SØRE SUNNMØRE REINHALDSVERK IKS
Gjeldande frå 1. januar 2017
FOR
SØRE SUNNMØRE REINHALDSVERK IKS
§ 1 Selskapet
Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR) er eit interkommunalt selskap skipa av kommunane Hareid, Herøy, Sande og Ulstein med heimel i lov om interkommunale selskap.
§ 2 Hovudkontor
Selskapet sitt hovudkontor ligg i Ulstein kommune.
§ 3 Selskapet sitt hovudføremål
Selskapet si kjerneverksemd er å vere kommunane sitt forvaltings- og bestillarorgan, som leverer avfallstenester til hushaldningar, fritidsbustader, skular og barnehagar.
Selskapet sitt føremål er å dekke eigarkommunane sine behov, plikter og oppgåver med tanke på:
1. Å drive framtidsretta og miljøretta innsamling, transport og sortering av hushaldningsavfall - som kommunane måtte bli pålagde å ta hand om eller sjølve i fellesskap ønskjer å etablere. Selskapet skal planlegge og sørge for gjennomføring av andre miljøtiltak der kommunane i fellesskap ønskjer dette.
2. Eit brukarvennleg, fleksibelt og likeverdig tenestetilbod for alle innbyggarane, og som stimulerer til berekraftige haldningar og atferd. Dette skal skapast gjennom aktiv informasjon og kommunikasjon.
3. Eit kostnadseffektivt tenestetilbod basert på samarbeid og stordrift.
§ 4 Andre føremål
1. Vere eigarkommunane sin primærrådgivar i avfallsrelaterte spørsmål og samstundes vere ein synleg samfunnsaktør i det haldningsskapande arbeidet i befolkninga.
2. Ivareta eigarkommunane si rolle som samfunnsaktør i spørsmål om lokal og regional utnytting av ressursane i hushaldningsavfallet i selskapet sitt nedslagsfelt.
3. Oppfylle kommunane sine forpliktingar etter lov om forureining i høve innsamling og gjenvinning av ressursane i hushaldningsavfallet.
4. Drive mottak, sortering/gjenvinning og deponering av næringsavfall i den utstrekning selskapet har løyve og finn det formålstenleg eller ved avtalar med andre selskap.
5. Selskapet skal arbeide for at det blir like avfallsgebyr og like ordningar for avfall i eigarkommunane.
6. For andre avfallsordningar eller anna avfall som blir levert til selskapet krev selskapet sjølv inn det fastsette gebyret. Styret kan givast fullmakt til å fastsetje gebyrregulativ for direktelevert avfall.
§ 5 Samarbeid
Selskapet kan søkje samarbeid med andre kommunar, regionar eller selskap der dette er naturleg. Selskapet kan vere medeigar i andre selskap som driv innan avfall og miljøhandtering der dette er hensiktsmessig for å tene føremålet til selskapet. Slike selskapsetableringar må ikkje kome i konflikt med andre eigarinteresser som kommunane måtte ha.
§ 6 Representantskapet
Representantskapet er selskapet si øvste myndigheit og deltakarane utøver si myndigheit gjennom representantskapet.
Representantskapet sine medlemmer og personlege varamedlemmer skal velgast av kommunestyra i medlemskommunane for kommunevalgbolken. Medlemmer av styret kan ikkje vere medlemmer av representantskapet.
Den einskilde deltakar kan føreta nyvalg av sine representantar i valgperioden. Nyvalg skjer for den gjenverande del av valgbolken.
I valgår kallar ein saman representantskapet seinast 30. desember for konstituering og valg av leiar og nestleiar. Ansvarleg for innkallinga er representantskapet sin leiar før valget. Det skal samstundes lagast ein plan for representantskapet sine ordinære møter komande år.
På møtet i representantskapet etter kvart valg skal det også velgast ein valgkomité i representantskapet. Denne valgkomitéen skal ha eitt medlem frå kvar kommune og ein av desse skal velgast til leiar i komitéen. Valgkomitéen skal mellom anna sørge for kandidatar til styret.
Representantskapet si myndigheit er i samsvar med lov om interkommunale selskap, jfr. § 7, og denne selskapsavtala.
Representantskapet kan utvide styret sine plikter, men ikkje innskrenke styret si myndigheit.
Saksbehandlinga i representantskapet vert regulert av lov om interkommunale selskap § 9. Det skal haldast minst to møter i representantskapet per år.
Representantskapet har 11 medlemmer. Kvar eigarkommune skal ha minst to medlemmer i representantskapet. Deretter skal eigarkommunane ha ein medlem
ekstra når innbyggartalet passerer 7.500 og ein medlem ekstra når innbyggartalet passerer 10.000. Dersom innbyggartala tilseier at ein ikkje får 11 medlemmer i representantskapet, skal den største eigarkommunen ha ein representant ekstra. Dersom heller ikkje dette er nok til å få 11 representantar, skal også den nest største eigarkommunen ha ein representant ekstra.
