Avtale om rettleiing på bacheloroppgåva
Avtale om rettleiing på bacheloroppgåva
Studentar som skal starte på si bacheloroppgåve skal inngå ein skriftleg forpliktande rettleiingsavtale med sin rettleiar. Rettleiingsavtalen er ein samarbeidsavtale mellom student(ar) og rettleiar(ar) og skal bidra til å sikre ein god progresjon og gjennomføring av arbeidet med bacheloroppgåva. Rettleiing er obligatorisk. Éin av rettleiingstimane skal nyttast til utforming av prosjektplanen. Studentar som ikkje møter til rettleiing får ikkje framstille seg til eksamen.
Rettleiing blir berre gitt på grunnlag av innsendt skriftleg materiale. Frist for innlevering av skriftleg materiale til gjennomlesing skal avtalast med rettleiar.
Studenten må tidleg i arbeidet ta kontakt med rettleiar for å skrive under rettleingsavtalen, avtale ein møteplan og saman bestemme kva begge partar skal førebu til rettleiingsmøta.
Dei obligatoriske rettleiingstimane skal hovudsakleg nyttast til:
• avgrensing av oppgåva og problemstilling
• rettleiing på prosjektplan inkludert framdriftsplan
• diskutere og vurdere forskingsetiske perspektiv
• diskutere og vurdere teori- og metodespørsmål i oppgåva
• drøfte framstillinga (oppbygging, argumentasjon, språk og liknande)
• sjekke og vurdere korrekt bruk av kjelder
Det stillest krav om obligatoriske rettleiingstimar (sjå emnebeskrivinga).
Eg/vi har gjort meg/oss kjent med forholda i rettleiingsavtalen og kva den inneber.
Student…………………………………………….. Dato………………………
Student…………………………………………….. Dato………………………
Student…………………………………………….. Dato………………………
Rettleiar……………………………………………….. Dato.………………………