Selskapsavtale for
Selskapsavtale for
Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS
§ 1 Namn
Namnet til selskapet er Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM). Selskapet er eit interkommunalt selskap.
§ 2 Deltakarar
Deltakarar i selskapet er kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Andre kommunar kan søkja om å verta deltakar.
§ 3 Hovudkontor
Hovudkontoret til selskapet er i Stord kommune.
§ 4 Føremål
Føremålet med selskapet er :
1. Innsamling og transport av alle avfallstypar etter nærare avtale med kommunane
2. Bygging og drift av behandlingsanlegg for avfall.
3. Selskapet skal der dette er naturleg, søkja å etablera samarbeid med andre kommunar, regionar og selskap med tanke på å få til rasjonelle og miljøretta løysingar når det gjeld gjenvinning.
4. Å bidra til miljøtiltak i eigarkommunane.
5. Selskapet har ikkje erverv til føremål.
§ 5 Selskapets oppgåver
1. Selskapet skal byggja og driva innsamlingssystem, mottak, gjenvinningsanlegg, mellomlagring og vidaresending av spesialavfall og avfall som kan gjenvinnast, resirkulerast eller må sendast vidare for destruksjon eller gjenvinning.
2. Selskapet skal leggja særleg vekt på miljøvenleg drift av alle ledd i avfallshandsaminga.
3. Selskapet skal i nært samarbeid med kommunane informera publikum og næringsdrivande om drifta i selskapet.
4. Selskapet skal i informasjonsarbeidet leggja vekt på å gje auka kunnskap og forståing for miljøvenlege avfallshandsamingsmetodar.
§ 6 | Eigardel og deltakaransvar | |
6.1 Eigardelane er fordelte slik: Kommune Kapital | Eigardel i % | |
Austevoll 14 850 | 8,58 | |
Bømlo 32 092 | 18,55 | |
Fitjar 10 260 | 5,93 | |
Kvinnherad 43 000 | 24,85 | |
Stord 48 014 | 27,75 | |
Sveio 15 180 | 8,77 | |
Tysnes 9 634 | 5,57 | |
Sum 173 030 | 100,00 |
6.2 Deltakarane svarar fullt og heilt for pliktene til selskapet. Kvar eigarkommune svarar for ein prosentdel som til svarar folketalet i kommunen 1.1. det året det er kommuneval.
1.1.2019 var folketal og deltakaransvar fordelt slik:
Kommune | Folketal | Deltakaransvar i % |
Austevoll | 5 212 | 8,58 |
Bømlo | 11 960 | 19,68 |
Fitjar | 3 201 | 5,27 |
Kvinnherad | 13 137 | 21,62 |
Stord | 18 699 | 30,77 |
Sveio | 5 721 | 9,41 |
Tysnes | 2 846 | 4,68 |
Sum | 60 776 | 100,00 |
§ 7 Representantskapet
7.1 Fordelinga av medlemer i representantskapet skal spegla folketalet i eigarkommunane. Kvar kommune skal ha 1 representant for kvar 3 000 ibuar, men minst 2. Ein får såleis følgjande medlemstal:
Folketal | Medlemer |
0 - 3000 | 2 |
3001 - 6000 | 2 |
6001 - 9000 | 3 |
9001 - 12000 | 4 |
12001 - 15000 | 5 |
15001 - 18000 | 6 |
Medlemer i representantskapet 1.1.2019:
Kommune | Medlemer |
Austevoll | 2 |
Bømlo | 4 |
Fitjar | 2 |
Kvinnherad | 5 |
Stord | 6 |
Sveio | 2 |
Tysnes | 2 |
Sum | 23 |
7.2. Medlemene i representantskapet med personlege varamedlemer vert valde av kommunestyra i eigarkommunane for 4 år og i samsvar med den kommunale valperioden.
7.3 Dersom det viser seg at ein eigarkommune som følgje av folketalsauke/-nedgang har rett på fleire/færre medlemer i representantskapet, skal justeringa skje på følgjande måte: Utgangspunktet er folketalet 1.1. det året det er kommuneval. Det nye talet på medlemer i representantskapet gjeld frå dagen etter kommunevalet.
7.4 Representantskapet kjem saman før utgangen av juni månad.
7.5 Leiaren for representantskapet kallar inn til møte når det er naudsynt for handsaming av ei særskild sak etter lova eller selskapsavtalen. Leiaren for representantskapet pliktar å kalla inn til møte når styret, revisor, minst ein av eigarkommunane, eller minst ein tredel av representantskapet sine medlemer krev det for handsaming av ei særskild sak.