Ut i frå folketalet per 1. januar 2016, blir då eigardelane følgjande:
Folketal per 01.01.2016: | % | Antal medlemmer: | |
Herøy: | 8972 | 35,67 | 4 |
Hareid: | 5189 | 20,63 | 2 |
Sande: | 2559 | 10,18 | 2 |
Ulstein: | 8430 | 33,52 | 3 |
Sum: | 25150 | 100 | 11 |
Styret kan føreslå overfor representantskapet å justere eigardelen i selskapet ut i frå folketalsutviklinga. Justering kan også fremjast som ein del av revisjon av selskapsavtala.
Elles kan talet på medlemmer i representantskapet endrast ved endring av talet på eigarkommunar.
§ 7 Innkalling og møter i representantskapet
Representantskapet kjem vanlegvis saman to gongar i året - i april/mai og i oktober/november. Det kan elles kallast inn til møte når leiaren i representantskapet, styret i selskapet eller minst to medlemmer krev det.
Xxxxxxxxxxxx og dagleg leiar skal delta i møta med talerett. Øvrige styremedlemmer har møte- og talerett.
Innkalling til møta skal skje med minst 4 vekers varsel. Innkallinga skal innehalde sakliste og moglege saksdokument. For møta gjeld §§ 8 og 9 i lov om interkommunale selskap sine reglar om valg, røysting, habilitet og protokollering m.m.
Representantskapet sin leiar kan innkalle representantskapet med kortare frist i tilfelle kor dette er påtrengjande nødvendig.
Innkalling, sakliste og møteprotokoll skal også sendast til medlemskommunane. Det same gjeld budsjett og rekneskap for selskapet.
§ 8 Saker til behandling i representantskapet
Representantskapet gjer nødvendige beslutningar på vegne av eigarane, med utgangspunkt i gjeldande eigarstrategi, vedtekter og selskapsstrategi.
Representantskapet skal sjå til at selskapet vert drive etter intensjonane og i samsvar med lover, forskrifter og vedtekter. Representantskapet skal i møta behandle desse sakene:
a) Årsrekneskap for selskapet
b) Framlegg frå styret til endringar i avfallsgebyra
c) Fastsetje alle gebyr som ikkje kommunestyra etter lova skal vedta eller som styret har fullmakt til å vedta
d) Framlegg frå styret til økonomiplan og årsbudsjett seinast 15. november kvart år
e) Framlegg frå styret til låneopptak utover fastsette rammer og pantsetjing av selskapet sine eigedomar
f) Kommunale garantiar/lån
g) Valg av leiar og nestleiar i representantskapet
h) Valg av styremedlemmer
i) Valg av leiar og nestleiar i styret
j) Valg av revisor og fastsetting av godtgjering for revisjon
k) Fastsetjing av godtgjeringar for styret og representantskapet
l) Andre saker som styret vil ha handsama og andre saker som kjem fram av selskapsavtala
Representantskapet skal behandle selskapet si eigarmelding i same møte som ein fastset rekneskapet. Eigarmelding og rekneskap skal behandlast seinast 30. mai året etter rekneskapsåret.
Representantskapet skal behandle og vedta selskapsstrategien minst ein gong kvar valgperiode. Dette skal gjerast i starten av kvar valgperiode.
Godtgjeringar (møtegodtgjersle, dekking av tapt arbeidsforteneste og dekning av reiseutgifter) for medlemer i representantskapet skal den einskilde eigarkommune der representanten høyrer til stå for. SSR betalar ut til den einskilde medlem det vedkomande har krav på og sender deretter kravet over til kommunane for refusjon, inklusiv kvar kommune sin andel av leiargodtgjersla.
Vedtak gjort av representantskapet må godkjennast i medlemskommunane dersom det vert kravd etter lov om interkommunale selskap eller andre lover og forskrifter.
§ 9 Styret
Selskapet skal ha eit styre på frå 3 til 7 medlemer som skal velgast av representantskapet. Kvar medlemskommune skal ha minst ein medlem og minst ein medlem skal kome frå dei tilsette. Styremedlemmene blir valgt for 2 år av gongen, der halvparten av styret er på valg kvart år. Ordinært, årleg valg skjer i
representantskapsmøtet som behandlar årsrekneskapet. Styret si myndigheit følgjer av § 13 i lov om interkommunale selskap og denne selskapsavtala.
Styret legg fram forslag til selskapsstrategi for representantskapet minst ein gong kvar valgperiode. Dette skal gjerast i starten av kvar valgperiode.
Xxxxxx legg fram forslag til økonomiplan og budsjett for neste år for representantskapet seinast 15. november kvart år.
Dagleg leiar skal delta i styremøta med tale- og innstillingsrett.
§ 10 Styret si myndigheit
Styret har det overordna ansvaret for drift og organisering av selskapet. Styret er også ansvarleg for at vedtekne tiltak vert gjennomførde og at det vert utarbeidd årsmelding, budsjett, økonomiplan og rekneskap i samsvar med lov og forskrift innan gitte fristar. Styret legg fram berekningsgrunnlag for renovasjonsgebyret for komande år på haustmøtet.
