Avtale om gjennomføring av fusjon mellom
Avtale om gjennomføring av fusjon mellom
Høgskolen i Bergen (HiB), Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) og Høgskolen Stord/Haugesund (HSH)
25.mai 2016
9. juni 2016 vedtok dei tre høgskulestyra å søkje Kunnskapsdepartementet (KD) om å fusjonere Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund til ein ny institusjon med namnet Høgskulen på Vestlandet.
Høgskulen på Vestlandet skal vere ein institusjon som har god forankring i nærregionane for dei tre høgskolane og på dei fem studiestadane Haugesund, Stord, Bergen, Sogndal og Førde.
Med utgangspunkt i det mangfaldige kompetansefellesskapet ved dei tre institusjonane skal Høgskulen på Vestlandet byggjast og utviklast til ein fagleg sterk og tydeleg kunnskapsinstitusjon. Høgskulen på Vestlandet skal ha eit nært samarbeid med samfunns-, arbeids- og næringsliv, og yte bidrag til regional, nasjonal og internasjonal kunnskapsutvikling.
Høgskulen på Vestlandet skal ha ein klar ambisjon om å verte universitet med ein profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Høgskulen på Vestlandet har høge ambisjonar og vil som ein ny fleirkampusinstitusjon:
• byggje sterkare og meir solide fag- og forskingsmiljø som set spor både nasjonalt og internasjonalt
• ta ein nasjonal leiarposisjon på område der vi er gode og der vi som ny institusjon kan byggje oss vidare opp
• vidareutvikle studiestadane slik at regionrolla vert teken betre vare på enn i dag.
• svare betre på dei omstillings- og endringsbehova som vil komme
• bli ein konkurransedyktig og attraktiv institusjon for studentar og fagpersonar Det inneber at Høgskulen på Vestlandet:
• skal bli ein stor, viktig og synleg høgare utdannings- og forskingsinstitusjon
• skal arbeide for å oppnå universitetsstatus
• skal vere attraktiv og tett på studentane sine og vere kjent for å ha landets mest nøgde studentar som trivst og lukkast
• skal leggje til rette for eit godt studiemiljø og god studentvelferd på studiestadane
• skal vere ein mangfaldig og spanande arbeidsplass som tiltrekkjer seg dyktige medarbeidarar med høg kompetanse
• skal utvikle eit nærare og meir forpliktande samarbeid med kunnskapsinstitusjonane på Vestlandet
• skal vere ein viktig aktør for innovasjon og framtidig verdiskaping på Vestlandet som utviklar utdanningane og profesjonane med mål om å bidra til berekraftig utvikling
• skal sjå utdannings- og kompetansebehova i vestlandsregionen under eitt, og ha større fagleg og administrativ kraft i samhandlinga med samfunns-, arbeids- og næringsliv. Høgskulen på Vestlandet skal vere den føretrekte samarbeidspartnaren og skal setje spor i utviklinga av Vestlandsregionen
• skal bli best i å tilby framtidsretta profesjonsutdanningar på bachelor- og masternivå og skal drive og utvikle ph.d.-program på sentrale fagområde for Høgskulen på Vestlandet
• skal samordne fag- og undervisingstilbod, og skape nye, breiare og spissare tilbod enn institusjonane ville greidd kvar for seg. Høgskulen på Vestlandet skal vere kjend for god tverrfagleg verksemd
• satse på og utvikle sterke og dynamiske forskingsmiljø på tvers av nærregionar, fag og profesjonar
• skal vere offensiv internasjonalt gjennom forpliktande opplegg for mobilitet i alle utdanningssyklusar, fleksible ordningar for tilsettmobilitet og vere synlege internasjonalt gjennom auka ekstern finansiering av utdanning og forsking
Høgskulen på Vestlandet vert etablert med deling som drivkraft, ideal og metode. Kunnskap veks når den blir delt. Det vi gjer, skal støtte opp om vekst for ei berekraftig utvikling av samfunns-, arbeids- og næringslivet og for einskildmenneske.
Høgskulen på Vestlandet skal ta utgangspunkt i og byggje vidare på hovudtrekk ved vestlandsk kultur, næring og tradisjonar.
Hovudmålforma for den nye institusjonen skal vere nynorsk.
Høgskulen på Vestlandet si digitale satsing skal vere i kunnskapsfronten. Satsinga skal sikre effektiv kunnskaps- og informasjonsdeling og utvikle framtidsretta utdannings-, arbeids- og læringsfellesskap. Høgskulen på Vestlandet skal imøtekome og vere tett på trendane, behova og dei nye teknologiane ein ser innanfor høgare utdanning.
Fusjonen skjer mellom tre likeverdige partar. Fusjonspartane legg til grunn at ingen studiestadar vert lagde ned i samband med fusjonen. Verksemda ved HiB, HiSF og HSH skal gå mest mogeleg som normalt i fusjons- og implementeringsfasen med fokus på studiekvalitet og arbeidsvilkår.
