UTBYGGINGSAVTALE
UTBYGGINGSAVTALE
mellom Ål kommune og grunneigarane/utbyggjarane innanfor Detaljreguleringsplan for ‘H3 Rosengardshovda sør.
Avtala gjeld gjennomføring av følgjande plan:
Detaljreguleringsplan for ‘H3 Rosengardshovda sør’, planid 2021001 vedteke k-sak …/….. den ………………
Avtala er i samsvar med kapittel 17 i plan- og bygningslova jf. Ål kommunestyre sak 82/12, vedteke 20.12.2012 og k-sak 37/11 vedteke den 15.6.2011.
Utbyggjar av Reguleringsplan for H3 Rosengardshovda sør, må dekke alle interne kostnader som følgje av utbygging av Detaljreguleringsplanen for H3.
Eksterne kostnadar og utbyggjars ansvar er spesifisert i tabellen under.
Bidrag frå utbyggjar til eksterne kostnader skal stå i høve til storleik på utbygginga jf. kapittel 17 i plan- og bygningslova: ”Kostnadene som betales av utbygger eller grunneier til tiltaket må stå i forhold til den belastning den aktuelle utbygging påfører kommunen.”
Samandrag av anlegg/tiltak med kostnadsdeling mellom Ål kommune og utbyggjar:
Anlegg/tiltak | Dimensjonering og kostnad for utbyggjar |
Renovasjonsplass | Utbyggjar betaler kr 2000 pr. godkjent tomt. Ål kommune ordnar med utviding av plassen, grunnkjøp, oppmåling og nedsetting av Molok (nedgrave avfallskonteinerar) |
Avlaupsledning frå felta til eksisterande kommunalt avlaupsnett | Etter kommunal standard. Utbyggjar dekker 100% av kostnaden. Kommunen tek over hovudledningsnettet kostnadsfritt og står for drifta av det. Det kan gjerast avtale om justeringsrett slik at utbyggjar får att mva i ettertid fordelt over 10 år. |
Oppgradering av delstrekning på om lag 250 m som pr i dag har 110 mm avløpsleidning | Utbyggjar dekker 100% av kostnaden. |
Anleggstilskot for oppgradering/utviding av Ål renseanlegg | Det skal betalast inn anleggstilskot kr 25 000 pr eining. Tomteselgjar skal betala inn 12 anleggstilskot innan 1 mnd etter signering av denne avtala og sidan anleggstilskotet x 2 i det skøyte på ny eigar føreligg eller det er gitt byggeløyve på tomta/tomtene. (Det som skjer fyrst av skøyte eller byggeløyve, utløyser betalingskravet.) På dette viset vil utbyggar ved sal av 50% av dei tomtene han eig, ha betalt inn 100% av anleggstilskotet. Tilkoplingsavgift vert betalt av tomteeigaren når hytta vert |
kopla til avlaupsanlegget, jf. kommunens reglar for innbetaling av tilkoplingsavgift. | |
Vassforsyning | Utbyggjar kostar utbygging av vassforsyning etter gjeldande Va-norm. Kommunen tek etter nærmare avtale over og driftar vassverket/a. Det kan gjerast avtale om justeringsrett slik at utbyggjar får att mva i ettertid fordelt over 10 år. |
Veg | Vegar og parkeringsplassar innan reguleringsfelta/utbyggingsområda vert opparbeidd og kosta av utbyggjarar i samsvar med den standard som følgjer av reguleringsplan/byggeløyve. Utbyggjar opparbeider og kostar naudsynt vegtilknyting frå feltet og fram til eksisterande vegnett, anten dette er privat eller offentleg veg. Utbyggjarane har ansvar for å erverve naudsynt grunn og rettar for vegframføring og tilslutning til eksisterande vegnett. Før utbygging startar skal grunneigarane ha sytt for avtale med private vegstyre om utbyggingsområdets del i drift og vedlikehald av eksisterande private vegar som utbyggingsfeltet vert tilslutta. |
Stigar og løyper | Utbyggjar sørger for og kostar omlegging av skiløype og bygger og betalar planfri kryssing mellom skiløype og tilkomstveg. Ål kommune tilrår utbyggjar å utarbeide avtale med kjøparar av hyttene slik at kjøpar pliktar å betale årleg tilskot til stig- og løypenemnd. |
Brannvatn og evt flaum og skredsikring | Utbyggjar tek kostnadene med å etablere eventuelle interne tiltak, som t.d. brannvatn, flaum- og skredsikring m.m. |
Følgjande kommunale dokument legg føringar for utbyggingsavtala:
Vedtekne reguleringsplanar i området, gjeldande kommuneplan for Ål, kommunedelplan for Sundre, kommunedelplan for Primhovda, gjeldande økonomiplan, gjeldande hovudplan for vatn, plan for vassmiljø og hovudplan for avlaup, reglement for sanitæranlegg i Ål kommune, avfallsforskrifta for Ål kommune, VA norm for Ål kommune og gjeldande rehabiliteringsplan leidningsnett vatn/avlaup, vedtekne retningsliner for bruk av utbyggingsavtaler i Ål kommune og saksutgreiing til kommunestyresak om reviderte prinsipp for bruk av utbyggingsavtaler.
Tvist
Vedtak om utbyggingsavtale etter kapittel 17 i plan- og bygningslova kan ikkje påklagast. Ei kvar tvist mellom partane med utgangspunkt i denne avtala skal søkast løyst gjennom forhandlingar. Viss partane ikkje vert samde, blir tvisten avgjort ved vanleg domstolhandsaming ved den lokale tingretten.
Denne avtala ligg føre i to likelydande eksemplar, ei til kvar av partane.
Ål, den
Ål, den
for Ål kommune for utbyggjar (ane)