AVTALE OM GRAVSTELL
GULEN KYRKJELEGE FELLESRÅD
5966 Eivindvik
AVTALE OM GRAVSTELL
Kyrkjegard: | |
Gravnummer: | |
Gravlagde: | |
Ansvarleg for avtalen: | |
Avtaleperiode: | |
Forskotsbetalt beløp: |
Mot innbetaling av forskotsbetalt beløp vil kyrkjeleg fellesråd ta på seg slikt stell av gravstaden:
• rydding før påske
• ei utplanting før 17. mai
• ei utplanting i juni/juli
• laukplante/lyng om hausten
• rydding og vatning
• mosekrans til jul
• reinhald av gravminnet
Årleg gravstellavtale kostar kr 1 000,-
Avtale forskotsbetalt for fleire år kostar kr 960,- per år. Inkludert i satsane ligg administrasjonsgebyr kr 100,- per år.
Denne avtalen er utstedt i to eksemplar, eit til kvar av partane.
……………., den………….. Eivindvik, den………………..
……………………………… ………………………………. ansvarleg for gravstellavtale kyrkjeverja i Gulen
Avtalen er sett opp i samsvar med Vedtekter for kyrkjegardane i Ytre Sogn prosti §8. Returner avtalen utfylt og underteikna.
Avtalen trer i kraft når innbetalinga er registrert hos kyrkjeleg fellesråd.
Reglar for gravstellavtale (jf. Vedtekter for kyrkjegardane i Ytre Sogn prosti §8)
1. Ved forskotsinnbetaling av ein sum, fastsett i betalingsvedtekter for Gulen kyrkjelege fellesråd, vil kyrkjeleg fellesråd overta ansvar for planting og stell av gravstaden.
2. Forskotsbetalt beløp, med tillegg av renter, skal dekke utgiftene til nærare fastsett stell av gravstaden for eit fastsett tidsom. Dette kan ikkje vere lengre enn feste-, eller fredingstida som ligg føre, men heller ikkje kortare enn fem år.
3. Om kyrkjeleg fellesråd finn det nødvendig med sikringstiltak (t.d. oppretting eller bolting) for gravminnet, vil kostnaden ved dette bli belasta den einskilde avtalen.
4. Skulle det i avtaletida oppstå slike økonomiske forhold at midlane ikkje strekk til, skal kyrkjeverja gje melding om dette til gravfestaren eller den ansvarlege for grava, dersom dei finst. Det er då høve til å auke avtalesummen slik at dei varer tida ut. I motsett fall vil vedlikehaldet opphøyre når midlane er oppbrukte.
5. Skulle det vere midlar att av avtalesummen når tida er ute, blir desse å bruke av fellesrådet til formål innanfor kyrkjegardane.
6. Rekneskap for gravstellavtalane er ein del av Gulen kyrkjelege fellesråd sin rekneskap som vert revidert årleg av revisor.
7. Det vert rekna eit årleg administrasjonsgebyr av kvar avtale.
8. I avtalen mellom kyrkjeleg fellesråd og den som inngår avtalen skal det gå klart fram kva stell av grava ein er einige om.