AVTALE OM LEIGE AV GRUNN
AVTALE OM LEIGE AV GRUNN
AV GNR. 331 BNR. 18, 28, 58, 84 OG DEL AV 80 LEIGETAKAR - VIKEBYGD MOTORBÅTFORENING
Vindafjord Kommune stiller gnr. 331 bnr. 18, 28, 58, 84 og del av 80 i Vikebygd til rådvelde for Vikebygd motorbåtforeining si drift på følgjande vilkår:
Avtaletid:
Avtalen gjeld i 40 år, men slik at kommunen eller båtforeininga kan seie opp denne med eitt års varsel.
Dersom oppseiinga ikkje skuldast at båtforeininga ikkje fyller vilkåra i denne avtalen, eller andre klandreverdige tilhøve frå båtforeininga si side, kan båtforeininga ha krav på erstatning for sine investeringar når desse kan seiast å kome kommunen til gode. Dette skal ev. prissetjast ved skjøn. Erstatninga skal då sjåast i samanheng med verdien og resttida av avtaletida.
Avtalen kan forlengjast ved ny avtale mellom partane, eller endrast i avtaletida når partane er samde om det.
Når avtalen går ut, tilfell alle faste installasjonar vederlagsfritt til kommunen medan flytebryggjer og anna driftsutstyr framleis er båtforeininga sin eigedom. Dersom foreininga investerer i faste bygningar på området, skal overtaking av desse avtalast spesielt før bygging.
Alle tiltak som krev godkjenning etter lov skal VM syte for godkjenning av. Dette gjeld også muddring, utviding av brygge og parkeringsareal m.m.
Driftsavtale:
Foreininga tek på seg vederlagsfritt driftsansvar for båthamna og kaihus, og dei installasjonar som er nemnde ovanfor.
Kaihus: indre og ytre bygningsvedlikehald og årleg tilsyn.
Kaikonstruksjon: tilsyn med dreneringssystem, sperre mot biltrafikk, tilsyn med kaikonstruksjon og forsterking eller avstenging av område. Tilstandsrapport frå 2014 er lagt ved.
Andre areal: vintervedlikehald (brøyting, strøing, utsetting av sandkassar ol), sommarvedlikehald (klipping, stell av buskar og tre, kontroll av leikeutstyr ol) og reinhald av areal (plukking av søppel, tømming av avfallsbøtter og liknande.)
Ålmenta skal ha fri tilgang til det utleigde område med unnatak av bygningar. Båtforeininga må koste forsikring av brygger og bygningar. Dei må også bere driftskostnader for straum, lys og evt. avg. for vatn og kloakk.
Båtforeininga må syte for brøyting av området og stell av grøntområde innanfor det leigde arealet.
Leige:
Kommunen skal ikkje rekne leige for Prestebrygga. Båtforeininga skal kunne setje satsar for bruken av båthamna, og skal kunne skaffe seg inntekter til utbygging og drift av båthamna gjennom desse
Båtforeining leiger areal som er merka på kart datert 19.02.2014. Kartet ligg som vedlegg til avtale.
Andre tiltak i området:
Iverksetjing av den til ein kvar tid gjeldande reguleringsplan for området er overordna denne avtalen.
Leigeavtalen kan tinglysast og pantsetjast.
Arbeid/tiltak utover drift og vedlikehald skal godkjennast av Vindafjord Kommune i god tid før tiltak blir utført. (Minst to mnd.)
Båtforeininga har ansvar for tålegrensa og sikkerheit når det gjeld last og køyring på Prestebryggja. Det same gjeld sikkerheit til kaihus og evt. nye bygg.
Alle grunneigarar som har vegrett over det utleigde området skal ha fri tilgang til sine eigedommar under heile leigeperioden.
Avtaletvist:
Dersom kommunen og båtforeininga vert usamde om tolkinga av denne avtalen, skal tolkinga avgjerast av ei nemnd på 3 medlemmer der kvar av partane oppnemner eit medlem og med lensmannen i Vindafjord som leiar.
Fylgjande skal sendas til Vindafjord Kommune kvart år: Oversikt over betalingssatsar.
Liggjedøgn til gjestebåtar. Kopi av gjeldande forsikring.
Styret for Vikebygd Motorbåtforeining.
Denne avtalen kan tinglysast på eigedomen. Vikebygd motorbåtforeining ber kostnadene med ev. tinglysing.
Avtalen er inngått med atterhald om godkjenning i kommunale organ.
Sandeid
Leiar i Vikebygd Xxxxxxxxxxxxxxxxx Xxx Xxxxx Xxxxxxx Ordførar