AVTALE OM ÅRSKORT/HALVTÅRSKORT
AVTALE OM ÅRSKORT/HALVTÅRSKORT
Avtalen gjeld bruk av styrkerom, hall og basseng på Bryggjeslottet og gir redusert pris for bruk av bowlinganlegget.
Avtale om årskort gjeld frå dags dato og ut året og vert automatisk fornya kvart år i januar. Avtale om halvtårskort gjeld for 6 månader, t.d. 1.april til 1. september.
Halvtårskort | Heilårskort |
Avtalen kan seiast opp av begge parter med 21 dagars frist. Eg/me ønskjer avtale om (sett kryss):
Dato for oppstart: Sluttdato (halvtårskort):
Pris for årskort/halvtårskort vert fastsett av kommunestyret kvart år og publisert på kommunen si nettside. Innbyggjarar i Modalen kommune får redusert pris samanlikna med innbyggjarar frå andre kommunar.
Kortet kan nyttast under ordinær opningstid av bassenget i tillegg til utvida ubemanna opningstid fastsett av kommunen. Tidene vert publisert på xxx.xxxxxxx.xxxxxxx.xx
Det vert fakturert kr 250,- i depositum per nøkkelbrikke. Depositum vert tilbakebetalt ved innlevering av brikke.
Korteigaren skal til einkvar tid fylgja gjeldande reglar for bruk av kortet i Bryggjeslottet. Desse er tilgjengeleg på kommunen si nettside. Det er viktig å merke seg at:
• Mindreårige må vere i følgje med ein person over 18 år.
• Ein skal vere minimum to badegjestar når bassenget er utan badevakt.
• Aldersgrense for bruk av styrkerom er 14 år.
• Bruk av rusmidlar er forbode.
Årskortet gjeld for korteigar som signerer kontrakten. Avtalen vil også gjelde for partnar og born busett på same adresse. Kvart familiemedlem over 14 år må ha eigen brikke dersom dei ønskjer å nytte tilbod (ikkje basseng) utan føresett. Vedkomande som signerer kontrakten er også ansvarleg for brikkebruken til alle familiemedlemmene. Namn på familiemedlemmer skal førast opp i avtalen.
Alvorlege brot på reglane medfører inndraging av brikke.
Korteigar forpliktar seg til å ta vare på alt utstyr og lausøre, og handsame dette på ein forsvarleg måte. Skader som skuldast vitlaus bruk og handtering av apparat og anlegg, vil bli kravd erstatta. Slike skader skal meldast til kundetorget.
Oppstår det brann skal denne meldast på tlf. 110. Når korteigar forlet lokalet, skal ein sjå til at alle lys er sløkt, at vindaugo er lukka og dører er låst slik at ikkje uvedkommande kan kome inn i bygget.
Ved behov for akutt helsehjelp, ring medisinsk naudnummer på tlf.113. Andre henvendelser skal rettast til vakttelefon tekniske tenester 945 07 373.
Bygget kan ikkje nyttast utanom dei fastsette utvida opningstidene. Brikkene er personleg og brukar har til ei kvar tid ansvar for brikka. Korteigaren er klar over at bruken av kortet vil bli overvaka elektronisk og ved fysiske stikkprøvar. Misbruk av kortet vil føre til inndraging utan refusjon av restbeløpet eller depositum. Ved brudd på avtale blir brikka stengt og tap av brikke må varslast så snart som råd til kundetorget.
Modalen kommune svarar ikkje for skade eller tap på person eller ting når skaden eller tapet skuldast at kortet er nytta av personar som ikkje har den naudsynte alder eller kunnskap.
Fødselsår | Eiga brikke (14-18 år) | ||
Namn: | |||
Adresse: | |||
Postnr: | |||
Poststad: | |||
Xxxx på partnar/born: | |||
Xxxx på born: | |||
Xxxx på born: | |||
Xxxx på born: | |||
Xxxx på born: | |||
Xxxx på born: |
Dato:
Signatur korteigar: