Versjonsdato: 05.07.2017 SKJEMA 1.1.2
Versjonsdato: 05.07.2017 SKJEMA 1.1.2
SKJEMA
1.1.2
Avtale om gjennomføring av ph.d.-program ved
Noregs miljø-
og biovitskaplege universitet (NMBU)
Føremål
Avtalen gjeld ph.d.-kandidatar som gjennom enkeltvedtak er tekne opp til ph.d.-program ved NMBU. Ph.d.-utdanninga skal formaliserast i form av ein skriftleg avtale seinast seks (6) månader etter oppstart. Avtalen skal sikre gjennomføringa av ph.d.-utdanninga, og regulere partane sitt ansvar, rettar og plikter innanfor ramma av lover, forskrifter og opptaksvedtaket.
Opptak til ph.d.-program
Det enkelte fakultet er formell opptaksstyresmakt.
Vedtak om opptak er fatta av: |
|
Dato: |
Dato |
Namn på ph.d.-programmet: |
Vel eit program |
||
Ev. studieretning: |
|
Avtalepartar
Avtalen er inngått mellom følgjande partar:
NMBU v/fakultet: |
Vel eit fakultet |
Ph.d.-kandidat: |
|
Ev. ekstern(e) institusjon(ar) 1): |
|
Ev. annan gradsgjevande institusjon 2): |
|
Hovudrettleiar (tittel, namn og arbeidsstad): |
|
Medrettleiar (tittel, namn og arbeidsstad): |
|
Medrettleiar (tittel, namn og arbeidsstad): |
|
Medrettleiar (tittel, namn og arbeidsstad): |
|
Eksterne partar som bidreg med finansiering eller på annan måte har medansvar under ph.d.-utdanninga, skal vere part i ph.d.-avtalen. 2) Om ph.d.-utdanninga gjennomførast i samarbeid med universitet/høgskole der det søkjast opptak til ph.d.-utdanning ved begge lærestader , skal ein i tillegg til ph.d.-avtalen inngå ein eigen Cotutelle-avtale (skjema 1.2).
Avtaleperiode
Avtaleperioden er
normalt 3 år utan pliktarbeid eller 4 år med 25 % pliktarbeid.
-
Avtalen gjeld for perioden
Frå og med:
Frå dato
Til og med:
Til dato
Ph.d.-utdanninga skal vere lagt opp slik at ho kan fullførast innanfor normert tidsramme på tre års heiltidsstudium. Avtaleperioden kan forlengast ved pliktarbeid, permisjonar, lengre sjukefråvær og om utdanninga takast som deltidsstudium, eller ved andre uføresette ting. Ei eventuell forlenging av avtaleperioden kan også følgje av andre rettar ph.d.-kandidaten har, til dømes som arbeidstakar.
Endringar i
avtaleperioden skal godkjennast av fakultetet. Skjemaet «Endringar i
avtaleperiode for ph.d.-utdanninga» fyllast ut og underteiknast av
alle partar.
Opplæringsdel, utdanningsplan
Ph.d.-kandidaten skal i avtaleperioden gjennomføre ei doktorgradsutdanning som består av ein opplæringsdel på minimum 30 studiepoeng og maksimum 60 studiepoeng, og eit forskingsarbeid/-prosjekt.
Innan seks månader etter opptak skal ph.d.-kandidaten, i samarbeid med rettleiargruppa, utarbeide ein utdanningsplan som oppfyller dei krav som stillast i gjeldande ph.d.-forskrift og eventuelle særlege krav og utfyllande vilkår fastsette av fakultetet som ph.d.-kandidaten er teken opp ved. Utdanningsplanen skal godkjennast av fakultetet.
Om det oppstår behov for å gjere endringar i utdanningsplanen skal ny utdanningsplan utarbeidast og godkjennast av fakultetet.
Rettleiing og tilknyting til forskarmiljø
Arbeidet med ph.d.-avhandlinga skal skje under individuell rettleiing frå ei rettleiargruppe som består av minst to aktive forskarar, av desse er éin oppnemnt som hovudrettleiar, jf. § 7 i ph.d.-forskrifta.
