AVTALE OM
AVTALE OM
LEIGE AV KOMMUNALE BYGG
opp til eitt år
Mellom Time kommune (utleigar) og (leigetakar) er
i dag inngått følgjande avtale:
LEIGEOBJEKT
Avtala gjeld leige av ………………………………………………..
LEIGEPERIODE
Leigeforholdet gjeld frå / kl. til / kl.
For leigeforhold som varer meir enn tre månader, kan kvar av partane seie opp leigeavtalen med ein månads varsel.
LEIGEVEDERLAG
Leigetakar betalar eit leigevederlag på kr.
Leiga vert betalt
som ein eingongssum, med forfall
i månadlege avdrag, med forfall den 15. i kvar månad Leiga inkluderer reingjering av lokalet.
Leigetakar er sjølv ansvarleg for at leiga vert betalt til Time kommune i rett tid. Det vert rekna 12% rente p.a. ved evt. forseinka betaling.
DEPOSITUM
For å få utlevert nøklar til leigeobjektet, betalar leigetakaren eit depositum stort kr. 250.-. Utleigar betalar dette tilbake til leigetakar mot tilbakelevering av nøklar.
FRAMLEIGE
Framleige av lokale er ikkje tillatt.
LEIGETAKAR SITT ANSVAR
Leigetakar er ansvarleg for å halde lokalet ryddig og i orden.
Leigetakar skal utvise vanleg aktsemd ved bruken av lokalet. Leigetakar forpliktar seg til å følgje brannføresegner og ordensreglementet for lokalet, der slikt føreligg.
Leigetakar har ikkje adgang til å gjere endringar i lokalet.
Leigetakar er ansvarleg for alle skader som skuldast leigetakar sin bruk av arealet. Dette unnateke vanleg slitasje og elde.
Leigetakar overtek i forhold til Time kommune eit kvart erstatningsansvar for skade som verksemda i lokalet måtte påføre tredjemann.
Leigetakar er sjølve ansvarleg for personelge ting og verdisaker.
Leigetakar pliktar å etterkome og finansiere evt. krav og påbod som måtte kome frå offentlege myndigheiter i samband med leigetakar sin bruk av arealet.
Leigetakar er ansvarleg for alle evt. offentlege avgifter eller skattar som følgjer av leigeforholdet eller leigetakar sin bruk av lokalet.
FORSIKRING
Leigetakar er ansvarleg for forsikring av eige inventar og utstyr.
OPPHØYR AV LEIGEFORHOLDET
Ved opphøyr av leigeforholdet skal arealet leverast tilbake rydda, og i same stand som leigetakar overtok det. Utleigar står for reingjering av lokalet.
TVISTAR
Partane vedtek eigedomen sitt verneting i eventuelle tvistar som måtte oppstå i samband med dette avtaleforholdet.
XXXXX XXXXXXX
Lokalet vert tatt over i den stand det er når leigeperioden tek til.
Leigetakar vedtek med dette at tvangsfråvik kan krevjast utan søksmål og dom dersom leige ikkje vert betalt innan 14 dagar etter at skriftleg påkrav vert sendt, eller dersom leigetakar ikkje flytter ved opphøyr av leigeforholdet, jf tvangsfullbyrdelsesloven § 13-2.
Denne avtalen ligg føre i to likelydande eksemplar, kor partane beheld kvar sitt.
……………………………………. …………………………………… Time kommune
(Leigetakar)
LEIGE AV KOMMUNALE BYGG I TIME KOMMUNE
1. ANLEGG
Reglementet omfattar følgjande bygg:
- idrettshallar
- symjehallar
- skular og barnehagar
- administrative bygg
- kulturbygg
2. BRUKARAR
Brukarar som får leige:
- idrettshallar - lag og organisasjonar, institusjonar
- symjehallar - lag og organisasjonar, institusjonar
- skular og barnehagar - lag og organisasjonar, elevar, tilsette, føresette
- administrative bygg - lag og organisasjonar, tilsette, politikarar
- kulturbygg - lag og organisasjonar, institusjonar, artistar, private
3. UTLEIGE
Kommunalsjef for Samfunn er administrativt ansvarleg for alle kommunale anlegg
Leiarane nedanfor er ansvarleg for utleige av desse bygga for inntil eitt år:
Idrettshallar og gymhallar - Fritidssjef
Symjehallar - Fritidssjef
Skular - Rektor
Barnehagar - Styrar
Administrative bygg - Fellestenestesjef
Regionalt kulturhus - Xxxxxxxxxxxxx
Xxxxxxx bygdemølle - Avdelingssjef for landbruk, miljø og kulturvern 1900 huset, ungdomslokaler og
Velferdssenteret, Dagsenteret - Fritidssjef
Treningsal – fysioterapi - Avdelingssjef for helse og rehabilitering
Ved all utleige skal det ligge føre ein skriftleg avtale mellom leigetakar og utleigar, det gjeld og der leigetakar har fått utlevert nøklar til bygget.