Eidsvik Eiendom AS har inngått langsiktig avtale med Selstad AS. 17.02.2017
Xxxxxxx Xxxxxxx AS har inngått langsiktig avtale med Selstad AS. 17.02.2017
Selstad skal leige dei tre hallane på bildet samt uteområder og bruk av kai og kaikrane.
Xxxxxxx Xxxxxxx AS har nyleg inngått ein avtale med Selstad AS. Selstad AS skal oppretta ein servicestasjon for Sunnhordland for for å betjena kundar innan oppdrettsnæringa. Dei overtar anlegget 1.august, og i ei pressemelding fortel dei at dei reknar med å vera i drift i løpet av hausten.
Xxxxx Xxxx Xxxxxxx i Eidsvik Eiendom AS seier at dei er svært glade for at dei har inngått ein langsiktig kontrakt om leige av anlegget. Leigeperioden med Xxxxxxx AS er i første omgang på 10 år, men dei har også ein opsjon på ytterlegare 10 år.
Selstad AS er ein internasjonal leverandør av kompetanse og utstyr til maritime næringar. Dei har hovudkontor og hovudavdeling i Måløy, men dei har 12 avdelingar og dotterselskap rundt i Norge og Danmark. De kan lesa meir om selskapet på heimesida deira.
Det er mange oppdrettsanlegg rundt i Sunnhordland, og selskapet opprettar servicestasjonen for å få meir nærhet til kundane dei skal betjena. I løpet av sommaren vil det skje ombygging i hallane hos Eidsvik. Det skal setjast inn utstyr som trengst. Dei skal m.a. setja inn ei vasketrommel som har ein kapasitet på heile 50 m3. Den er størst i marknaden. På servicestasjonen vil det m.a. føregå vasking, testing, bøting og impregnering av oppdrettsmerar.
Med etableringa vil det også koma arbeidsplasser, og dei vil søkja etter folk når den tid kjem. I samband med kontrakten har Xxxxxxx AS sendt ut følgjande pressemelding:
Selstad AS etablerer ny servicestasjon i Sunnhordland
'Selstad AS har inngått langsiktig avtale med Eidsvik Eiendom AS om leie av deler av deres industrieiendom i Uskedalen i Kvinnherad.
Planen er å opprette servicestasjon for oppdrettsutstyr på anlegget. Det innebærer vask og vedlikehold av notposer samt lager av fortøyningsutstyr og andre relevante varer for oppdretterne i området.
Selstad vil overta området 1.august og regner med å være i drift i løpet av høsten 2017.
Anlegget vil være miljøriktig med nullutslipp av forurenset prosessvann i henhold til strenge miljøkrav. Vi vil
kaikapasitet og god lagerplass for poser og annet utstyr.
Vi ser fram til å kunne servisere nye og gamle kunder ved vår nye servicestasjon'. Fitjar Mekaniske Verksted sin aktivitet vil halda fram så lenge som dei kan.
I siste tida har det skjedd mykje positivt i dette området. For kort tid sidan hadde vi ei sak nyetablerte Oil-Comm AS som hadde etablert seg i Eidsvik sine lokale. Like før kunne vi melda om svært aukande interesse
for Børnes industriområde. Svært gledeleg utvikling!
Tekst og nett: Xxxx Xxxx Xxxxxxxx Foto: Xxxxx Xxxx Xxxxxxx.