Om ikkje representantskapet for den enkelte saka avgjer noko anna, har styreleiar, styremedlemer og dagleg leiar rett til å delta i representantskapet sine møte. Dei har talerett, men ikkje røysterett. Styreleiar og dagleg leiar har plikt til å vera til stades, med mindre det er openbert unødvendig eller det ligg føre gyldig forfall. I sistnemnde tilfelle skal det utpeikast ein erstattar.
7.6 Representantskapet er vedtaksført når meir enn halvparten av medlemene er til stades og desse representerer minst to tredelar av røystene.
Vedtak vert gjort med vanleg fleirtal av dei gjevne røystene, bortsett frå endringar i selskapsavtalen, som krev 2/3 fleirtal. Ved likt røystetal gjeld det som møteleiaren røystar for.
Representantskapet sin leiar er møteleiar.
Ved spørsmål om habilitet gjeld kommunelova § 40 nr. 3.
7.7 Innkalling til representantskapsmøte skal skje med minst 4 vekers varsel. Innkallinga skal innehalda sakliste. Dei enkelte deltakarane skal med same frist varslast om innkallinga og sakslista.
Det skal førast protokoll for møta. Protokollen skal underskrivast av leiaren og to av dei andre medlemene. Medlemene i styret og dagleg leiar har rett til å få sitt syn på ei gitt sak innført i protokollen.
§ 8 Årsmøtet
I årsmøtet skal representantskapet handsama desse sakene:
• Skriftleg årsmelding frå styret.
• Revidert årsrekneskap frå styret.
• Styret sitt framlegg til budsjett for neste driftsår og økonomiplan.
• Framlegg frå styret til endringar i gebyrregulativet.
• Fullmakter til styret.
• Val av leiar/nestleiar i representantskapet (annakvart år).
• Val av styremedlemer og varamedlemer til styret.
• Val av leiar og nestleiar i styret.
• Val av revisor og fastsetjing av godtgjersle for revisjon.
• Fastsetjing av styregodtgjersle.
Dessutan skal representantskapet handsama:
• Framlegg frå styret om opptak av lån og pantsetjing av selskapet sin eigedom.
• Framlegg om endring av selskapsavtalen.
• Andre saker som styret vil ha handsama i representantskapet.
Vedtak i representantskapet må godkjennast av kommunane dersom dette vert kravd etter kommunelova eller andre lover.
Budsjett og rekneskap skal sendast medlemskommunane som melding.
§ 9 Styret
9.1. Xxxxxx skal ha 1 medlem per eigarkommune. Styremedlemene skal ha personleg varamedlemer. Styremedlemene og varamedlemene blir valde for 2 år om gongen, og på ein slik måte at halvparten står på val kvart år.
Styremedlemene og varamedlemene skal veljast av representantskapet. I tillegg skal det veljast 1 styremedlem med vara av og frå dei tilsette.
9.2 Leiaren av styret kallar inn til møte når han finn det naudsynt, eller når minst 2 medlemer i styret ber om det. Innkalling til møte skal skje med minst 5 dagars
varsel. Innkallinga skal innehalda saksliste og eventuelle saksdokument. Det skal førast møteprotokoll.
9.3 Selskapet sin daglege leiar har tale- og forslagsrett, men ikkje røysterett. Styret er vedtaksført når meir enn halvparten av medlemene er til stades. Vedtaka vert gjorde med vanleg fleirtal av dei gjevne røystene. For at eit vedtak skal kunna fattast gyldig, må framlegget ha fått tilslutning frå meir enn ein tredel av alle styremedlemene. Ved likt røystetal gjeld det som møteleiaren røystar for.
Ved spørsmål om habilitet gjeld kommunelova § 40 nr. 3.
9.4 Styret skal ha det mynde og ansvar som det vert gjeve av representantskapet for å leia selskapet si verksemd. Styret kan tilsetja og seia opp driftspersonell. For den daglege drifta kan styret gje prokura til styreleiar eller dagleg leiar. Styret gjev innstilling i saker som skal føreleggjast representantskapet.
§ 10 Valnemnd
1 representantskapsmedlem frå kvar av tre medlemskommunar er valnemnd i selskapet. Valnemnda sine oppgåver er:
• å foreslå kandidatar til leiar og nestleiar i representantskap og styre
• å foreslå styrekandidatar som har den kompetansen som trengs for at styret kan utføra sine oppgåver
• å sjå til at val i selskapet tilfredsstiller lova når det gjeld kjønnsrepresentasjon.
Medlemene i nemnda skal bytast ut skiftevis ein og to kvart år, i alfabetisk rekkjefylgje etter kommunenamna. I 1995 har valnemnda medlemer frå Austevoll, Bømlo og Fitjar, der medlemen frå Austevoll sit i eitt år og dei andre to år. Seinare er alle medlemene i valnemnda valde for to år.
