Overordna avtale om samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet (Org nr 917 641 404) og Øygarden kommune (Org nr 922 530 890)
mellom
Høgskulen på Vestlandet (Org nr 917 641 404)
og
Øygarden kommune (Org nr 922 530 890)
Partane i avtalen
Øygarden kommune
Med sine om lag 38 700 innbyggjarar (2021) , er Øygarden kommune den nest største kommunen i Vestland fylke. Den 1. januar 2020 vart kommunane i vest, Sund, Fjell og Øygarden, slått saman til ein kommune med namnet Øygarden. Det er om lag 3000 tilsette i Øygarden kommune.
I intensjonsavtalen til Øygarden kommune vert det peika på at det vert viktig å ha forskingsbaserte tenester som eit ledd i å realisera visjonen til kommunen om å om å verta eit fyrtårn i vest. Det er eit politisk ønske om at kommunen skal søkja samarbeid med forskings- og utdanningsinstitusjonar (FoU) for å sikra kunnskaps- og kompetanseutvikling i organisasjonen, næringslivet og samfunnet generelt. Den overordna avtalen om samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet og Øygarden kommune er ei oppfølging av denne visjonen.
Høgskulen
på Vestlandet (HVL)
Høgskulen på Vestlandet skal bli eit universitet med ein
tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. I utdanning, forsking
og utviklingsarbeid skapar vi ny kunnskap og kompetanse, forankra
internasjonalt og omsett til løysingar som verkar lokalt.
HVL sin dedikerte rolle i regional utvikling på Vestlandet er forankra i strategisk plan 2018-2023, og høgskulen samarbeider tett med både lokale og regionale myndigheiter, samt interessentar innan industri, akademia, sjukehus og helse- og omsorgsorganisasjonar. I HVL sin strategi er berekraftig utvikling og ansvarleg innovasjon til nytte for samfunnet sentrale gjennomgåande element. HVL støttar berekraftig utvikling og vekst som kan bidra til å løyse regionale, nasjonale og globale samfunnsmessige utfordringar. HVL har som målsetjing å drive forsking, utviklingsarbeid og innovasjon av høg internasjonal kvalitet, samt formidle og dele aktuell kunnskap og kompetanse.
Føremål
Føremålet med denne avtalen er å formalisere og vidareutvikle det overordna forpliktande og langsiktige samarbeidet mellom HVL og Øygarden kommune. Samarbeidet skal bidra til å skape kompetanseutvikling og regional utvikling til nytte for partane, folk og samfunn.
Partane ønskjer å få til institusjonell samhandling gjennom mellom anna praksisplassar og kombinerte stillingar og forskings- og utdanningssamarbeid knytt til sikring av kompetanse i Øygarden kommune. Det er spesielt aktuelt med samarbeid innan helse, lærar- og ingeniør-faget.
Avtalestruktur
Denne overordna samarbeidsavtalen skal sikre god forankring og samordning av samarbeidsprosjekt mellom partane.
Underordna denne avtalen vil det vere avtalar på fakultets- og/eller einingsnivå om forskings-, utdannings- og utviklingssamarbeid. Desse er knytt til konkrete prosjekt eller meir spesifiserte langsiktige samarbeid. Ei oversikt over pågåande samarbeid vert knytt til denne overordna samarbeidsavtalen.
Det er ingen økonomiske plikter knytt til denne overordna samarbeidsavtalen. Eventuelle økonomiske plikter i avtalar om konkrete samarbeid vert avtalt særskilt.
Oppfølging av avtalen
Xxxxxxx skal ha årlege møte for å sikre at intensjonen med avtalen er oppfylt, og for å vurdere potensialet for ytterlegare samarbeid. Dette årlege møtet vert søkt gjennomført i februar månad.
Xxxxxxx skal vere representert på toppleiarnivå i desse møta.
Agendaen vil inkludere strategi og ambisjonar for samarbeidet, der ein vurderer pågåande avtalar og moglegheita for vidareutvikling. Det er ønskeleg at partane utarbeider ein handlingsplan for samarbeidet.
Avtaleperiode og avslutning
Denne avtalen gjeld i 2 år frå signering. Avtalen kan reviderast når ein av partane ber om det. Kvar av partane kan seie opp avtalen med 6 månadars oppseiingsfrist.
Avslutning av denne overordna samarbeidsavtalen får ikkje verknad for andre, separat inngåtte avtaler, med mindre det vert avtalt særskilt.
Kontaktpersonar
Kontaktperson
Øygarden kommune
Xxxx
Xxxxx, kommunalsjef Økonomi og organisasjon,
xxxx.xxxxx@xxxxxxxx.xxxxxxx.xx
Kontaktperson
HVL
Xxxx
Xxxxx, samfunnskontakt, xxx@xxx.xx
Øygarden 13.8.2021
_______________ _______________ _______________
Xxx Xxxxx Xxxxxxxx Xxxx Xxxxxx Xxxxxx Xxxxx
ordførar konst. xxxxxxxxxxxxxxx xxxxxx
Xxxxxxxx kommune Øygarden kommune Høgskulen på Vestlandet