AVTALE VED OPPTAK TIL PH.D.-UTDANNING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET
AVTALE VED OPPTAK TIL PH.D.-UTDANNING
VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET
INNLEIING
Opptaksavtalen er utarbeidd på grunnlag av Veiledende retningslinjer for graden philosophiae doctor (ph.d.) tilrådd av Universitets- og høgskulerådet (UHR) 9.4.18. Formålet med avtalen er å supplera og konkretisera fakultetsvedtaket om opptak til ph.d.-utdanninga. Avtaleverket er nasjonalt. Målet er at forpliktande avtalar mellom partane skal bidra til å sikra at kandidatar som blir tekne opp til ph.d.-utdanning har arbeidsvilkår som gjer det mogleg å gjennomføra innan avtalt tid.
Avtaleverket er utforma i samsvar med dei lovene og forskriftene som gjeld ph.d.-utdanninga, sjå lov om universitet og høgskular (universitets- og høgskulelova) av 2005, med forskrifter, særleg forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Høgskulen på Vestlandet (ph.d.-forskrifta) og forskrift om tilsetjingsvilkår for stillingar som postdoktor, stipendiat, vitskapleg assistent og spesialistkandidat, og dessutan dei utfyllande føresegnene som gjeld til ei kvar tid. Vidare byggjer avtalen på anna lov- og regelverk, under dette statstilsettelova med forskrifter, forvaltningslova, åndsverklova og patentlova, og i tillegg nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR) og UHRs rettleiande retningslinjer for ph.d.-graden og for kreditering av vitskaplege publikasjonar til institusjonar.
Avtalen består av tre delar:
Del A, Xxxxxxxx del, skal fyllast ut for alle kandidatar som er tekne opp til ei ph.d.-utdanning. Avtalepartar i del A er ph.d.-kandidaten og institusjonen ved fakultet, fagansvarleg og institutt/grunneining.
Del B, Avtale om fagleg rettleiing i ph.d.-utdanninga, skal fyllast ut for alle kandidatar som er tekne opp. Avtalepartar i del B er ph.d.-kandidat, rettleiarar og grunneining/institutt. Avtalens del B blir inngått for alle rettleiarforholda.
Del C, Avtale mellom ekstern part og høgskulen om gjennomføring av ph.d.-utdanning, skal fyllast ut for dei kandidatane som har ekstern finansiering og/eller arbeidsplass. Avtalen kan òg brukast for kandidatar som har arbeidsplass ved andre fakultet/grunneining ved institusjonen enn det kandidaten er knytt til gjennom opptaksavtalens del A. For nærings-ph.d. og offentleg sektor-ph.d. skal det i tillegg inngåast ein særskild samarbeidsavtale, jf. retningslinjer frå Noregs forskingsråd.
Dersom ein kandidat er knytt til to eller fleire institusjonar, skal det inngåast avtale for kvar av dei eksterne partane.
AVTALE VED OPPTAK TIL PH.D.-UTDANNING
VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET
Avtalen består av delane A, B og C.
DEL A: GENERELL DEL
1 FORMÅL
Avtalen gjeld kandidatar som gjennom enkeltvedtak er tekne opp til ei ph.d.-utdanning. Avtalen har som formål å sikre gjennomføring av ph.d.-utdanninga og regulera rettane og pliktene til partane innanfor ramma av lover, forskrifter og opptaksvedtaket.
2 OPPTAKSVEDTAKET
Avtalen er inngått mellom ph.d.-kandidaten, heretter ”kandidaten”, og institusjonen ved fakultet, fagansvarleg og institutt/grunneining1:
____________________________________________________________________________(namn)
som _________(dato) er tatt opp til ph.d.-program i ________________________________________
ved ___________________________________________________________(institusjon og fakultet),
knytt til________________________________________________________________(grunneining)
3 AVTALEN SI LENGDE
Avtalen gjeld f.o.m. (finansieringsstart) ________________________
t.o.m. (finansieringsslutt) _____________________________________
Avtaleperioden vert forlenga automatisk for permisjonar som er heimla i lov, i hovudtariffavtalen eller i hovudavtalen i Staten.
Det kan søkjast om forlenging utover normert tid i tråd med Retningslinjer for opptaksperiode på et ph.d.-studium ved Høgskulen på Vestlandet.
Avtalen kan i særskilte tilfelle bli avslutta før avtalt tid, jf. punkt 12.
