Avtale om utlån av gratis lærebøker
Avtale om utlån av gratis lærebøker
Alle elevar i vidaregåande skule har krav på gratis lærebøker. På Bryne vidaregåande skule må eleven/føresette skrive under på avtalen for å få utlevert lærebøker.
Når skuleåret er slutt, må lærebøkene leverast inn. Dersom bøkene ikkje blir levert innan fristen, vil det bli sendt ut ein faktura på det aktuelle beløpet. Faktura vert ikkje trekt tilbake dersom lærebøkene blir leverte etter fristen. I dei tilfella der faktura ikkje blir betalt, vil kravet gå til inkasso.
Lærebøkene er skulen sin eigedom og skal leverast tilbake ved slutten skuleåret eller ved avbroten skulegang. Det skal ikkje vera notater eller understrekingar i bøkene. Bøkene skal ikkje mangle strekkode, sider, vera fuktskada eller på annan måte ha meir enn normal slitasje.
For å unngå unødig slitasje på bøkene, og at du blander bøker med andre i klassen, vil det vera lurt å bruka bokbind og skrive namn i lærebøkene.
Siste frist for innlevering av lærebøker er siste skuledag før sommarferien dette skuleåret.
Krav om erstatning
Dersom lærebøkene ikkje blir levert innan avtalt tid, vil det bli sendt ut erstatningskrav pålydande utsalspris for lærebøkene. Dersom fakturaen ikkje blir betalt, vil saka gå vidare til inkasso. Ved brot eller bytte av utdanningsprogram skal lærebøkene leverast inn med ein gong.
Eg har lese «Avtale om utlån av gratis lærebøker».
Eg forstår at brot på desse reglane vil påføre meg erstatningskrav slik det står ovanfor. Ansvaret gjeld tilsvarande for føresette til umyndige elevar etter underskrift.
Dersom eg er under 18 år, skriv ein av mine føresette under.
Namn på elev: Klasse:
Stad:……………………………………….Dato Stad:………………………………..........Dato:……......
………………………………………………………………………… ……………………………………………………………………..
Eleven si underskrift Føresette sin signatur