KONTRAKT FOR LEIGE AV VOGNHALLEN TIL KUNSTUTSTILLING
KONTRAKT FOR LEIGE AV VOGNHALLEN TIL KUNSTUTSTILLING
Lokala kan berre leigast av ein ansvarleg leigetakar. Dersom lokala skal nyttast til ei gruppeutstilling, må avtalen signerast av ein av utstillarane. I leigeperioden vert vedkomande å rekna som ansvarleg på vegne av aller utstillarane. Avtalen må underteiknast av denne personen, som har det heile og fulle ansvaret for relasjonen mellom utstillarane og Os kulturutvikling.
1. Utleigar Os kulturutvikling
Organisasjonsnummer: 980617416
2. Leigetakar Namn:
Fakturaadresse:
E-post:
Tlf.:
3. Leigepris Leige kvardagar (måndag tom torsdag): kr. 500,- per dag Leige helg (fredag tom søndag): kr. 3500
Ved sal frå utstillinga eller sal formidla av Os kulturutvikling, skal Os kulturutvikling sin provisjon være 20%.
4. Fakturering og depositum
Depositum utgjør kr. 1000,- og skal betalast inn på Os Kulturutvikling sin konto 3624.53.16814 ved kontraktsinngåing.
Fast leige for lokale på totalt kr samt provisjon av kunstsal vil bli fakturert seinast 2 veker etter endt utstilling. Faktura vil ta omsyn til innbetalt depositum. Betalingsfrist er 14 dagar.
5. Leigetid Leigeforholdet løper frå (dato, år og kl) til
. Montering kan etter avtale starte dagen før dersom lokala er ledig. Leigeforholdet opphørar så utan oppsigelse.
Demontering av utstillinga må være utført innan kl.12.00 dagen etter at leigeforholdet er opphørt. Da skal og nøklar leverast tilbake til Vognhallen.
6. Oppseiing Dersom leigetaker seier opp leigeforhalde vil følgjande prisar gjelder:
1. Oppseiing meir enn 2 veker før avtalt leigetid: Kr. 0. Depositum på kr. 1000,- vil da bli refundert.
2. Oppseiing frå 1 til 2 veker før avtalt leigetid: 50% av total leigesum vil bli fakturert
3. Oppseiing mindre enn 1 veke før avtalt leigetid: 100% av total leigesum vil bli fakturert.
6. Leietakars pliktar:
a) Leigetakar pliktar å vise aktsomheit for lokale samt eigendommen forøvrig
b) Leigetakar skal sjølv syte for bemanning av utstillinga og alltid ha ein eller fleire personar til stades i opningstida.
c) Leigetakar er sjølv ansvarleg for marknadsføring av sin utstilling
d) Leigetakar skal sjølv syte for innbetaling av 5% til kunstnarens hjelpefond i høve til gjeldane lov
e) Alt sal av kunst skal registrerast i Vognhallen sin salsbok. Kunsten må ha same pris på utstillinga i Vognhallen som på andre utsalgssteder.
f) Leigetakar plikter å erstatte skade på inventar og / eller utstyr som følgjer med leigeforholdet. Erstatningsbeløpet skal tilsvara kjøp av nytt inventar og / eller utstyr.
g) Leigetakar plikter å ikkje overdra leigeavtalen til 3 part.
h) Leigetakar plikter å levere tilbake det nøkkelsett som blir utlevert ved inngåing av denne avtalen. Dersom noe i nøkkelsett manglar / ikkje stemmer ved leigeforholdets slutt, kan utleigar rette eit krav til leigetakar om økonomisk kompensasjon som til dømes skifte av lås.
i) Leigetakar plikter å reingjøre lokala etter bruk dersom det ikkje føreligg anna avtale.
7. Bistand frå Os Kulturutvikling
a) All ønske om bistand frå Os Kulturutvikling må avtalast på førehand. Dette kan til dømes være kontakt mot lokalpressa for
omtale av utstillinga. Leietakar må i såfall syte for å gje Vognhallen naudsynt informasjon om utstillinga samt legge ved egen CV.
b) Det kan komme tilleggskostnad avhengig av type bistand som til dømes reingjøring av lokale.
c) Evt tilleggskostnad vil bli fakturert saman med lokalleige og provisjon frå kunstsal
8. Opningstider Opningstider må tilpassast anna aktivitet i lokale. Opningstider er avtalt som følger:
Man-tors: Fredag: Laurdag: Søndag: