Vedlegg 1 KRAVSPESIFIKASJON – RAMMEAVTALE HOTELLOVERNATTING
Vedlegg 1
KRAVSPESIFIKASJON – RAMMEAVTALE HOTELLOVERNATTING
1.Oppdragsgivar sine behov
Rammeavtalen for hotellovernatting med frukost skal sikre oppdragsgivar nødvendig kapasitet og god kvalitet for overnattingar i samband med dei tilsette sine tenestereiser.
2.Krav til hotelltenestene
Generelt
Overnattinga skal bereknast i standard enkeltrom. Ved fullbooka enkeltrom skal oppdragsgivar få tildelt dobbeltrom til prisen av enkeltrom, så langt dobbeltrom er tilgjengeleg. Romma skal ha eige bad og toalett, og prisen skal inkludere frukost. Pris skal opplysast pr. rom. Prisane skal fyllast ut i vedlegg 2 i rammeavtalen.
Krav til plassering
Rammeavtalen skal dekke hotellovernattingar i desse områda:
Område/By X:
Område/By Y:
Område/By Z:
2.3.Transport / Plassering
Hotellet skal gi gjestene informasjon om offentleg kommunikasjon til og frå hotellet. Oversikt over avstand til offentleg kommunikasjon skal fyllast inn i vedlegg 2 i rammeavtalen.
f
2.4.Universell utforming
Universell utforming:
Hotellet skal vere tilpassa allergikarar og funksjonshemma i ei slik utstrekning at dei tilfredsstiller dei oppgitte minstekrava nedanfor.
Hotellet må ha rom tilpassa rullestolbrukarar, ha trinnfritt inngangsparti og trinnfri kommunikasjonsveg.
Rom for allergikarar må vere røykfrie og utan teppe.
I vedlegg 2 i rammeavtalen skal det opplysast kor mange rom som oppfyller krava for rom for høvesvis allergikarar og funksjonshemma. Det må opplysast på kva måte romma er tilrettelagde for rullestolbrukarar. Det må også stadfestast at hotellet har (eller vil få innan kontraktsignering) trinnfritt inngangsparti og trinnfri kommunikasjonsveg.
3.Krav med omsyn til miljøbelastninga
Energibruk
Hotellet skal ha eit gjennomsnittleg maksimalt energiforbruk per gjestedøgn eller per kvadratmeter oppvarma areal i samsvar med grenseverdiane som vert lesne av i vedlegg 3 - Grenseverdiar energi. Den spesifikke grenseverdien for hotellet får ein gjennom å bestemme hotellklassen som skildra i vedlegg 3, lese av i kva fylke og kommune hotellet ligg, og deretter kravsnivået til den målestasjonen i kommunen som best representerer plasseringa og klassen til hotellet. Det faktiske energiforbruket til hotellet skal vere lågare enn denne verdien.
For hotell som har tredjepartssertifisering som Svanemerket, miljøleiingssystem som Miljøfyrtårn eller ISO-14001, kan denne nyttast som dokumentasjon på oppfylling, under føresetnad av at kravet er dekt av sertifiseringa. Slik sertifisering skal leverast saman med tilbodet. Leverandør kan årleg be om dokumentasjon på at kravet er oppfylt.
Dersom det ikkje ligg føre noka tredjepartssertifisering, aksepterer ein annan eigna dokumentasjon som viser at grenseverdien vert nådd, for eksempel ei oversikt over det totale årsforbruket verksemda har av energi (for eksempel elektrisitet og brensel). Leverandør skal legge slik dokumentasjon ved tilbodet. Oppdragsgivar kan årleg krevje dokumentasjon på at kravet er oppfylt.
3.2.Dosering av oppvaskmiddel
Alle oppvaskmaskiner skal ha automatisk system for dosering av oppvaskmiddel.
Leverandøren skal på oppfordring dokumentere at kravet er oppfylt. For hotell som har tredjepartssertifisering som Svanemerket, miljøleiingssystem som Miljøfyrtårn eller ISO-14001, kan denne leggast ved som dokumentasjon, under føresetnad av at kravet er dekt av sertifiseringa. Annan eigna dokumentasjon som viser oppfylling av kravet, vert også akseptert.
3.3.Emballasje
Hotellet skal sikre at underleverandørane deira har ei ordning for sluttbehandling der emballasjen vert tatt hand om på ein miljømessig forsvarleg måte. Dette skal gjerast ved at hotellet teiknar kontrollmedlemskap i Grønt Punkt Norge AS eller varetakast på annan forsvarleg måte.
Leverandøren skal på oppfordring dokumentere at kravet er oppfylt. For hotell som har tredjepartssertifisering som Svanemerket, miljøleiingssystem som Miljøfyrtårn eller ISO-14001, kan denne leggast ved som dokumentasjon, under føresetnad av at kravet er dekt av sertifiseringa. Annan eigna dokumentasjon som viser oppfylling av kravet, vert også akseptert.
3.4.Eingongsartiklar
Eingongsartiklar (som tallerkar, koppar, glas og bestikk), og porsjons- eller småpakningar skal ikkje brukast i matsalen eller andre serveringsstader (som gjesterom og lobby).
Unntak:
• Take away, romservice, catering, uteservering og enkle eteferdige måltid / fast food
serviettar, tannpirkarar, søtingsmiddel (ikkje sukker) og teposar
• varer som berre vert selde i porsjonspakning, f.eks. is, sjokolade og drikkevarer
• sugerøyr og drinkpinnar som berre vert gitt ut personleg, f.eks. i barar.
Leverandøren skal på oppfordring dokumentere at kravet er oppfylt. For hotell som har tredjepartssertifisering som Svanemerket, miljøleiingssystem som Miljøfyrtårn eller ISO-14001, kan denne leggast ved som dokumentasjon, under føresetnad av at kravet er dekt av sertifiseringa. Annan eigna dokumentasjon som viser oppfylling av kravet, vert også akseptert.
Økologiske mat- og drikkevarer
Minst 5 produkt som vert tilbydde i den daglege frukostserveringa, skal vere økologisk produserte (i samsvar med økologiforskrifta* (produkt produserte i Noreg) eller (EF) 834/2007** (produkt produserte i andre land)).
*Forskrift om økologisk produksjon og merking av økologiske landbruksprodukter og næringsmidler av 28.oktober 2005 nr. 1103 **Rådsforordning (EF) 834/2007 av 28.juni 2007 om økologisk produksjon og merking av økologiske produkter og om opphevelse av forordning (EØF) nr. 2092/91
4.Fasilitetar
Som ein del av tildelingskriteriet “kvalitet” vil oppdragsgivar legge vekt på fasilitetane på hotellet og romma. Leverandøren skal derfor opplyse om fasilitetar ved dei ulike hotella som vert tilbydde som ein del av avtalen. Her skal det opplysast om generelle fasilitetar, romfasilitetar og tilgjengelege tenester ved hotella. Denne informasjonen skal opplysast i vedlegg 2 rammeavtalen.
5.Avbestillingsvilkår
Oppdragsgivar skal kunne avbestille kvart eit avrop på rammeavtalen fram til klokka 15.00 dagen før framkomstdag. Avbestillingar etter dette kan fakturerast for eitt gjestedøgn, i samsvar med avtalte pris, med mindre noko anna er avtalt for det enkelte avropet.
Ved «no-show» kan leverandør fakturere for eitt døgn i samsvar med avtalt pris.