Utkast pr. 25.03.19
Utkast pr. 25.03.19
Samarbeidsavtale
Avtalepartar: Høgskulen på Vestlandet og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Formål: Etablering av Campus Førde verftet AS.
Campus Førde Verftet AS (CFV) er eit samarbeids- og utviklingsprosjekt innan dei tekniske fagområda mellom Høgskulen på Vestlandet og Sogn og Fjordane fylkeskommune ved eigen fagskule, der avtalepartane etablerer eit felles selskap som basis for felles satsing. Samarbeidsprosjektet skal utvikle dei to utdanningsinstitusjonane si regionale rolle, og baserer seg på følgjande felles hovudinnsatsområde:
a) Laboratorium og infrastruktur.
b) Rekrutterings- og utdanningsstrategiar.
c) Kurs- og opplæringsaktivitetar.
d) Innovasjon, forsking og utvikling.
Etablering og utvikling av Campus Førde verftet skal basere seg på vedlagde samarbeidsdokument. Når selskapet Campus Førde verftet AS er formelt etablert, skal samarbeidsdokumentet supplerast med eit strategidokument for selskapet.
Samarbeidsavtalen føreset godkjenning av styret i Høgskulen på Vestlandet og fylkestinget i Sogn og Fjordane.
Høgskulen på Vestlandet Sogn og Fjordane fylkeskommune
……………………………………. ………………………………………… fylkesrådmann
Ramme for etablering av «Campus Førde Verftet»
1.Kunnskapsgrunnlag
1.1 Innleiing
Dekan for ingeniørfagutdanninga på Høgskulen på Vestlandet (HVL) og leiar av det nasjonale MNT- rådet (matematikk, naturvitenskap og teknologi) i Universitets- og høgskulerådet, Xxxx Xxxxx Xxxxxxxx, seier følgjande om prosjektet:
«Det siste året er det etablert tett kontakt mellom Fagskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen på Vestlandet innan teknologifag. Dette er delvis kopla mot eit nasjonalt prosjekt som har som mål gjere det lettare for dei som er fagskuleutdanna å ta ein bachelorgrad innan ingeniørfag på to år. Ein viktig drivar for dette prosjektet er næringslivet sitt ønskje om ingeniørar med fagbrev. I tillegg er Campus Førde og laboratorieplanane på verftet unike i nasjonal samanheng av fleire årsaker. Tett samarbeid mellom høgskule og fagskule om utrusting og drift av laboratorium er kostnadseffektivt og gjev auka handlingsrom. Dernest er det mange selskap som leiger areal på verftet. Det legg godt til rette for prosjektsamarbeid med studentar og FoU generelt. Her kan det fort verte aktuelt å dele laboratorium og infrastruktur med kvarandre. Så er det slett inga ulempe at lokala fagskulen og høgskulen skal leige, ligg tett på Reodorklubben. Det skulle legge til rette for nyskaping og innovasjon – noko vi vil har stor merksemd mot. Vi trur dette vil vere ein styrke for regionen både fordi det vil bidra til å styrke rekruttering til teknologifag – som i neste instans betyr fleire kandidatar til arbeidslivet i regionen.»
1.2 Bakgrunn
Sogn og Fjordane Fylkeskommune (SFJ) vedtok i Fylkestinget juni 2014 Verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane 2014-2025, og som skal vere styrande for arbeidet med verdiskaping i fylket. Det vart som eit tillegg til denne planen utvikla ein eigen industristrategi som vart vedteken oktober 2015, der ein av delstrategiane er å etablere «Teknologicampus Sogn og Fjordane». Sogn og Fjordane har behov for å styrke koplinga mellom utdanningsinstitusjonane og næringslivet. I tida framover er det særs viktig at utdanningsmiljøa og FoU-miljøa blir endå meir relevante for næringslivet.
Figur. Trippel Helix
Det er difor eit mål å få til ei betre samhandling mellom utdanningsinstitusjonane, det offentlege og næringslivet. Dette kallar ein «trippel-helix»-modell for innovasjon. I tillegg har også frivilleg sektor ei rolle. Ei sterkare samlokalisering og samhandling mellom desse miljøa vil kunne styrke innovasjonssystemet. Dette er ein nøkkel til å utvikle næringslivet og stimulere til auka verdiskaping.
I arbeidet med regional kompetansestrategi er kompetanseutvikling for å styrke verdiskaping i privat sektor eitt av innsatsområda. For å bidra i dette arbeidet er det ynskjeleg å utvikle eit innovativt miljø samansett både av utdannings- og forskingsinstitusjonar, og industrielle aktørar. Det kan ein gjere ved å etablere ein møteplass, som set teknologiutvikling og innovasjon i sentrum. Dette må vere ein møteplass som er relevant for ulike næringsaktørar å søke mot for å utvikle teknologi og søke kunnskap.