4 OPPLÆRINGSDELEN OG AVHANDLINGA
Kandidaten skal i avtaleperioden gjennomføre ein opplæringsdel og eit forskingsarbeid/prosjekt. Ph.d.-utdanninga skal føra fram til ei avhandling med arbeidstittel:
________________________________________________________________________________
Grunnlaget for ph.d.-utdanninga kjem fram av opptaksvedtaket, dei krava som er gitt i eller med heimel i institusjonen si ph.d.-forskrift, godkjend prosjektskildring og plan for opplæringsdelen.
Det er høve til å gjere endringar eller suppleringar i kandidaten si prosjektskildring eller plan for opplæringsdelen, så lenge det ikkje er tale om så store endringar at avtalen her ikkje lenger gir eit reelt bilete av partsforholdet, finansieringa, innhaldet og framdrifta i forskingsprosjektet, eller andre vesentlege forhold. I så fall kan institusjonen krevje at avtalen fell bort eller blir erstatta av ein ny avtale. Andre, mindre vesentlege endringar kan gjerast utan å endra avtalen her. Slike endringar skal dokumenterast skriftleg og skal oppbevarast på ein slik måte at tilknytinga til avtalen her er klar og eintydig.
Endringar som nemnt i førre avsnitt, skal leggjast fram for det ansvarlege organet ved fakultetet for skriftleg godkjenning.
5 RETTLEIING
Kandidaten har rett og plikt til rettleiing i avtaleperioden. Det skal inngåast ein eigen rettleiingsavtale mellom kandidaten, rettleiarane og instituttet/grunneininga. Rettleiingsavtalen følgjer avtalen her som del B.
Eventuelle endringar i rettleiingsavtalen blir gjort slik som skildra i del B.
6 FINANSIERING OG TILSETTING
Ph.d.-utdanninga skal gjennomførast med finansiering og tilsetjingsforhold som opplyst om i det følgjande:
Tilsetting og arbeidsplass:
I avtaleperioden skal kandidaten vere tilsett ved: __________________________________________
I avtaleperioden skal kandidaten ha arbeidsplass ved (namn på institusjon eller verksemd, og viss relevant, institutt/grunneining eller anna eining):
__________________________________________________________________________________
Finansiering:
Kandidaten er finansiert av (institusjon/finansieringskjelde): __________________________________
for perioden angitt i punkt 3 ovanfor eller i følgjande periode:
F.o.m. ________________________________ t.o.m. _______________________________________
Eventuelle vilkår til finansieringa: ______________________________________________________
__________________________________________________________________________________
(Dersom vilkåra går fram i avtalen sin del C eller i eit separat dokument, skal det visast til dette. Legg om nødvendig ved det aktuelle dokumentet.)
Tilsetjing som stipendiat og vilkår knytt til dette (skal fyllast ut for dei som har slik tilsetjing i avtaleperioden):
Kandidaten er tilsett i stilling som stipendiat 1017 eller stipendiat 1378 ved
__________________________________________________________________________________ (arbeidsgjevarinstitusjon)
Vilkår knytt til tilsetjing med pliktarbeid:
Pliktarbeidet skal utførast ved2:
______________________________________________________________________
Pliktarbeidet utgjer i prosent av arbeidstida: _____________ %
Andre vilkår knytt til tilsetjinga (t.d. residensplikt):
_________________________________________________________________________________
Ved tilsetjing i stilling som stipendiat der høgskulen er arbeidsgjevar, vert det inngått eigen avtale som regulerer arbeidsforholdet. Elles gjeld forskrift om tilsetjingsvilkår for stillingar som postdoktor, stipendiat, vitskapleg assistent og spesialistkandidat, fastsett av Kunnskapsdepartementet 31.01.06, og dessutan dei alminnelege reglane i statstilsettelova med tilhøyrande forskrifter
7 AVTALE MELLOM GRADSGJEVANDE INSTITUSJON OG EKSTERN INSTITUSJON ELLER VERKSEMD
Når ein ekstern institusjon eller verksemd bidreg til ph.d.-utdanninga ved tilsetjing, finansiering eller ved å stilla arbeidsplass til rådvelde, skal avtalen sin del C fyllast ut.
8 INFRASTRUKTUR
Kandidaten skal ha nødvendig infrastruktur for gjennomføring av ph.d.-utdanninga til disposisjon. Avgjerda av kva som blir sett på som nødvendig infrastruktur, blir teken av institusjonen.
Dersom kandidaten har ekstern finansiering og/eller arbeidsplass, skal det inngåast avtale mellom institusjonen og den eksterne parten om infrastruktur og andre driftskostnader. Supplerande føresegner går fram av del C.
