Avtalevilkår for bruk av klatrehallen i Fjorden arena
Avtalevilkår for bruk av klatrehallen i Fjorden arena
Disse vilkåra gjeld for individuell bruk av klatrehallen i Fjorden arena, Fusa kommune.
A. Vilkår
1. Brukarplikt:
Som brukar pliktar du å halda deg orientert om, og følgja dei vilkåra som gjeld brukarane i Fjorden arena og for klatrehallen.
2. Betalingsvilkår og prisgaranti:
Brukarbetalinga må du betala digitalt anten via nettbank, bankkort eller vipps. Du kan ikkje betala kontant.
Fjorden arena kan koma til å justera prisane på bruken, men klatrehallen ved Fjorden arena gir prisgaranti for eit semester om gongen.
3. Manglande betaling, signatur eller sertifisering:
• Medlemskap må vera betalt før du kan nytta klatrehallen, dette gjeld også for barn.
• Signatur for alle reglar og vilkår må vera registrert før du kan nytta klatrehallen.
• Viss du skal nytta tauveggen, må du eller den du klatrar med, ha minimum brattkort, uansett.
• Det er eit krav for å ha individuell tilgang i klatrehallen at du har minimum brattkort.
• Dersom du tar ein person med på drop-in-time, må vedkommande betala for drop-in-timen. Prisen er kr. 50,- for alle under 20 år, og kr. 100,- for vaksne.
4. Avtaletid:
Bruksavtalen er gyldig for det semesteret det vert kjøpt eller fornya for. Brukaren må sjølv fornya avtaleperioden ved å betala for nytt semester og munnleg eller skriftleg be om å få adgang på adgangskort fornya.
5. Frys/pause av tilgang:
Klatrehallen ved Fjorden arena innvilgar ikkje frys/pause av medlemskap. Dette betyr at dersom du har kjøpt tilgang for ein sesong, så kan du ikkje frysa/pausa tilgangen og nytta dei resterande månadane ved ei seinare anledning.
6. Overdraging:
Brukartilgangen er personleg og brukar kan ikkje sjølv overdra kort og tilgang til andre.
7. Tap:
Ved tap av tilgangskortkort må brukar varsla Fjorden arena umiddelbart slik at dette blir sperra. Viss Fjorden arena får noko form for økonomisk tap (tjuveri, herverk osv.) fordi brukar har mista tilgangskortet, kan brukar bli erstatningspliktig. Brukar må betala for tapt kort etter gjeldande prisliste.
8. Oppseiing:
Brukar kan når som helst seia opp kontrakten, men vil ikkje få refundert noko av summen på semesterabonnementet. Ved oppseiing må tilgangskortet leverast tilbake. Dersom medlemen ikkje ønskjer å fornya semesterkontrakten, eller ønskjer å seia opp kontrakten før semesteret er over, må medlemen levera tilbake tilgangskortet og senda e-post til dagleg leiar i Fjorden arena. Dersom tilgangskort ikkje blir tilbakelevert innan 2 veker etter oppsagt kontrakt, eller 4 veker etter at semesterkontrakt ikkje er fornya, vert brukar fakturert med kroner 300,- for tap av kort.
9. Personvern:
Som medlem i klatrehallen ved Fjorden arena samtykker du til at Fjorden arena innhentar, lagrar og behandlar dine personopplysningar for å administrera kundeforholdet, og at data kan brukast til statistiske formål. Fjorden arena har også rett til å senda ut relevant informasjon, nyhende og tilbod frå Fjorden arena.
Opplysningar kan i samband med statistisk behandling bli utlevert til andre selskap. Opplysningane vil bli utlevert i anonymisert form slik at ingen enkeltpersonar kan identifiserast. Det er frivillig å gje frå seg opplysningar om seg sjølv, og du kan når som helst få sjå, korrigera eller oppdatera informasjonen du har oppgitt til Fjorden arena, i tråd med reglane i POL §§ 27 og 28. Du har også rett til å få sletta den informasjonen som Fjorden arena har lagra om deg, når du ikkje lenger er medlem.
10. Ansvar:
• Tilgangskort/brukarkort. Dette kortet er personleg og skal alltid registrerast i døra.
• Brukar pliktar å informera Fjorden arena om endringar i avtalen som endring av kontaktopplysningar (adresse, e-postadresse, telefonnummer etc.)
• All trening og bruk av utstyr skjer på eige ansvar. Klatrehallen fråskriv seg eitkvart ansvar for tap og skade på person eller gjenstandar som oppstår under brukaren sitt opphald i klatrehallen eller Fjorden arena, som t.d. tap og skadar på personlege klede, eigendelar og person.
• Xxxxxx er sjølv ansvarleg for sine personlege ting og skal låsa dei inn i skap under trening. Hengelås må brukar ta med sjølv. Gløymer du å ta med ting heim etter trening, kan skapet bli opna av personalet og ting samla saman. Dersom hengelås heng att på skap etter stengetid vil desse blir brotne opp og ting samla inn. Fjorden arena vil ikkje dekka kostnader med ny lås.