I tillegg kan underskot på arbeidskraft i regionen bli ei stor utfordring framover, noko modellen nedanfor illustrerer.
Nedgang i innvandringa aukar risikoen for at alternativet basert på låg innvandring vert utfordringsbildet vårt framover.
Søknadstala til HVL og Fagskulen i Sogn og Fjordane (FiSF) har auka, men det er behov og potensiale for å styrke rekrutteringa vidare for å få stabilisert eit langsiktig utdanningstilbod i regionen. Dette er også viktig for å bidra til å dekke næringslivet sine behov i åra framover. Omlag 4 av 5 som tek si utdanning i fylket blir, medan 1 av 5 som tek si utdanning utanfor fylket kjem tilbake (Plantema kunnskap, 2013).
HVL og FiSF ynskjer å vere ei større drivkraft i regionen, og ønskjer å bli meir relevante og attraktive for både næringslivet og studentane. Det er grunnlag for å etablere ein sterkare innovasjonsstruktur i Førde med utgangspunkt i dei tekniske utdanningsmiljøa og utvikling av deira regionale rolle og samhandling med næringslivet i regionen. Førde kommune har også over lang tid hatt ambisjonar om etablering av eit innovasjonssenter, og ein har såleis ei felles interesse med høgskulen og fylkeskommunen om å realisere dette prosjektet.
Gjennom denne satsinga vil også vidaregåande opplæring, opplæringskontor, vaksenopplæring etc. også kunne få tilgang til utstyr og kompetanse som ein vil nytte relativt sjeldan. Etableringa vil også kunne bidra til å skape ein rekrutteringsarena for dei tekniske høgskuleutdanningane, samtidig som det på sikt vil kunne gi ei meir ressurseffektiv utnytting av areal, investeringar og drift.
Prosjektet ønskjer ei etablering knytt til Hellenes sitt areal i Førde der eigarane har ønskje om å bidra til å skape eit slikt miljø. Det gamle vertsområdet som Hellenes disponerer har sterke og unike fortrinn m.o.t. areal på 18.000 kvm under tak, høghallar for testfacilitetar, sjøtilgang etc.
Ein sentral del av prosjektet vil også vere å etablere samarbeid om kompetanseutvikling og innovasjon med relevante miljø i Vestland fylke.
1.3 Målsettingar
Dei overordna og langsiktige målsettingane for prosjektet er:
• Auka rekruttering av studentar til høgare utdanning innan tekniske fag.
• Auka rekruttering av studentar for etter- og vidareutdanning.
• Støtte innovasjon, FoU, verdiskaping der bedriftene er lokalisert.
• Styrke samanhengen i utdanningsløpet mellom vgs., fagskule og høgskule.
• Tilbodet skal vere til nytte for heile fylket.
For å nå dei overordna målsettingane er det to overordna og langsiktige strategiar:
a. Innovasjonssenter
Auke innovasjonstakta i næringslivet og redusere tida frå ide til marknad.
i. Skape eit regionalt «innovasjonssenter», – eit innovasjonsmiljø, spesielt for små- og mellomstore bedrifter.
ii. Styrke tilhøva for raskare produktutvikling og auka knoppskyting, fortrinnsvis gjennom utvikling av ein prototypelab.
iii. Skape nærleik mellom utdanning, FoU, næringsliv og virkemiddelapparat.
iv. Skape ein møteplass for studentar og bedrifter i regionen.
v. Etablere fleire FoU-prosjekt mellom bedrifter/næringsliv og akademia.
vi. Samarbeid med senter, klynger og nettverk regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Figur. Innovasjonsprosess
b. Kompetansesenter
Det er eit mål å styrke kompetansen blant tilsette i næringslivet og gjere utdanningsinstitusjonane meir attraktive og relevante:
i. Styrke høgskulen og fagskulen sin relevans og attraktivitet for næringslivet i regionen.
ii. Styrke rekruttering til HVL og FiSF innan dei tekniske utdanningsområda.
iii. Skape eit regionalt «kompetansesenter» for bedrifter og tilsette.
iv. Styrke fagutdanning og teknologifokus i vidaregåande og grunnskule.
Hovudprosjektet skal realisere sentrale funksjonar og aktivitetar. Modellen nedanfor skal illustrere tilnærminga til arbeidet, der det vert teke utgangspunkt i basisutdanningane innan dei tekniske utdanningane, fortrinnsvis energi, maskin, industriteknologi, havteknologi, bygg- og anlegg og informasjonsteknologi.