Avtalar som nemnt i andre ledd, skal liggje føre på det tidspunktet opptaksvedtaket for den aktuelle kandidaten blir fatta eller straks etter.
Andre særlege vilkår: ________________________________________________________________
9 IMMATERIELLE RETTAR (Intellectual Property Rights; IPR)
Dersom kandidaten er eineforfattar av ph.d.-avhandlinga, har vedkommande opphavsretten til verket åleine.
Artiklar eller andre bidrag skrive av fleire utan at det er mogleg å skilja bidraget til den einskilde ut som eige verk, vil vere fellesverk. For slike artiklar har forfattarane opphavsrett i fellesskap.
For dei delane av ph.d.-avhandlinga som kandidaten xxxxxx har opphavsrett til, og dessutan andre verk som er resultat av arbeidet med avhandlinga og som kandidaten xxxxxx har opphavsrett til, kan høgskulen vederlagsfritt framstilla kopiar av til bruk i si undervisnings- og forskingsverksemd. Ved slik bruk skal kandidaten informerast i rimeleg tid på førehand. På alle eksemplar som blir framstilte som nemnt her, skal kandidaten namngjevast slik lovgiving og god skikk tilseier.
Viss kandidaten i samband med ph.d.-prosjektet gjer ei patenterbar oppfinning, skal skriftleg melding om oppfinninga verta gitt til høgskulen utan unødig opphald, i samsvar med arbeidstakaroppfinningslova. Etter same lov har høgskulen rett til å krevja retten til oppfinninga overført til seg. Er oppfinninga utvikla i samarbeid med rettleiarar, skal oppfinnarane saman fastsette dei respektive delane sine i den patenterbare oppfinninga.
Kandidaten har likevel rett til å publisera oppfinninga på dei vilkåra som går fram av arbeidstakaroppfinningslova.
Publiseringsretten gjeld tilsvarande for rettleiarar, dersom oppfinninga er gjort i fellesskap og kandidaten eller tredjepart sin rett ikkje er til hinder for det.
Ph.d.-kandidaten er kjend med IPR-reglementet for HVL som består av IPR-politikk og IPR-retningslinjer.
10 PUBLISERING OG KREDITERING
Det kan ikkje leggjast restriksjonar på offentleggjering og publisering av ei ph.d.-avhandling, med unntak av ei utsetjing som er avtalt på førehand, til dømes knytte til patentering.
Ved offentleggjering eller publisering av avhandlinga skal normalt høgskulen krediterast dersom høgskulen har gitt eit nødvendig og vesentleg bidrag til eller grunnlag for kandidaten sin medverknad til det offentleggjorde eller publiserte arbeidet. Dersom kandidaten er tilsett ved høgskulen under utføringa av forskingsarbeidet, blir dette sett på som eit nødvendig og vesentleg bidrag. For kandidatar med tilsetjing og/eller oppnemnt(e) rettleiar(ar) ved fleire institusjonar/verksemder, gjeld føresegnene i del C punkt 7, siste ledd. Elles blir det vist til UHR sine rettleiande retningslinjer for kreditering av vitskaplege publikasjonar til institusjonar. Avvik frå plikta til kreditering som er nemnt i paragrafen her, kan gjerast i samsvar med nemnde retningslinjer for kreditering.
Ph.d.-kandidatar som skriv artikkelbaserte avhandlingar, skal gjera desse ope tilgjengelege i det institusjonelle kunnskapsarkivet HVL Open seinast to år etter disputas. HVL-biblioteket har ansvar for å kontrollere/avklare rettar for dei einskilde artiklane som inngår i ei artikkelbasert avhandling. Til denne klareringa høyrer det til å sjekke retningslinjene til dei einskilde utgivarane for slik arkivering. Biblioteket tek ut dei artiklane som utgivar ikkje tillèt å bli gjort offentleg i HVL Open. Biblioteket ser òg eksempelvis til at artiklar som er innsende men enno ikkje publiserte, t.d. i eit tidsskrift, ikkje blir lagt ut i HVL Open før etter at dei har vorte publisert i tidsskriftet.
11 ETIKK OG XXXXX FRAMFERD I BRUKEN AV FORSKINGSRESULTAT, FORSKINGSDATA M.M.
Forskingsetikk er ei samanfatning av praktisk vitskapsmoral. Forskinga skal følgja normer som regulerer forholdet internt i forskarsamfunnet, og eksternt mellom forskarar og dei som deltek i forskinga og samfunnet elles.
Forskinga skal vera aktsam og forsvarleg og følgje såkalla anerkjende forskingsetiske normer. Dei nasjonale forskingsetiske komiteane sine retningslinjer er døme på slike normer.
Kandidaten har eit sjølvstendig ansvar for å setja seg inn i og etterfølgje HVL sine retningslinjer for handsaming av personopplysningar. All innsamling, bruk og publisering av forskingsdata skal vera i samsvar med personvernregelverket, forskingsetiske retningslinjer og eventuelle vilkår fastsett av forskingsetiske komitear på HVL. Kandidaten må sjå til at andre lovverk og retningslinjer blir overhaldne i datainnsamling. For nokre kandidatar vil tilgang til teiepliktige opplysningar vere regulerte i helsepersonellova eller forvaltningslova. Kandidaten må i slike tilfelle sørgje for at dei nødvendige løyva blir henta inn før gjennomføring av datainnsamling eller observasjonar. Ved datainnsamling i andre land gjeld norske lover og retningslinjer, men kandidaten må òg følgja nasjonale lover og retningslinjer.
12 INFORMASJONSPLIKT OG OPPFØLGINGSANSVAR
Kandidaten skal gjennom utdanninga årleg levere skriftlege rapportar om framdrifta. Rapportane blir lagde fram for programutvalet for det aktuelle ph.d.-programmet.
Hovudrettleiaren skal òg leggja fram rapport som nemnt i førre ledd.
Partane pliktar å gi kvarandre jamleg informasjon om alle forhold av betydning for gjennomføring av ph.d.-utdanninga. Partane pliktar aktivt å følgje opp forhold som kan medføra forseinka eller manglande gjennomføring.
13 AVSLUTNING FØR AVTALT TID
Frivillig avslutning
Kandidaten og høgskulen kan avtale at ph.d.-utdanninga blir avslutta før avtalt tid. Ved slik avslutning av ph.d.-utdanninga skal det fastsetjast skriftleg korleis spørsmål knytt til eventuelle tilsetjingsforhold, finansiering, rettar til resultat m.m. skal ordnast.
Ved frivillig avslutning på bakgrunn av at kandidaten ønskjer å skifte prosjekt eller ønskjer overgang til anna program, skal kandidaten søkje nytt opptak på grunnlag av det nye prosjektet.
Tvungen avslutning
Høgskulen kan vedta tvungen avslutning av ph.d.-utdanninga før avtalt tid. Slik avslutning kan bli vedteke viss eitt eller fleire av følgjande forhold ligg føre:
Vesentleg forseinking i gjennomføringa av opplæringsdelen, grunna forhold som kandidaten sjølv rår over.
Fleire eller vesentlege brot frå kandidaten si side på informasjons-, oppfølgings- eller rapporteringsplikt, inklusivt at kandidaten ikkje har sendt inn framdriftsrapport, jf. punkt 12.
Forseinking i framdrifta av forskingsprosjektet som er av ein slik art at det skaper grunngitt tvil om kandidaten kan fullføra prosjektet innanfor avtalt tid. For å danne grunnlag for tvungen avslutning må forseinkinga koma av forhold som kandidaten sjølv har herredømme over. Slike forhold kan m.a. vere
at kandidaten sine kvalifikasjonar viser seg å vera vesentleg svakare enn det som vart rekna med på bakgrunn av søknaden om opptak, prosjektskildringa og dei opplysningane som elles fanst på opptakstidspunktet,
at kandidaten klart misbruker tida si og at progresjonen som følgje av dette blir sterkt redusert i forhold til det som er rimeleg å forvente,
at kandidaten pga. sviktande motivasjon eller liknande forhold ikkje, eller ikkje lenger, maktar å halde oppe ei rimeleg framdrift.
Forhold som er nemnde like ovanfor, skal som hovudregel bli søkt avhjelpt i samråd med kandidaten, t.d. gjennom tilretteleggingstiltak eller liknande. Tvungen avslutning kan først bestemmast når slike tiltak ikkje har lukkast, eller det ikkje er tvil om at dei har lita moglegheit for å lukkast.
Brot på dei forskingsetiske retningslinjene som gjeld for fagområdet, under dette fusk som blir ramma av reglane i universitets- og høgskulelova § 4-13.
Framferd frå kandidaten som bryt med den tilliten som må finnast mellom institusjonen og kandidaten under gjennomføringa, under dette straffbare forhold knytt til gjennomføringa av ph.d.-utdanninga.
Vedtak om tvungen avslutning blir fatta av dekan etter innstilling frå programutvalet.