Selskapet forpliktar med underskrift av styreleiaren og dagleg leiar i fellesskap.
Om inhabilitet for selskapet sine tilsette og medlemer av selskapet sine styrande organ gjeld kommunelova § 40, nr. 3.
§ 11 Dagleg leiing
Selskapet skal ha ein høveleg administrasjon som er tilpassa oppgåver og aktivitet. Selskapet skal leiast av ein dagleg leiar. Vedkomande har tilvisingsmynde innanfor godkjent budsjett og er fagleg og økonomisk ansvarleg for den daglege drifta overfor styret.
Dagleg leiar skal ikkje ta avgjerd i saker med stor konsekvens for selskapet utan i dei tilfelle der styret har gitt mynde til det, eller når styret si avgjerd ikkje kan avventast utan vesentleg ulempe for selskapet si verksemd. Styret skal i så fall snarast mogleg underrettast om saka.
Dagleg leiar representerer selskapet utad i saker som ligg til myndet hans.
§ 12 Investeringar
Selskapet sine investeringar skal finansierast med lån, tilskot og mogleg eigenkapital. Selskapet sitt styre kan ta opp nye lån på inntil 10 millionar kroner utan særskild godkjenning frå eigarkommunane under føresetnad av at dette er innarbeidd i årsbudsjettet. Høgaste ramme for selskapet sitt samla låneopptak er
100 millionar kroner. Selskapet sine eigedomar kan pantsetjast etter vedtak i representantskapet, jfr. lov om interkommunale selskap § 25. Dei samarbeidande
kommunane eig selskapet sine anlegg og er høvesvis ansvarlege for gjeld, underskot, garantiar for lån og kontanttilskot etter prosentsatsar basert på folketalet.
§ 13 Selskapsstrategi
Selskapet skal ha ein eigen selskapsstrategi, forankra i relevante nasjonale og lokale ambisjonar og føringar, eigarstrategien, samt vedtektene for selskapet.
Selskapsstrategien skal oppdaterast minst ein gong pr. valgperiode og formelt vedtakast av representantskapet. Selskapsstrategien erstattar kommunane sine avfallsplanar og skal vere eigarkommunane sin omforente avfallsstrategi.
§ 14 Årleg eigarmelding
Selskapet skal årleg levere eigarmelding, som skal behandlast av representantskapet, og leggast fram for eigarkommunane. Meldinga skal rapportere i høve gjeldande eigarstrategi og selskapsstrategi, gi informasjon om planlagde endringar i tenestetilbodet, samt vesentlege endringar i kostnadsnivået for selskapet.
§ 15 Næringsverksemd
Selskapet skal drive miljøretta innsamling, transport og sortering av hushaldningsavfall mot næringslivet der dette er hensiktsmessig for å styrke selskapet si drift.
Næringsverksemda skal drivast ut i frå vanlege bedriftsøkonomiske prinsipp.
§ 16 Forskrifter
I eigarkommunane skal det vere like forskrifter for renovasjonsordninga.
§ 17 Etikk og samfunnsansvar
Selskapet skal som ein del av sitt kvalitetssikringssystem ha etiske retningslinjer for medlemmer i representantskap, styre, dagleg leiing og administrasjon. Selskapet skal ta samfunnsansvar på ulike måtar, mellom anna gjennom opplæring og kommunikasjon med innbyggarane og gjennom tiltak for å nå nasjonale mål for avfallsreduksjon.
Selskapet skal drive effektivt og framtidsretta miljøarbeid i regionen, der kvalitet, leveransenivå og kostnader harmoniserer. Selskapet skal vere husstandane og kommunane sin naturlege samarbeidspartnar i avfalls- og miljøspørsmål.
§ 18 Miljø
Selskapet skal bidra til å realisere nasjonale og internasjonale miljømål ved klimavennleg innsamling og behandling av avfall. Selskapet skal søke å vektlegge miljøomsyn ved valg av leverandørar og behandlingsmetodar. Dei valgte løysingane må vere estetisk gode. Selskapet skal satse på regionalt samarbeid og regionale løysingar der dette er miljømessig og økonomisk hensiktsmessig.
§ 19 Rekneskap og revisjon
Rekneskapet skal førast etter rekneskapslova.
§ 20 Arkiv
Arkivarbeid og arkivhald skal vere i tråd med gjeldande lover og reglar.
§ 21 Tvist om tolking av vedtektene
Tvist om tolkinga av vedtektene blir avgjort med bindande verknad ved voldgift etter reglane i voldgiftslova. Formannen i voldgiftsnemnda skal vere sorenskrivaren på Søre Sunnmøre eller den han måtte peike ut.
(Endra etter vedtak i representantskapet 19.05.2016 / sak R11/16, og i eigarkommunane i 2016;
Herøy 29.09.2016 / sak K-sak 147/16, Ulstein 27.10.2016 / sak PS 16/81, Sande 08.11.2016 / sak K-71/16 og Hareid 15.12.2016 / sak PS 101/16).