2.Utviklingsplan 2019-2022
Utdanningsinstitusjonane representert ved HVL og FiSFer hovuddrivkrefter i det vidare prosjektet. Ambisjonane er å utvikle si regionale rolle og på den måten bidra til å styrke bedriftene i regionen. Auka FoU-satsing knytt til campusane, mellom xxxx x Xxxxx, er også ein sentral føresetnad for å realisere HVL sin ambisjon om å søke universitetsstatus i 2023.
Resultatmål:
• 270 høgskulestudentar innan tekniske fagområder hausten 2022 (auke 100).
• 330 fagskulestudentar innan tekniske fagområder hausten 2022 (auke 100).
• Auka FoU-aktivitet og innovasjonsprosessar i samarbeid med næringslivet.
Realisering av resultatmåla byggjer på følgjande innsatsområde:
a) Felles laboratorium og infrastruktur.
b) Felles rekrutterings- og utdanningsstrategiar.
c) Kurs- og opplæringsaktivitetar.
d) Innovasjon, forsking og utvikling
2.1 Felles lab- og utstyrsfunksjonar
Elkraftlab er etablert og det er utvikla kompetanse både for utdanningane og næringslivet. HVL og FiSF har definert behov for utvikling og etablering av fleire lab-funksjonar som t.d. robotisering og automasjon, produksjons- og prototypelab, dataassistert konstruksjons- og produksjonslab, smarthus, elektro, geologi, testlab og produktplattform/demoplattform. HVL, FiSF og næringslivsaktørar vert involvert i vidare detaljplanlegging. I tillegg er det også mykje relevant utstyr på verftet som kan nyttast i undervisning.
Oppdaterte laboratorium og infrastruktur i kombinasjon med høg fagleg og digital kompetanse er grunnlaget for å skape ei ønska utvikling. Oppdatert utstyr og kompetanse er avgjerande for å styrke rekrutteringa, auke kvalitet og yrkesretting av utdanningane, og utvikle samarbeidet med næringslivet. NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) peikar på at eit fullgodt ingeniørstudium må ha gode laboratorium. Dette gir eit godt grunnlag for å utvikle eit næringsretta kurs- og kompetansesenter. Innovasjon, forsking og utvikling krev eit lenger utviklingsløp og er avhengig av sterkare bidrag og samhandling mellom HVL, næringslivet, forskingsmiljø.
2.2 Rekrutterings- og utdanningsstrategiar
Samarbeidet som HVL og FiSF allereie har utvikla er unik, og samarbeidsmodellen 2+2 (heiltid) er utvikla på alle linjer. I tillegg er det ambisjonen å utvikle samarbeidsmodellen 3+3 (deltid) innanfor dei tekniske utdanningane.
Ei vidare fellessatsing på y-vegen (ingeniørutdanning med fagbrev i botn), også som eit ledd i å auke rekruttering til yrkesfaga, er nødvendig for å styrke arbeidet med å møte regionen sitt arbeidskraftbehov i åra framover. Auka tilbod om etter- og vidareutdanning og digitalisering av dei lab- og utstyrsfunksjonane ein no etablerer er eit ledd i denne satsinga. I tillegg vil ei sterkare satsing på FoU og innovasjon styrke samarbeidet mellom utdanning og næringsliv.
2.3 Kurs- og opplæringsaktivitetar
Det er behov for ei meir samla tilnærming til bedrifter sine behov for kurs- og opplæringsaktivitetar, og opplæringskontora vert invitert til samarbeid på dette området. Ei felles tilnærming til ei slik satsing kan også legge grunnlaget for å styrke rekrutteringa av lærebedrifter. I tillegg vil dette gi høve for opplæringskontora til å styrke ei satsing på digitalisering i kurs- og opplæringsaktivitetar gjennom eit meir forpliktande samarbeid med HVL og FiSF.
Hovudmålgrupper/aktivitetar:
a. bedriftsintern opplæring
b. bransjeopplæring og sertifisering
c. lærlingar
d. yrkesfaglærar
2.4 Innovasjon, forsking og utvikling
Lab- og utstyrsfunksjonane som no vert planlagt bygd skal auke rekruttering av studentar og lærekrefter, samt bidra med forskingsaktivitet. Utviklingsaktivitetane i perioden framover har følgjande prioriteringar og vert utvikla i samarbeid med Mohn-senteret:
Styrka opplæring i innovasjon
Ei praktisk retta innovasjonsopplæring vert etablert som ein fellessatsing for både fagskulestudentar og høgskulestudentar, og integrert i ulike utdanningsløp. Hovudprioritet i satsinga er utvikling av prototypar og potensialet i å nytte digitaliseringspotensialet som eit ledd i innovasjonsprosessen.