§ 11 Dagleg leiar
Selskapet skal ha ein dagleg leiar som vert tilsett av styret. Dagleg leiar skal stå for den daglege leiinga av selskapet og følgja dei retningsliner og pålegg som styret har gjeve.
Den daglege leiinga omfattar ikkje saker som etter tilhøva til selskapet er av uvanlig art eller særs viktige. Slike saker kan den daglege leiaren berre avgjera når styret har gjeve dagleg leiar mynde til det, eller når ein ikkje kan venta på avgjerd i styret utan vesentleg ulempe for verksemda til selskapet. Styret skal i så fall snarast orienterast om saka.
§ 12 Representasjon – signatur
Styret representerer selskapet utetter og teiknar selskapets firma. Xxxxxx kan gje styremedlem eller dagleg leiar rett til å teikna selskapets firma og kan avgjera at dei som har slik rett må utøva han i fellesskap.
Dagleg leiar representer selskapet utetter i saker som fell inn under den daglege leiinga av selskapet.
§ 13 Innskotsplikt
Selskapet hadde ved stiftinga ein interessekapital på kr. 100 000.
Kommunane Bømlo, Fitjar, Stord og Tysnes, som vart medlem i selskapet 2. mai 1990, betalte inn sin del av interessekapitalen i høve til folketalet 1.1.1989:
Bømlo kr. 32 092
Fitjar kr. 10 260
Stord kr. 48 014
Tysnes kr. 9 634
Kommunane Austevoll, Kvinnherad og Sveio, som vart medlem i selskapet 1. januar 1993, betalte inn totalt kr. 73 030 fordelt på følgjande måte:
Austevoll kr. 14 850
Kvinnherad kr. 43 000
Sveio kr. 15 180
§ 14 Låneopptak mv.
Selskapet kan ta opp lån med inntil kr. 100 000 000. Låneopptak må godkjennast av Fylkesmannen.
§ 15 Utgifter
Utgifter som selskapet har skal dekkast av inntekter selskapet har.
§ 16 Inntekter
Representantskapet fastset gebyr som eigarkommunane skal betala til selskapet. Kommunen fastset renovasjonsgebyr og slamtømmegebyr.
Styret fastset betalingssatsar for avfall som vert levert direkte til miljøsentral eller behandlingsanlegg av privatperson, verksemd, institusjon osb., og for tenester som selskapet sel. Betaling skal skje direkte til selskapet av kunde.
§ 17 Utbytte
Selskapet har ikkje høve til å betala utbytte til eigarane.
§ 18 Rett til å tre ut
Kvar eigarkommune kan seia opp medlemskapen i selskapet. Oppseiing skal meldast skriftleg til representantskapet på årsmøtet. Avslutting av medlemskapen kan tidlegast skje 2 år etter det følgjande årsskiftet.
Det skal betalast utløysingssum til den kommunen som melder seg ut. Summen tilsvarar nettoverdien av andelen til kommunen den dato medlemskapen er avslutta.
Utløysingssummen skal utbetalast straks, men kan ikkje overstiga verdien av kommunen sine innskot.
Det vert vist til lov om interkommunale selskap av 29. januar 1999 nr. 6 §30.
§ 19 Oppløysing
Oppløysing av selskapet kan berre skje dersom kommunestyra i alle eigarkommunane har gjort prinsippvedtak om dette. Når det er avgjort at selskapet skal oppløysast, og oppløysinga er godkjent av departementet, skal representantskapet straks nemna opp eit avviklingsstyre. Styret i selskapet trer ut av funksjon så snart avviklingsstyret er valt.
Kvar eigarkommune er ved oppløysinga av selskapet ansvarleg for sin del av pliktene. Det vert vist til lov om interkommunale selskap av 29. januar 1999 nr. 6 §§ 32 flg.
§ 20 Ankenemnd
Selskapet skal ha ei nemnd som behandlar klager på enkeltvedtak selskapet har gjort. Kvar kommune som selskapet har forvaltning for skal peika ut 1 medlem til nemnda.
§ 21 Endringar i selskaps
Følgjande paragrafar i selskapsavtalen kan berre endrast etter at endringsforslaga er vedtekne i alle eigarkommunane: §1, §2, §3, §4,§6, §7.1 og § 9.1, første ledd. Resten av paragrafane kan endrast av representantskapet.
§ 22 Tvist
Tvist om tolking av selskapsavtalen vert avgjort med bindande verknad ved skilsdom (voldgift) etter reglane i tvistemålslova.
Revisjonsdata:
Endra i Representantskapsmøtet den 30. april 1999.
Endringa godkjend i eigarkommunane den 22. november 1999. Selskapsavtalen er tilpassa lov om interkommunale selskap den 9. mai 2003. Endra i eigarkommunane per 15. mai 2017.
Endra i eigarkommunane 26. april 2018.
Endra i eigarkommunane per 17.2 2022.