Kandidatar som er tilsette i stipendiatstilling ved institusjonen, kan seiast opp frå stillinga si når det har sakleg grunn i høve verksemda eller tenestemannen, jf. statstilsettelova §§ 19 og 20, eller seiast opp i samsvar med same lov sin § 15.
14 AVSLUTTANDE FØRESEGNER
Denne avtalen er inngått innanfor rammene av dei til kvar tid gjeldande reglane for ph.d.-utdanninga. Endringar i avtalen skal dokumenterast og oppbevarast i samsvar med punkt 4.
______________________, den _____/_____ 20__________
___________________________________________________ (underskrift ph.d.-kandidaten)
___________________________________________________ (underskrift fagansvarleg)
___________________________________________________ (underskrift leiar for grunneining)
___________________________________________________ (underskrift dekan)
AVTALE VED OPPTAK TIL PH.D.-UTDANNING
HØGSKULEN PÅ VESTLANDET
Avtalen består av del A, B og C.
DEL B: AVTALE OM FAGLEG RETTLEIING
1 FORMÅL
Denne avtalen gjeld rettleiing av ph.d.-prosjekt med arbeidstittelen
__________________________________________________________________________________
og fagleg oppfølging i ph.d.-utdanninga (jf. del A, punkt 4). Avtalen fastset partane sine rettar og plikter i samband med rettleiing i avtaleperioden.
2 AVTALEN SINE PARTAR
Avtalen sine partar er kandidaten, rettleiarar og institutt/grunneining3.
Utpeikt hovudrettleiar i avtaleperioden er:
____________________________________________________________________________ (namn)
___________________________________________________________ (frå grunneining/institusjon)
Utpeikt medrettleiarar i avtaleperioden er:
___________________________________________________________________________ (namn)
___________________________________________________________(frå grunneining/institusjon)
____________________________________________________________________________ (namn)
___________________________________________________________(frå grunneining/institusjon)
3 GRUNNLAG FOR RETTLEIINGA
Til grunn for rettleiinga ligg prosjektskildringa og plan for opplæringsdelen, jf. del A, punkt 4.
4 RAPPORTERINGS- OG INFORMASJONSPLIKT
Kandidaten og hovudrettleiaren plikter å halde kvarandre jamleg informert om alle forhold av betydning for rettleiinga. Partane pliktar aktivt å følgja opp forhold som kan medføre at rettleiinga ikkje blir gjennomført slik det er avtalt i punkt 5 nedanfor.
Kandidaten og hovudrettleiaren pliktar å levera framdriftsrapportar i samsvar med det som er bestemt i avtalen sin del A punkt 12.
5 PLIKTER VED GJENNOMFØRING AV RETTLEIINGA
RETTLEIARANE skal
gi råd om formulering og avgrensing av tema og problemstilling
drøfta og vurdera hypotesar og metodar
gi hjelp til orientering i faglitteratur og datagrunnlag (bibliotek, arkiv, osv.)
drøfta opplegg og gjennomføring av framstillinga (disposisjon, språkleg form, dokumentasjon m.m.)
halda seg orientert om framdrifta i kandidaten sitt arbeid og vurdere den i forhold til den planlagde framdrifta
sikra at ph.d.-kandidaten deltek i eit aktivt forskingsmiljø
drøfta resultat og tolkinga av desse
gi rettleiing i fagleg formidling
gi rettleiing i forskingsetiske spørsmål knytt til avhandlinga
Kandidaten skal
leggja fram utkast til delar av avhandlinga etter avtale med rettleiaren, og i samsvar med
prosjektskildringa. Delar av avhandling kan leggjast fram i samband med seminar.
gjennomføra opplæringsdelen i samsvar med framdriftsplanen
etterleva forskingsetiske prinsipp som gjeld for fagområdet
6 FORDELING AV RETTLEIINGSRESSURSAR MELLOM HOVUDRETTLEIAR OG MEDRETTLEIAR(AR)
Andel hovudrettleiar: _______________________________________________________
Andel medrettleiar: _________________________________________________________
Andel medrettleiar: ________________________________________________________
7 IMMATERIELLE RETTAR (Intellectual Property Rights; IPR)
Dersom kandidaten er eineforfattar av ph.d.-avhandlinga, har vedkomande opphavsretten til verket åleine.
Dersom ph.d.-avhandlinga er sett saman av ei artikkelsamling og eit samandrag, vil kandidaten xxxxxx ha opphavsretten til dei delane som er resultatet av vedkomande sin sjølvstendige, skapande innsats.