Arbeidet med fagleg profil, faglege satsingsområde og organisering av Høgskulen på Vestlandet skal starte hausten 2016 med god forankring blant tilsette, studentar og arbeidslivet i alle dei tre nærregionane. Leiinga på ulike nivå får eit særskilt ansvar for å bidra til å mobilisere og aktivisere miljøa slik at utviklinga av Høgskulen på Vestlandet får god forankring og er prega av medverknad.
Det vert innført ny nasjonal femårig grunnskulelærarutdanning frå 1.8.2017. Det set krav til at Høgskulen på Vestlandet må utvikle ei felles grunnskulelærarutdanning. Ambisjonen er å utvikle den nye utdanninga til å bli relevant, innovativ og FOU-basert på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå. Høgskulen på Vestlandet skal òg sjå på moglegheiter for å utvikle lektorutdanning. Det vert oppretta ei felles arbeidsgruppe. Målet er å leggje til rette for eit breiare lærarutdanningstilbod enn dei noverande institusjonane kvar for seg har grunnlag for.
4. Styring, leiing og framdrift
Organiseringa og vidareutviklinga av Høgskulen på Vestlandet skal ta utgangspunkt i følgjande prinsipp:
• Høgskulen på Vestlandet skal ha normalmodellen for leiing etter universitets- og høgskulelova. Det inneber tilsett rektor og ekstern styreleiar
• Rektor skal ha hovudarbeidsplass i Bergen
• Det skal vere ein prorektor i kvar nærregion som på vegner av rektor har ansvar for regional utvikling i nærregionen. Prorektorane skal òg ha eit funksjonsansvar på institusjonsnivå, som t.d. kan vere utdanning, forsking, innovasjon, internasjonalisering eller digitalisering
• Høgskulen på Vestlandet skal ha gjennomgåande leiing og eins leiing på alle nivå
• Høgskulen på Vestlandet skal ha strategisk fagleg og administrativ leiing på fleire nivå i nærregionane.
• Tilsette skal ha nærleik til fagleg leiing og personalleiing.
• Som hovudregel skal leiarar i den nye institusjonen ha personalansvar for ikkje fleire enn 20-30 tilsette
• Dei største profesjonsutdaningane skal bli tilbydd i dei tre nærregionane. Andre sterke fag og utdanningar skal ha gode utviklingsmoglegheiter i Høgskulen på Vestlandet
• Høgskulen på Vestlandet skal ha få og store einingar på nivå 2
I samband med utgreiinga av den faglege organiseringa skal det særskilt vurderast korleis disiplinmiljøa best kan vidareutviklast og styrkje den faglege profilen til Høgskulen på Vestlandet
• Høgskulen på Vestlandet skal ha felles utdanningsløp med rom for å utvikle faglege profilar etter eigenart og lokale behov
• Det skal vere utdanning på masternivå på alle studiestadane
• Master- og doktorgradsutdanningane skal gje meirverdi for nærregionane
• Ph.d.-programma skal støtte og byggje på profilen og satsingsområda til Høgskulen på Vestlandet
• Høgskulen på Vestlandet skal ha ei organisering som òg styrkjer forskingsposisjonen regionalt, nasjonalt og internasjonalt
• Det skal vere representantar frå nærregionane i råd og utval
• Administrativ organisering skal ta utgangspunkt i den faglege organiseringa og det skal veljast administrative løysingar som støtter opp under kjerneverksemda, ivaretek prinsipp for god forvalting og som samstundes sikrar kvalitet og effektivitet
• Administrative funksjonar skal tilpassast aktivitet og kompetansebehov i nærregionane og på studiestadane
• Det bør vurderast om normtal kan vere eit eigna verkemiddel for å ha ein sunn og god balanse mellom faglege og administrative årsverk
• Intern rekruttering skal vere hovudregelen ved tilsetjing av leiarar i den første funksjonsperioden for Høgskulen på Vestlandet. Tilsetjing/innplassering i faglege og administrative leiarstillingar skal skje etter kvalifikasjonsprinsippet
• Høgskulen på Vestlandet skal arbeide for balanse med omsyn til kjønn og geografi i rekruttering til leiar- og nestleiarstillingane
• Høgskulen på Vestlandet skal leggje til rette for kompetanseheving i begge dei faglege karrierevegane, og i administrativt arbeid
• Studiestadar, fag og utdanningar skal kunne profilerast særskilt
HiB, HiSF og HSH ber Kunnskapsdepartementet opprette eit interimsstyre med 13 medlemmer. Høgskulane ønskjer følgjande samansetting:
HiB | HiSF | HSH | Eksterne | SUM | Vara | |
UF | 2 | 1 | 1 | 4 | ||
TAP | 1 | 1 | HSH og HiSF | |||
Studentar | 1 | 1 | 1 | 3 | ||
Eksterne | 2 | 1 | 1 | 1 | 5 | |
4 | 2 | 2 | 5 | 13 |
UF: undervisning- og forskingspersonal TAP: teknisk-administrativt personal
HiB har fast TAP-representant i heile perioden. I tillegg vil det vere to valde TAP- representantar frå HSH og frå HiSF som deltek i styremøta med møte og talerett i heile perioden.
