Saksframlegg
Herøy kommune | Vår referanse: | 20/3128 20/15022 | |
Sakshandsamar: | Xxxxxxx Xxxxx- Xxxxxxx | ||
Dato: | 30.11.2020 |
Saksframlegg
Saksnr. | Utval | Møtedato |
Utval for helse og omsorg | ||
Formannskapet | ||
Kommunestyret |
Revidert samarbeidsavtale mellom kommunane og Helse Møre og Romsdal HF
Samandrag:
Med bakgrunn i gjeldande samhandlingsavtale mellom kommunane i Møre og Romsdal og Helse Møre og Romsdal HF, har partane forplikta seg til å revidere avtalen slik at den til ei kvar tid er i samsvar med gjeldande rettspraksis, lover og forskrifter. Xxxxxxx plikter å foreta ein gjennomgang og evaluering anna kvart år ved utgangen av året. Det har vore forhandling om ny avtale sidan hausten 2018. Forslag til ny revidert samarbeidsavtale har vore på høyring, med høyringsfrist satt til 26.10.2020.
Den samarbeidsavtalen som no ligg føre til politisk handssaming, er den reviderte versjonen etter høyringsrunden. Herøy kommune sine innspel i høyringa, vart teken til etterretning.
Kommunedirektøren si tilråding:
1. Kommunestyret gir honnør til forhandlingsutvalet for det gode arbeidet og takke alle som har bidrege med innspel i høyringane for revisjon av samarbeidsavtalen.
2. Kommunestyret vedtek revidert samarbeidsavtale mellom Herøy kommune og Helse Møre og Romsdal HF. Kommunedirektøren får mynde til å signere avtalen på vegne av kommunen.
Vedlegg: |
Sak 23- Vedlegg 1 - revidert samarbeidsavtale |
Sak 23- Vedlegg 2 - Oppsummering etter høyring |
2020-11-25 - Protokoll Overordna samhandlingsutval |
Saksopplysningar:
Kommunar og helseføretak er etter lov om kommunale helse- og omsorgstjenester av 14.juni 2011 §6-1 m.fl. pålagt å inngå samarbeidsavtale. Formålet er å konkretisere oppgåve- og ansvarsfordelinga seg i mellom og bidra til at pasientar og brukarar mottar eit heilskapleg tilbod om helse- og omsorgstenester. For å sikre at avtalen til ein kvar tid er i samsvar med gjeldande rettspraksis, lover og forskrifter, har partane forplikta seg til å foreta ein gjennomgang og evaluering anna kvart år ved utgangen av året .
Som bakgrunn for gjennomført revisjon, viser ein til evalueringa av samhandlingsavtalen sak 06/2017, 17/2017 og 37/2017. Forhandlingsutvalet vart etablert etter vedtak i Overordna samhandlingsutval, sak 2018/15 og har med nokre justeringar vore samansett slik;
Regionråd/ område | Medlem | Stilling | Vara | Stilling |
Orkidè (endra i 2020 til Nordmøre interkommunale politiske råd). | Xxxxx Xxxxxxxx | Ass. Rådmann Averøy kommune | Xxxxxxx Xxxxxx | Rådmann Surnadal kommune |
Romsdal Regionråd | Xxxx Xxxxxxxx | Kommuneoverlege Molde kommune | Xxx Xxxxxx Xxxx | Kommunalsjef Fræna kommune |
Sunnmøre Regionråd | Xxxxx Xxxx Xxxxxxx | Kommuneoverlege Volda kommune | Xxxxxx Xxxxxxx Xxxx | Kommuneoverlege Ulstein kommune |
Sunnmøre Regionråd | Xxxx Xxxxxx Xxxxxx | Kommuneadvokat Ålesund kommune | Xxx Xxxx | Kommuneadvokat Ålesund kommune |
KS | Svein-Xxxx Xxxxxxxxxx | Ålesund kommune, AP | Xxxxxx Xxxxxx | Xxxxxxxxxxxx Molde kommune |
Brukar- representant | Xxxxxx Xxxxx | Xxxxx Xxxxxxxxxxxxx i HMR (fram t.o.m.2019, heldt fram som medlem i forhandlingsutvalet). | Xxxxx Xxxxxx Xxxxxxx | FFO/Norsk Revmatikerforbund |
Brukar- representant | Xxx Xxxxxx Xxxxx | Xxxxxxxxx Xxxxxxxxxxxxx i HMR | ||
Helse Møre og Romsdal HF | Xxxxx Xxxxx | Klinikksjef Klinikk for kreft og rehabilitering | ||
Helse Møre og Romsdal HF | Xxxxx Xxxxxxxx | Leiar praksiskonsulentar | ||
Helse Møre og Romsdal HF | Xxxx Xxxxxx Xxxxx | Xxxxxxxxxxxxxxxx | Xxxxxxxx Xxxx | Konstituert fagdirektør |
Helse Møre og Romsdal XX | Xxx Xxxx Xxxxxxx | Advokat/person- vernombud | Xxxxxxxxx Xxxx Xxxxxxx | Advokat HMN RHF |
Tillitsvald kommune | Xxxxxxx X. Xxxxxxxx | TV Kommune | Xxxx Xxxx | TV Kommune |
Tillitsvald HF | Xxxx Xxxxx | FTV HMR OVLF | Xxxxxx Xxxxx | FVT HMR NSF |
Forhandlingsutvalet har gjennomført revisjonen etter følgande mandat1:
• Eksisterende Samhandlingsavtale (hovedavtale og delavtaler) med gjensidige forpliktelser og rettigheter mellom partene skal danne grunnlaget for revidert avtale.