• Dersom du har med deg ein person på drop-in, er du fullt ansvarleg for denne personen; dette gjeld alle handlingar og hendingar forårsaka eller tilknytt denne personen på ein kvar måte, då inkludert tap, personskadar med meir. Du kan berre ha med deg ein person på drop-in om gongen.
11. Stenging av anlegget
• Fjorden arena har rett til å stenga heile eller deler av anlegget på heilagdagar og redusera opningstida i samband med ferie, offentlege fridager eller arrangement.
• Brukar må kunne pårekna kortare stengingsperiodar av heile eller deler av Fjorden arena, alternativt reduserte opningstider ved eksempelvis nødvendig vedlikehald eller driftstekniske problem.
• Fjorden arena er ikkje ansvarleg for hindring eller avgrensa høve til trening på grunn av forhold utanfor Fjorden arena sin kontroll, og som Fjorden arena ikkje kunne sjå på førehand eller overvinna følgje av (Force Majeure).
• Fjorden arena har rett til å endra tilbodet i klatrehallen, t.d. tilgang til utstyr og mindre endringar i opningstid.
B. Reglar for klatring og krav til brukar i klatrehallen:
1. Krav til brukar
• Brukar stadfestar at ho/han er fysisk og psykisk skikka til å bruka treningsfasilitetane og klatreanlegget på ein ansvarleg og helsefremjande måte.
• For å klatra med tau i anlegget skal brukar følgja Norges Klatreforbund sine reglar som gjeld til brattkort og andre klatrekort. Du må følga reglane for sikker trening, også reglane som det blir informert om på utstyr og Klatrevettplakaten.
• Alle som skal opphalda seg i anlegget, må forhalda seg til reglane som gjeld både for klatrehall og Fjorden arena, eller dei må ha med følge som kan følgja opp desse på vegner av brukar (personar med følgjekort). Reglane går fram av oppslag, nettside og denne kontrakten.
• Du pliktar å halda alle inngangsdører til Fjorden arena og klatrehall lukka og låst, med mindre andre instruksjonar er gjeve av personell.
• Du pliktar å vera ute av bygget når klokka når stengetida.
2. Brukarkort
• Adgangskortet ditt skal alltid registrerast i døra, sjølv om døra er ulåst.
• Både legitimasjon, brukarkort og klatrebevis må visast fram ved kontroll.
• Dersom ikkje brukarkort eller drop-in-bevis kan visast fram under kontroll, kan du bli vist bort frå klatrehallen. Du kan også bli bøtelagt med kroner 3000,-.
• Det er forbode å ta med seg følge inn i klatrehallen som ikkje har betalt for drop-in eller som ikkje har fast brukartilgang. Dette gjeld også for barn. Brot på denne regelen medfører ei bot på kroner 3000,-.
• Dersom du ved kontroll av sikringsarbeid blir teken i å mangla brattkort eller anna klatrebevis, kan du bli bortvist frå klatreanlegget.
3. Ansvar og tryggleik
• Alle faste brukarar og drop-in må følgja rettleiing og pålegg frå dei tilsette. Tilsette kan visa bort eller nekta personar eller grupper tilgang om dei blir vurdert å vera uskikka til å bruka klatreanlegget.
• Du må be om rettleiing (veiledning) ved ein kvar tvil om bruk av anlegg eller utstyr.
• Du må gjera ditt beste for å ivareta eigen og andre sin tryggleik.
• Du må sjølv på førehand syta for å ha nødvendig ulukkesforsikring som omfattar trening og klatring.
• Roping og unødig støy er ikkje lov.
4. Treningstøy og sko
• Det er påbod om klatresko eller innejoggesko, det er ikkje tillatt å gå berrføtt. Sko som blei nytta ute før du kom, er ikke tillatt brukt i klatrehallen. Utesko set du på tilvist plass eller i skapet. Klatresko skal berre nyttast i klatreanlegget.
• Kle deg funksjonelt, og ta omsyn til andre. Bruk reine treningsklede og reine sko som ikkje set merke. All trening skjer med minimum bukse, tights eller shorts som går ned på låret, t-skjorte eller singlet. Barføtt eller bar overkropp er ikkje lov i Fjorden arena.
• Bruk skap i garderoben til å oppbevara personleg utstyr og klede. Ta det ikkje med inn i klatrehallen.
• Me oppfordra til å bruka handkle i klatrehallen.
5. Klatrereglar i tauvegg:
• Alt sikringsarbeid skal skje ståande. Maksimal avstand til klatreveggen for den som sikrar er 2 meter. Ved klatring på topptau i overheng skal ein bruka mellom- forankring. Meld ifrå umiddelbart til den det gjeld om du ser nokon som gjer feil i sikringsarbeid.
• All klatring skal foregå med utstyr godkjent av UIAA (CE-godkjenning).
• All topptauing skjer med tauet rundt topptaufestet eller gjennom to karabinar. Den eine skal vera skrukarabinar.
• Det er ikkje lov å topptaue på dei mest overhengande rutene.
• Klatrar skal klippa seg inn på alle sikringsboltar/hengarar.
• Unngå finger i boltehengarar.