Fakultet ved NMBU og ev. ekstern(e) institusjon(ar), som pliktar å stille rettleiar(ar) for ph.d.-kandidaten i avtaleperioden, er spesifisert(e) under punkt 3.
Hovudrettleiar har fagleg og administrativt hovudansvar for utdanninga til ph.d.-kandidaten og skal vere den primære kontaktpersonen til ph.d.-kandidaten. Hovudrettleiar og ph.d.-kandidaten sjølv har ansvar for at ph.d.-kandidaten har jamleg kontakt med rettleiarane sine. Rettleiargruppa har eit sams ansvar for den faglege oppfølginga av ph.d.-kandidaten og for at ph.d.-kandidaten deltek i eit aktivt forskarmiljø med seniorforskarar og andre ph.d.-kandidatar. Ph.d.-kandidat og rettleiarar pliktar å halde kvarandre informerte undervegs om alle ting som har noko å seie for gjennomføringa av ph.d.-programmet og rettleiinga.
Ph.d.-kandidat eller rettleiar kan be fakultetet der kandidaten er teken opp, om å oppnemne ny rettleiar for kandidaten. Dei økonomiske pliktene som instituttet og ev. ekstern(e) institusjon(ar) har i høve til denne avtalen gjeld også etter eit rettleiarskifte.
Rapportering
Ph.d.-kandidaten skal saman med hovudrettleiar rapportere om framdrifta i arbeidet. Framdriftsrapporten leverast første gong ved innlevering av utdanningsplan og deretter éin gong i året, til frist fastsett av fakultetet. Framdriftsrapporten skal leggjast fram for fakultetet til godkjenning, og kopi skal sendast ekstern institusjon som stillar rettleiar til disposisjon.
Obligatoriske seminar
Ph.d.-kandidaten skal halde eitt startseminar, eitt midtvegs- og eitt sluttseminar i løpet av studietida, jf. § 9 i ph.d.-forskrifta. Fakultetet er ansvarleg for at seminara blir gjennomførte.
Avhandling
Forskingsarbeidet til ph.d.-kandidaten skal leie fram mot ei doktorgradsavhandling med arbeidstittel:
Avhandlinga skal oppfylle dei krava som stillast i gjeldande ph.d.-forskrift.
Forskingsetiske retningslinjer
Ph.d.-kandidaten
pliktar å setje seg inn i og å utøve forskingsverksemda si i tråd
med forskingsetiske retningslinjer:
xxxx://xxx.xxxx.xx/xx/00000
xxxx://xxx.xxxxxxx.xx/xxxxxxxxxxxx/xxxxxxxxx/xxxxxxxxxxxxx-xxx-xxx/xxx_xxxxxxxxx_xxxxxxxxxxxxxx.xxx
Eigenerklæring:
☐
Eg har lese og vil gjere mitt beste for å etterleve «Generelle
forskingsetiske retningslinjer».
Lagring av forskingsdata (primærdata)
NMBU har eit ansvar for å lagre eigne forskingsdata (primærdata). Forskingsdata som ligg til grunn for dei resultat og konklusjonar som leggast fram i doktorgradsavhandlinga skal lagrast i høve til retningslinjene til NMBU for dette, sjå: xxxx://xxx.xxxx.xx/xxxx/0000
For ph.d.-kandidatar som tek doktorgraden som ein del av stillinga si ved ein annan institusjon / hos ein annan arbeidsgjevar, kan det avtalast at denne institusjonen/arbeidsgjevaren har ansvaret for å lagre dataa.
Her skal det setjast eitt kryss:
☐ Ph.d.-kandidaten er tilsett ved NMBU, eller er finansiert via internasjonalt stipendprogram. Forskingsdata lagrast ved NMBU.
☐ Ph.d.-kandidaten er ikkje tilsett ved NMBU, men tek doktorgraden som ein del av stillinga si hos ein norsk institusjon / arbeidsgjevar. Forskingsdata lagrast ved NMBU.