• Målet med revisjon av Samhandlingsavtalen er å få til et avtaleverk som i enda større grad fremmer utvikling og god samhandling.
• Ved revisjonen må det tas utgangspunkt i at hovedavtale og delavtaler/retningslinjer skal oppfylle de lovkrav som fremgår av helse- og omsorgstjenesteloven § 6-2 flg jf. spesialisthelsetjenesteloven § 2-1 e. I den grad gjeldende delavtaler er en blanding av retningslinjer som omfattes av lovkravet, og operasjonelle prosedyrer, så bør det legges til rette for at prosedyrer tas ut av avtalene og forvaltes av etablerte fagråd på de enkelte fagområdene.
• Avtalen skal justeres i henhold til nye lovbestemmelser og forskrifter.
• I den grad det er praktisk og hensiktsmessig bør revisjonsarbeidet lede til harmonisering av de ulike avtalene i helseregionen.
• Det må sikres god involvering og legges opp til gode høringsprosesser.
• Det må settes av nok ressurser til revisjonsarbeidet, både fra kommunene og fra helseforetaket.
I tillegg til vedteke mandat, har inngått avtale mellom regjeringa og KS om innføring av helsefellesskap, gitt føringar for arbeidet med revisjonen. Regjeringa og KS ønskjer at kommunar og helseføretak skal utvikle samarbeidet mot partnarskapstenking, framfor partar. Avtalen om helsefellesskap gir viktige prinsipp for utviklingsretning, som forhandlingsutvalet har innretta seg etter i revisjonsarbeidet.
Forhandlingsutvalet har hatt jamlege møter frå hausten 2018. Møta har sidan vinteren 2020 blitt gjennomført digitalt med bakgrunn i covid.19 og restriksjonar om smittevern.
I utkast til revidert samarbeidsavtale har forhandlingsutvalet utarbeida revidert hovudavtale og delavtale 1. Delavtale 2-6 har blitt delegert til etablerte fagråd, kliniske samhandlingsutval og arbeidsgrupper der det var behov for å opprette dette. Desse har vore representert både frå kommunane, helseføretaket og brukarar. Utkast til delavtale 2-6 har før ferdigstilling, også blitt gjennomarbeida av forhandlingsutvalet.
I løpet av revisjonen har det vore gjennomført to høyringar, ei innspelshøyring som vart gjennomført desember 2019 – februar 2020, og ei formell høyring som vart gjennomført august – oktober 2020. Til innspelshøyringa vart det motteke 20 høyringsinnspel som kan lesast her, og 26 høyringsinnspel vart motteke til den formelle høyringa som kan lesast her.
Revidert samarbeidsavtale
Samarbeidsavtalen er revidert med følgjande hovudjusteringar:
Avtalestruktur
I mandat for forhandlingsarbeidet er det vist til at i den grad det er praktisk og hensiktsmessig, bør revisjonsarbeidet lede til harmonisering av dei ulike avtalane i
1 Justert etter vedtak i Overordna samhandlingsutval Møre og Romsdal sak 04/2019
helseregionen. Avtalestrukturen i utkast til hovudavtale og reviderte delavtalar er eit resultat av ei slik harmonisering, der delavtalane er redusert frå 15 til 6 delavtalar. For å forenkle ytterlegare har forhandlingsutvalet også sett på språk og fjerna oppattaking og overflødig tekst. Det er lagt inn lenker til lovtekst, forskrifter, rutinar og andre relevante dokument.
