xxxxxxxxxxxxx, org.nr. xxxxxxxxxxx
xxxxxxxxxxxxx, xxx.xx. xxxxxxxxxxx
(Utleigar)
og
Gloppen kommune, org. no. 964 969 124
(leigetakar)
har denne dato inngått følgjande
LEIGEAVTALE
1. Avtaleobjekt og partar
1.1. Avtalen gjeld leige av lokale til brannstasjon på gbnr. xx/yy i Gloppen kommune. Planteikningar av bygget og situasjonsplan innteke som vedlegg 1.
1.2. Partane i denne avtalen er som grunneigar/utleigar og Gloppen kommune som leigetakar.
1.3. Bakgrunnen for denne leigeavtale er Gloppen kommune sitt behov for lokale til brannstasjon.
2. Overtaking, leigetid og oppseiing
2.1. pliktar innan 01.05.2021 (overtakingstidspunkt) å stille til rådvelde for leigetakar nemnde bygg med tilhøyrande rettar til tilkomst, avkøyrsle, parkeringsplass, framføring av infrastruktur m.m. Leigetakar aksepterer likevel at det står att mindre arbeid knytt til uteområde, inkl. infrastruktur.
2.2. Leigetida er XX år rekna frå overtakingstidspunktet og er uoppseieleg for leigetakar i leigeperioden.
2.3. Avtalen skal vidare vere uoppseieleg for utleigar, med mindre leigetakar eller eventuelle framleigetakar gjer seg skuldig i kontraktbrot.
2.4. Leigetakar har rett til lenging av leigeforholdet i ytterlegare XX år etter utløp av leigetida. Partane skal då forhandle om ny leige. Leiga skal fastsetjast etter dei same prinsipp som denne avtale.
2.5. Framleige er ikkje tillate utan etter utleigar sitt samtykke.
3. Leige
3.1. Leigeprisen er kr. pr. år
3.2. Leiga forfell til betaling forskotsvis den 1. i kvart kvartal. Utleigar utstedar faktura til leigetakar for leige, og fyrste leige forfell til betaling 3. kvartal 2021
3.3. Ved forseinka betaling av leige og/eller andre kostnader, kan utleigar krevje forseinkingsrente etter lov av 17.12.2976 nr. 100 eller lov som trer i staden for denne. Utleigar har rett til å krevje gebyr ved purring.
3.4. Leigeprisen skal justerast anna kvart år rekna frå overtakingsdato. Justeringa skal skje på grunnlag av endringar i Statistisk Sentralbyrå sin konsumprisindeks, oppad avgrensa til 0,5 av endring i indeks.
4. Opsjon
4.1. Leigetakar har rett til å nytte seg av opsjonen i tilbodet med ein varsel på eit år.
4.2. Opsjonen skal gjerast gjeldande ved å sende eit skriftleg varsel til Gloppen kommune.
4.3. Vederlaget skal fastsetjast etter dei same vilkåra som i gjeldane leigeavtale.
5. Tinglysing/pantsetjing
5.1. Leigeavtalen kan tinglysast. Leigetakar gjev utleigar ugjenkallelig fullmakt til å få den tinglyste avtalen sletta på det tidspunktet leigeforholdet er avslutta. Utgifter knytt til tinglysing og sletting av leigeavtalen skal dekkast av leigetakar.
5.2. Leigeavtalen kan pantsetjast. Utleigar kan stille vilkår for pantsetjinga. Leigetakar gjev utleigar ugjenkallelig fullmakt til å få pantsetjinga sletta på det tidspunkt leigeforholdet er avslutta.
6. Innreiing, bruk og vedlikehald
6.1. Bygget vert overteke uinnreia, men med tekniske anlegg og andre fasilitetar slik innteke i tilbodet frå utleigar datert xx.xx.xx. Ved overtakingstidspunktet er det gjennomført ein byggvask av bygget.
6.2. Leigetakar står for all møblering/innreiing av bygget og dekkjer alle kostnadane knytt til dette.
6.3. Leigetakar skal sjølv stå for drift og vedlikehald av bygget og dekkje alle driftskostnader som straum, kommunale avgifter, reinhald etc. Dette ansvaret går ut over husleigelova sine alminnelege føresegner om fordeling av vedlikehaldsansvaret.
6.4. Leigetakar har ansvar for å teikne forsikringar for alt utstyr og lausøyre.
6.5. Utleigar har ansvar for forsikring av bygget. Kostnadane for dette vil bli vidarefakturert til leigetakar.
6.6. Leigetakar skal vere ansvarleg for og bere kostnader med at verksemda til ei kvar tid vert drive i samsvar med gjeldande regelverk.
6.7. Dersom leigetakar etter overtakingstidspunktet har behov for tiltak som medfører tilbygg/påbygg, ombygging/ominnreiing eller anna form for større endringar på bygget eller Eigedomen, skal partane bli samde om gjennomføring og kostnader knytt til dette. Endringar skal gje rett til ei justering av leigegrunnlaget basert på dokumenterte byggekostnader og endringane skal godkjennast av utleigar før arbeidet startar opp.
7. Tilbakelevering
7.1. Ved eventuell avslutning av leigeforholdet skal leigeobjektet vere i same stand som ved overtakinga, sett vekk frå tilhøve som skuldast alminneleg slitasje og elde, og dei manglar som utleigaren sjølv pliktar å utbetre.
7.2. Dersom leigetakar/framleigetakar har utført endringar på lokala i strid med denne avtalen, og tilbakeføring vil medføre uforholdsmessige kostnader eller urimeleg verditap, kan utleigar krevje erstatta den verdireduksjon som endringane har medført.
7.3. Fast inventar som leigetakar/framleigetakar har tilført bygget tilkjem utleigaren vederlagsfritt dersom utskiljing vil medføre uforholdsmessige kostnader eller urimeleg verditap.
8. Prosessuelle føresegner
8.1. For spørsmål som ikkje er regulert i denne avtala skal gjelde dei til ei kvar tid gjeldande føresegner i husleigelova.
8.2. Partane vedtek eigedomen sitt verneting i alle tvistar som gjeld husleigetilhøvet.
9. Vedlegg
Vedlegg 1. Teikningar av bygget og situasjonsplan.
10. Signaturar
Kommunedirektøren si underskrift er gjort med atterhald om kommunestyret si godkjenning.
Stad/dato: Stad/dato:
XXXXXXXXXXX
For Gloppen kommune