Det vert gjennomført val til interimsstyre tidleg i august 2016 etter ein modell som inneber valkrinser i tråd med fordeling i tabellen over.
Interimsstyret får mandat frå Kunnskapsdepartementet og vil m.a. ta avgjerder om visjon, fagleg profil, fagleg og administrativ organisering og innplassering av tilsette og leiarar. Interimsstyret vil vidare ha ansvar for budsjettet for 2017, nye forskrifter, reglement og utval som må på plass.
Interimsstyret går over til eit fellesstyre frå fusjonstidspunktet og har ein funksjonsperiode fram til 31.7.2019
Det vert etablert ein prosjektorganisasjon på tvers av dei tre institusjonane som vil stå for førebuing av saker til .
5. Rettar og plikter for studentane
Studentrepresentasjon i styre, råd og utval blir forvalta av eit nytt felles studentorgan for Høgskulen på Vestlandet oppretta av studentane sjølve etter lov om universitet og høgskolar. Alle tre nærregionane skal vere representerte i studentorganet.
I samband med etableringa av det nye studentorganet skal Høgskulen på Vestlandet sikre gode rammevilkår for studentane sitt arbeid i sjølve fusjonsprosessen og for arbeidet med å etablere eit felles studentdemokrati. I samband med etableringa av eit nytt studentorgan skal institusjonen leggje til rette for drift gjennom fristasjon og økonomisk støtte til studentaktivitetar på minst same nivå som det er i dag.
Høgskulen på Vestlandet skal ha på plass eit studentombod frå 1.januar 2017.
Alle studentar har rett til å fullføre studieprogram dei har byrja på ved den studiestaden der dei starta før fusjonstidspunktet.
Det skal utarbeidast ei fråsegn om kva for rettar og plikter studentane har.
6. Rettar og plikter for dei tilsette
Ein fusjon inneber at alle faglege og administrative einingar må vere førebudde på organisatoriske endringar.
Det skal forhandlast fram ein eigen omstillingsavtale for fusjons- og implementeringsfasen som sikrar tilsette rettar og medverknad i tida frå fusjonstidspunktet og fram til ein ny organisasjon er på plass. Arbeidsgjevar skal i samarbeid med dei tillitsvalde utarbeide ei omstillingshandbok som konkretiserer omstillingsavtalen og regulerer alle forhold knytt til innplassering av tilsette i Høgskulen på Vestlandet.
Ingen tilsette skal seiast opp eller måtte byte hovudarbeidsstad som følgje av fusjonsprosessen. Det blir føresett fleksibilitet frå både arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida i fordeling av arbeidsoppgåver i Høgskulen på Vestlandet. Alle tilsette må rekne med endring i arbeidsoppgåver. I dei tilfella der dette blir aktuelt, vil vedkommande ha rett til xxxx likeverdig eller passande stilling jamfør Tenestemannslova §12.
Ingen tilsette skal gå ned i løn som følgje av fusjonsprosessen. Individuelle, midlertidige avtalar blir sluttførte som avtalt. Det løns- og personalpolitiske regelverket ved institusjonane skal reviderast og samordnast.
HiB, HiSF og HSH skal ha eit sunt avsetningsnivå på fusjonstidspunktet. Fusjonsprosessen skal i seg sjølv ikkje ha ein omfordelande effekt mellom nærregionane. Den faglege verksemda skal sikrast på minst tilsvarande nivå som i dag.
Det skal lagast ei samanstilling av kontraktforpliktingar institusjonane har på fusjonstidspunktet.
Kostnader knytte til fusjonsprosjektet som i interimfasen ikkje kan dekkast av eksterne midlar, skal finansierast over dei ordinære budsjetta ved institusjonane og med rimeleg kostnadsfordeling mellom partane. Det vil bli søkt Kunnskapsdepartementet om SAKS-midlar for å gjennomføre og implementere fusjonen. I tillegg til ordinære SAKS-midlar vil det bli søkt Kunnskapsdepartementet om midlar til prosjekt som er særeigne for denne fusjonen.
Dagens løyvingar til HiB, HiSF og HSH, inkludert tildeling av studieplassar og rekrutteringsstillingar, skal leggjast til grunn for fordeling fram til ny fordelingsmodell for Høgskulen på Vestlandet er vedteken.