EKSEMPEL - ANLEGGSBIDRAGSAVTALE
EKSEMPEL - ANLEGGSBIDRAGSAVTALE
mellom
Namn: Eid kommune Xxx.xx.:
og
Namn: Xxx.xx.:
1. BAKGRUNN
Utbyggar skal bygge ut området ……………..som er regulert i utbyggingsavtale datert. ……………..
Infrastruktur som skildra nedanfor i avtalen pkt. 2 skal i heilskap eigast og drivast av kommunen. På denne bakgrunnen er partane samde om at kommunen skal stå for utbygginga som byggherre for infrastrukturarbeida.
Denne avtalen supplerer utbyggingsavtalen. Ved eventuell motstrid mellom utbyggingsavtalen og denne avtalen, skal denne avtalen gå føre.
2. INFRASTRUKTUR
Utbyggar skal på vegne av kommunen stå for vidare prosjektering og utbygging av den infrastrukturen som kommunen etter utbyggingsavtalen skal eige og drive, jf utbyggingsavtalen kapittel ……….
Utbyggingsavtalen med vedlegg (kart med forklaring), gir ei nærare skildring av infrastrukturarbeida knytt til utbygging av område både med omsyn til omfang og tekniske krav som kommunen
xxxxxxx som om reguleringsmynde.
3. KONTRAKTER MED ENTREPRENØRAR OG LEVERANDØRAR
Kommunen skal inngå kontrakter med entreprenørar og leverandørar som skal stå for utbygging av infrastrukturen som skildra i pkt. 2. Kommunen blir såleis byggherre for arbeida og utøver dei rettar og plikter som ligg til byggherrerolla.
Med sikte på inngåing av kontraktene som er nemnde over, skal utbyggar på vegne av kommunen gjennomføre naudsynte konkurransar i tråd med regelverket for offentlege anskaffelser for kontrahering med entreprenørar og leverandørar. For øvrig skal utbyggar ivareta dei pliktene som følgjer av pkt. 4 på vegne av byggherren.
4. UTBYGGAR SINE PLIKTER I SAMBAND MED UTBYGGINGA
Utbyggar skal som ledd i plikten til å prosjektere og stå føre utbygginga av infrastrukturen ivareta følgjande plikter på vegne av byggherren:
- Syte for å ferdigstille nødvendig prosjektering,
- foreslå prosjektorganisering og entrepriseinndeling, herunder kome med framlegg til aktuelle kontrakter for prosjekterande, entreprenørar og leverandørar,
- utarbeide tilbodsgrunnlag i samsvar med regelverket for offentlege anskaffelser Dokumentasjon på anbudsprosedyre skal sendast byggherre
- syte for at byggherren sine plikter i forskrift om sikkerhet, helse og arbeidsmiljø på bygge – og anleggsplasser vert sikra gjennom skriftlege avtalar og med nødvendige fullmakter
- legge fram anbudsvurderingar for kommunen som byggherre, med forslag til kontrakt
- etablere prosjektorganisasjon i samarbeid med kommunen
- ivareta all nødvendig kontakt med offentlege myndigheter, inkludert alle nødvendige søknader
- syte for administrativ oppfølging av samtlege aktørar under gjennomføring av arbeida
- utarbeide framdriftsplanar og koordinere entreprenørar ogleverandørar på byggeplassen
- xxxxx xxxxx og leie prosjekterings- og byggherremøte på vegne av kommunen som byggherre
- kontrollere utføring med omsyn til avtalte kvalitetar og spesifikasjonar
- varsle kommunen om eventuelle avvik
- krav på tilleggsvederlag eller fristforlenging skal leggast fram for kommunen før dette vert akseptert
- bistå kommunen i samband med oppgjer for alle arbeid, inkludert sluttoppgjer i forhold til entreprenørar
- bistå kommunen ved ferdigbefaring og overtakingforretning av infrastrukturen jf i pkt 2, og utbyggingsavtalen pkt. …………
- bistå kommunen i høve til leverandørar og oppfølgning av reklamasjonar, jf utbyggingsavtalen pkt.………….