☐ Ph.d.-kandidaten er ikkje tilsett ved NMBU, men tek doktorgraden som ein del av stillinga si hos ein norsk institusjon / arbeidsgjevar. Denne institusjonen/arbeidsgjevaren har ansvar for å lagre alle forskingsdata som ligg til grunn for dei resultat og konklusjonar som leggast fram i doktorgradsavhandlinga. Retningslinjene til NMBU for lagring av forskingsdata er gjeldande med tanke på kva slags data som skal lagrast. Forskingsdataa må på førespurnad kunne gjerast tilgjengelege for NMBU.
Publisering
Det kan ikkje leggjast restriksjonar på offentleggjering og publisering av resultat som inngår i doktorgradsarbeidet, med unntak av ei på førehand avtalt utsetjing. Utsetjing av offentleggjering eller publisering kan skje når ph.d.-utdanninga heilt eller delvis er finansiert av ein ekstern part, for at den eksterne parten skal kunne ta stilling til patentering eller kommersialisering.
Ei eventuell avtalt utsetjing av tidspunktet for offentleggjering/publisering skal ikkje vare lengre enn 4 månader.
Forfattaradressar:
Universitets- og høgskolerådet sine «Veiledende retningslinjer for kreditering av vitenskapelige publikasjoner til institusjoner» skal leggjast til grunn for adressering av vitskaplege publikasjonar som inngår i doktorgradsarbeidet. Hovudregelen er at ein ph.d.-kandidat skal føre opp NMBU og eventuell samarbeidande institusjon på alle føredrag, artiklar, publikasjonar, presentasjonar, posters og liknande som inngår i doktorgradsarbeidet.
Medforfattarskap:
Vancouverreglene for medforfattarskap skal følgjast.
Opphavsrett og eigedomsrett til resultat
13.1
Opphavsrett
Om
kandidaten er eineforfattar av ph.d.-avhandlinga, har vedkomande
åleine opphavsretten til verket.
Om
ph.d.-avhandlinga består av ei artikkelsamling og ei samanfatting
(«kappe»), vil kandidaten åleine ha opphavsretten til dei delane
som er resultatet av kandidaten sin sjølvstendige skapande innsats.
Artiklar
skrivne av fleire utan at det er mogleg å skilje bidraget frå den
einskilde ut som eige verk, vil vere fellesverk. For slike artiklar
har forfattarane i fellesskap opphavsrett.
Alle
faglitterære verk som er resultat av doktorgradsarbeidet kan
vederlagsfritt brukast av NMBU i undervisings- og forskingsverksemd.
13.2
Eigedomsrett til resultat
Her skal det setjast eitt kryss:
☐ Ph.d.-kandidaten
er tilsett ved NMBU (sjå punkt 14 A).
Alle
resultat som til dømes tekniske løysingar, metodar, dokument,
dataprogram, biologisk eller anna materiale eller produkt som
utarbeidast i samband med doktorgradsarbeidet – heretter kalla
resultat – blir NMBU sin eigedom (jf. NMBU
sine Retningslinjer om arbeidsgjevar sin rett til arbeidsresultat).
☐ Ph.d.-kandidaten er tilsett hos annan arbeidsgjevar enn NMBU (sjå punkt 14 B).
Resultat som ph.d.-kandidaten får fram i samband med doktorgradsarbeidet sitt vil tilhøyre arbeidsgjevaren til ph.d.-kandidaten eller ph.d.-kandidaten avhengig av kva som er avtalt mellom desse to partane.
Om ph.d.-kandidaten eller andre tilsette hos arbeidsgjevaren til ph.d.-kandidaten får fram resultat i samarbeid med NMBU-tilsette rettleiarar eller andre tilsette ved NMBU, vil eigarskapen til desse resultata fordelast mellom arbeidsgjevaren til ph.d.-kandidaten og NMBU.
Delane av eigarskapen til resultata skal avtalast i kvart enkelt tilfelle ut frå kva innsats kvar av partane har bidrege med. Med innsats meiner vi både den bakgrunnskunnskapen hos kvar av partane som resultatet byggjer på og det intellektuelle, arbeidsmessige, utstyrsmessige og finansielle bidraget som har leia fram til resultatet. For resultat som er patenterbare oppfinningar skal delen av eigarskapen til oppfinninga avgjerast i høve til kva slags sjølvstendig intellektuelt bidrag dei enkelte oppfinnarane har gjeve til oppfinninga om ikkje xxxx er avtalt mellom arbeidsgjevaren til phd-kandidaten og eventuelle andre eksterne partar og NMBU.
