SAMARBEIDSAVTALE
SAMARBEIDSAVTALE
OM ELG-, HJORT-, RÅDYR- OG SMÅVILTJAKT
Denne avtala er inngått mellom Nordherad bygdealmenning, Nordherad grunneigarlag og Vågå fjellstyre og gjeld samarbeid om utnytting av elg-, hjort-, rådyr- og småviltjakt.
1. Formål
Formålet med avtala er å samarbeide om felles areal og felles jakt-/kortordning for elg-, hjort- og rådyrjakt, samt småviltjakt.
2. Elg- og hjortejakt
Elg- og hjortejakta blir primært sett bort til eitt og same jaktlag, for tre år om gongen, og helst følgje driftsplanperioden for Skaihø viltområde. Dersom forholda ligg til rette for det, t.d. ved at kvoter blir auka og jakttid blir utvida, kan jakta blir sett bort til to eller fleire lag, ved t.d. også å tildele hjortejakt til eitt/fleire jaktlag, i tillegg til elg-/hjortejakt til eitt lag. Dette for å kunne hauste maksimalt av ressursane samstundes som fleire jegerar generelt kan få tilgang til storviltjakt.
Fordi ein del av fellesområdet er statsallmenning, skal det av omsyn til allmenta sin tilgang til jakt i statsallmenningar, vera minimum 30 % som ikkje er grunneigarar i jaktlaget/jaktlaga.
Definisjon på grunneigar = grunneigar i Nordherad grunneigarlag og/eller dei med bruksrett i Nordherad bygdealmenning. Dei med berre virkesrett i Nordherad statsallmenning er ikkje definert som grunneigar. Lag der fleirtalet av dei som ikkje har grunneigarstatus er innanbygds, skal prioriterast framfor lag der fleirtalet er utanbygds (på «30 %-delen»).
Dersom det er fleire jaktlag blant søkjarane som fyller vilkår som nemnd ovanfor og elles oppfyller andre krav til elg- og hjortejakt, skal jakta bli tildelt ved loddtrekning.
Fordi det generelt er stor etterspørsel etter elg- og hjortejakt i Vågå, skal jaktlaget som har hatt elg- og hjortejakta i tre år, bli prioritert bak ved tildeling for dei neste tre åra. Dette gjeld også om laget har sagt frå seg jakta etter eitt eller to år av treårs-avtalen. Jaktlag som har elg- og hjortejakt i Langmorkje statsallmenning blir også prioritert bak ved tildeling av ny treårsavtale på elg- og hjortejakta. Dette fordi elg- og hjortejaktlaget i Nordherad ofte får tilgang til jakt innanfor Nordherad statsallmenning i løpet av jakta sjølv om det her skjer hjortejakt i regi av eitt eller to andre lag.
Dersom hjortebestanden framover generelt er stor, og det blir vidareført eige hjortejakt for to lag i vestre delen, slik det har vorte praktisert sidan 2016, så skal også slik jakt skje etter ei rullering. Denne jakta skal tildelast for eitt år om gongen. Fordi ein vesentleg del av denne jakta skjer på statsallmenning, skal prioritering av lag representert med grunneigar fråvikast for eitt av dei to laga. Dersom det i framtida blir opna for jakt her berre for eitt lag, blir alle innanbygds lag stilt likt uavhengig av grunneigar-representasjon.
Jakta må bli annonsert på ein slik måte at det blir kjent blant jegerane (gjeld også rådyrjakta). Prisane er fast kg-pris og grunnpris pr. dyr. Prisane i Langmorkje statsallmenning skal vera retningsgjevande. Det same gjeld andre reglar for elg- og hjortejakt som fjellstyret nyttar, som
x.x. xxxx om godkjent ettersøksekvipasje i laget (gjeld laget som har elg- og hjortejakta i
«hovedfeltet»), reglar for bruk av gjestejeger, reglar for feilfelling osv. Partane utarbeider i fellesskap retningsliner for overgangsordningar/felles jaktfeltbruk for elg-/hjortejaktlaga.
3. Rådyrjakt
Av omsyn til allmenta sin tilgang til jakt i statsallmenningar, skal minimum 15 % av totalkvota bli trekt blant innanbygds som ikkje har grunneigarstatus. I tilfelle der innanbygds får tildelt eitt kort saman med ein grunneigar, så blir dette kortet definert som eit
«grunneigarkort». Får eit slikt «lag» tildelt to kort, blir det eine kortet definert som eit
«grunneigarkort» og det andre som eit «innanbygdskort».
Prisen på rådyrjakt skal vera lik for alle. Ved opning for bruk av gjestejeger, blir reglane som fjellstyret nyttar i Langmorkje retningsgjevande.
4. Småviltjakta
Småviltjakta blir seld som jaktkort til enkeltjegerar. Både 1-døgnskort, 3-døgnskort, vekeskort og sesongkort skal vera tilgjengeleg. Det blir ikkje opna for jakt med hund, med unntak av jakt med harehund.
