Kvinnherad kommune
Kvinnherad kommune
Sekretariat for kontrollutvalet
Kommunestyret
Vår sakshandsamar: Xxxx Xxxxx Xxxxxx
Dykkar ref.: Vår ref: 2015/33
Vår dato: 08.12.2016
Partsbrev vedr. sak - Avtale om sekretariatstenester for kontrollutvalet mellom Kvinnherad kommune og Hordaland fylkeskommune
Vedlagt følgjer partsbrev med vedtak frå kontrollutvalet i sak vedr. avtale om sekretariatstenester for kontrollutvalet mellom Kvinnherad kommune og Hordaland fylkeskommune.
Kontrollutvalet ber om at saka vert handsama i kommunestyret sitt møte 15.12.16. Saka skal leggast fram for kommunestyret med dei vedlegg som følgjer denne mailen.
Med helsing
Xxxxx Xxxxxxxxx xxxxxxxxxxxx
Xxxx Xxxxx Xxxxxx seniorrådgjevar
Dokumentet er elektronisk godkjent og har derfor ikkje underskrift.
Kopi til: Ordførar Rådmann Utvalsleiar
Besøksadresse: Xxxxx Xxxxxxxxxxxx. 5 - Postadresse: Postboks 7900. 5020 Bergen - Telefon 00 00 00 00 Direkte telefon 00000000 – Mobil 00000000 - E-postadresse: xxxx.xxxxxx@xxx.xx eller xxxxxxxxxxxxxxx@xxx.xx Bankgironr. 5201 06 74239 - Foretaksnr. NO 938 626 367 mva.
Arkivsak: 400
Arkivnr: 2015/33-7 Sakshandsamar: Xxxxxxx Xxxxxxxxx
Saksgang | Saksframlegg | |
Utval | Saknr. | Møtedato |
Kontrollutvalet i Kvinnherad kommune | 65/16 | 07.12.2016 |
Avtale om sekretariatstenester for kontrollutvalet mellom Kvinnherad kommune og Hordaland fylkeskommune
Bakgrunn
Kontrollutvalsleiaren har meddelt at sak om avtale om sekretariatstenester for kontrollutvalet mellom Kvinnherad kommune og Hordaland fylkeskommune skal opp som sak på utvalet sitt møte 07.12.16.
Saka vart lagt fram for kommunestyret i møte 24.11.16, men etter forslag frå leiar i kontrollutvalet vart saka utsett, slik at den kunne leggast fram for kontrollutvalet.
Det er Xxxxxxx Xxxxxxxxx, som kontrollutvalsleiar, som formelt er sakshandsamar i denne saka. Sekretariatet har kun lagt saka inn i sakshandsamarsystemet etter avtale med utvalsleiar.
Utvalsleiar har meddelt sekretariatet om at desse dokumenta skal leggast som vedlegg til saka:
• Saksframlegg til kommunestyremøte 24.11.16.
• Brev til Kvinnherad kommune frå Hordaland fylkeskommune – sekretariat for kontrollutvalet, datert 18.11.16
• Melding om val av leverandør – sekretariatstenester for kontrollutvalet frå Sunnhordland interkommunale innkjøpsforum, datert 09.11.16
Forslag til innstilling
Det føreligg ikkje forslag til innstilling
Saksprotokoll i Kontrollutvalet - 07.12.2016 Handsaming i møtet:
Sekretær Xxxx Xxxxxx forlet møtet og var ikkje tilstades under handsaminga. Saka vart gjennomgått og drøfta. Utvalsleiar la fram forslag til innstilling til kommunestyret. Innstillinga vart samrøystes vedteke.
Innstilling:
1. Kommunestyret nyttar seg av opsjon i konkurranse om sekretariatstenester for kontrollutvalet og knyttar seg til den nye avtalen frå 01.01.2017. Dette med den førestnad at kommunen vert løyst frå eksisterande avtale frå førstkomande årsskifte.
2. Kvinnherad kommune inngår kontrakt med Hordaland fylkeskommune for perioden 01.01.2017 til 30.07.2020, med opsjon på ytterlegare 2 år.
Xxxxx Xxxxxxxxx xxxxxxxxxxxx
Xxxx Xxxxx Xxxxxx seniorrådgjevar
Dokumentet er elektronisk godkjent og har derfor ikkje underskrift.
Vedlegg:
• Saksframlegg til kommunestyremøte 24.11.16.
• Brev til Kvinnherad kommune frå Hordaland fylkeskommune – sekretariat for kontrollutvalet, datert 18.11.16
• Melding om val av leverandør – sekretariatstenester for kontrollutvalet frå Sunnhordland interkommunale innkjøpsforum, datert 09.11.16