Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett og
PRAKSISAVTALE
Referanse HVL: 21/05746
mellom
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett og
Namn praksisbarnehage: |
E-postadresse praksisbarnehage: |
Postadresse praksisbarnehage: |
Namn eigar/kommune: |
1. Avtaleperiode, gjensidig informasjonsplikt og justering av avtalen
Avtalen er løpande og gjeld frå hausten XXXX. Den kan seiast opp av begge partar med 6 månaders oppseiingsfrist. Partane skal halde kvarandre gjensidig informert så tidleg som mogleg om planar og tiltak som kan påverke omfanget av partane sine plikter, slik at endringar kan planleggast og gjennomførast i forsvarlege former. Ved tolkingstvil og endra faktiske føresetnader kjem partane saman i møte og forhandlar seg fram til ei løysing.
2. Formål
Hovudformålet med avtalen er å sikre at HVL, eigar og praksisbarnehage gir praksisopplæring i samsvar med avtalar og regelverk som gjeld den enkelte utdanninga, samt styrke samarbeidet mellom HVL og barnehagen og skape samanheng mellom opplæring på studiestad og i praksis. Praksissamarbeidet er i hovudsak knytt til barnehagelærarutdanninga, men kan etter nærare avtale også omfatte praksis i grunnskulelærarutdanningar, bachelorutdanningar, masterutdanningar og vidareutdanningar. Samarbeid på andre område er også ønskjeleg, f.eks. innanfor undervisning, etter- og vidareutdanning og forskings- og utviklingsarbeid.
3. Regelverk for gjennomføring av praksis
Praksis skal gjennomførast i samsvar med gjeldande forskrifter og retningslinjer:
- Rammeplanar med tilhøyrande nasjonale retningslinjer
- Studieplanar, emneplanar og retningslinjer for praksis ved HVL
- Forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning
Fakultetet sine nettsider om praksis har lenker til dokumenta og oppdatert informasjon om praksis for dei ulike utdanningane.
1 av 6
4. Ansvaret til praksisbarnehagen og barnehageeigar
4.1 Barnehageeigar sitt ansvar og oppgåver
Stille barnehagen til disposisjon for praksisopplæring for studentar og legge til rette for at barnehagen kan realisere formålet med avtalen og mogleggjere samarbeid om FOU-arbeid og kompetanseutvikling.
4.2 Barnehageleiar sitt ansvar og oppgåver
- Ha overordna ansvar for gjennomføring av og kvalitet i praksisopplæringa i barnehagen
- Sørge for at heile personalet i barnehagen er involvert i praksis og legge til rette for at studentane får gode læringsforhold og har tilgang til nødvendig utstyr for å gjennomføre praksis, inkludert digitale tilgangar dersom det er aktuelt og mogeleg
- Kvart år melde inn til HVL praksislærarar og tal på studentar dei kan ta i mot
- Velje kvalifiserte praksislærarar som har førskule- eller barnehagelærarutdanning og tre års relevant arbeidserfaring etter fullført pedagogisk utdanning
- Legge til rette for at praksislærarane har eller kan skaffe seg kompetanse i rettleiing (30 studiepoeng) (Etter anbefaling frå leiar kan krava til praksislærar fråvikast i spesielle tilfelle, men det skal alltid skje i tett dialog med HVL.)
- Iverksette tiltak slik at praksisopplæringa kan gjennomførast som avtalt ved sjukdom, permisjon, oppseiing eller andre endringar av arbeidssituasjonen for praksislærarar. Informere HVL om endringane.
- Legge til rette for at studentar som må ta att delar av praksis får gjennomføre dette
- Sørge for at studentane deltek i kvardagsaktivitetar, får innsikt i barnehageleiing, barnehagen som organisasjon, barnehagen sine samarbeidspartnarar, satsingsområde og pedagogiske val m.m.
- Bidra i vurdering av studenten ved fare for ikkje bestått praksis eller spørsmål om skikkaheit
- Bidra til at praksisopplæringa blir evaluert av studentane og følge opp evalueringa i samarbeid med HVL
- Koordinere økonomiske forhold og refusjonskrav mellom HVL og barnehagen, samt utbetale godtgjersle og løn til personale som utfører ekstraarbeid i samband med praksisopplæringa
4.3 Praksislærar sitt ansvar og oppgåver
Praksislærar skal organisere og gjennomføre rettleia og vurdert praksis og skal arbeide ut frå gjeldande retningslinjer, emneplanar og studieplan. Studentane må involverast i kjerneaktivitetar som t.d. foreldresamarbeid, samarbeid med eksterne aktørar og planlegging av arbeidsåret. Praksislærar sitt ansvar og arbeidsoppgåver er nærare skildra i retningslinjer for praksisopplæring knytt til den enkelte utdanninga.
