnemnd. Den har som mandat å tilrå medlemmar og godtgjersle til styret. Valnemnda skal spesielt vurdere og sjå til at behovet for kompetanse, mangfald og andre krav, jf denne avtalen, vert ivareteke.
Partane er samde om å stemma for at fleirtalet av medlemmane og leiaren av valnemnda vert valde mellom kandidatar nominert av Partane.
Partane vil nytta maksimal tenestetid/ funksjonstid på 3 år for medlemmar av valnemnd for å sikre kontinuitet og fornying.
Partane er samde om at selskapet skal ha nøkterne styregodtgjersler.
2.2. Styresamansetjing
Partane nominerer kvar sine styrekandidatar, minimum ein av kvart kjønn. Kandidatane må tilfredstille valnemnda sine faglege kvalifikasjonskrav. Luster, Sogndal og Vik sin nominasjon har rett på ein styremedlem kvar. I tillegg skal ein fjerde styremedlem veljast frå partane sine nominasjonar. Partane er samde om å stemme for at styreleiar og nestleiar vert valde mellom desse styremedlemmane.
Den ekstra styremedlemmen rullerer mellom nominasjonane frå Luster, Sogndal og Vik kvart fjerde år om ein ikkje er samde om anna. Den av Partane som har nominert den som vert styreleiar har ikkje krav på ekstra styremedlem frå sine nominasjonar.
2.3. Styrets arbeid
Partane skal sjå til at dei valde styremedlemmane opptrer og stemmer i samsvar med Avtalen. Dersom eit styremedlem ikkje etterlever dette, skal den/dei Partar som har nominert styremedlemmen, sjå til at vedkomande styremedlem blir erstatta med eit anna styremedlem som vil etterleve Avtalen og vedtak i generalforsamlinga. Alle Partar pliktar å medverke til val av og utskifting av styremedlemmar i samsvar med Avtalen, inkludert gjennom stemmegjeving på generalforsamling.
3. AKSJEKAPITAL OG OVERDRAGING AV AKSJAR
Aksjekapital og overdraging av aksjar er regulert i vedtektene. Selskapet sin aksjekapital er på NOK 144.220.000 fordelt på 2 260 A-aksjar og 4 951 B-aksjar kvar pålydande kr 20.000.
B-aksjane kan berre eigast av Stat, kommune eller selskap som fyller krava i industrikonsesjonslova § 4 (lov av 14 desember 1917) til konsesjon utan heimfall slik desse reglane er til ei kvar tid. I alle andre høve er B-aksjane likestilte med A-aksjane, og kvar aksje gir ei stemme på generalforsamlinga.
Xxxxxx ein aksjeeigar i selskapet ikkje lengre vilkåra for å eige aksjane, skal han straks melda frå skriftleg til styret om dette og selja aksjane. Er aksjane ikkje avhenda innan 3 månader etter at endringa fann stad, skal styret krevja aksjane seld gjennom namsmakta etter reglane om tvangssal så langt desse passar.
Aksjar i selskapet skal fritt kunne overdragast utan at forkjøpsrett skal kunne gjerast gjeldande.
3.1. Sal av aksjar og informasjonsplikt
Dersom ein Part ynskjer å selje aksjar i Selskapet ("Seljande Part") heilt eller delvis, skal dei andre Partane straks varslast skriftleg. Saka skal det drøftast med dei andre Partane, løysing mellom Partane skal avklarast inkl. om anna Part ynskjer kjøpa aksjar.
3.2. Samtykke
Overdraging av aksjar føreset samtykke frå selskapet ved styret. Samtykke kan berre nektast når det ligg føre sakleg grunn. Er kjøparen ikkje underretta om at samtykke er nekta innan 6 veker etter at melding om kjøp av aksjepost kom inn til selskapet, vert samtykke rekna for å vera gjeve.
Partane er samde om at det er sakleg grunn å nekta overdraging viss overdraginga medfører at ein aksjonær får aksjemajoritet åleine.
