Sula kommune - høyringsuttale til Revidert samarbeidsavtale mellom kommunane i Møre og Romsdal og Helse Møre og Romsdal HF
Sula kommune - høyringsuttale til Revidert samarbeidsavtale mellom kommunane i Møre og Romsdal og Helse Møre og Romsdal HF
Viser til høyringsbrev der partane er invitert til å svare på høyring til revidert samarbeidsavtale innan 23. juni 2024.
Dei største endringane i samarbeidsavtalen er skissert i høyringsbrevet og forhandlingsutvalet har gjort eit godt arbeid med avtalen.
Sula kommune sine merknader og innspel går fram av saksutgreiinga og høyringssvaret nedanfor.
Hovudavtalen
Kommunen vil gje signal om at ein skulle ynskt at brukarperspektivet kunne gjerast tydlegare i avtalen.
I samansetting av representantar i Lokalt samarbeidsutval (LSU) og Strategisk samarbeidsutval (SSU), opplever kommunane at helseføretaket ikkje i same grad som kommunane, vel representantar med avgjerdsmynde. Til dømes må kommunalsjef i kommunen må forvente å kunne møte øvste leiar innafor dei ulike klinikkane i helseføretaket. Dette må kome tydeleg fram i avtalen. Det er ikkje tilstrekkeleg at oppnemnde har eit overordna fagleg ansvar.
Kommunane opplever at oppgåvefordelinga mellom dei to helsenivåa stadig vert endra og at venstreforskyvinga av oppgåver frå sjukehusa til fastlegar og kommunale helse og omsorgstenester skjer utan naudsynt drøfting mellom partane. Kommunen ynskjer at plikt til konsekvensvurdering og drøfting med kommunale leiarar vert tydlegare i samarbeidsavtalen.
Samarbeidsstruktur
5.1 Partnerskapsmøte(nivå 1).
5.1.1 Samansetting
Kommuneoverlege kan ikkje erstatte kommunalsjef i kommunen.
Det kan likevel hensiktsmessig at kommuneoverlege oppnemnd frå dei tre regionråda kan delta og det er då tilstrekkeleg i tillegg til leiar for praksiskonsulentordninga/
«samarbeidsordninga for spesialisthelsetenesta og fastlegane» som i tillegg representerer fastlegane som også er ein del av kommunehelsetenesta.
Ettersom avtalen om helsefellesskap er ein avtale mellom HOD og KS, bør KS Møre og Romsdal kunne delta som observatørar med talerett. I tillegg vil ein førslå at Pasient- og brukarombodet kan delta som observatørar med talerett.
Leiar og nestleiar i SSU bør møte som observatørar med talerett ettersom desse både skal rapportere til Partnarskapsmøte og få oppgåver og mandat frå Partnarskapsmøte.
Når det gjeld arbeidsform kan det presiserast at det er partane sjølve har ansvar for å orientere lokal politisk leiing og styret i helseføretaket om årsmeldinga til helsefellesskapet.
5.2 Strategisk samarbeidsutval(SSU) – nivå 2 inkludert 5.3 Lokale samarbeidsutval (LSU) – nivå 2
Ettersom forslaget til samarbeidsavtalet no plasserer Lokale samarbeidsutval på nivå 3 ilag med SSU, vil kommunen no føreslå å slå saman desse.
SSU er samansett av representantar der ein representerer fleire andre, noko som vert opplevd som krevjande med tanke på informasjonsutveksling og sikre forsvarleg støtte. Etter ein kritisk gjennomgang av struktur og bruk av ressursar i Helsefellesskapet vil kommunen føreslå å legge ned lokale samarbeidsutval. I staden vil ein føreslå å samle alle medlemmane i LSU’ane i eit SSU med møter kvar andre mnd. Etter modell frå til dømes Helsefellesskapet i Troms og Ofoten.
Denne modellen blir no særleg aktualisert i samband med at Regjeringa har vedteke årlege tilskot til arbeidet i helsefellesskapa i landet og SSU vert heilt sentralt når det gjeld å prioritere fram samhandlingsprosjekt i helsefelleskapet.
Kommunen vil i tillegg føreslå eit representativt arbeidsutval frå regionrådsområda og sjukehusa som førebur møta med oppdrag og saker ilag med samarbeidssekretariatet.
Det vil sjølvsagt ikkje vere noko i vegen for at ein har lokale nettverk eller samarbeidsforum som også vil kunne melde saker til Helsefellesskapet, men ikkje organisert som ein del av Helsefellesskapsstrukturen.