I utkast til delavtale 1 «Samarbeid om koordinering av tjenester, samt innleggelse og utskriving fra sykehus», vil ein sjå ei betydeleg forenkla delavtale der fem delavtalar er slått saman til ein delavtale. Revidert delavtale omhandlar både pasientar innan psykisk helse og rus og somatikk. Sjølv om der er språkmessige endringar, har forhandlingsutvalet innarbeida tidlegare avtalefesta vilkår knytt til betalingsplikt utover det som er forskriftsfesta, som tek i vare konklusjonar frå tidlegare tvistesaker. Xxxxxxxxxxxxxxx knytt til krav om at det er sendt epikrise på utskrivingstidspunktet, omfattar etter revisjonen alle pasientgrupper. Dette har vore eit viktig krav frå kommunane i forhandlingane.
Samarbeidsstruktur – «Helsefellesskap Møre og Romsdal»
Avtale om helsefellesskap gir eit viktig signal om ønska utviklingsretning for samarbeidsstrukturen. Forhandlingsutvalet har valt å innrette revidert samarbeidsstruktur i tråd med prinsipp om tredelt struktur, men med lokale tilpassingar. Formål er å sikre representasjon i dei ulike samarbeidsutvala og at dei ulike utvala har dei rette oppgåvene/sakene og at dette kjem tydeleg fram i avtalen. Brukarrepresentantar og fastlegar skal vere involvert på alle nivå.
For å sikre openheit, legitimitet og forankring i avgjerdsprosessar, har ein også valt å etablere eit felles samarbeidssekretariat som er representert både av kommunane og helseføretaket.
Xxxxxx samarbeidssekretariat vil ha ei særleg oppgåve opp mot partnarskapsmøtet og strategisk samarbeidsutval, men vil også ha ein koordinerande funksjon knytt til saksflyt mellom dei ulike samarbeidsutvala i strukturen.
Partnarskapsmøte | |
Strategisk samarbeidsutval | |
Lokale samarbeidsutval | Faglige samarbeidsutval |
Figur 1 Helsefellesskap Møre og Romsdal
Partnarskapsmøte – nivå 1 i helsefellesskapet
I avtale om helsefellesskap er det m.a. vist til behov for samordning der kommunar bør kunne stille på vegne av ei gruppe kommunar og at helseføretak som famnar fleire sjukehus, opptrer samordna i helsefellesskapet. Forhandlingsutvalet har difor særleg sett på dialogmøtet, der innspel frå høyring viser til behov for justering, både i representasjon, størrelse, førebuing og innhald. I samsvar med avtale om helsefellesskap foreslår forhandlingsutvalet å etablere partnarskapsmøtet på overordna nivå, der representantane er oppnemnt frå dei interkommunale politiske råda i fylket og frå helseføretaket. I tillegg er det representasjon frå fastlege og brukar. Samansetninga tek utgangspunkt i at både helseføretaket og kommunane kan samordne seg og representere på vegne av sjukehus og kommunar. For å sikre involvering frå alle kommunane, foreslår forhandlingsutvalet at det i tillegg vert invitert til eit utvida samarbeidsmøte/dialogmøte årleg. Tillitsvalde på fylkesnivå, Statsforvaltaren, Pasient- og brukarombodet, KS og utdanningsinstitusjonane blir invitert til å delta i møtet. For detaljert skildring sjå punkt 5.1 i revidert samarbeidsavtale.
Strategisk samarbeidsutval – nivå 2 i helsefellesskapet
Gjeldande Overordna samhandlingsutval blir justert og erstatta av eit strategisk samarbeidsutval. Formålet til strategisk samarbeidsutval er å handtere saker om utvikling og samarbeid som gjeld heile fylket. For å sikre gjensidig representasjon vil leiar og
nestleiar i dei lokale samarbeidsutvala inngå som del av utvalet, i tillegg til brukar- og fastlegerepresentasjon. For detaljert skildring sjå punkt 5.2 i revidert samarbeidsavtale.