Artiklar skrive av fleire utan at det er mogleg å skilja bidraget til dei einskilde ut som eige verk, vil vere fellesverk. For slike artiklar har forfattarane opphavsrett i fellesskap.
Viss kandidaten i samband med ph.d.-prosjektet gjer ei patenterbar oppfinning, skal skriftleg melding om oppfinninga bli gitt til høgskulen utan unødig opphald i samsvar med arbeidstakaroppfinningslova. Etter same lov har høgskulen rett til å krevja retten til oppfinninga overført til seg. Er oppfinninga utvikla i samarbeid med rettleiarar, skal oppfinnarane saman fastsetje dei respektive delane sine i den patenterbare oppfinninga.
Kandidaten har likevel rett til å publisera oppfinninga på dei vilkåra som går fram av arbeidstakaroppfinningslova. Denne publiseringsretten gjeld tilsvarande for rettleiarar, dersom oppfinninga er gjort i fellesskap, og kandidatens eller tredjeparts rett ikkje er til hinder for det.
Partane er kjende med IPR-reglementet for HVL som består av IPR-politikk og IPR-retningslinjer.
8 SKIFTE AV RETTLEIAR
Kandidaten og rettleiaren kan ved semje be programutvalet om å utpeika ny rettleiar for kandidaten. Rettleiaren kan ikkje fråtre før ny rettleiar er utpeikt.
Viss kandidaten eller rettleiaren ikkje er samde om skifte av rettleiar, skal dei i fellesskap søkje å finna ei løysing på den situasjonen som er oppstått. Programutvalet skal om nødvendig hjelpe. Viss skifte av rettleiar er ønskjeleg fordi det er usemje om den andre parten etterlever forpliktingane sine etter punkt 4 og 5, pliktar den parten som hevdar at det finst brot på forpliktingar, å ta dette opp med den andre parten.
Dersom kandidaten og rettleiaren ikkje kjem fram til semje om korleis situasjonen skal løysast, kan kandidaten eller rettleiaren be programutvalet om å bli løyst frå rettleiingsavtalen. Den parten som sender førespurnaden, skal sende kopi til den andre parten. Avgjerda om å løysa kandidaten og rettleiaren frå rettleiaravtalen blir teken av programutvalet. I samband med slikt vedtak skal det avgjerande organet sjå til at ph.d.-kandidaten inngår rettleiaravtale med ny rettleiar. Eventuelle eksterne partar skal informerast om forhold som nemnt i dette punktet.
9 TVISTAR
Tvistar om rettleiar og kandidat sine faglege rettar og plikter i samsvar med denne avtalen kan bringast inn av partane til handsaming og avgjerd ved programutvalet.
Dersom programutvalet fattar enkeltvedtak i saka, kan vedtaket klagast på til næraste overordna organ.
10 AVSLUTTANDE FØRESEGNER
Denne avtalen (del B) er inngått innanfor rammene av gjeldande reglar og retningslinjer for ph.d.-utdanning, under dette institusjonen si ph.d.-forskrift. Originaldokumenta til avtalen blir arkiverte ved høgskulen, jf. òg føresegnene om arkivering i del A, punkt 4
_________________________, den _____/_____ 20_____
______________________________________________________ (underskrift ph.d.-kandidaten)
______________________________________________________ (underskrift hovudrettleiar)
______________________________________________________ (underskrift medrettleiar)
______________________________________________________ (underskrift medrettleiar)
______________________________________________________ (underskrift leiar grunneining)
ENDRINGAR OG PRESISERINGAR AV AVTALEN
Følgjande endringar/presiseringar er tatt inn i avtalen:
_________________________________________________________________________ _________________________________________________________________________
_________________________________________________________________________
_________________________________________________________________________
___________________________________________________________________________
___________________________________________________________________________
_______________________, den _____/_____ 20_____
______________________________________________________ (underskrift ph.d.-kandidaten)
______________________________________________________ (underskrift hovudrettleiar)
______________________________________________________ (underskrift medrettleiar)
______________________________________________________ (underskrift medrettleiar)
______________________________________________________ (underskrift leder grunneining)
AVTALE VED OPPTAK TIL PH.D.-UTDANNING
VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET
Avtalen består av del A, B og C.
DEL C: AVTALE MELLOM EKSTERN INSTITUSJON OG HØGSKULEN OM GJENNOMFØRING AV PH.D.-UTDANNING
For nærings-ph.d. og offentleg sektor-ph.d. skal det i tillegg til “Avtale ved opptak” bli inngått særskild samarbeidsavtale mellom HVL og kandidaten sin arbeidsgjevar, jf. retningslinjer frå Noregs forskingsråd.