Ambisjonane er å kunne utvikle denne opplæringa som del av både bachelorutdanninga og masterutdanninga på HVL.
FoU-/innovasjonsprosjekt for bedrifter og utvikling av regionale innovajonssystem
Det skal etablerast 5 PhD-prosjekt i regi av «Teknoløftet» som bl.a. skal ha fasilitetar for å arbeide med robotar, og p.t. er 3 av dei tilsett. Om ein samtidig kan tilby bedrifter å teste materiell/utstyr for dokumentasjon, gir dette høve til å skrive bacheloroppgåver og legge til rette for samarbeid om forsking.
Innovasjon, forsking og utvikling er ofte tverrfaglege utviklingsprosjekt. Dette gir vidare høve til å kople saman studentar frå fagskulen og høgskulen i utviklingsprosjekt saman med bedrifter, forskingsmiljø etc. Ei fysisk samling av ulike lab- og utstyrsfunksjonar vil styrke arbeidet med tverrfaglege utviklingsprosjekt. Vidare utvikling av FoU-portefølje vil også basere seg på ekstern prosjektfinansiering.
Møteplass
350 tekniske studentar på fagskulen og høgskulen inviterer inn bedrifter i regionen. Hovudformålet er å presentere tidlegare samarbeidsprosjekt, nye samarbeidsprosjekt og etablere dialog for å vidareutvikle samarbeidet mellom utdanning og næringsliv.
2.5 Oppsummering
Realisering av prosjektet i den retninga som er skissert vil styrke HVL og FiSF si regionale rolle ved å legge til rette for auke rekruttering og kvalitet i utdannings- og opplæringsaktivitetar som næringslivet har behov for. Det vil også legge grunnlaget for å styrke samhandlinga med næringslivet som eit ledd i arbeidet med å styrke innovasjon, forsking og utvikling. Eit auka samarbeid mellom HVL og FiSF vil kunne gi langsiktige synergiar m.o.t. kompetanse, investeringar og arealeffektivisering.
Ein vesentleg komponent for å bygge miljø er også at bachelorstudentane på ingeniørutdanninga (3. året) skal ha delar av undervisninga og arbeidet med bacheloroppgåvene på verftet. I tillegg vert lagt opp til at fagskulestudentar og høgskulestudentar kan samarbeide om hovudoppgåver og samarbeid med verksemder.
Fase 1
Pr. i dag leiger FiSF 360 m2 til elkraftlab av Hellenes Yard AS, og organiserer sjølv samarbeid med HVL, vidaregåande, bedrifter etc. Ein har så langt hausta gode erfaring i samhandling mellom utdanningsinstitusjonane og har lagt eit godt grunnlag for vidareutvikling, også med næringslivet.
Fordelane med å samle laboratorieaktivitet på verftet i Førde er mellom anna kontinuitet i drift, både med tanke på effektiv administrasjon, kompetanse på utstyr, men også på HMS. I tillegg har verftsområdet sterke fortrinn og utviklingspotensiale m.o.t. areal på 18.000 kvm under tak, samlokalisering med andre bedrifter, høghallar for testfasilitetar etc. Realisering av potensialet i prosjektet vil legge grunnlag for å styrke rekrutteringsprofilen overfor studentar utanfor eigen region.
3. Organisering av samhandlingsstruktur
Drivarar av CFV er HVL og FiSF, i tillegg ønskjer vertskommunen Førde / Sunnfjord kommune å vere ein medeigar i satsinga.
Skissa illustrerer tenkt organisering av samhandlingsstrukturen med eit felles selskap (CFV) som eigar og utleigar av laboratoria, medan andre typar lokale vert leigd direkte med Hellenes Yards AS. Utvikling av eit kompetanse- og innovasjonssenter baserer seg på ei leige- og utviklingsavtale med Hellenes Yard AS.
3.1 Eige rettssubjekt for aktiviteten på verftet
Det er ynskjeleg å organisere aktiviteten på verftet i eit eige rettssubjekt. Dette gjev ein mest mogleg ryddig struktur, og skapar eit klart skilje mellom denne aktiviteten og SFJ og HVL sine øvrige aktivitetar. Xxxxxxxxxxxxxx Xxxxx har i sine vurderingar slått fast at Statsstøtteretten i utgangspunktet ikkje legg føringar for korleis det offentlege organiserer si verksemd. Støttereglene kjem til anvending uavhengig av om aktiviteten blir i ei avdeling i FiSF eller vert organisert som eit sjølvstendig rettssubjekt. Eit eige rettssubjekt vil og forenkle etterleving av støttereglene i praksis.