5. ANLEGGSBIDRAG/ FAKTURERINGSRUTINAR
Avtale med entreprenør gjeld arbeid der kommunen har rett til å føre inngåande meirverdiavgift på kostnadene til fradrag eller kreve kompensasjon for meirverdiavgifta. Entreprenøren sender faktura til kommunen i samsvar med avtalt betalingsplan.
Faktura må differensiere mellom utgifter til:
- Vatn
- Avløp
- Veg
- Anna (friområde, leikeplassutstyr og liknande)
Faktura skal attesterast av utbyggar sin prosjektleiar og merkast med namn på kommunen sin prosjektleiar.
Kommunen vil så fakturere utbyggar med tilsvarande beløp (anleggsbidrag) eksklusive meirverdiavgift, men med et påslag som skal dekke kommunen sine kostnader ved å administrere ordninga.
- Entreprenørkontrakt x mill. Påslag X %
6. GARANTI
Utbyggar si plikt til å stille garanti jf utbyggingsavtalen pkt… fell ikkje bort ved inngåing av
denne avtale. Garantibeløpet skal dekke 100% av kostnader i samband med inngåtte kontrakter.
7. HEVING AV KONTRAKT
Begge partar har rett til å heve kontrakten dersom det ligg føre vesentleg misleghald, og den andre parten skriftleg har fått ein rimeleg frist til å rette tilhøvet.
Utbyggar pliktar deretter å ferdigstille infrastrukturen i samsvar med utbyggingsavtalen, og har i denne samanhengen rett til å tre inn i kommunen sine avtalar med prosjekterande, entreprenørar og eventuelle leverandørar.
8. OVERDRAGING
Ingen av partane kan overdra rettar og plikter etter denne avtalen utan skriftleg samtykke frå den andre parten, med unntak av den rett som følgje av pkt. 7 andre ledd over.
9. TINGLYSNING
Denne avtalen kan tinglysast som hefte på eiendommen, saman med utbyggingsavtalen.
10. TVISTAR
Tvister som måtte oppstå etter denne avtalen skal løysast i samsvar med vilkåra i utbyggingsavtalen pkt Alternativt vert tvisten løyst ved dei ordinære domstolane
11. UNDERSKRIFTER
Denne avtalen ligg føre i 2 eksemplar, eitt til kvar av partane.
AVTALE VEDKOMANDE OVERFØRING AV JUSTERINGSRETT MELLOM
Namn: Eid kommune | Xxx.xx.: | (Mottakar) |
og | ||
Namn: | Xxx.xx.: | (Overdragar) |
1 BAKGRUNN
Det følgjer av lov av 19. juni 2009 nr. 58 om meirverdiavgift (meirverdiavgiftsloven) § 9-3, jf. forskrift av 15. desember 2009 nr. 1540 til meirverdiavgiftsloven (meirverdiavgiftsforskriften) § 9-3-4 og § 9-3- 5 at ved overdraging av byggetiltak/kapitalvare så kan mottaker overta overdragar sin rett til å justere inngåande meirverdiavgift.
Denne avtalen gjeld overføring av justeringsrett i samband med overdraging av infrastrukturtiltak opparbeidd av overdragar i samband med utbygging av eigedom på (gnr. bnr. I Eid kommune).
Avtalen regulerer dei rettslegetilhøva kring overføring av tilbakeført justeringsbeløp frå mottakar til overdragar.
2 TILHØVE TIL STATSSTØTTEREGELVERKET
Ved signering av avtalen vert overdragar gjort kjend med at element av statsstøtte som måtte ligge i avtalen jf. EØS-avtalen artikkel 61 nr. 1, vert gjeve med tilvising til unntaket for bagatellmessig støtte jf. § 2 i forskrift av 14. november 2008 nr. 1213 om unntak frå notifikasjonsplikt for offentleg støtte.
