AV TALE OM HEIMEKOMPOSTERING
Saman tek vi vare på ressursane
AV TALE OM HEIMEKOMPOSTERING
Avtalen blir inngått mellom abonnenten og SSR. Dette er vilkåra som gjeld:
1. Abonnenten skal drive heimekompostering heile året.
2. Den som har ansvaret for komposteringa må tilegne seg kunnskap nok til å drive med dette på ein forsvarleg måte.
3. Kompostbingen skal vere lukka, godkjent av SSR (bilete sendast på e-post) og den må plasserast slik at den ikkje sjenerer naboen. Minstekravet er 4 meter frå nabogrensa.
4. For at komposteringa skal vere vellukka, må ein regelmessig blande inn strø i komposten. Kompostmassen må vendast ofte for å sikre god lufttilgang og motverke luktplager. SSR er ikkje ansvarlege ved eventuell tiltrekking av skadedyr.
5. Kompostering etter bokashi-metoda med innandørs bøtter er også godkjent. Med denne løysinga må ein grave ned bokashien i pallekarmar eller liknande og sikre denne slik at komposteringsprosessen blir fullført og dyr ikkje
grev opp matavfallet.
6. Dersom det blir oppdaga mengder med matavfall i restavfallet, er dette å rekne som eit avtalebrot.
SSR har etter forskrifta til selskapet rett til å føre kontroll med at komposteringa skjer i samsvar med vilkåra, og kan ved brot på vilkår seie opp avtalen.
7. Avfall som kan innehalde giftige substansar, blod, kloakkslam eller stoff som på anna måte kan skade eller vere til
ulempe for helse og miljø må ikkje komposterast.
8. Ved endring i abonnementsforholda (flytting/eigarskifte eller liknande) skal SSR ha beskjed snarast råd.
9. Skulle ein av ulike grunnar ynskje å gå tilbake til ordinær avfallsløysing og avslutte kompostavtalen si, kan ein ta kontakt på e-post. Ein matavfallsdunk vil då bli utlevert mot eit endringsgebyr.
Namn ansvarleg eigar av den aktuelle eigedomen: Eigedom som er omfatta av avtala (adresse, gnr./bnr, kommune):
Type kompostbehaldar: For SSR, godkjent dato:
SØRE SUNNMØRE REINHALDSVERK IKS
Smårisevadet 00, X-0000 Ulsteinvik / Xxx.xx: NO 987 570 970 MVA / xxxxxxxxx@xxxxxxxxxxxxxxx.xx / Telefon: 00 00 00 00 / xxxxxxxxxxxxxxx.xx