• Det blir brukt kalkball, og ikkje lauskalk, i klatreanlegget.
• Clogging er forbode.
• Nedfiring skal skje kontrollert. Den som blir fira ned går roleg ned veggen utan å sparka seg ut.
• Ved lause klatregrep: gje beskjed til dagleg leiar til dømes via e-post, sms, telefon, eller besøk kontor nr. 1 i 2.etg for munnleg beskjed eller levering av lapp.
• Ikkje etterskru sjølv.
• Når du oppheld deg og klatrar i klatrehallen, skal du alltid ha fokus oppover og vera merksam på at det kan falla ned gjenstandar, eks. klatregrep og karabinar. Tenk over kor du står og kor du vel å opphalda deg når du ikkje klatrar.
• Det skal ikkje vera stolar og lause gjenstandar inne i klatrehallen.
• Ved stor vektforskjell vert det rådd til at sikrar koplar seg inn i bolt i botn av vegg med langslynge.
• Ha aldri to tau inni på same punkt. På nybegynnarveggen skal topptau ikkje kryssa kvarandre.
• Uaktsomheit eller regelbrot kan medføra bortvising, grove eller gjentekne tilfelle kan medføra inndratt brattkort eller andre klatrekort.
6. Reglar for buldring:
• Buldring i tauvegg er ikkje tillatt.
• Kvilande buldrarar skal vika for aktive buldrarar.
• Det skal ikkje buldrast under buldrar som alt er i veggen.
7. For barn under 13 år som oppheld seg i Klatrehallen gjeld følgjande:
• Barn som er i klatreanlegget, skal til ei kvar tid vera under oppsyn av ein vaksen (person over 18 år), også i buldrerommet.
• Den vaksne har fullt ansvar for tryggleiken til barnet og konsekvensane av handlingane til barnet dei har med seg inn i klatreanlegget.
• Den vaksne skal sørga for at barn sin oppførsel ikkje er til fare for barna sjølve eller for tredjepart som brukar anlegget.
• I buldreveggen krev ein ikkje brattkort.
• Ein vaksen kan berre ha med seg eitt barn på grunn av sikkerheitsårsakar.
8. Barn skal gjerast merksame på:
• At tau ikkje skal dragast i eller dragast ned.
• At dei ikkje må springa, bråka eller forstyrra andre.
• At buldrerommet er for klatring. Madrassene er landingsplass for fallande klatrarar og difor farleg å bruka til opphald eller til å turna på.
• At ein ikkje skal stå eller opphalda seg rett under den som klatrar.
9. Personar under 18 som brukar anlegget:
• Personar under 18 år må ha løyve frå føresette til å bruka taudelen av klatreanlegget.
10. Ifølge dette reglementet er det mogleg å få tilgang til å klatra med tau i anlegget dersom ein:
• Innehar minimum brattkort sjølv.
• Er i følge med ein vaksenperson over 18 år som har minimum brattkort.
11. Utstyr:
• Xxxxxx har ansvar for å ta vare på og levera tilbake utstyret dei låner frå klatrehallen i same stand og på same plass. Ved tjuveri eller herverk vil det bli krav om erstatning for kostnader halleigar får.
• Bruken av utstyret er på eige ansvar og brukar er sjølv ansvarleg for å sjekka at tilstanden på utstyret er god før bruk.
• Utstyr skal setjast på plass umiddelbart etter bruk.
• Vask utstyret etter bruk.
• Det er ikkje lov å reservera utstyr.
12. Brot på reglar:
Ved oppførsel i strid med klatrehallen og Fjorden arena sine vilkår eller reglar, kan Fjorden arena straks visa bort brukar, og i alvorlege saker straks seia opp avtalen utan plikt til å refundera innbetalt medlemsavgift. Ein mildare reaksjon kan vera bortvising for ein kortare periode.
13. Rus og dopingmidlar
• Som brukar med avtale i klatrehallen stadfestar du at du ikkje brukar/kjøper/sel stimuli eller doping som står oppført på lista til Antidoping Norge, og du stadfestar at du frivillig vil la deg bli dopingkontrollert.
• Det er strengt forbode å vera påverka av rusmidlar og å ta dette med inn i klatrehallen.
14. Avvik
• Alle personskadar skal rapporterast til dei tilsette. Skriv melding på e-post, sms eller xxxx til dagleg leiar ved Fjorden arena.
• Oppdagar du feil eller manglar som kan vera viktig for tryggleiken i anlegget, skal du utan opphald melda frå til dagleg leiar.
C. Trivselsreglar:
• Ta omsyn og bidra til å skapa eit godt og sunt treningsmiljø.
• Vis køkultur og ikkje okkuper utstyr over unødvendig lang tid.
• Du skal ikkje nyta mat i klatrehallen.
• Brukar har ikkje under noko omstende lov til å sleppa inn ueigna eller uskikka personar i Fjorden arena eller klatrehallen.
• Alt utstyr skal ryddast på plass etter bruk. Apparat, gymnastikkmatter og anna utstyr som kan vaskast, skal reingjerast ved hjelp av sprayflaske og papir etter bruk.