3.3. Overdragingsforbod
Partane kan ikkje, kvar for seg eller saman, overdra aksjar til ein kjøpar som etter overdraginga oppnår aksjemajoritet i Selskapet, utan at det ligg føre skriftleg samtykke frå dei andre Partane.
3.4. Nye aksjonærar
Partane pliktar å sjå til at nye aksjonærar tiltrer Avtalen og at Avtalen skal tilpassast der dette er naturlig med same intensjon som denne Avtalen har ved signering.
3.5. Medsalsrett
Innanfor avgrensingane i dette punkt 3, har dei andre Partane rett til å krevje å få selje aksjar som Seljande Part ynskjer å overføre til ein kjøpar, på tilsvarande vilkår ("Medsalsrett"). Aksjeposten skal i så fall fordelast prorata (tal aksjar før sal pr seljande part/summen av tal aksjar hjå seljande partar før sal).
Å nytta seg av slik medsalsrett skal meldast skriftleg til Xxxxxxxx Part innan fire veker etter mottatt varsel.
Medsalsretten gjeld ikkje ved overdraging mellom nærståande, slik dette er definert i aksjelova.
Den Seljande Part skal, når det er inngått avtale eller gitt løfte om overføring av aksjar, straks gi skriftlig varsel om dette til Selskapets styre og dei andre Partane. Varselet skal angi kjøparen, tal aksjar som skal avhendast, vederlaget, det avtalte forfallstidspunktet, og vilkår elles. Dersom vederlaget som skal ytast for aksjane som skal overdragast er i anna enn pengar, skal varselet også innehalde all informasjon Seljande Part har som er relevant for verdsetting av vederlaget.
Dersom tilbodsgivar ikkje ynskjer å overta Aksjar frå dei aktuelle Partane under Medsalsretten, skal den Seljande Part vere forhindra frå å gjennomføre overdraginga.
3.6. Særlege reglar om overdraging av aksjar
Krav om styresamtykke ved overdraging av aksjar gjeld ikkje ved overdraging til selskap i samme konsern som overdragar (jf definisjonen i aksjeloven § 1-3) eller ved fusjon av to eller fleire av
Partane, inkludert men ikkje avgrensa til situasjonen ved kommunesamanslåing. Vilkåra omkring Medsalsrett gjeld heller ikkje ved overdraging til selskap i same konsern som overdragar eller som følgje av fusjon av to eller fleire av Partane, inkludert men ikkje avgrensa til situasjonen ved kommunesamanslåing.
4. STRATEGI OG UTBYTTEPOLITIKK
4.1. Mål
Partane si målsetjing er å vidareføra og vidareutvikla Sognekraft i eit framtidsretta, effektivt og robust energikonsern. Konsernet skal ha lokal forankring i regionen og skal ha fokus på lønsemd/ verdiskaping, sikker straumforsyning, låg nettleige og god avkastning til eigarane.
Konsernet skal være ein regional aktør for utvikling innanfor dei rammer som er naturlege eller der eigarane i fellesskap ynskjer dette. Konsernet skal kunne vere ein medspelar for Partane i nærings- utviklingsarbeid i dei tre eigarkommunane. Konsernet sine ressursar og kompetanse skal kunne nyttast til å løfte fram og styrka ny og eksisterande næring og samfunnsutvikling. Konsernet skal arbeide for å sikre lokal verdiskaping og styrke lokale bedrifter si evne til utvikling.
Selskapet bør innanfor rasjonelle rammer ha vidare fokus på lokale arbeidsplassar i ein desentral modell der ein søkjer å ha arbeidsplassar rundt i regionen.
Selskapet skal har nøkterne ordningar, med utgangspunkt i det som gjeld i bransjen, for avlønning, goder og honorering av leiarar og tilsette.
