Avtale SOLSIDA.
Avtale SOLSIDA.
Mellom Luster kommune (LK) og Solsida hyttefelt (SH) er det inngått slik
«utbyggingsavtale» for hyttefeltet.
1. I samsvar med reguleringsplan mv. vert hyttefeltet kopla til kommunalt vass- og avløpsanlegg, jf vedlegg/kartskisse.
2. LK har ansvar for utbygging og eigarskap av hovudleidningane til feltet. SH byggjer sjølve VA i feltet.
3. LK vil, ved behov, etablere basseng og trykkaukestasjon.
4. Anlegget i feltet skal byggast i samsvar med avklart spesifikasjon,
«kommunal standard» på material og utføring.
5. Jamfør vedtak på årsmøtet til Modvavegen 2017 får SH ansvar for bygging av veg, etter at VA anlegg er bygd. LK yter eit tilskot på 40%, inntil kr. 200.000,- av dokumentere kostnadar. Vegen skal byggjast med ei vegbredde på 5,5 m., inkl. 0,25 m skulder på kvar side. Veggrøft på 1,5 m
6. SH har ansvar for å inngå avtale med Luster energiverk om framføring av straum til området. Arbeidet med legging må samordnast med LK.
7. Anlegget skal vere ferdigstilt til 31.10.17.
8. SH betalar til LK eit «anleggsbidrag» på 50.000 kroner pr hyttetomt.
35.000 kroner går til nedskriving av anleggskostnaden. 15.000 kroner vert avsett til «fellestiltak» for utvikling av Heggmyrane-området.
9. Anleggsbidraget pr ny hytte/hyttetomt skal vere innbetalt før det vert gjeve bruksløyve, før hytta kan takast i bruk.
10.Anleggsbidraget vert KPI justert kvart 5.år første gang i 01.01.2021. 00.XX garanterar for 8 anleggsbidrag, (eksisterande og nye hytter) før LK
startar utbygging av hovudtilførselsleidning. Tilsvarande må det liggje føre
ADRESSE: | TELEFON: | TELEFAX | E-POST ADRESSE: | ORGANISASJONSNR. |
Rådhuset | Sentralbord: | 57 68 55 01 | 964 968 241 | |
6868 | 57 68 55 00 | Bankgiro: | ||
3785.07.00142 |
tilsagn om ytterelgare 8 anleggsbidrag før LK startar utbygging av basseng og trykkaukestasjon.
00.XX betalar ordinære tilknytings- og årsavgifter for vatn og avløp i samsvar med VA- gebyr. Ev omlegging/auke i tilknytingsavgifter utover normal prisutvikling skal utløyse tilsvarande reduksjon i anleggsbidraget.
00.XX betalar gebyr for oppretting av grunneigedom jamfør til ein kvar tid gjeldande betalingsregulativet. I 2017 er satsane slik:
I felt der yttergrensa er klargjort, (for SH er yttergrense klargjort) vil enkelte tomter få gebyr etter minste sats (0 – 500 m2). Ved først utsetting av tomt og permanent merking i ettertid (2 gangar markarbeid) vil tomtene få gebyr etter areal.
00.XX har oppretta ein konto for finansiering av fellestiltak der del av anleggsbidraget vert avsett.
15.Konto kan disponerast til fellestiltak, inntekts- og miljøskaping, marknadsføring og profilering av Heggmyrane.
16.Rådmann v/næringssjefen har fullmakt til kontoen. Og ved sida av næringssjefen vert styreleiar i skisenteret, representant for Sogn Hytte og Fritidshus AS, Solsida hyttefelt og ev representant for andre som bidreg med finansiering av kontoen, invitert med i eit rådgjevande utval for bruk av midlar frå kontoen.
17.Dersom andre utbyggingsinteresser tilknytta Heggmyrane oppnår betre vilkår med LK enn det som går fram av denne avtalen har SH rett på reforhandling for å oppnå tilsvarande.
18.Avtalen er gjort med atterhald om godkjenning av Luster formannskap/kommunestyre.
10.04.2017.
Solsida hyttefelt Luster kommune.