AVTALE OM UTBETALING AV BUSTØTTE
AVTALE OM UTBETALING AV BUSTØTTE
Avtale om at bustøtta frå Husbanken blir utbetalt til kommunen
Kva inneber denne avtalen for deg?
Ved å underteikne denne avtalen samtykkjer du til at Husbanken utbetaler bustøtta di til kommunen eller bydelen du bur i. Du/de får støtte til buutgifter frå kommunen, anten som sosial stønad, kommunal bustøtte eller annan støtte. Den statlege bustøtta frå Husbanken blir derfor utbetalt til kommunen, som brukar henne til å betale dei buutgiftene du får støtte til.
Du får avrekning frå kommunen
Kommunen sender deg kvar månad ei avrekning som viser kor mykje du har fått i statleg bustøtte frå Husbanken, og kor mykje du får i støtte frå kommunen. Dersom du får meir i statleg bustøtte enn i støtte frå kommunen, vil kom- munen betale ut restbeløpet til deg.
Varigheita på avtalen
Når kommunen ikkje lenger gir deg støtte til buutgifter, gjeld ikkje lenger avtalen, og bustøtta blir igjen utbetalt til deg. Det er frivillig å inngå denne avtalen, og du kan når som helst avbryte avtalen ved å trekkje samtykket ditt. Ver merk- sam på at dersom du trekkjer samtykket ditt, så kan det få betyding for støtta du får utbetalt frå kommunen.
Du vil få vedtak frå Husbanken
Frå no av vil altså bustøtta bli utbetalt til kommunen, men det er du som får tilsendt bustøttevedtaka. Du bør kon- trollere at det er brukt riktige opplysningar i vedtaket. Du har plikt til å melde frå til kommunen dersom det skjer endrin- gar som kan ha betyding for berekninga av bustøtta.
Aktuelt regelverk
Denne avtalen blir inngått med heimel i lov om bustøtte § 9.
Avtale
Søkjar sitt namn
Kommune/bydel
og
inngår avtale om at bustøtte frå Husbanken heretter blir utbetalt til kommunen/bydelen.
Får du meir i statleg bustøtte enn i kommunal støtte, skal kommunen utbetale restbeløpet til
Søkjar sitt kontonummer (11 siffer)
HB 9.S.30 (N) 12.2012 - xxx.xxxxxxxxx.xx
Du samtykkjer til at kommunen kan utlevere opplysningar om avtalen til Husbanken, og at Husbanken kan lagre opplysningane i bustøttesystemet.
Dato:
Søkjar si underskrift
Dato:
Kommunen si underskrift