☐ Ph.d.-kandidaten
er ikkje tilsett i stilling hos NMBU eller annan arbeidsgjevar i
Noreg
(sjå
punkt 14 C).
Dette
gjeld til dømes ph.d.-kandidatar som har finansiering via Kvote-
eller NORHED-stipend, eller som av andre grunnar ikkje har
arbeidsgjevar. I slike tilfelle tilfell eigedomsretten til resultata
NMBU om xxxx ikkje er avtalt.
Spesielle tilfelle: Immateriellrettsleg avtale
I
spesielle tilfelle kan det på førehand, eller under ph.d.-studiet
vere aktuelt å detaljregulere retten til bruk av bakgrunnskunnskap
og/eller framtidige resultat i ein eigen immateriellrettsleg avtale.
NMBU si forskingsavdeling kan hjelpe med råd i slike spørsmål, og
med å utforme ein eventuell avtale.
Ta
kontakt med:
xxxxxx.xxxxxxx@xxxx.xx
Meldeplikt om
patenterbare oppfinningar
Ph.d.-kandidatar
som er tilsette ved NMBU har etter Arbeidstakaroppfinningslova
meldeplikt til NMBU om patenterbare oppfinningar dei eventuelt gjer i
samband med doktorgradsarbeidet. Er kandidaten i tvil om eit resultat
er patenterbart eller ikkje, skal det uansett meldast i frå.
Ph.d.-kandidatar
som er tilsette ved eksterne institusjonar har tilsvarande meldeplikt
ovanfor arbeidsgjevaren sin. NMBU skal alltid orienterast ved melding
av oppfinningar som er knytte til doktorgradsarbeidet.
Tilsetjingstilhøve og finansiering av ph.d.-utdanninga
Her skal enten A, B eller C fyllast ut:
|
|||
Stipendiat: |
☐ |
Xxxx xxxxxxxx, nærmare bestemt: |
|
Stillinga finansierast slik (sjå nedanfor): |
1☐ 3 ☐ 5 ☐ 6 ☐ |
||
Om 5 eller 6, gje opp kjelde(r): |
|
|
|||
Stipendiat: |
☐ |
Xxxx xxxxxxxx, nærmare bestemt: |
|
Arbeidsgjevar: |
|
||
Stillinga finansierast slik (sjå nedanfor): |
2 ☐ 3 ☐ 4 ☐ 5 ☐ 6 ☐ |
||
Om 5 eller 6, gje opp kjelde(r): |
|
||
|
|
Tilsetjingstilhøve
regulerast i begge tilfelle (A og B) av arbeidskontrakten.
|
|
Ph.d.-utdanninga finansierast slik (sjå nedanfor): |
|
Kvote-stipend (kvoteordninga til Lånekassa), NORHED-stipend (Noreg sitt program for kapasitetsutvikling innan høgare utdanning og forsking), NordForsk-program, sjølvfinansiert, o.a.
Residensplikt – plikt til å ha arbeidsstad hos NMBU og/ eller samarbeidspartnar
Ph.d.-kandidatar
som
er tilsette andre stader enn ved NMBU (punkt 14 B),
kan påleggast residensplikt. Hovudtanken med residensplikt er at
kandidaten aktivt skal delta i eit forskingsmiljø ved eller knytt
til NMBU. Så framt ein oppnår denne tanken kan kandidaten oppfylle
residensplikta også utanfor NMBU. Ved oppfylling av residensplikta
utanfor NMBU, er det eit krav at kandidaten deltek i forskingsmiljøet
til rettleiaren.
Om ph.d.-kandidaten har residensplikt skal ho oppfyllast slik (set inn fleire rader ved behov): |
Frå dato |
Til dato |
Eller: % av arbeidsår |
Arbeidsstad ved: NMBU |
Frå dato |
Til dato |
|
Arbeidsstad ved: |
Frå dato |
Til dato |
|
Pliktarbeid
Jf. punkt 4 i avtalen.
