UTBYGGINGSAVTALE MELLOM NORD-AURDAL KOMMUNE
UTBYGGINGSAVTALE MELLOM NORD-AURDAL KOMMUNE
OG
UTBYGGER AV REGULERINGSPLAN FOR STASJONSBYEN
Generelt
1. Denne avtala gjeld utbygging av reguleringsplan for Stasjonsbyen i Nord-Aurdal kommune. Avtala gjeld dei plikter som Nord-Aurdal kommune og utbyggarane av områda BB og B/F1 har teke på seg i samband med utbygginga av planen.
2. Avtala gjeld tilretteleggingar som utbyggar skal gjere for reguleringsplanen for Stasjonsbyen i Nord-Aurdal kommune.
Krav til planer
3. Nord-Aurdal kommune stiller som krav at revidert reguleringsplan i h.h.t. kommunestyrevedtaket for Stasjonsbyen, vederlagsfritt og snarast mogleg under behandling ved korrigeringar/endringar og etter ferdigbehandling, blir oversendt kommunen i digitalt format, utan feil, i nyaste SOSI-versjon.
Krav til vatn - og avløpsanlegg, overvann, teknisk infrastruktur
4. Utbyggjar sørgjer sjølv for og bekoster vatn- og avlaupsnett med overvannsnett til bygningane/arealene som dei byggjer ut. Utbyggjar skal sørgje for oppdatert leidningskart som viser kvar leidningar er plassert når utbygginga er ferdig der utbyggjar legg leidningar. Ei eigen VA-avtala mellom utbyggjar og Nord-Aurdal kommune, som er anleggseigar for vatn og avlaupsnettet i området, skal definere nærare plassering av leidningsnettet, dimensjonering, teknisk utførelse mm.
5. Utbygger sørger for og bekoster veg, strøm, fjernvarmenett og fibernett til de bygg som de bygger.
6. Anlegging av ny adkomstveg V2 til bussterminal KOT, inkludert o_FO3 frå Jernbanevegen og nord-østover langs V2, prosjekteres og bekostes av Utbygger av BB. Nord-Aurdal kommune som grunneigar stiller fri grunn til dette tiltaket.
Nord-Aurdal kommune sørger for og bekoster nødvendige endringer på bussoppstillingsplass KOT som følgje av ny adkomst.
Nord-Aurdal kommune bekoster flytting av skiftelokomotivet til BG4
Krav til opparbeiding av uteområder, gangveg, lekeareal mv
7. Gangveg/fortau m belysning
Utbygger av BB anlegger GS1 frå o_FO1 og østover til o_FO3 og o_FO4.
Utbygger av BB anlegger o_FO4 frå skillet mot GS1 og fram til GS2
Nord-Aurdal kommune anlegger GS2 og o_FO4 fra GS2 og ned til o_BG5 (grøntareal) og så langt det er nødvendig langs Jernbanevegen for å etablere kryssing over denne mot parkeringsplassen sør for Jernbanevegen.
8. Uteoppholdsareal/beplantning/grønnstruktur langs veg/fortau, utemøblering Utbygger av BB anlegger BG4 for at skiftelokomotivet kan stå der. Utbygger av B/F1 anlegger/opparbeider BG1
9. Skjerming mot kollektivterminal.
Utbygger av BB fører opp skjerming mot KOT på AVG3.
Xxxx
10. Deler av den infrastrukturen som er nevnt foran, kan eller skal overtas vederlagsfritt av kommunen forutsatt at anleggene bygges etter kommunens kravspesifikasjoner. Ved kommunal overtakelse kan deler av mva. refunderes gjennom kommunen. Disse forholdene reguleres i egen avtale etter PBL kapittel 18.
11. Det tas atterhald om at kommunestyret godkjenner denne avtalen.
12. Dersom det oppstår tvistar mellom utbyggarar og Nord-Aurdal, som partane ikkje klarer å løysast seg imellom, vedtar begge partar at tvisten skal avgjerast ved voldgift jfr. Voldgiftsloven 14.05.2004, nr 25.
Denne avtala er utstedt i 3 eksemplar, eit til kvar av partane.
For utbyggjarar/grunneigarar i Stasjonsbyen: For Nord-Aurdal kommune:
Stasjonsbyen AS Xxxx Xxxx Xxxxxxxx
Ordførar
Fagernes Butikkeiendom AS
c/o AKA AS