Avtale om gjennomføring av fusjon mellom
Avtale om gjennomføring av fusjon mellom
Høgskolen i Bergen (HiB), Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) og Høgskolen Stord/Haugesund (HSH)
(versjon 3.mai 2016)
1. Bakgrunn
9. juni 2016 vedtok dei tre høgskulestyra å søkje Kunnskapsdepartementet (KD) om å fusjonere Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund til ein ny institusjon med namnet Vestlandshøgskulen.
Vestlandshøgskulen skal vere ein institusjon som har god forankring i tre nærregionar: Sunnhordland/Haugalandet, Bergensområdet, Sogn og Fjordane og i fem studiestader: Haugesund, Stord, Bergen, Sogndal, Førde
2. Ambisjonar og profil
Den nye Vestlandshøgskulen har høge ambisjonar og vil som ein ny fleirkampusinstitusjon:
• byggje sterkare og meir solide fag- og forskingsmiljø som set spor både nasjonalt og internasjonalt.
• ta ein nasjonal leiarposisjon på område der vi er gode og der vi som ny institusjon kan byggje oss vidare opp.
• vidareutvikle dagens studiestader slik at regionrolla vert teken betre vare på enn i dag.
• svare betre på dei omstillings- og endringsbehova som vil komme.
• byggje ein sterk høgskule på Vestlandet med profesjons- og arbeidslivsprofil som har ein klar ambisjon om universitetsstatus.
• bli ein konkurransedyktig og attraktiv institusjon for studentar og fagpersonar
Kompetansefellesskapet som fagmiljøa i Vestlandshøgskulen utgjer vil kunne svare betre på samfunnsutfordringane regional, nasjonalt og internasjonalt. Vestlandshøgskulen vil gjennom ei digital satsing sikre effektiv informasjonsdeling og utvikle framtidsretta utdannings- og læringsfellesskap ved hjelp av ny teknologi.
Det inneber at Vestlandshøgskulen:
• skal vere attraktiv og tett på studentane sine og vere kjent for å ha landets mest nøgde studentar som trivast og lukkast.
• skal vere ein mangfaldig og spennande arbeidsplass som tiltrekkjer seg dyktige medarbeidarar med høg kompetanse.
• skal bli ein stor, viktig og synleg høgare utdannings- og forskingsinstitusjon
• skal bli ein tydeleg, samlande og kraftfull FoU- og innovasjonsaktør som utviklar utdanningane og profesjonane med mål om å bidra til berekraftig utvikling.
• skal utvikle eit nærare og meir forpliktande samarbeid med kunnskapsinstitusjonane på Vestlandet
• skal samordne fag- og undervisingstilbod, og skape nye, breiare og spissare tilbod enn institusjonane ville greidd kvar for seg. Vestlandshøgskulen skal vere kjend for god tverrfagleg verksemd.
• skal sjå utdannings- og kompetansebehova i vestlandsregionen under eitt, og ha større fagleg og administrativ kraft i samhandlinga med samfunns- og arbeidslivet.
Vestlandshøgskulen skal vere den føretrekte samarbeidspartnaren og skal setje spor i utviklinga av Vestlandsregionen.
• skal bli best i å tilby framtidsretta profesjonsutdanningar på bachelor- og masternivå og skal drive og utvikle ph.d.-program på sentrale fagområde for Vestlandshøgskulen
• satse på å utvikle sterke og dynamiske forskingsmiljø på tvers av nærregionar, fag og profesjonarskal vere offensive internasjonalt gjennom forpliktande opplegg for mobilitet i alle utdanningssyklusar, fleksible ordningar for tilsettmobilitet og vere synlege internasjonalt gjennom auka ekstern finansiering av utdanning og forsking
Profil
Vestlandshøgskulen vert etablert med deling som drivkraft, ideal og metode. Kunnskap veks når den blir delt. Det vi gjer, skal støtte opp om vekst for ei berekraftig utvikling av samfunns- og næringslivet og for einskildmenneske.
Vestlandshøgskulen skal ha ein tydeleg vestlandsidentitet som byggjer på vestlandsk kultur, næring og tradisjonar.
Hovudmålforma for den nye institusjonen skal vere nynorsk.
3. Føresetnader
Fusjonen skjer mellom tre likeverdige partar. Fusjonspartane legg til grunn at ingen studiestader vert lagde ned i samband med fusjonen. Verksemda ved HiB, HiSF og HSH skal gå mest mogeleg som normalt i fusjons- og implementeringsfasen med fokus på studiekvalitet og arbeidsvilkår.
Forslag til fagleg profil, faglege satsingsområde, visjon og strategi for og organisering av Vestlandshøgskulen skal utarbeidast hausten 2016 med god forankring blant tilsette, studentar og arbeidslivet i alle dei tre nærregionane. Leiinga på ulike nivå får eit særskilt ansvar for å bidra til å mobilisere og aktivisere miljøa slik at utviklinga av Vestlandshøgskulen får god forankring og er prega av medverknad
Vestlandshøgskulen skal vidareutvikle lærarutdanningane til å bli relevante, innovative og FOU-baserte profesjonsutdanningar på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå.
Vestlandshøgskulen skal sjå på mulegheiter for å utvikle lektorutdanning. Det vert oppretta ei felles arbeidsgruppe som skal arbeide med utvikling av den femårige lærarutdanninga.
Det vert oppretta eit digitaliseringsprosjekt.
4. Styring, leiing og framdrift
Organiseringa og vidareutviklinga av Vestlandshøgskulen skal ta utgangspunkt i følgjande prinsipp:
• Vestlandshøgskulen skal ha normalmodellen for leiing etter universitets- og høgskulelova. Det inneber tilsett rektor og ekstern styreleiar
• Rektor skal ha hovudarbeidsplass i Bergen.. Det skal vere ein prorektor i kvar nærregion med eit funksjonsansvar på institusjonsnivå og ansvar for regional utvikling i nærregionen.
• Vestlandshøgskulen skal ha felles utdanningsløp og gjennomgåande leiing
• Vestlandshøgskulen skal satse på sterke fagmiljø. Dei største profesjonsutdaningane skal bli tilbydd i dei tre nærregionane. Andre sterke fag og utdanningar skal ha gode utviklingsmogelegheiter i Vestlandshøgskulen.
• Det skal vere utdanning på masternivå på alle studiestadene
• Master- og doktorgradsutdanningane skal gje meirverdi for nærregionane
• Ph.d.-programma skal støtte og byggje på profilen og satsingsområda til Vestlandshøgskulen
• Vestlandshøgskulen skal ha få og store einingar på nivå 2
• Vestlandshøgskulen skal ha strategisk fagleg leiing på fleire nivå og administrativ leiing i nærregionane
• Administrativ organisering skal ta utgangspunkt i den faglege organiseringa og det skal veljast administrative løysingar som støtter opp under kjerneverksemda, ivaretek prinsipp for god forvalting og som samstundes sikrar kvalitet og effektivitet
• Administrative funksjonar skal tilpassast aktivitet og kompetansebehov i nærregionane og på studiestadene
• Tilsette skal ha nærleik til fagleg leiing og personalleiing.
• Som hovudregel skal leiarar i den nye institusjonen ha personalansvar for ikkje fleire enn 20-30 tilsette
• Intern rekruttering skal vere hovudregelen ved tilsetjing av leiarar i den første funksjonsperioden for Vestlandshøgskulen. Tilsetting/innplassering i faglege og administrative leiarstillingar skal skje etter kvalifikasjonsprinsippet.
• Vestlandshøgskulen skal leggje til rette for kompetanseheving i begge dei faglege karrierevegane, og i administrativt arbeid.
• Det skal vere representasjon frå nærregionane i råd og utval
• Alle studiestader, fag og utdanningar skal profilerast som del av Vestlandshøgskulen
Interimsstyre
HiB, HiSF og HSH ber Kunnskapsdepartementet opprette eit interimsstyre med 13 medlemmer Høgskulane ønskjer følgjande samansetting:
HiB | HiSF | HSH | SUM | 1. vara | ||
UF (4) | 2 | 1 | 1 | 4 | ||
TAP (2) | 1 | 1 | 2 | HiSF | ||
Studentar (2) | 1 | 1 | 2 | HSH | ||
Ekstern (4) | 2 | 1 | 1 | 4 | ||
Styreleiar | 1 | 1 | ||||
6 | 3 | 3 | 1 | 13 |
HiB har fast student- og TAP-representant i heile perioden, medan HSH og HiSF veksler på å ha fast medlem og varamedlem. I interimfasen og den første funksjonsperioden vil ordninga vere slik at 1.vara for studentane møter i styremøta med møte- og talerett. 1.vara for TAP vil kunne vere bisittar i same periode
Det vert gjennomført val til interimstyre tidleg i august 2016 etter ein modell som inneber valkrinser i tråd med fordeling i tabellen over. Det vert vist til detaljar i vedlegg XX til avtalen.
Interimsstyret får mandat frå Kunnskapsdepartementet og vil m.a. ta avgjerder om visjon, fagleg profil, fagleg og administrativ organisering og innplassering av tilsette og leiarar. Interimsstyret vil vidare ha ansvar for budsjettet for 2017, nye forskrifter, reglement og utval som må på plass.
Interimstyret går over til eit fellesstyre frå fusjonstidspunktet og har ein verkeperiode fram til 31.7.2019
Prosjektorganisering
Det vert etablert ein prosjektorganisasjon på tvers av dei tre institusjonane som vil stå for førebuing av saker til interimsstyret.
5. Rettar og plikter for studentane
Studentrepresentasjon i styre, råd og utval blir forvalta av eit nytt felles studentorgan for Vestlandshøgskulen oppretta av studentane sjølve etter lov om universitet og høgskolar. Alle tre nærregionane skal vere representerte i studentorganet.
I samband med etableringa av det nye studentorganet skal Vestlandshøgskulen sikre gode rammevilkår for studentane sitt arbeid i sjølve fusjonsprosessen og for arbeidet med å etablere eit felles studentdemokrati. Vestlandshøgskulen skal ha på plass eit studentombod frå 1.januar 2017.
Alle studentar har rett til å fullføre studieprogram dei har byrja på ved den studiestaden der dei starta før fusjonstidspunktet
I samband med etableringa av eit nytt studentorgan skal institusjonen leggje til rette for drift gjennom fristasjon og økonomisk støtte til studentaktivitetar på minst same nivå som det er i dag.
Det skal utarbeidast ei fråsegn om kva for rettar og plikter studentane har.
6. Rettar og plikter for dei tilsette
Ein fusjon inneber at alle faglege og administrative einingar må vere førebudde på organisatoriske endringar.
Det skal forhandlast fram ein eigen omstillingsavtale for fusjons- og implementeringsfasen som sikrar tilsette rettar og medverknad i tida frå fusjonstidspunktet og til ein ny organisasjon er på plass. Arbeidsgjevar skal i samarbeid med dei tillitsvalde utarbeide ei omstillingshandbok som konkretiserer omstillingsavtalen og regulerer alle forhold knytt til innplassering av tilsette i Vestlandshøgskulen.
Ingen tilsette skal seiast opp eller måtte byte hovudarbeidsstad som følgjerav fusjonsprosessen. Det blir føresett fleksibilitet frå både arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida i fordeling av arbeidsoppgåver i Vestlandshøgskulen. Alle tilsette må rekne med endring i arbeidsoppgåver. Det blir lagt til grunn at tilsette som vil bruke retten til å behalde hovudarbeidsstad, kan måtte akseptere endringar i innhald/ansvar/mynde i stillinga utover det som er arbeidsgjevar sin vanlege styringsrett. I dei tilfella der dette blir aktuelt, vil vedkommande ha rett til xxxx likeverdig eller passande stilling jamfør Tenestemannslova §12. Det vert elles vist til punkta ovanfor.
Ingen tilsette skal gå ned i løn som følgje av fusjonsprosessen. Individuelle, midlertidige avtalar blir sluttførte som avtalt. Det løns- og personalpolitiske regelverket ved institusjonane skal reviderast og samordnast.
7. Økonomiske tilhøve
HiB, HiSF og HSH skal ha eit sunt avsetningsnivå på fusjonstidspunktet. Fusjonsprosessen skal i seg sjølv ikkje ha ein omfordelande effekt mellom nærregionane. Den faglege verksemda skal sikrast på minst tilsvarande nivå som i dag.
Det skal lagast ei samanstilling av kontraktforpliktingar institusjonane har på fusjonstidspunktet.
Kostnader knytte til fusjonsprosjektet som i interimfasen ikkje kan dekkast av eksterne midlar, skal finansierast over dei ordinære budsjetta ved institusjonane og med rimeleg kostnadsfordeling mellom partane. Det vil bli søkt Kunnskapsdepartementet om SAKS-midlar for å gjennomføre og implementere fusjonen. I tillegg til ordinære SAKS-midlar vil det bli søkt Kunnskapsdepartementet om midlar til prosjekt som er særeigne for denne fusjonen.
Dagens løyvingar til HiB, HiSF og HSH, inkludert tildeling av studieplassar og rekrutteringsstillingar, skal leggjast til grunn for fordeling fram til ny fordelingsmodell for Vestlandshøgskulen er vedteken.