3.2 Val av selskapsform
Xxxxxxxxxxxxxxx Xxxxx har gjort følgjande vurdering for val av selskapsform:
«Et aksjeselskap er den klart mest brukte selskapsformen, og brukes også mye i offentlig eide virksomheter, kanskje særlig hvor det er grenseflater mot privat sektor. Selskapsformen er fleksibel, og bygger på et velkjent og velutviklet aksjerettslig juridisk rammeverk. Vi finner grunn til å nevne at transaksjoner mellom et aksjeselskap og dets eier må foretas på markedsmessige vilkår (basert på et såkalt «armlengdeprinsipp»). Dette vil kunne ha betydning for prisingen av ytelser fra aksjeselskapet til fylkeskommunen, nærmere bestemt ved at leieprisen for fagskole, videregående skoler og høyskolens bruk av CFV må være på et markedsmessig nivå. Vår foreløpige analyse tilsier at et aksjeselskap nok er den mest aktuelle selskapsformen dersom det er ønskelig at CFV organiseres som en separat enhet.»
På bakgrunn av ovannemnde vert etableringa organisert gjennom eit felles selskap.
3.3. Overtaking av aksjane i Energilab Sogn og Fjordane AS
SFJ og HVL har fått eit tilbod frå Sogn og Fjordane Energi AS (SFE) om å overta aksjane i selskapet Energilab Sogn og Fjordane AS (ESF). Selskapet er eigd 100% av SFE og vart stifta i desember 2013. ESF vart etablert for å :
• Sikre rekruttering til energisektoren ved at SFE, Sunnfjord Energi og Nelfo engasjerte seg for å få etablert ingeniørutdanninga innafor elkraft ved HVL. Samla investering i utdanning og elkraftlab var på omlag kr 12 mill. Dette vart finansiert med midlar frå ulike private og offentlege aktørar (INU, Sparebanken S&Fj, BKK, EKO, Elkem m.fl) i tillegg til energibransjen ved SFE og Sunnfjord Energi.
• Sikre at lab-utstyret blir verande i regionen, uavhengig av kva endringar som ville komme. ESF eig idag utstyret.
I dag leiger HVL utstyret frå ESF, ei leigeavtale som gjekk ut 2018, men med ei årleg forlenging dersom den ikkje sagt opp innan 3 månader før utløp av avtalen. Per i dag (mars 2019) er leigeavtalen aktiv. Det er ingen tilsette eller aktivitet i selskapet utover denne leigeavtalen. Lab utstyret er nedskrive og bokført verdi er kr 0. Bokført eigenkapital per 31.12.18 er på kr 626.000, som hovudsakleg består av bankinnskot på kr 778.000 og skatteforpliktingar på totalt kr 151.000.
SFE tilbyr å selje aksjane i ESF til pålydane, dvs kr 100.000 (1.000 aksjar a kr 100). Tilbodet legg til grunn at verdiane i selskapet framleis skal knytast opp mot denne satsinga i Førde og kome næringslivet til gode.
3.4 Omstrukturering av ESF
ESF vert overteke med formål om å organisere og drifte aktiviteten på verftet, og følgjande oppgåver skal gjennomførast for å omstrukturere selskapet:
1. Rydde dagens selskap:
o Ein avgrensa gjennomgang av selskapet for å sikre at det ikkje ligg forpliktingar i selskapet som ein tek med seg vidare.
2. Xxxxx selskapsnamn:
o Nytt namn: Campus Førde Verftet AS
3. Definere føremålet til selskapet:
o «Non-profit» selskap då føremålet er å legge til rette for innovasjon og verdiskapning hjå brukarane.
o Må gå med overskot for å sikre nyinvesteringar i infrastruktur, men ikkje utbytte.
4. Avklare eigarstruktur:
o Må ha ein eigarstruktur som gir truverdigheit til klynga og skapar interesse.
o Få store offentlege eigarar i starten som sikrar kontroll og føremålet med «non-profit», og legge til rette for langsiktig innovasjon og utvikling
o Eigedelar er basert på nivået på ressursbidraget i oppstarten; HVL 45 %, FiSF 45% og Førde / Sunnfjord kommune får tilbod om inntil 10 %.
o Det skal etablerast ei aksjonæravtale som sikrar at eigarane framstår samla.