Overdragar erklærer at selskapet på tidspunktet for signering av avtalen verken har mottatt eller er kjend med at selskapet i framtida vil motta økonomisk støtte av noko art frå stat eller kommune. Overdragar er heller ikkje del av eit konsern som på tidspunktet for signering av avtalen har mottatt eller er kjend med at vil motta økonomisk støtte av noko art frå stat eller kommune.
Dersom overdragar eller selskap som inngår i same konsern som overdragar i løpet av gjenværande del av justeringsperioden tek imot økonomisk støtte av noko art frå stat eller kommune, så skal mottaker ha skriftleg melding om dette.
3 OPPLYSNINGAR VEDKOMANDE PÅLØPTE KOSTNADER OG MEIRVERDIAVGIFT FOR KAPITALVARE/BYGGETILTAK
Avtalen omfattar spesifikasjonar om dei infrastrukturtiltaka som er opparbeidde av overdragar i samband med utbygging av eigedom på gnr. …. bnr….. i Eid kommune. På tidspunktet for signering av avtalen er følgjande spesifikasjonar utarbeidde og lagt ved avtalen:
Spesifikasjon vedrørende utarbeiding av infrastruktur på ….., jf. oppstilling datert……….
Vedlagd spesifikasjon skal stette dokumentasjonskrava som følgjer av meirverdiavgiftsforskrifta § 9- 3-5 første ledd jf. § 9-3-3 første ledd.
4 OMFANG AV JUSTERINGSRETTEN
Mottakar skal årleg kreve justert 1/10 av inngåande meirverdiavgift som overdragar har betalt ved opparbeiding av infrastrukturtiltaket (”justeringsbeløpet”).
Mottakar skal ta med det årlege Justeringsbeløpet i kompensasjonsoppgåva for 6. termin for vedkomande år.
5 DELVIS TILBAKEFØRING AV JUSTERINGSBELØP
Mottaker utbetaler justeringsbeløpet for det enkelte år, etter administrasjonsfradrag xx % til utbyggingsselskapet, seinest 10 dager etter meirverdiavgiftsoppgjeret for den aktuelle terminen.
Overdragar skal kvart år i justeringsperioden fremje eit krav om andel av justeringsbeløpet, med tilvisning til denne avtalen. Kravet skal sendast i november i justeringsåret.
Andel av justeringsbeløpet skal utbetalast til overdragar innan 15. mars komande år etter justeringsåret, eventuelt så snart som mulig og seinest innan 10 dagar etter at beløpet er motteke frå Staten.
Overdragaren sitt krav om tilbakeføring av det årlege justeringsbeløpet er avhengig av at mottakar har fått det utbetalt frå staten.
6 DIVERSE
Opplysningane som er nemnde i punkt 3 skal vere stadfesta av overdragaren sin revisor. Overdragar er ansvarleg for alle kostnader knytt til inngåing av avtalen.
Mottaker er ikkje ansvarleg for økonomisk tap som overdragar måtte lide som følgje av at lovendringar hindrar gjennomføring av avtalen.
Med mindre kravet skyldast tilhøve hos mottaker, pliktar overdragar å halde mottakar skadeslaus, dersom mottakar må tilbakebetale kompensert eller frådragsført inngåande meirverdiavgift med renter og eventuell tilleggsavgift. Overdragaren sitt ansvar avgrensar seg til andel av Justeringsbeløpet som er overført til overdragar jf. avtales punkt 5, herunder renter og eventuell tilleggsavgift knytt til overført andel av Justeringsbeløpet.
7 TVISTAR
Tvistar som måtte oppstå etter denne avtalen skal løysast i samsvar med vilkåra i utbyggingsavtalen pkt Alternativt vert tvisten løyst ved dei ordinære domstolane
11. UNDERSKRIFTER
Denne avtalen ligg føre i 2 eksemplar, eitt til kvar av partane.