Når det gjeld oppgåver er der følgande forslag til formulering under:
f) SSU skal sørge for at Arbeidet med avvikshandtering og forbetringsarbeid skal vere høgt prioritert hos partane og at dette vert inkludert i faglege samarbeidsutval sitt arbeid med heilskaplege pasientforløp og at alle retningslinjer og planar som regulerer samarbeidet om vår felles helseteneste vert høyrde og vedtekne.
5.4 Faglege samarbeidsutval (FSU) – nivå 3
Etter kommunen sin vurdering bør talet på fagutval reduserast ytterlegere. Samarbeidsstrukturen vil likevel medføre involvering av tilsette fagpersonar og leiarar på begge nivå i helsefellesskapet. Eit tettare samarbeid om helsetilbod til innbyggarane vil medføre behov for planlegging, avklaring og samordning. Ein erkjenner at dette medfører ei investering gjennom bruk av fagressursar og det kan vere behov for auka representasjon. Samarbeidsavtalen om Helsefellesskap mellom HOD og KS tilseier at Barn og unge, alvorleg psykisk sjuke, pasientar med fleire kroniske lidingar og skrøpelege eldre skal prioriterast. Ein bør difor legg til rette for utval knytt opp til dei fire prioriterte pasientgruppene. Personar med fleire kroniske lidingar finst også innafor dei tre øvrige prioriterte gruppene, så det synest i fyrste omgang å vere nok med tre utval knytt til desse.
I tillegg vil det vere behov for eit fagleg samarbeidsutval for den akuttmedisinske kjede og helseberedskap som også i sitt mandat bør ha eit spesielt fokus på dei fire prioriterte gruppene.
Dei fire utvala skal bidra inn i Felles handlingsplan for helsefellesskapet og arbeide med konkrete oppdrag/ prosjektmandat frå SSU. Gjennom ei slik arbeidsform vil tenesteutøvarar på begge nivå få betre kjennskap til kvarandre sine rammevilkår, kompetanse og handlingsrom og kunne auke fokuset på kost/nytte.
Formålet med samarbeidsavtalen er at partane skal planlegge og utvikle heilskaplege og likeverdige helse- og omsorgstenester, med gode overgangar mellom helsetenestenivåa, gjerne etter KS sin modell for «Gode pasientforløp». Samarbeidet skal mellom anna sikre klar ansvarsfordeling og god utnytting av tilgjengelege ressursar.
Kommunen har erfart og erfarer framleis at helseføretaket overfører oppgåver til fastlegetenesta og legg føringar for tildeling av kommunale tenester. For at vi skal lykkast i framtida må samarbeidet mellom tenestenivåa inkludert fastlegane, styrkast. Difor vil kommunen også føreslå at alle fagressursar som elles møter i Fagleg samarbeidsutval for behandlarar samlar seg om dei fire prioriterte gruppene og dei faglege samarbeidsutvala knytt til desse og brukar tida si der i tillegg til Fagleg samarbeidsutval for akuttmedisinsk kjede og helseberedskap.
Ålesund kommune er vertskommune for Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester (USHT). Dei tilsette der vil kunne bidra med særleg kompetanse på prosjektutvikling og
prosessarbeid ift kontinuering forbedringsarbeid. Det synast i tillegg å vere eit samanfall mellom oppdrag frå Helse- og omsorgsdirektoratet til utviklingssentera i landet og arbeid med dei prioriterte gruppene.
5.5 Samarbeidssekretariatet
Kommunen vil foreslå ei endring når det gjeld samansetting i punkt a og b:
«a) To representantar frå helseføretaket inkludert samhandlingssjef.
b) Inntil fire kommunale representantar frå dei tre regionrådområda.
I tillegg skal Leiar for samhandlingslegane bida i møta» (dersom kommunane skal vere med å finansiere ordninga).
Det vil vere representantane under punkt a og b som har dei utøvande rollene i sekretariatet. Det må kome tydeleg fram i avtalen kor store stillingsandelar ein må rekne med å bruke når det gjeld arbeidet i samarbeidssekretariatet
Oppgåver
Kommunen føreslår at samarbeidssekretariatet får følgande oppgåve i tillegg:
«f) I den hensikt å understøtte og xxxxxxxx arbeidet med Xxxxxx handlingsplan på vegne av SSU, legge til rette for dialog/ årleg samling på tvers av dei faglege samarbeidsutvala.»