1 AVTALEN SINE PARTAR
Det er inngått ein avtale for kvar ekstern part, jf. nedanfor. I kvar av desse avtalane er høgskulen part.
Denne avtalen er inngått mellom:
__________________________________________________________________________________
(heretter kalla høgskulen)
__________________________________________________________________________________
(heretter kalla kandidaten) xx
__________________________________________________________________________________
(heretter kalla ekstern part)
Ekstern part er kjent med del A og del B i avtalen.
2 FORMÅLET OG VARIGHEITA TIL AVTALEN
Denne avtalen har som mål å sikra at kandidaten har tilfredsstillande arbeidsvilkår for gjennomføring av ph.d.-utdanninga. Avtalen fastset partane sine rettar og plikter i avtaleperioden.
Kandidaten sitt prosjekt har arbeidstittelen
_________________________________________________________________________________
Grunnlaget for utdanninga og avhandlinga går fram av punkt 4 i del A: Generell avtale ved opptak.
Denne avtalen har same varigheit som avtalen mellom kandidaten og høgskulen (jf. del A punkt 3).
Avtalen sluttar å gjelda viss ph.d.-utdanninga frivillig eller tvunge blir avslutta før avtalt tid. Kvar av partane skal i slike tilfelle søkje ei ordna avvikling av forpliktingane sine i forhold til dei andre partane.
3 PARTANE SITT SAMARBEID
Partane forpliktar seg til å samarbeide nært om å bidra til gjennomføringa av ph.d.-utdanninga som nemnt i punkt 2. Partane pliktar å halde kvarandre informert om alle forhold av betydning for gjennomføringa. Partane skal så tidleg som mogleg informere kvarandre om forhold som kan påverke gjennomføringa av avtalen.
Partane pliktar å samarbeida aktivt for å finne løysing på dei problema som måtte oppstå.
4 PARTANE SINE RETTIGHEITER OG PLIKTER NÅR KANDIDATEN ER TILSETT HOS EKSTERN PART 4
Kandidaten blir tilsett ved: ____________________________________________________________
med lønnstrinn/lønsplassering __________ som brutto for tida utgjer kr._______________ pr. år/månad i den perioden avtalen varar,
dvs. for perioden f.o.m. _________________t.o.m. _________________
Kandidaten skal i avtaleperioden ha arbeidsplass ved:
_______________________________________________________________________ (institusjon)
________________________________________________________ (grunneining, fakultet)
I tillegg til lønn som nemnt ovanfor, kjem driftskostnader til følgjande formål:
_________________________________________________________________________________
Dei samla kostnader er berekna til kr. _________________________________________________
som blir finansiert av/vert stilt til disposisjon av
___________________________________________________(høgskulen, ekstern part)
Høgskolen og ekstern part inngår ved behov avtale om finansiering av ekstra midlar til utstyr og drift. Slik tilleggsavtale skal arkiverast saman med avtalen her.
5 INFRASTRUKTUR
Kandidaten skal ha til disposisjon nødvendig infrastruktur og utstyr for gjennomføring av ph.d.-utdanninga, jf. punkt 8 i avtalens Del A. Høgskulen skal i samråd med ekstern part avgjere kva som er nødvendig infrastruktur og korleis han skal finansierast. Den institusjonen/eininga der kandidaten har arbeidsplassen sin, er ansvarlege for å oppfylle forpliktingane på dette området. Kandidaten vil i avtaleperioden ha behov for finansiering av følgjande driftskostnader:
|
Finansiering av driftskostnader |
|
Utstyr og formål |
HVL |
Ekstern part |
(HVL-pc, driftsmidlar, etc.) |
|
|
|
|
|
|
|
|
6 IMMATERIELLE RETTAR (Intellectual Property Rights; IPR)
Dersom kandidaten er eineforfattar av ph.d.-avhandlinga, har vedkommande opphavsretten til verket åleine.
Dersom ph.d.-avhandlinga består av ei artikkelsamling og eit samandrag, vil kandidaten xxxxxx ha opphavsretten til dei delane som er resultatet av den sjølvstendige skapande innsatsen til vedkomande. Artiklar skrivne av fleire utan at det er mogleg å skilja bidraget til den einskilde ut som eige verk, vil vera fellesverk. For slike artiklar har forfattarane opphavsrett i fellesskap.
