KOMMUNALE VEDTEKTER
KOMMUNALE VEDTEKTER
FOR SKULEFRITIDSORDNINGAR (SFO) I FRÆNA KOMMUNE
(Ks-87/04)
1. Eigarforhold.
Fræna kommune eig og driv skulefritidsordningane i kommunen i samsvar med lov, avtaleverk og kommunale vedtekter.
2. Føremål.
Skulefritidsordninga er eit omsorgs – og aktivitetstilbod utanom den obligatoriske skuledagen for alle elever i 1. -4. klasse og for barn med særskilte behov frå 1. – 7. klassetrinn. Tilbodet skal dekke barna sine behov for leik, kulturaktivitetar og sosial læring. Skulen sin føremålsparagraf skal også gjelde for skulefritidsordninga, og det skal vere eit godt samarbeid mellom skulen og skulefritidsordninga.
3. Styringsorgan.
Overordna styring av SFO følger av gjeldande delegasjonsreglement og reglement for politiske utval i kommumen.
4. Bemanning og leiing.
Rektor har det overordna administrative og pedagogiske ansvaret for ordninga ved eigen skule.
Skulefritidsordninga kan ha eigen dagleg leiar.
1 vaksen pr. 12 barn er retningsgivande, ellers vil bemanninga bli påvirka av:
- Xxxxx barn som er med i ordninga
- Opphaldstida
- Antal barn med særskilte behov
Samarbeidsutvalet kan etablere eige styre for SFO-tilbodet. Styret skal består av:
Rektor, ein representant for dei tilsette og to representantar xxx foreldra ved orninga.
Styret konstituerer seg sjølv.
Samarbeidsutvalet/styret er eit rådgivande organ som kan uttale seg om alle saker som gjeld SFO-ordninga, m.a.:
-Årsplan, budsjett og årsrekneskap
-Behovet for dagleg leiar i ordninga. Samarbeidsutvalet/styret ved den enkelte skule vedtar:
-Vedtekter for skulefritidsordninga ved skulen innanfor rammene som er fastsett i kommunale vedtekter.
5. Opptak.
Rådmannen har myndigheit til å gjere opptak til SFO.
Søknad om opptak til plass i SFO skal sendast til den enkelte skulen på fastsett søknadsskjema etter at SFO-tilboda i kommunen er annonsert på førehand.
Skulen informerer foreldra til komande 1. klassingar. Hovudopptak i vårsemesteret har søknadsfrist 1. april.
Skulen sender skriftleg melding til foreldra om opptak evt. avslag. Søknader etter fristen blir vurdert i forhold til kapasiteten på SFO-tilbodet.
Opptak gjeld for eitt år.
Det kan gjerast opptak i løpet av året dersom det er ledige plassar.
Det er eit mål å imøtekome alle søknader, men dersom ein frå ulike vurderingar må gjere eit begrensa opptak, skal elevar frå 1. og 2. kasse og barn med særskilte behov prioriterast ved opptak.
Kommunen skal gi eit best muleg tilbod til barn med særskilte behov innanfor dei økonomiske og pedagogiske rammene som ordninga driv etter.
Klage på opptak til SFO-tilbod skal behandlast som enkeltvedtak etter reglane i Forvaltningslova kap. VI. Klageinstans: Kommunal klagenemd.
Oppseiing av plass må gjerast skriftleg til skulen med 3 månaders varsel. Oppseiing etter 1. mars medfører betalingsansvar ut skoleåret.
Etter søknad kan det gjerast unntak i særskilte høve, t.d. ved flytting og arbeidsløyse.
Xxxxxxxxx foreldrebetaling for 3 månader fører til oppseiing dersom det ikkje er gjort bindande skriftleg betalingsavtale.
6. Foreldrebetaling.
Kommunen fastset satsar for foreldrebetaling.
30 % søskenmodersjon fro søsken xx.xx, 50% for søsken nr. tre evt. fleire.
Ordinær plass:
Det vert fakturert foreldrebetaling i 10 mnd for SFO-tilbod i skuleåret. Foreldrebetalinga blir kravd inn for heile mnd. For elevar som bli innmeld etter skulestart, krev ein foreldrebetaling frå og med den mnd. eleven er meld inn i ordninga.
Plass med ferieordning:
Det vert fakturert foreldrebetaling i 10 mnd. for SFO-tilbod i tida 01.09. -30.06. (skuleår + skuleferiar)
Kommunen fastset eigne satsar for ferietilbod.
Kommunen krev inn foreldrebetaling i samsvar med oversikt frå skulen. Matpenger kjem i tillegg til den faste satsen for foreldrebetalning.
7. Leike – og opphaldsareal
Areal ute og inne skal vere tilpassa SFO sine aktivitetar.
Kvar skulefritidsordning skal ha ein oversikt som viser kva inne- og uteareal som skal brukast til SFO sine aktivitetar.
8. Opningstider.
Samarbeidsutvalet/SFO-styret ved den enkelte skule fastsett den daglege opningstida for ordninga innanfor tidsramma kl 07.00 – 16.30
- Ferietilbod.
Det er ferieordning frå 1. august til 2 dager før skulestart, samt høstferie, vinterferie og frå skuleslutt og ut juni.
Dersom du teiknar ferieordning gjeld denne for eit skuleår. Ferieordning i august gjeld berre for dei som har ferieordning i det nye skuleåret som tar til. Dei som skal begynne i 1. klasse har ikkje ferieordning i august.
Minst 10 barn må ha behov for ferietilbod for at tilbodet skal opprettast i kommunen. Den skulen som har flest barn med behov evt. den skulen rektorkollegiet blir samde om, tar initiativ til samordne tenesta.
9. Måltid.
Alle skulefritidsordningane skal organisere felles måltid (smøremåltid og/eller felles måltid med varm mat) kvar dag.
10. Skyss
Transport til og frå skulefritidsordninga er foreldra sitt ansvar.
11. Teieplikt.
Alle medlemmane i styrande organ og dei tilsette har teieplikt etter same reglar som gjeld elles i grunnskulen, Opplæringslova §15-1
12. Godkjenning og endring av vedtektene.
Vedtektene og seinare endringar skal godkjennast av det organet som til ei kvar tid har overordna myndigheit.