Driftsavtale mellom
MØRE OG ROMSDAL 110-SENTRAL KF
Driftsavtale mellom
Møre og Romsdal 110-sentral KF og kommunane i Møre og Romsdal
1. Avtalepartar
1.1. | Avtalepartar er Møre og Romsdal 110-sentral KF og kvar einskild kommu- ne i Møre og Romsdal. Avtalen skal vedtakast i kommunestyret i alle brukarkommunane. |
1.2. | Driftsavtalen er eins for alle kommunane, men einskilde praktiske drifts- høve som ikkje har økonomiske konsekvensar kan tilpassast ut frå lokale behov og føresetnader. Slike justeringar skal vedtakast av styret i føretaket etter innstilling frå dagleg leiar. |
2. Omfang - grunnlag for drifta
2.1. | Møre og Romsdal 110-sentral KF er etablert som eit kommunalt føretak frå den dato Ålesund bystyre vedtek. Føretaket er lokalisert etter vedtak i Di- rektoratet for samfunnsikkerhet og beredskap (DSB) og skal fungere som lovpålagt nødmeldeteneste for kommunane i Møre og Romsdal. |
2.2 | Denne avtalen gir grunnlaget for drifta av 110-sentralen. Alle brukarkom- munane er gitt eit pro rata ansvar for drifts- og kapitalkostnadene til føre- taket. |
3. Ansvar til eigaren
3.1. | Ålesund kommune har ansvaret for at det tekniske utstyret i sentralen til kvar tid tilfredstiller gjeldande tekniske krav og at det blir sett av tilstrek- keleg vedlikehalds- og investeringsmidlar til vedlikehald og kjøp av utstyr. |
3.2. | Ålesund kommune står ikkje økonomisk ansvarleg overfor andre kommu- nar eller tredjepart for skadar som kan oppstå på grunn av svikt eller feil i alarmeringsrutinane eller det tekniske utstyret. |
3.3. | Det tekniske grensesnittet for det utstyret som høyrer til sentralen er gitt av teknisk spesifikasjonar frå DSB (Grøn bok). |
4. Tenesteproduksjon 110-tenester
4.1. | Tenesteproduksjonen i føretaket skal klargjerast i innhald, omfang og kvalitet i ei tenestebeskriving som skal fungere som styringsdokument for sentralen. |
4.2. | Tenesteproduksjonen skal beskrivast i samsvar med krava frå sentralt hald (Grøn bok) og vidare så spesifikt at mottakarane av tenesta får detaljert forståing av kva for tenester dei kan forvente. |
5. Annan inntektsgivande tenesteproduksjon
5.1. | Føretaket kan legge til rette for aktivitetar som gir inntekter i den form og omfang som styret fastset. Slike aktivitetar må ikkje vere i strid med oppgåver sentralen er pålagt å utføre gjennom lov. |
6. Økonomiske rammer
6.1. | Tildelt driftsramme skal dekkje alle krav, leveransar, tenester og aktivitetar som føretaket er forplikta til å levere etter § 4 i vedtektene. Dette inneber at driftsramma også omfattar løn til eventuelle hjelpetenester som er nødvendige, inkludert alle administrative kostnader. |
6.2. | I driftsramma er det lagt inn visse kapitalkostnader, sjå punkt 4.2. Ålesund kommune skal løyve investeringsmidlar til føretaket i samsvar med det som er kravd inn og etter styrets sin investeringsplan. |
6.3. | Når årsbudsjett og kostnadsfordeling er vedtatt, er den økonomiske ramma fastlagt. Underskot må ikkje overskride 5 % av nettobudsjettet, skal avreknast på driftsbudsjettet for neste år. Overskot skal tilsvarande førast over til budsjettet for neste år. |
7. Fordeling av kostnader
7.1. | Deltakarkommunane har et pro rata ansvar for driftskostadene til 110- sentralen og skal dekke desse kostnadene i høve til innbyggartalet i kom- munane pr. 01.01 inneverande driftsår. Kjelde for innbyggartal skal vere SSB. |
7.2. | Driftskostnadane for 110-sentralen blir budsjettert kvart år innan ein frist sett av rådmannen i Ålesund. Budsjettet skal vere eit nullbudsjett der inn- tekter og utgifter står i høve til kvarandre. Budsjettet skal vedtakast av sty- ret i føretaket og skal gjennom rådmannen leggast fram for bystyret x Xxx- xxxx kommune. |
7.3. | Ålesund bystyre vedtek driftsbudsjettet til føretaket i samband med den årlege budsjetthandsaminga. |
7.4 | Etter at driftsbudsjettet for føretaket er vedtatt, skal den einskilde kommu- ne overføre sin kostnadsdel innan 01.06. i driftsåret. |
7.5 | Styret i føretaket utarbeidar ein investeringsplan og sørgjer for at nødven- dige kapitalmidlar blir lagt inn i driftsbudsjettet som ein del av hus- og utstyrsleiga. |
7.6 | Uforutsette tilhøve som medfører kostnader som ikkje kan dekkjast innafor dei ordinære rammene, skal sendast bystyret for handsaming og vedtak. Ekstrakostnadene skal i slike tilfelle normalt delast på kommunane etter folketalet. |
8. Dokument til kommunane
8.1. | Denne driftsavtalen skal vedtakast av styret og sendast alle deltakarkommunane for vedtak og teikning. |
8.2 | Tenestebeskrivinga skal sendast alle deltakarkommunane til orientering. Før endringar i tenestebeskrivingar skal kommunane ha fått høve til å uttale seg. |
8.3 | Verksemdsplan med investerings- og aktivitetsoversikt blir vedtatt årleg av styret og skal sendast deltakarkommunane til orientering. |
8.4 | Budsjett med kostnadsfordeling skal etter vedtak i Ålesund bystyre sendast alle deltakarkommunane til orientering. |
8.5 | Føretaket sin rekneskap og årsrapport skal leggast fram for alle deltakarkommunar til orientering. Desse dokumenta skal innehalde ei resultatvurdering opp mot verksemdsplan og tenestebeskrivingar. |
9. Brukarmøte
9.1. | Ein gong kvart år før 1. mars skal det haldast eit rådgivande brukarmøte med alle deltakarkommunane. Brukarmøtet skal handsame samarbeidshøve, tenestebeskrivingar, omfang og kvalitet på tenestene som føretaket yter. Føretaket skal informere om erfaringar og planer samt motta synspunkt og tilbakemelding frå deltakarkommunane. |
10. Avvikling og deling av føretaket | |
10.1. | Berre Ålesund bystyre kan avvikle eller dele føretaket. For at eit slikt vedtak skal vere gyldig, må samarbeidskommunane ha høve til å uttale seg. |
11. Oppseiing
11.1. | Denne avtalen gjeld til ein av partane seier han opp med minst 12 mnd. Varsel. Ei eventuell oppseiing må vere godkjent på førhand av DSB. |
12. Teikning | ||
12.1 | Dagleg leiar teiknar for føretaket | |
12.2. | Kvar kommune teiknar avtalen ved rådmannen eller andre som er gitt mynde. | |
Ålesund, | ||
Dagleg leiar Møre og Romsdal 110-sentral KF | Rådman kommune |