HAREID KOMMUNE
HAREID KOMMUNE
ANSVARSKONTRAKT
Leige av Hareidhallen
Det er inngått slik avtale mellom brukar
og utleigar Hareid kommune _
1. Treningstid i Hareidhallen
Leigetakar har berre høve til å bruke Hareidhallen til avtalte tider. Normal treningstid skal vere slutt kl 22.00.
Etter særskilt avtale kan ein trene/bruke hallen til kl. 22.30.
All avtale om leige skal skje gjennom servicetorget på Hareid rådhus, der ein også får utlevert nøklar mot depositum.
2. Ansvar for bygget og eventuelt skadeverk
Brukar har eit klart ansvar for bygget og alle dei skadar som kan skje under trening/bruk. Hareidhallen er ein idrettshall med spesielle reglar, m.a. om innesko, og desse må følgjast. Utstyr som er berekna til uteaktivitet skal ikkje nyttast inne i hallen.
Om det vert skade i hallen/ på golvet, har brukar ansvar for straks å melde frå om dette til kommunen, slik at skadeomfang kan avgrensast/bøtast.
Om skaden er fylgje av uvettig bruk, kan brukar bli økonomisk ansvarleg.
3. Reglement
Xxxxxx (leiar for lag, organisasjon) får utlevert reglement og ansvarskontrakt for treningstider. Leiaren for gjeldande lag har ansvaret for at denne kontrakta vert overhalden.
Underskriven ansvarskontrakt må leverast kommunen før treningsåret startar.
for brukar for Hareid kommune
HAREID KOMMUNE
KVITTERING PÅ UTLEVERT NØKLAR
Før leigetakar får utlevert nøklar til Hareidhallen skal
• det betalast ei depositum på kr. 500 og
• det må skrivast ansvarskontrakt for leige av Hareidhallen
Levert ut til:
Dato | Fornamn, etternamn | Xxxxxxxx./ brikke | Tal på nøklar/brikker |
Signatur Hareid kommune | Signatur leigetakar |