5. Det kan bli aktuelt å gjennomføre ein retta emisjon mot private verksemder som kan sikre kompetanse og prosjekt inn i klynga, og få inn meir eigenkapital til selskapet. Målet er å få med strategiske eigarar som har engasjement og fokus på forsking og innovasjon.
6. Xxxxx vedtektene til selskapet, noko som krev 2/3 fleirtal i GF.
7. Styresamansetning:
o 5-7 medlemmer med representantar frå SFJ, HVL, næringsliv og/eller offentleg verksemd. HVL har styreleiar ved oppstart.
8. Budsjett og andre avtalar (husleige, bruk av utstyr, sal av tenester, samarbeid med andre klynger etc)
3.5 Avklaring av regelverket rundt offentleg støtte
Etableringa av Campus Førde verftet skal skje innanfor statsstøttereglement, innkjøpsreglement, og skatte- og avgiftsreglement. Det er derfor innhenta juridiske vurderingar innanfor desse områda frå xxxxxxxxxxxxxxx Xxxxx.
Ei av dei mest sentrale problemstillingane i forhold til statsstøtteregelverket og mottak av offentleg støtte, er i kva grad det vert drive økonomisk aktivitet. Dersom det vert drive økonomisk aktivitet og denne overstig 20 % må prosjektet ha tilførsel av privat kapital.
Utdrag frå Xxxxx sine vurderingar:
«Støtte til forskningsinfrastrukturer vil ikke anses som statsstøtte i EØS-rettslig forstand så lenge mindre enn 20 % av forskningsinfrastrukturens bruk knytter seg til økonomiske aktiviteter, og den økonomiske delen av virksomheten «konsumerer samme inputs» (det vil si at den benytter seg av samme utstyr, materialer, personale etc.) som den ikke-økonomiske virksomheten. Dersom man holder seg innenfor denne «20%-grensen», vil det kunne tildeles både investerings- og driftsstøtte uhindret av statsstøtteregelverket, og det vil ikke foreligge noen risiko for kryssubsidiering.»
«Dersom mer enn 20 % av robotlaboratoriets kapasitet skal brukes i økonomisk aktivitet, kan kun 50 % av de støtteberettigede kostnadene dekkes av midler som utgjør statsstøtte i EØS-rettslig forstand. Det betyr at øvrige støtteberettigede kostander må dekkes av midler som ikke utgjør statsstøtte».
3.6 Forholdet til utleigar
Det er ønskjeleg å gjennomføre ei stegvis prosjektutvikling og i startfasen vil CFV kun leige areal til laboratoria, førebels anslag 600 - 1.000 kvm. Areal som ulike aktørar har behov for til undervisning, kontor etc vert leigd direkte av Hellenes Yards AS, men med CFV som ein koordinator. Arbeidet med kartlegging av vidare arealbehov til laboratoriefunksjonar vert gjennomført våren 2019, og midlertidige leigeavtalar for areal som HVL og fagskulen som skal nyttast vidare vert erstatta med CFV som leigetakar.
Det vert også etablert ei intensjonsavtale for samarbeid om ei ønska framtidig utvikling på verftsområdet.
3.7 Forholdet til brukarane
På grunnlag av SFJ og HVL sitt investerings- og ressursbidrag vil HVL og FiSF få tilgang til laboratorieutstyret for sine utdanningsområder som p.t. er:
Fagskule:
• Elkraft
• Maskinteknikk
• Automatisering
• Klima, energi og miljø (KEM)Bygg Høgskulen:
• Elkraftteknikk
• Automatisering med robotikk
• Byggingeniør
• Informasjonsteknologi
• Maskinfag og havteknologi.
I tillegg vil HVL og FiSF i fellesskap planlegge for auka satsing på etter- og vidareutdanning.
For å ivareta ei heilskapleg tilnærming til rekruttering til real- og teknologifag, skal fylkeskommunen sitt bidrag i tillegg kunne nyttast til:
Barn:
• Samarbeid med Reodorklubben.
• Bidra i mobilisering for etablering av fleire Reodorklubbar i regionen.
Grunnskule – samarbeid og mobilisering i regionen m.o.t. i teknologifag i grunnskulen som t.d.:
• 8. klasse - Koding.
• 9. og 10. klasse - Valfag Teknologi i praksis. Vidaregåande utdanning t.d.:
• Utdanningsprogram elektro
• Utdanningsprogram industriteknologi
• Programfag teknologi og forskingslære
• Lærlingar
3.4 Strategiske samarbeidspartnarar
Som eit ledd i det vidare utviklingsarbeid er det behov for utvikling av strategiske partnarskap m.o.t. utdanning, FoU og innovasjon. Det er ei målsetting å etablere strategiske partnarskap- og samarbeidsavtalar både med private bedrifter, offentlege verksemder og organisasjonar. Det vert p.t. arbeidd med å etablere intensjonsavtalar med fleire aktørar.