Jaktkortet opnar for småviltjakt utan hund frå 15. september til ut februar og småviltjakt med harehund frå 1. oktober til ut februar for innanbygds, og frå 1. oktober til og med 23. desember for utanbygds. Det kan forutan jakt på rype, skogsfugl og hare, bli jakta på dei småviltartene som det i forskrift frå Miljødirektoratet er gjeve høve til å jakte på i distriktet. For alle desse artene er tidlegaste jaktstart den 15. september, med unntak av jakt på kråke og raudrev som kan starte 15. juli. Med bakgrunn i jakttidsrammene kan det bli jakta på raudrev til og med 15. april, røyskatt og mår til og med 15. mars og kråke til og med 31. mars. For jakt på smårovvilt elles, blir det vist til samarbeidsopplegget i kommunen om jakt og fangst på smårovvilt, som samarbeidspartane i Nordherad fellesområde deltek i.
Fellefangst er lov berre for innanbygds, og skal følgje dei offentlege jakttidsrammene og reglane. Det blir ikkje opna for snarefangst etter rype. Fjellstyret får fullmakt til å kunne innføre dagskvote på rypejakt dersom bestandsforhold og andre forhold (t.d. vesentleg auke i kortsal) tilseier det.
Jakt med harehund gjeld innanfor eit avgrensa område (nord og vest for Øvre Nordheradsvegen), som blir innteikna på kart og delt ut ved kjøp av kort. For jakt med hund gjeld jaktkortet ein jeger med ein hund. Dersom to eller fleire jegerar jaktar med ein og same hund, må båe/alle løyse jaktkort.
Jaktkortpriser (gjeld frå 2021 og inntil vidare):
Innanbygds | Utanbygds | |
1-døgn | kr. 75,- | kr. 150,- |
3-døgn | kr. 175,- | kr. 350,- |
veke | kr. 250,- | kr. 500,- |
sesong | kr. 400,- | kr. 800,- |
Det er gratis jaktkort for innanbygds ungdom under 20 år.
Spørsmål om endring av kortprisane skal takast opp dersom ein av partane ønskjer det. Jaktkortprisane i Langmorkje statsallmenning skal vera retningsgjevande.
5. Administrasjon av jakta
Storviltjakta blir administrert av Nordherad grunneigarlag. Dette omfattar annonsering og sal av jakt, inngå skriftleg avtale med jaktlag, kontroll av avlagt skyteprøve og krav/tilgang til godkjent ettersøksekvipasje, krevje inn fellingsrapportar, innrapportering av statistikk,
fordeling av inntekter og utgifter, fordele eventuelle tilleggsdyr, administrere overgangsordningar, innskrenke jakttid osv. Grunneigarlaget representerer Nordherad fellesområde i styret i Skaihø viltområde.
Småviltjakta blir administrert av Vågå fjellstyre. Dette omfattar innkjøp av jaktkortblokker, utdeling og innhenting av kortblokker, fakturering, fordeling av inntekter og utgifter, innkrevjing av fangststatistikk, ordne statistikkar osv. Jaktkortblokker skal leggjast ut på ein eller fleire sentrale plassar. Det kan bli aktuelt å leggje ut sal av jaktkort på Inatur. Fjellstyret får fullmakt til å ordne dette.
6. Utgifter og inntekter
Fordeling av utgifter og inntekter skjer etter arealprinsippet.
For elg-, hjort- og rådyrjakt:
Nordherad grunneigarlag: ca. 17.800 dekar, dvs. 64 % Nordherad statsallmenning: ca. 5.400 dekar, dvs. 19 % Nordherad bygdeallmenning: ca. 4.700 dekar, dvs. 17 %
For småviltjakt:
Nordherad grunneigarlag: ca. 17.800 dekar, dvs. 29 % Nordherad statsallmenning: ca. 24.000 dekar, dvs. 39 % Nordherad bygdeallmenning: ca. 19.200 dekar, dvs. 32 %
Det blir elles vist til avtale om bruk av Liasetervegen. 10 % av årleg nettoinntekter frå elg-, hjort- og rådyrjakta og småviltjakta blir trekt frå som vegbidrag før fordelinga.
7. Oppsyn
I utgangspunktet har kvar enkelt ansvar for oppsyn i sine område. For å fordele oppsyns- oppgåvene, tek Nordherad grunneigarlag hovudansvaret for oppsyn med storviltjakta, medan Vågå fjellstyre v/fjelloppsynet tek hovudansvaret for oppsyn med småviltjakta.
8. Oppseiing av avtala
Avtala vart inngått fyrste gong i mai 2001 og skulle gjelde som ei prøveperiode i tre år framover og med ei påfølgjande evaluering. Samarbeid om rådyrjakt vart innlemma i avtala våren 2003. Prøveperioden vart forlenga i tre nye år fram til 1. april 2006. Frå 2006 har avtala likevel vorte vidareført. Den vart evaluert i 2010 og i 2021, og gjeld framover inntil nokon av partane seier den opp eller ønskjer endringar i den. Eventuell oppseiing av avtala eller spørsmål om endringar skal meldast skriftleg og med tre månaders varsel.
9. Tvist
Tvist i samband med denne avtala skal avgjerast av ei valdgiftsnemnd, der partane nemner opp kvar sin representant og sorenskrivaren nemner opp den fjerde som også er leiar.
Vågåmo, den 2021
For Nordherad For Nordherad For Vågå fjellstyre grunneigarlag bygdeallmenning