Samarbeidsavtale
Samarbeidsavtale
mellom
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett og
XXXX Kommune, Etat for skole og Etat for barnehage
1. Avtaleperiode
Avtalen er løpande og gjeld frå 01.08.2022. Samarbeidsavtalen vert supplert med eigne avtalar for den enkelte praksisstad
2. Formål
Avtalen skal bidra til god kvalitet i praksisopplæringa for studentane i dei ulike utdanningane og bidra til å oppfylle kravet om at praksis skal vere profesjonsretta og ein integrert del av utdanningane, samt gjennomførast i tråd med gjeldande lov og regelverk, under dette også GDPR.
Gjennom gjensidig samarbeid er partane med på å bidra til rekruttering av kvalifiserte profesjons-
/yrkesutøvarar i kommunane. Avtalen skal danne grunnlag for eit forpliktande samspel mellom fakultetet og praksisfeltet om studentane si praksisopplæring, utvikling av studieprogram og praksisfeltet, FOU-samarbeid og om kompetanseheving.
3. Rammer/regelverk for gjennomføring av praksis
Forskrift om tilsyn med utdanningskvaliteten i høgare utdanning og nasjonale forskrifter om rammeplanar for lærarutdanningane med tilhøyrande retningslinjer legg føringar for samarbeidet. I tillegg er gjeldande lokale studieplanar og retningslinjer for praksis forpliktande for partane. Fakultetet sine nettsider om praksis har lenker til dokumenta og oppdatert informasjon om praksis for dei ulike utdanningane.
4. Ansvar og oppgåver
Xxxxx sitt ansvar og oppgåver:
a) Bidra til at det vert tilbydd tilstrekkeleg med praksisplassar ved å oppfordre aktuelle praksisstadar til samarbeid med fakultetet
b) Legge til rette for god praksisopplæring slik at studentane får eit forsvarleg innhald og opplever relevant læring og kompetanseutvikling i praksisperioden
c) Xxxxx at studentane får tilfredsstillande arbeidsforhold med mellom anna tilgang til passande arbeidsplass og dei digitale tilgangane dei treng i praksis for å delta fullt ut i undervisning/praksis
d) Xxxxx til rette for at praksisrettleiarane skal oppnå krav om relevant rettleiarkompetanse
e) Oppfordre praksisstadane om å søke utvida samarbeid med fakultetet (m.a. FOU-samarbeid og samarbeid om gjensidig kompetanseutvikling)
f) Ha forsikringsansvar for studentar i praksis; jfr Lov om yrkesskadeforsikring §2 og Lov om skadeerstatning § 2-1.
g) Delta i aktuelle samarbeidsforum
Den enkelte praksisstad sitt ansvar er skildra i eigne praksisavtalar.
Fakultetet sitt ansvar og oppgåver:
a) Utvikle og kvalitetssikre studieprogramma inkludert overordna ansvar for innhald, kvalitet og vurdering i praksisopplæringa
b) Sørge for at fagmiljøa ved fakultetet har relevant og oppdatert kunnskap frå praksisfeltet
c) Legge til rette for fagleg samarbeid mellom fakultet, eigar og praksisstad
d) Fordele studentar på dei ulike praksisstadane
e) Ha ansvar for avtalar, årlege vedlegg med oversikt over tal studentar og godtgjering til praksisstad
f) Ha gode system for gjensidig evaluering av praksisstudiar
5. Samarbeidsforum og informasjon
Partane møtes til samarbeidsmøte, minst ein gong per semester. Partane deler på å kalle inn og føre referat frå møta.
Aktuelle tema kan vere:
a) Kapasitet på praksisplassar
b) Praksisavvikling og kvalitet i praksisgjennomføring
c) Samarbeid om kompetanseutvikling, inkludert rettleiingspedagogikk
d) FOU-samarbeid
e) Hospitering og delte stillingar
f) Xxxxx forhold som partane ønsker å ta opp
Utover samarbeidsmøta pliktar partane straks å varsle kvarandre om alle forhold av betydning for denne avtalen.
6. Økonomi
Det er forhandla fram avtale om at praksisopplæringa vert refundert med eit fast beløp per student per praksisdag. Avtalen bygger på prinsippet om at praksisrettleiing inngår i årsverket til lærarar i skule og barnehage.
Sjå vedlegg/nettside med informasjon om xxxxxxxxxxxxxxx, oversikt over fastsette beløp og prinsipp for fastsetting og justering av satsar.
7. Oppseiing
Begge partar kan skriftleg sei opp eller be om reforhandling av avtalen med seks månaders frist. Endringar i lov- eller planverk for utdanningane kan vere grunnlag for reforhandling. Satsen kan reforhandlast annakvart år med verknad frå oppstart nytt studieår.
Dersom partane ikkje oppfyller sitt ansvar slik det står i avtalen punkt 4, skal partane så raskt som mogeleg gi skriftleg varsel om dette.
Partane kan krevje midlertidig stans/utsetting av heile, eller deler av avtalen dersom det oppstår forhold som vesentleg endrar føresetnadene for samarbeidet, men skal då erstatte den andre parten sine dokumenterte kostnader knytt til f.eks. omdisponering av personell eller direkte kostnader som følge av endra tidsplan.
Tvist som gjeld forståing av denne samarbeidsavtalen, eller om forhold med utspring i avtalen, skal søkast løyst ved forhandling. Dersom partane ikkje einast, kan tvisten avgjerast rettsleg.
Dato: | Dato: |
XXXX Eigar/Kommune | HVL |
Namn/tittel barnehage | Xxxx Xxxxxx, dekan Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett |
Namn/tittel skule |