4. Driftsorganisering - Campus Førde Verftet
Dagleg leiar / prosjektutviklar (50-100 % stilling) med følgjande hovudarbeidsoppgåver:
• Strategiutvikling og driftsplanlegging.
• Utvikle intern og ekstern samhandling og mobilisere bedriftene i regionen m.o.t. eigenutvikling.
• Overordna koordinering av aktivitetane og samhandling med definerte samarbeidspartnarar.
• Sikre eit godt arbeidsmiljø inkl. krav til HMS.
«Delingskoordinator» (50 % - 100 % stilling): med følgjande hovudarbeidsoppgåver:
• Koordinere bruken av undervisningsfasilitetar og felles lab- og utstyrsfunksjonar for fagskule, høgskule, opplæringskontor, vidaregåande opplæring, bedrifter etc.
• Praktisk tilrettelegging for opplæringsaktivitetar i samarbeid med kompetent undervisningspersonale og laboratorieingeniør.
• Koordinere intern og ekstern samhandling og bidra i arbeidet med å styrke samanhengen i utdanningsløpet frå ungdomsskule til høgare utdanning.
Laboratorieingeniør (100 % stilling):
• Fagressurs som har det tekniske ansvaret for den samla drifta av laboratoria.
• Kvalitetssikre at aktivitetane vert gjennomført innanfor krav til HMS.
• Samarbeide med ulike fagressursar innan ulike fagområder, fortrinnsvis tilsette frå HVL og fagskulen.
Xxxxx som dagleg leiar, delingskoordinator og laboratorieingeniør vil i startfasen vere fordelt på 3 ulike medarbeidarar, men på sikt kan det vere muleg å samle oppgåvene på færre personar.
Det er eit formål om å bygge større kompetansemiljø i dei 2 utdanningsinstitusjonane, og i tillegg vil fagressursar i dei 2 organisasjonen tilføre vesentlege ressursbidrag.
5. Økonomiske rammer for investering, prosjektutvikling og kompetansebidrag.
I startfasen er hovudformålet for aktiviteten knytt til offentlege oppgåver som utdanning og FoU. HVL og fagskulen vil ha behov for både investerings- og prosjektutviklingsbidrag i utviklingsfasen (3-5 år). Det skal også søkast om investerings- og prosjektutviklingsmidlar frå andre relevante aktørar.
Realisering av målsettingane om studentauke skal bidra til den langsiktige finansieringa basert på auka statlege tilskot, andre tilskotskjelder og evnt. inntekter for utleige til FoU- og innovasjonsprosjekt og kurs- og opplæringsaktivitetar etc.
Nedanfor er det sett opp eit prioritert investeringsramme (mill. kr):
Laboratoriefunksjon | Inv. beløp ekskl. mva |
1.Robot, automasjon, regulerings- og styringslab. | 10 |
2.Maskinering / produksjonslab | 15 |
3.Elektro/elkraftlab | 1,3 |
4.Smarthus – klima, energi, miljø, VVS | 3.0 |
Sum investeringar | 29,3 |
Investeringane vert tilpassa investeringsramma, og vil uansett legge til rette for å styrke yrkesretting av dei tekniske utdanningane og auka FoU-aktivitet. Dei ulike laboratoriefunksjonane vert detaljspesifisert av fagfolk frå HVL og FiSF, og i tillegg vert aktuelle samarbeidspartnarar involvert i planlegginga. Dette vil kunne medføre endringar i prioriteringane og investeringssummane mellom dei ulike laboratoriefunksjonane.
Investeringsmidlar:
Søknad om investering i startpakke for auka yrkesretting av teknisk høgskuleutdanning og FoU, og som utgangspunkt for vidareutvikling og investering inn mot meir spissa behov mot enkeltbransjar / aktørar:
15 mill. kr, Sogn og Fjordane fylkeskommune. 5,5 mill. kr, Høgskulen på Vestlandet.
2,0 mill. kr, Førde kommune / Sunnfjord kommune (2020)
22,5 mill. kr Sum
Det blir søkt andre eksterne finansieringskjelder om investeringsstøtte for å forsøke å realisere størstedelen av investeringsramma, også for å kunne ta høgde for økonomisk aktivitet utover 20 %.