Dei delane av doktorgradsavhandlinga som kandidaten åleine har opphavsrett til, og dessutan andre faglitterære verk som er resultat av arbeidet med avhandlinga og som kandidaten åleine har opphavsrett til, kan vederlagsfritt nyttast ved framstilling av kopiar til bruk i verksemda til den eksterne part. Det same skal gjelda framføring av verka for dei tilsette til den eksterne part (og eventuelt studentar, viss den eksterne parten er ein undervisningsinstitusjon) i samband med den vanlege verksemda til den eksterne part. Ved slik bruk av kandidaten si publiserte avhandling skal kandidaten namngjevast slik lovgiving og god skikk tilseier.
Viss kandidaten under utføringa av avhandlinga gjer ei patenterbar oppfinning, skal skriftleg melding om oppfinninga bli gitt, utan unødig opphald, til den av partane kandidaten har inngått tilsetjingsavtale med, i samsvar med arbeidstakaroppfinningslova. Den andre institusjonsparten skal ha kopi til orientering.
Høgskulen har rett til vederlagsfri utnytting i forskings- og undervisingssiktemål.
Elles kan partane, på førehand eller på annan måte, avtala å overdra rettane til kommersiell utnytting av oppfinninga til ekstern part. Slik avtale skal arkiverast saman med avtalen her.
7 PUBLISERING OG KREDITERING
Det kan ikkje leggjast restriksjonar på offentleggjering og publisering av ei doktorgradsavhandling, med unntak av ei på førehand avtalt utsetjing av datoen for offentleggjering/publisering slik at ekstern part kan ta stilling til patentering/kommersialisering. Ekstern part kan ikkje stille vilkår om at heile eller delar av doktorgradsavhandlinga ikkje skal kunna offentleggjerast eller publiserast.
Ved offentleggjering eller publisering av avhandlinga skal høgskulen krediterast dersom høgskulen har gitt eit nødvendig og vesentleg bidrag til eller grunnlag for kandidaten sin medverknad til det offentleggjorde eller publiserte arbeidet. Det same gjeld for ekstern part, dersom også denne har gitt eit nødvendig og vesentleg bidrag. Normalt vil både kandidaten sin arbeidsgjevar og den gradgjevande institusjonen har gitt slikt nødvendig og vesentleg bidrag. Også andre institusjonar/verksemder kan ha gitt slike bidrag. Det blir vist til UHRs rettleiande retningslinjer for kreditering av vitskaplege publikasjonar til institusjonar. Avvik frå plikta til kreditering som nemnt i paragrafen her, kan gjerast i samsvar med UHRs retningslinjer.
8 FELLES BEHANDLINGSANSVAR FOR PERSONOPPLYSNINGAR
For prosjekt som skal handsama personopplysningar, skal HVL og den eksterne parten inngå avtale om felles behandlingsansvar i samsvar med personvernforordninga artikkel 26. Avtalen om felles behandlingsansvar skal godkjennast av leiinga for verksemdene. Kandidaten skal sørgje for at denne avtalen blir inngått før datainnsamlinga tek til.
9 AVSLUTTANDE FØRESEGNER
Partane kan ved skriftleg tilleggsavtale gjera endringar eller tilføyingar i denne avtalen. Tvist om forståinga av denne avtalen skal søkjast løyst ved forhandlingar.
______________________________, den _____/_____ 20_____
__________________________________________________________ (signatur høgskulen v/ dekan)
__________________________________________________________ (signatur kandidaten)
__________________________________________________________ (signatur ekstern part)
ENDRINGAR OG PRESISERINGAR AV AVTALEN
Følgjande endringar/presiseringar er tatt inn i avtalen:
__________________________________________________________________________________
__________________________________________________________________________________
__________________________________________________________________________________
__________________________________________________________________________________
______________________________, den _______
__________________________________________________________ (signatur høgskulen v/ dekan)
__________________________________________________________ (signatur kandidaten)
__________________________________________________________ (signatur ekstern part)
1 Grunneining vil typisk vere institutt, senter eller seksjonen ph.d.-kandidaten høyrer til. Viss ph.d.-kandidaten er ekstern, vil grunneining vanlegvis vere hovudrettleiar si grunneining (institutt/senter/seksjon ved HVL).
2 På HVL blir pliktarbeidet normalt utført ved instituttet der ein er tilsett.
3 Grunneining vil typisk vere institutt, senter eller seksjonen ph.d.-kandidaten høyrer til. Viss ph.d.-kandidaten er ekstern, vil grunneininga vanlegvis vera hovudrettleiar si grunneining (institutt/senter/seksjon ved HVL).
4 Ekstern part kan også vere ei anna eining ved HVL.