Samjaktavtale mellom HA280 og HA290
Samjaktavtale mellom HA280 og HA290
Rabbevaldet (HA290) vert tilbydd følgjande samjaktavtale for 2020:
Generelt
1. Ved å inngå denne avtalen forpliktar begge partar seg til eit framtidig samarbeid som følgjer rammene til denne avtalen. Dette uavhengig av kvotar, fellingstal og dyreposisjonar.
2. Avtalen vert automatisk fornya kvart år 01. juni til og med 2023 (ut perioden til dette fjellstyret). Forslag til endringar kan fremmast av begge partar, men motsatt part står fritt til å godkjenne desse. Motparten skal informerast skriftleg om forslag til endringar, eller oppseiing av avtalen, innan 1. februar same år. Ny samjaktavtale, med reviderte prisar, skal signerast kvart år.
3. Samjakta gjeld frå jaktstart til jaktslutt på HA280. HA290 forpliktar seg til å ha same jaktstart som HA280. Om HA280 avsluttar jakta før jakttida, står HA290 fritt til å fortsette jakta på eige vald.
4. HA290 forpliktar seg til å følgje same nattefredning som HA280.
5. Fellingsløyver for villrein merka HA290 kan brukast vederlagsfritt på heile Røldal Statsallmenning av dei jegerane som er tildela fellingsløyve på HA280 (Røldal Statsallmenning)
6. Jegerar, med fellingsløyver merka HA290, som ikkje vert dekka av punkt 5, får overgongsavtale med HA280 mot ei avgift per fellingsløyve. Avgifta følgjer kortnummeret. Det er Fjellstyret uvedkomande kven som nyttar løyvet.
Avgifta skal vera omlag 35% av kostnaden for tilsvarande løyve kjøpt direkte av Røldal Fjellstyre. For 2020 vert dette (Desse beløpa vil endre seg i tråd med prisane til Røldal Fjellstyre):
- Fritt dyr: kr 600
- Bukk: kr 450
- Simle/Ungdyr: kr 350
- Kalv: kr 150
7. Søknad om overgongsavtale (med oversikt over dei aktuelle kortnummera) skal utformast og underskrivast av fjellstyret/sekretær. Det vert utarbeidd eige standard skjema for dette som MÅ nyttast. Ferdig utfylt skjema må sendast Fjellstyret innan 1. august. Innkomne søknadar etter dette, vert behandla etter høve.
8. Grunneigerane i HA290 gjev med denne avtalen grunneigar sin tillatelse til at jegerar med jaktkort merka HA280, HA290, HA300 kan nytte landingsløyve for uttransportering av kjøtt på deira eigedom. Jegerane må sjølv søkje om løyve med hjemmel i lov og forskrift av kommunen utanfor Hardangervidda Nasjonalpark og av Tilsynsutvalet for Hardangervidda Nasjonalpark. Grunneigerar som ynskjer å reservere seg mot dette, må ha informert valdansvarlig for HA290 innan 1. august, som deretter er ansvarleg for å underrette Røldal Fjellstyre innan fellingsløyvene er utlevert.
Røldal Fjellstyre –5760 Røldal
Leiar: tlf 481 03 170- epost: xxxxx.xxxxxx@xxxxxxxxxxxx.xx Sekretær: tlf 902 13 685- epost: xxxxxx@xxxxxxxxxxxx.xx
xxx.xxxxxxxxxxxxxx-xxxxxxxxxx.xx
I år med få fellingsløyver
9. Rabbevaldet (HA290) forplikar seg med denne avtalen å tilby Røldal Fjellstyre inntil 50% av fellingsløvyene tildelt HA290 i år der Røldal Fjellstyret ikkje kan tilby fellingsløyver på reinsdyr til alle sine innanbygdssøkjerar.
10. Røldal Fjellstyre skal ikkje ta imot fleire fellingsløyver frå HA290 enn at dei kan tilby alle sine innanbygdssøkjerar kort innan jaktstart.
11. Fellingsløyver som vert tilbydd Røldal Fjellstyre, vert tildelt innanbygdsjegerar i henhald til trekningslista til Fjellstyret det aktuelle året. Jegerane som vert tildelt desse fellingsløyva, kjøper desse frå Rabbevaldet (HA290) til same pris som Røldal Fjellstyre tar for tilsvarande fellingsløyve.
12. Rabbevaldet (HA290) betaler fellingsavgifta for dei fellingsløyva merka HA290, som vart tilbydd og nytta av Røldal Fjellstyre.
13. Røldal Fjellstyre skal returnere fellingsløyver merka HA290 til valdansvarleg for HA290 etter jaktslutt.
14. Om andre vald/jegerar inngår tilsvarande samjaktavtalar/overgongsavtalar med HA280 (Røldal Fjellstyre), så skal Røldal Fjellstyre ta imot fellingsløyver frå alle involverte partar i henhald til dei aktuelle avtalane, inntil vilkåret i punkt 10 er oppfylt. Røldal Fjellstyre avgjer denne fordelinga, men skal sørgje for at kvart av dei aktuelle valda gjev frå seg ein tilnærma like stor prosentandel av fellingsløyvene.
15. I år med for få fellingsløyver, skal innanbygsjegerar som får tildelt fellingsløyver frå Rabbevaldet (fellingsløyver merka HA290), seie frå seg plassen på trekningslista, inntil alle innanbygdssøkjerar er tilbydd kort.
Gentlemen's agreement
I botn av avtalen ligg følgjande, ikkje forpliktande, forståing frå begge partar.
16. Jegerar som ynskjer å jakte på heile Røldal Statsallmenning (HA280), bør som hovudregel søkje, og kjøpe, fellingsløyve av Røldal Fjellstyre.
17. Røldal Fjellstyre godkjenner at Rabbevaldet (HA290) brukar denne avtalen i samband med sal og utleige av sine fellingsløyver og hytter gjennom sin næringsvirksomheit.
18. Jegerar som kjøper kort som ein del av HA290 si næringsvirksomheit, får ikkje anledning til å nytte Røldal Fjellstyre sine hytter. Om innanbygdsjegerar gjere det same, kan dei likevel nytte Røldal Fjellstyre sine hytter.
Xxx Xxxxx Xxxxx Xxxxxxxxx Xxxxxxx Xxxxx
Styreleiar Valdansvarleg
Røldal Fjellstyre (HA280) Rabbevaldet (HA290)