Prosjektutviklingsressursar:
HVL sitt kompetansebidrag er avgjerande m.o.t. å skape ei ønska utvikling innan FoU og innovasjon og set inn følgjande kompetanseressursar inn i satsinga:
• Utvikling og marknadsføring av Campus Førde Verftet, ca. 0,5-1 årsverk. Ressurs tilsett i HVL.
• Forsking og innovasjon: 5-6 årsverk.
o Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling skal nytte ekstra ressursar for å ivareta hovudansvaret for etablering- og utviklingsfasen inkl. kompetansemekling.
o «Teknoløftet» vert integrert som ein del av miljøet på verftet, og doktorgradstipendiatane skal nyttast som ressursar for å utvikle eit større og attraktivt miljø.
I tillegg vert det søkt om inntil 3,9 mill kr i prosjektutviklingsmidlar frå Hovudutval for næring og kultur som oppstartshjelp til finansiering av dagleg leiar, delingskoordinator, labingeniør og andre oppstartkostnadar. HVL finansierer 0,5 årsverk (0,4 mill. kr) av labingeniør, anten tilsett i HVL eller i CFV.
Leigeavtalar
• Leige- og utviklingsavtale Hellenes Yards AS (3 + 3 års leigeavtale). Opsjon på 600 – 1000 kvm leigeareal til laboratoriefunksjonar.
• HVL leiger tilgang til laboratorium for minimum 0,5 mill. kr dei 3 første driftsåra. FiSF leiger tilgang til laboratorium for minimum 0,3 mill. kr dei første 3 driftsåra.
• På bakgrunn av investeringsbidraget frå HVL og SFJ får HVL og FiSF preferansetilgang til laboratoria , minimum dei 3 første driftsåra.
• Leigeavtalar og utleige skal handterast i tråd med mva-lova. Xxxxx ressursinnsats og eigarskap
Realisering er avhengig av samla ressursar i form av investeringsstøtte og prosjektutviklingsressursar, og eit vesentleg bidrag til realisering av CFV baserar seg på kompetanse- og ressursinnsats som ligg utanfor selskapet.
HVL etablerar 5-7 årsverk i miljøet på verftet for å marknadsføring av CFV og byggje opp ei FoU- og innovasjonssatsing. Verdisetjing av disse ressursane er vanskeleg å gi eit eksakt tal på, men det er avgjerande for å kunne realisere prosjektet. Dersom ein skal gjere ei vurdering m.o.t. ein balansert ressursinnsats mellom HVL og SFJ, føreset det at kompetanseressursane frå HVL er verdsett til omlag 3,8 mill. kr. Eit viktig moment i ei samla vurdering av ressursinnsatsen er også at dei fylkeskommunale midlane kjem fleire målgrupper til gode, bl.a. vidaregåande opplæring.
Med utgangspunkt i samla ressursbidrag frå HVL og SFJ med 45 % eigarskap kvar, fordrar det at tilbodet til Førde / Sunnfjord kommune vert 4 mill. kr. for 10 % eigarskap (søknad om 2 mill. kr i investeringsstøtte og 2 mill. kr i prosjektutviklingsressursar). Oppstillinga nedanfor syner oversikt over ressursbehov, og finansieringsbidrag i forhold til eigardel.
Forklaring finansiering år 1:
• SFJ: Inv.støtte 15 mill. kr, prosjektutviklingsmidlar 1,3 mill. kr og lab-leige FiSF 0,3 mill. kr.
• HVL: Inv.støtte 5,5 mill. kr, prosjektutviklingsmidlar 0,4 mill. kr kompetansebidrag (FoU, innovasjon og marknadsføring) 3,8 mill. kr og lab-leige 0,5 mill. kr.
Vidare utviklingsperspektiv:
Ein er avhengig av å lykkast med å etablere ein solid struktur for utdanning og legge eit grunnlag for auka og relevant FoU- og innovasjonsaktivitet. I tillegg vil ein også vere avhengig av at det skjer ei ønska aktivitetsutvikling på verftsområdet. Dette kan igjen gi potensiale for å utvikle konseptet t.d. ein næringshage eller ei klynge. Dette fordrar også samarbeid verkemiddelapparatet som t.d.
Sunnfjord Utvikling og Kunnskapsparken.
Ein «Utviklingspakke – innovasjon og nyskaping» kan gi tilgang til andre finansieringskjelder som t.d. Innovasjon Norge, SIVA, Norges Forskingsråd etc. I ein slik samanheng vil det også vere naturleg å vurdere behov for eksterne eigarar og/eller privat kapital.
HVL og FiSF ønskjer også å gjere ei samla vurdering av samarbeidspotensiale m.o.t. kompetanseutvikling, arealeffektivisering, investeringar og drift innan 3 år.