Ph.d.-kandidaten har pliktarbeid: |
Ja ☐ Nei ☐ |
Om ja, del av arbeidstida (%): |
|
Pliktarbeid utførast ved fakultet/arbeidsstad: |
|
Finansieringsplan
Her skal det setjast eitt kryss:
☐ Finansieringsplan går fram av tabellen nedanfor
☐ Finansieringsplan er lagt ved prosjektskildringa
Budsjettrammer (i 1000 kr): |
1. år |
2. år |
3. år |
(4. år) |
Totalt |
Utbetalast / dekkast av |
% av total |
Løn/stipend |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Driftsmiddel |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Totalt |
|
|
|
|
|
|
|
Nødvendig infrastruktur
Følgjande
er nødvendig for gjennomføringa av ph.d.-utdanninga, og stillast
til rådvelde i avtaleperioden (ytterlegare infrastruktur leggast til
ved behov):
Nødvendig infrastruktur: |
Detaljert skildring (om nødv.): |
Stillast til disposisjon av: |
Kontorarbeidsplass |
|
|
Materiale |
|
|
Utstyr |
|
|
Andre fasilitetar (t.d. lab, verkstad) |
|
|
NB!
Ekstern part som stillar infrastruktur til rådvelde skal vere part i
ph.d.-avtalen (pkt. 3).
Tvistar
Tvistar om ph.d.-kandidaten og rettleiarane sine faglege rettar og plikter i høve til denne avtalen behandlast og avgjerast av vedkomande fakultet. Avtalen følgjer norsk rett. Tvistar mellom NMBU og eventuell ekstern institusjon søkjast løyst ved forhandlingar. Om forhandlingar ikkje fører fram, kan tvisten bringast fram for Oslo tingrett.
Andre tilhøve
Partane er i tillegg blitt samde om å avtalefeste følgjande 3):
|
3) Vis eventuelt til vedlegg. Om det til dømes er inngått ein egen samarbeidsavtale / konsortieavtale med ekstern part, eller ein immateriellrettsleg avtale, vis til slike avtalar. Desse inngår som ein del av avtalen, og er føresett kjent av partane.
NB!
Om innhald i allereie inngåtte avtalar med eksterne partar
potensielt er i konflikt med vilkåra i ph.d.-avtalen, må juridiske
tilhøve rundt dette avklarast før ph.d.-avtalen signerast.
Ta
kontakt med relevant NMBU-dekan, eller juridisk seniorrådgjevar
xxxxxx.xxxxxxx@xxxx.xx.
Denne avtalen
byggjer på gjeldande vilkår for ph.d.-utdanninga ved NMBU.
Det
visast særleg til Ph.d.-forskrifta
fastsett av Universitetsstyret 15.05.2014.
Ved
forlenging av avtaleperioden skal eige skjema for dette brukast, sjå
punkt 4. Ved andre vesentlege endringar i avtalevilkåra, skal ny
avtale utarbeidast. Originaldokumenta i avtalen arkiverast ved
gjeldande fakultet med kopiar til ph.d.-kandidat, rettleiarar og
ekstern(e) institusjon(ar). Elektronisk versjon arkiverast i P360.
Signaturar
Partane i avtalen stadfestar at de har sett seg inn i gjeldande forskrift for ph.d.-utdanning ved NMBU og er innforståtte med dei pliktene som avtalen fører med seg:
Dato og underskrift:
______________________________________ Ph.d.-kandidat |
Dato og underskrift:
_______________________________________ Hovudrettleiar |
Dato og underskrift:
______________________________________ Medrettleiar |
Xxxx og underskrift:
_______________________________________ Medrettleiar |
Dato og underskrift:
______________________________________ Medrettleiar |
Dato og underskrift:
_______________________________________ Medrettleiar |
Dato og underskrift:
______________________________________ For fakultetet |
Dato og underskrift:
_______________________________________ For ekstern institusjon
Namn og stilling: |
Avtale om gjennomføring av ph.d.-program ved NMBU