5. Ansvaret til HVL
5.1 Utdanningsleiinga sitt ansvar og oppgåver
- Ha det overordna faglege ansvaret for samanheng, heilheit og progresjon i utdanninga, inkludert innhald, kvalitet, vurdering og progresjon i praksis
5.2 Fagleg kontaktperson/profesjonsrettleiar sitt ansvar og oppgåver
- Vere fagleg hovudkontakt mellom barnehagen og HVL og utvikle samarbeid om praksisopplæringa
- Koordinere praksisoppfølginga i samarbeid med barnehagen og faglærarane ved HVL
- Delta i planlegging og evaluering av praksis i samarbeid med praksiskoordinator ved HVL og praksisbarnehagen
5.3 Faglærar sitt ansvar og oppgåver
- Samarbeide med profesjonsrettleiar/fagleg kontaktperson og barnehage/praksislærar om studentane sin praksis
- Delta i relevante samarbeidsforum knytt til praksis
5.4 Praksiskoordinator sitt ansvar og oppgåver
- Organisere praksis og ha løpande samarbeid med profesjonsrettleiar og praksisfelt
- Informere eksternt og internt om praksis i samarbeid med fagmiljø på HVL
- Ha dialog med barnehagen om tilrettelegging, fråvær og ikkje bestått praksis
- Arrangere ulike opplærings- og møtefora i samarbeid med fagmiljø og utdanningsleiing
- Skaffe og fordele praksisplassar, koordinere økonomiske forhold og refusjonskrav mellom HVL og barnehage
6. Omfang og organisering av praksisopplæringa
Praksisbarnehagen og HVL avtaler i løpet av vårsemesteret praksisomfanget i barnehagen for påfølgande studie-
/barnehageår. I tillegg kan det vere behov for å avtale noko praksis etter semesterstart. Behov for praksisplassar vil variere frå år til år på grunn av varierande studietilbod og studenttal. HVL tek atterhald om tilstrekkeleg tal studentar i praksisplasseringa.
Ved behov for justeringar etter praksisplassomfang er godkjent, skal partane informere kvarandre så tidleg som mogleg. Leiinga ved praksisbarnehagen har eit særleg ansvar for å sikre tilstrekkeleg mengd praksisplassar. Når studentar har behov for utsett praksis på grunn av sjukdomsfråvær o.l., avtalast vanlegvis utsett praksis med dei praksislærarane som har hatt studentane i ordinær praksis. Ved arbeidsoppgåver og rettleiing ut over ordinær praksisopplæring kan HVL og praksisbarnehagen avtale ekstra ressurs til dette.
Praksisstaden tek til vanleg imot studentar i fleire praksisperiodar gjennom studieåret. Praksislærar må ha ein stillingsstørrelse som er tilstrekkeleg for behovet i gjeldande praksisperiodar, normalt 100 % stilling i praksisperioden. Xxxxxxxxxx vert tildelt ressursar pr. veke praksislærar har studentar. Det må settast av
tilstrekkeleg tid til å gjennomføre praksisopplæringa. Barnehageleiinga avgjer i samråd med tillitsvalte om tid til rettleiing og for- og etterarbeid skal gjerast innanfor eller utanfor praksislærars ordinære arbeidstid.
7. Godtgjering for praksisopplæringa
Arbeid knytt til studentane sin praksis vert kompensert etter gjeldande avtalar om godtgjersle for praksisopplæring i den enkelte utdanninga. For barnehagelærarstudentar tek avtalen utgangspunkt i nasjonal Avtale vedrørende øvingslærere i førskolelærerutdanningen frå 2005.
7.1 Timeressurs og godtgjering i for barnehagelærarstudentar i barnehagepraksis
Ressurs og godtgjering per veke: | 1 student | 2 studentar |
Rettleiing | 1,5 time | 3 timar |
For- og etterarbeid | 1,5 timar | 2,5 timar |
Møtetid | 2 timar | 2 timar |
Godtgjering | Kr 625 | Kr 1075 |
Kompensasjon til styrar, beløp er uavhengig av tal studentar | kr 400 | kr 400 |
Fast årleg beløp til praksislærar: | ||
Ekstra for 30 sp rettleiing - | kr 2 000 | |
Ekstra for 15 sp rettleiing | kr 1 000 |
Godtgjeringa er pensjonsgivande dersom dette er mogeleg i samsvar med den pensjonsordninga som gjeld for barnehagen sitt personale. Dersom godtgjeringa ikkje kan gjerast pensjonsgivande aukast godtgjeringa med 10
%. Det kan leggast til rette for alternative ordningar dersom det er einigheit mellom fakultetet, eigar, praksisstad og tilhøyrande organisasjonar lokalt. HVL utbetalar godtgjering to gongar årleg i samsvar med innsendt refusjonskrav. Xxxxxxx for studentar frå andre utdanningar vert kompensert etter nærare avtale.