Lokale samarbeidsutval – nivå 3 i helsefellesskapet
Forhandlingsutvalet har valt å gå vidare med dei fire lokale samhandlingsutvala, til tross for signal i avtale om helsefellesskap om tredelt struktur. Bakgrunnen er behovet for lokale fellesarenaer rundt det enkelte sjukehus og kommunane i opptaksområdet, med mål om å understøtte lokal oppfølging, iverksetting av tiltak og lokalt forbetringsarbeid. For detaljert oversikt sjå punkt 5.3 i revidert samarbeidsavtale.
Faglege samarbeidsutval – nivå 3 i helsefellesskapet
I gjeldande avtalestruktur har vi partssamansette kliniske utval og fagråd innan fagspesifikke område. Revidert struktur bygger vidare på desse, men det er gjort ein gjennomgang og tilpassing slik at det blir etablert faglege samarbeidsutval knytt til kvar enkelt delavtale. For delavtale 1, skal arbeidet forvaltast av fleire faglege samarbeidsutval. For detaljert oversikt sjå punkt 5.4 i revidert samarbeidsavtale.
• Faglig samarbeidsutvalg for koordinering av tjenester, samt innleggelse og utskrivning fra sykehus (delavtale 1)
• Faglig samarbeidsutvalg for barn og unge (habilitering, somatikk og psykisk helsevern)
• Faglig samarbeidsutvalg for behandlersamarbeid
• Faglig samarbeidsutvalg for psykisk helse og rus
• Faglig samarbeidsutvalg for multisyke, «stormottaker» og palliasjon
• Faglig samarbeidsutvalg for rehabilitering
• Faglig samarbeidsutvalg for voksenhabilitering
• Faglig samarbeidsutvalg for kunnskapsoverføring, forskning og utdanning, samt praksiskonsulentordningen (delavtale 2)
• Faglig samarbeidsutvalg for svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg (delavtale 3)
• Faglig samarbeidsutvalg for IKT-løsninger og elektronisk samarbeid (delavtale 4)
• Faglig samarbeidsutvalg for samarbeid om helsefremmende og forebyggende helsearbeid (delavtale 5)
• Faglig samarbeidsutvalg for beredskapsplaner (delavtale 6)
• Faglig samarbeidsutvalg for akuttmedisinsk kjede (delavtale 6)
Vurdering og konklusjon:
Kommunedirektøren vil vise til formålet med samarbeidsavtalen som er å tydeleggjere ansvars- og oppgåvefordelinga og understøtte utvikling av meir samanhengande og bærekraftige helse- og omsorgstenester til pasientar og brukarar som har behov for helsehjelp frå både kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta. Å gå frå partar til partnarskap er essensielt for å understøtte ei slik utvikling og som må ligge til grunn og gjennomsyre samarbeidet på alle nivå i strukturen, overordna, strategisk og fagleg.
Revisjonsarbeidet har hatt stor interesse, både i kommunane, helseføretaket, brukarar og andre interesseorganisasjonar og det har kome mange og gode innspel med mål om utvikling og forbetring av gjeldande avtaleverk og samarbeidsstruktur.
Ein har i revisjonen hatt særleg fokus på å tydeliggjere strukturen, hensiktsmessig representasjon, klare mandat og effektiv kommunikasjonsflyt mellom dei ulike samarbeidsfora. Frå overordna prioritering og forankring må strukturen evne å konkretisere dette i endra praksis som gir verdi for pasientane, brukarane, tilsette og samtidig god ressursbruk. Revisjonen har bidrege til forenkla avtaleverket og ein vidareutvikla samarbeidsstruktur, men som vil ha behov for å prøvast ut, evaluerast og ev. justerast i framtidige reforhandlingsprosessar.
Herøy kommune sine innspel i høyringsprosessen vart teken til etterretning i revidert samarbeidsavtale. Kommunedirektøren vil difor rå til at samarbeidsavtalen mellom Herøy kommune og Helse Møre og Romsdal vert vedteke slik den ligg føre. Kommunedirektøren får mynde til å signere avtalen på vegne av kommunen.
Økonomiske konsekvensar: Avtalen har ingen nye økonomiske konsekvensar.
Xxxxx Xxxx Xxxxx Xxxxxxxxxxxxxxx | Xxxxxxx Xxxxx-Xxxxxxx Kommunalsjef helse og omsorg |