Contract
Wattn inngår samarbeidsavtale med den nasjonale elektrikarkjeda Elfag, for installasjon av elbil- ladarar og smarte straumløysingar til heimen.
Det nye straumselskapet Wattn utvidar med nye tenester, og tilbyr ein svært prisgunstig pakkeløysing på installasjon av den marknadsleiande elbil-ladaren Zaptec. Avtalen med Elfag gir tilgang på over 2200 elektrikarar, og Wattn kan dermed tilby installasjon av Zaptec Go til nye og eksisterande kundar i heile Noreg.
- Det er veldig kjekt å kunne utvide tilbodet vårt både lokalt og nasjonalt. Vi er inne i ein elbilrevolusjon, og vi ser at det er viktig for kundane våre å få ein sytalaus installasjon av elbil- ladar, utan at overraskande kostnadar for elektrikar kjem i tillegg. Vi teikna avtale med Zaptec allereie i haust, og no kan vi tilby ein ferdig forhandla pris som inkluderer installasjon, seier leiar for produkt og tenesteutvikling i Wattn, Xxxxxxxxx Xxxxxx
Smart teknologi gir smart straumforbruk
Ladaren støttar smart lading-konseptet frå Wattn, og vil derfor alltid lade bilen når straumen er billegast. Smarte Zaptec Go vert kopla opp via internett, og veit marknadsprisen i området ditt til ei kvar tid. Du vel når bilen skal vere ferdiglada kvar morgon, så ordnar ladaren resten. Smart lading- konseptet til Wattn har hatt stor suksess sidan lansering. Her koplar ein seg direkte til elbilen også, og kan lese av batteristatus og optimalisere ladinga basert på resterande ladetid på bilen.
- «Kor mykje du sparar er avhengig av kvar i landet du bur, men tala våre viser at enkelte kundar har spart nesten 200 kr på ei lading aleine. Dette kan bli mange sparte kroner over
tid», seier Xxxxxxxxx Xxxxxx.
Ladepark og smart straumstyring
I tillegg vil Wattn sine elektrikarar gjennom Elfag-kjeda kunne bistå med endå fleire smarte tenester. Avtalen med Elfag omfattar også prosjektering av større ladeanlegg for bedrifter, sameige og burettslag. Avtalen har også ein opsjon på installasjon av smart styring i heimen, som eksempelvis termostatar til golvvarme, varmtvasstankar, varmepumper og andre smarte styringsprodukt til heimen.
- «Vi er veldig godt fornøgde med avtalen vi har inngått med Wattn, og den har blitt svært godt mottatt av alle medlemmane våre. Vi har god erfaring med installasjon av ladarar, og dei dyktige elektrikarane våre er langt framme på smart teknologi. Vi synes også at den berekraftige strategien til Wattn, med tanke på smart straumforbruk, passar veldig bra til Elfag sin profil. Vi kan også kome med tips til andre straumsparande tiltak når vi først er ute hos
kunden.», seier xxxxxxxxxxxxx Xxxx Xxxxxxx.
Enova-støtte
Elbil-ladaren frå Zaptec er godkjend som ein smart styringseining, og du kan ha krav på støtte frå Enova om den er montert av ein sertifisert elektrikar. Ved styring av minimum to energikrevjande installasjonar som følger marknadsprisen, der forbruket kan flyttast, kan Enova gi inntil 10 000 kroner i støtte. Ved montering av ein smart varmtvasstank, kan du også ha rett på inntil 5000 kroner i støtte. Støtteordninga legg til rette for at fleire kan jamne ut straumforbruket sitt, og unngå unødig belastning av straumnettet.
- «Vi i Wattn har eit stort fokus på smart, berekraftig forbruk, og gjennom denne avtalen med Elfag ser vi fram til at vi kan gi kundane våre kvalitetsleveransar med smart teknologi. Vi håpar at kundane våre skal bli meir bevisste over eige straumforbruk, og forstå korleis dei kan gjere verdifulle og straumsparande tiltak i ei tid med store variasjonar i
straumprisen», avsluttar Xxxxxx.
Vedlegg:
Om Wattn
Wattn er eit nytt og spennande straumselskap med framtidsretta produkt og tenester som fokuserer på smart teknologi og berekraft. Gjennom gode løysingar ønsker vi å gi kundane betre innsikt og kontroll over kostnadar og forbruk. Wattn har over 50 tilsette fordelt på kontor i Ålesund, Sandane, Førde, Florø, Ørsta, Stryn, Vik i Sogn og Kvinnherad, og vil fortsette med å vere like lokale som tidlegare, berre med eit endå større kompetanseteam.
Wattn er eigd av TAFJORD (36,7 %), SFE (26,5 %), Tussa (21,9 %) og Sognekraft (14,9 %). Det er selskapa som driv med rådgjeving og sal av straum i dei konserna som har slått seg saman.
Dei resterande selskapa i dei fire konserna er ikkje omfatta av samarbeidet og vil halde fram som før.
Om Elfag
Elektrikarkjeda Elfag har 110 medlemsbedrifter over heile landet, består av over 2200 elektrikarar og er ei av Noreg sine mest kjende elektrikarkjeder. Elfag sine elektrikarar ønsker alltid å finne dei beste løysningane for kundane, og har stoltheit i å opptre påliteleg og ryddig. Elfag-elektrikaren garanterer kvaliteten på arbeidet sitt, materiale og utstyr i 5 år.
Elfag ble oppretta i 1995 og er eigd av elektrogrossisten Onninen.
Om Xxxxx sine støtteordningar:
xxxxx://xxx.xxxxx.xx/xxxxxx/xxxx-xxxxxxxxxxxx/xxxxx-xxxxxxxxxxxx/ xxxxx://xxx.xxxxx.xx/xxxxxx/xxxx-xxxxxxxxxxxx/xxxxx-xxxxxxxxxxxxxxxxx/
Kontaktinformasjon:
Xxxxxxxxx Xxxxxx, Leiar for produkt- og tenesteutvikling, Wattn AS Telefon: 000 00 000
Epost: xxxxxxxxx.xxxxxx@xxxxx.xx
Xxxx Xxxxxxx Kjededirektør Elfag Telefon: 000 00 000