8. Samarbeidsforum
For å sikre tett samarbeid om gjennomføring av praksis samt legge til rette for kvalitetssikring og utvikling av praksis deltek studentar, representantar frå praksisstad og HVL i ulike samarbeidsfora før, undervegs og etter praksisperiodane. HVL utarbeider planar for samarbeid saman med praksisfeltet. Fleire av møta vert normalt gjennomført digitalt.
Døme på samarbeidsforum:
- årlege møter mellom barnehageleiing, høgskuleleiing, praksiskoordinator og fagleg kontaktperson
- praksisførebuande møte
- kurs for nye praksislærarar
9. Gjensidig kompetanseutvikling
Gjensidig kompetanseutvikling kan omfatte:
- utveksling av kunnskap og erfaringar som kan inngå i utvikling av barnehagen, praksisopplæringa og utdanninga som heilskap
- vidareutdanning i rettleiingspedagogikk for praksislærarar
- fagdagar, konferansar/seminar og forskingsdagar på HVL kor praksislærarar og leiarar vert invitert
- deltaking i forsking og utviklingsarbeid
- hospiteringsordningar
10. Retningsliner for gjensidig evaluering av praksisopplæring
HVL har hovudansvar for evaluering av praksisstudiar. Evalueringa skal gjennomførast i samarbeid med studentar og praksisfelt, og i tråd med rammeverk for det systematiske arbeidet med kvalitet i utdanningane ved HVL. Evalueringar av praksisstudiar skal utformast slik at partane vert ivaretekne og kan nyttiggjere seg desse i forbetringsarbeidet. Resultata skal gjerast kjent i organisasjonane og danne grunnlag for kontinuerleg forbetringsarbeid.
11. Informasjonsdeling og teieplikt
Alle partar skal sørge for forsvarleg kommunikasjon samt oppbevaring av dokument og anna materiale av betydning for samarbeidet, uansett form. Partane er pålagd teieplikt etter forvaltningslova §§ 13. Studentar er underlagt gjeldande lov- og regelverk for personalet ved den aktuelle praksisbarnehagen. Studentane signerer teieplikt i samband med semesterregistrering ved studiestart. Xxxxxxxxxx har høve til å be studentane signere eiga teieplikt.
12. Politiattest
HVL har ansvar for å hente inn gyldig politiattest for studentar som skal gjennomføre obligatoriske praksisstudiar.
13. Forsikring
Studentar i pedagogisk praksis er forsikringsmessig betrakta som vanlege arbeidstakarar på praksisstaden, jf. brev frå Kunnskapsdepartementet. Dei fell dermed inn under Lov om yrkesskadeforsikring §2 og Lov om skadeerstatning § 2-1. Eventuell skade studentane pådreg seg i arbeidstid på praksisstaden vert dekka av forsikringa til praksisstaden.
14. Tvistar
Dersom det oppstår tvist om tolking eller gjennomføring av denne avtalen, skal det løysast gjennom drøftingar eller reforhandlingar mellom partane.
15. Signaturar
Dato: For praksisbarnehage: Styrar/dagleg leiar | For HVL: Xxx Xxxxx Xxxxxxxx - studieadministrativ leiar FLKI Avtala er elektronisk godkjent ved HVL og har derfor ingen handskriven signatur. |
Tillegg til avtalen
Informasjon om praksis ved HVL
På nettsidene for praksis ved HVL finn ein spesifikk informasjon om praksis for den enkelte utdanninga. I tillegg er det lenker til generell informasjon som gjeld alle utdanningar med praksis:
o Skade i praksis - forsikring
Nasjonale føringar for praksis
o Forskrift om rammeplan for barnehagelærarutdanninga
o Nasjonale retningslinjer for barnehagelærarutdanninga
Lover og forskrifter:
o Lov om universitet og høyskoler
o NOU 2020: 3. (2020). Ny lov om universitet og høyskoler
o Studietilsynsforskrifta 2017
o Forskrift om studium og eksamen ved HVL 2019
Økonomi
Nasjonale avtalar om arbeidsvilkår for praksislærarar:
o Nye avtalar for øvingslærarar Rundskriv F-04-05