4.2. Avkastning og utbytte
Eigarane si totale avkastning på sin kapital i Selskapet vil utgjere:
1. Årleg utbytte
2. Tilbakehalde overskot i konsernet
3. Verdiutvikling på eigenkapitalen utover tilbakehalde overskot
Utdeling av utbytte frå Selskapet skal til ei kvar tid skje under innanfor ramma av aksjelova med omsyn til Selskapets behov for forsvarleg eigenkapital og likviditet til gjennomføring av forsvarleg drift, vedtekne planar og særlege investeringsbehov samt i samsvar med gjeldande låneavtalar. Selskapet skal normalt dele ut årleg utbytte til aksjonærane og ha ei målsetjing om å utlikna ev store variasjonar i det årlege utbytet, om det reint formelt skulle tilseie det. Det skal ikkje byggast opp unødig kapital i selskapet. Selskapet skal ha ei finansiering som i ei normal drift gir ein bokført eigenkapital på minst ein tre-del av totalkapitalen. I periodar med større investeringar må eigarane likevel sikre ei tilfredsstillande finansiering der eigenkapitalkravet kan avvike.
Aksjonærlån kan ev vurderast og nyttast om det viser seg hensiktsmessig for både Partane og Selskapet.
Meir konkrete målsetjingar kjem fram av den til ei kvar tid gjeldande strategiplan for selskapet som vert fastsett av styret. Strategiplanen skal reviderast jamleg.
4.3. Eigarmøte
I samband med ordinær generalforsamling i Selskapet, skal det haldast eigarmøte der styret og dagleg leiar i Selskapet har møterett. Møtet skal kallast inn skriftleg med same frist som ordinær generalforsamling. I møtet skal Xxxxxxx ha høve til å gi innspel til strategiplan og utbyttepolitikk.
Partane kan krevja ekstra eigarmøte/eigarinformasjon om Partane meiner det er saker som krev ekstra tiltak.
5. OMSTRUKTURERING TIL KONSERN
Innføring av selskapsmessig skille medfører at Selskapet må omorganiserast til eit konsern der aktiviteten er organisert i ulike dotterselskap eigd av eit morselskap, der noverande aksjonærar blir aksjonærar i morselskapet.
For å ivareta lokal forankring gjennom Xxxxxxx sine valde styrerepresentantar, er Partane er samde om å stemme for at vedtektene i morselskapet ikkje skal innskrenke konsernstyret sine fullmakter meir enn det som er lovbestemt.
6. AVTALELENGD, ENDRING OG AVSLUTNING AV AVTALEN
6.1. Avtalelengd og utløpsdato
Avtalen er uoppseieleg i 10 år frå den dato den er signert. Etter 10 år er avtalen oppseieleg med 1 års varsel når aksjonærar som samla har 25% av aksjane i selskapet ynskjer å sei den opp. Dersom ein part aleine ynskjer å tre ut av avtalen etter 10 år er det vidare 3 års oppseiingstid.
Bindinga mellom Partane er ikkje til hinder for at Partane kan løpande endre eller seie opp avtalen så lenge Partane i fellesskap er samde om dette.
7. YMSE
Partane forpliktar seg til ikkje å vidareformidle eller utnytte fortruleg informasjon om Xxxxxxx eller Selskapet si verksemd på annan måte eller for andre føremål enn kva Partane er samde om.
Konfidensialitetsplikta skal ikkje gjelde informasjon som anten (i) var alminneleg kjent på det tidspunkt den vart lagt fram, eller (ii) vert gitt eller lagt fram for å oppfylle lovbestemt opplysningsplikt.
* * *
●, ● 2020
For Luster Energiverk AS: For Luster kommune:
Xxxxxx Xxxxxxx Xxxxxxx, Xxxxxxxxxx Xxxx Xxxxxx, Ordførar
For Sogndal kommune For Vik kommune
Arnstein Menes, Xxxxxxxx Xxx Xxxx Xxxxxxxx, Ordførar