Avtale om vilkår for utlån av lærebøker og plikter som lånetakar
Avtale om vilkår for utlån av lærebøker og plikter som lånetakar
Dei lærebøkene no har fått låne, tilhøyrer Firda vidaregåande skule og er ein del av
utlånsordninga for gratis læremiddel.
Lånetida for bøkene er 1 år. Ved skuleåret sin slutt, seinast den 22.06.2018, må eleven levere bøkene attende til skulen i god stand. Det er viktig å hugse på og ta omsyn til at bøkene skal brukast av andre elevar etterpå.
Dersom bøker vert øydelagde, ikkje vert levert attende eller elles kjem bort, er eleven erstatningspliktig. Når eleven er under 18 år på avtaletidspunktet, er det foreldre/føresette, og ikkje eleven, som eventuelt vert erstatningspliktig. Dette er tilfellet sjølv om eleven er over 18 år på tidspunktet bøkene skulle vore innlevert. Skulen vil då sende eleven/foreldre/føresette faktura med krav om betaling for bøkene.
Ved manglande betaling kan skulen bruke inkasso.
…………………… dato
……………………………….…. ……………….……………..…….
elev Xxxxx vidaregåande skule
………………………………….….. foreldre/føresette