Kommunen vil gje følgjande kommentar til dei enkelte delane av avtalen:
Delavtale 1 – Samarbeid om koordinering av tjenester, samt innleggelse og utskriving fra sykehus
Kommunane legger til grunn at usemje knytt til utskrivingsklare pasientar, som har vorte behandla i nasjonal tvisteløysingsnemnd, er kjent. Kommunen vil understreke at ein har tatt til følge rådet frå tvisteløysingsnemnda, sjølv om ein er usamd i konklusjonen og er skuffa over at vesentlege delar av tvisten ikkje vart tillagt vekt. Kommunen viser til at det var helseføretaket som endra praksis i avtaleperioden, trass i dialog og saksutgreiing og vedtak i overordna samarbeidsorgan. Dette er sterkt beklageleg og har svekka tilliten til helseføretaket som samarbeidspart.
Informasjonsutveksling om pasientar som er innlagt i sjukehus må verte bedre.
Kommunen ber om at det vert lagt inn i avtalen at partane, som så langt ikkje kunne semjast om ny delavtale 1, plikter å fortsette dialog og/eller forhandling om denne delavtalen i 2025, med siktemål om å finne fram semje som har betydning for pasientflyt og sikkerheit.
Det bør arbeidast med retningslinjer for informasjonsutveksling og ansvar for personar som er dømt til tvungent psykisk helsevern, inkludert samfunnsvernet.
Delavtale 2 – Samarbeid om kunnskapsoverføring, forsking, utdanning og samhandlingsleger
Kommunen føreslår vesentlege endringar i denne avtalen.
Punkta 2.1, 2.2 og 2.3 omhandlar forhold og ansvarfordeling forankra i lov og forskrift. Kommunen foreslår å flytte desse punkta til Hovudavtalen under punkt 3 og 4 der og sikrar at formuleringar ikkje overlappar kvarandre.
Når det gjeld punkt 2.4 i denne delavtalen omhandlar det «samarbeidsordninga mellom spesialisthelsetenesta og kommunal legeteneste» som er forankra i eigen samarbeidsavtale mellom dei regionale helseføretaka i landet og Legeforeninga.
Kommunen foreslår at Delavtale 2 i ny samarbeidsavtale omhandlar berre
«samarbeidsordninga mellom spesialisthelsetenesta og kommunal legeteneste».
Denne ordninga er imidlertid ikkje ein del av Avtalen mellom regjeringen og KS om vidareutvikling av helsefellesskapa for en meir sammenhengende helse- og omsorgstjeneste. Etter ei evaluering av fastlegane si deltaking i dei ulike helsefellesskapa i landet konkluderte ein i denne avtalen med at Lokale fastleger og kommuneoverleger bør delta som faglige rådgivere der det er hensiktsmesig.
Pr i dag har ordninga 130% stilling til samhandlingslegar der kommunane i fylket dekkjer 50% av kostnadane, noko som vert fakturert frå Helse Møre og Romsdal til kommunane etter folketal.
Kommunen meiner at det må kome tydelegare fram i avtalen kva desse ressursane skal nyttast.
Delavtale 3 – Samarbeid om svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg
Kommunen støtter forslaget til delavtale 3 slik det ligg føre.
Delavtale 4 – Samarbeid om utvikling av digitale helsetjenester og e-helse
Kommunen etterlyser ei presisering når det gjeld kven som skal arbeide med dette området. Dersom dette inngår i arbeid som foregår i alle reie etablerte nettverk eller råd/ utval, bør det kome tydeleg fram i avtalen i tillegg til ansvar og roller.
Dette bør likevel ikkje vere til hindre for at dei faglege samarbeidsutval kan initiere til tiltak innafor dette med digitalisering og e-helse, noko som også bør kome fram i delavtalen.
Delavtale 5 – Samarbeid om helsefremmede og forebyggende helsearbeid
Kommunen støtter forslaget til delavtale 5 slik det ligg føre. Det bør likevel kome tydeleg fram at denne delavtalen inngår i oppdraget til dei faglege samarbeidsutvala for dei fire prioriterte gruppene.
Delavtale 6 – Samarbeid om helseberedskap og akuttmedisinsk kjede
Kommunane ser det som viktig at en følger de føringar som ligger i veilederen for bruk av KAD/ØHD, og at ein ikkje utvidar kriterium for innlegging utover det veilederen omtaler.
Kommunen held fast på at det kun er fastlege, legevakt, lege i akuttmottaket og poliklinikk som kan, etter avtale med ansvarlig lege eller stedfortreder ved KAD/ØHD, henvise pasientar i tråd med dei lokale rutinene som gjeld for KAD/ØHD. Kommunen ynskjer ikkje medverke til ei dreiing av bruken av KAD/ØHD, som til dømes kan opne for at utskrivingsklare pasientar kan fortrenge eit reelt behov for KAD/ØHD.