HUSLEIGEKONTRAKT
HUSLEIGEKONTRAKT
Det vert inngått leigeavtale mellom utleigar Fedje kommune og leigetakar
……………….om leige av bustad … Husleigeavtalen gjeld frå …...
Leigevilkår:
Husleigelova av 26. mars 1999 regulerer nærmare utleigar og leigetakar sine rettar og plikter. Det er viktig at begge partar rettar seg etter minimumskrava i Husleigelova.
Viser spesielt til punktet som omhandlar oppseiing av leigeforhold - § 9 – 6 som inneber gjensidig oppseiingsfrist på tre månader.
Utleiar plikter å sørgje for at bustaden til ein kvar tid er i ordentlig stand. Utleiar har fullt vedlikehaldsansvar for uteareal.
Leigetaker plikter å halde bustaden i den stand den var i ved overtagelsen, med unntak av valeg slitasje. Leigetaker plikter å melde frå om skader og manglar på bustaden som må utbetres.
Legetaker har ikkje adgang til å framleie eller på annan måte overlate sin bruksrett til andre uten skriftlig samtykke frå utleigar.
Husleige m. m.
Husleiga er f. t. kr pr. månad. I husleiga er inkludert alle kommunale avgifter –
slik som renovasjon, vass – og kloakkavgifter. Straum og brensel kjem i tillegg til husleiga.
Obs! Pleie- og omsorgstenester ( som heimehjelp, heimesjukepleie, tryggleiksalarm o. a.) må ein søkje om, som om ein budde heime.
Husleiga er gjenstand for årleg regulering Alle reguleringar gjeld pr. 1. mai.
Evt. avtalebrot frå leigetakar
Vert leige og/eller tilleggsytingar ikkje betalt innan 14 dagar etter at leigetakaren har motteke skriftleg påkrav som er sendt på eller etter forfallsdagen, eller flyttar han ikkje når leigetida er ute, vedtek leigetakaren for seg og si verksemd utkasting utan søksmål og dom iht. tvangsfullbyrdingslova §13-2.
Leigetakaren kan ikkje sette fram motkrav til utleigar, eller utøve tilbakehaldsrett som tryggleik for krav mot utleigar, med mindre motkravet er erkjent av utleigaren eller rettskraftig avgjort ved dom eller forlik etc.
Gjer leigetakaren elles noko vesentleg brot på leigeavtalen, kan utleigaren sjølv om leigeavtalen er avtala for ei viss tid, med umiddelbar verknad heve avtalen, og leigetakar pliktar då å flytte ut av lokala.
Ein leigetakar som flyttar etter utkasting eller etter krav frå utleigar pga. mislighald, pliktar å betale leige for den tida som er att av leigetida, med frådrag av det som utleigar får inn ved ny utleige. Leigetakaren må og betale dei omkostningar som utkasting, søksmål og ryddegodtgjersle i tilfelle medfører.
Leigetakar godkjenner husleigekontrakten slik han ligg føre. Leigetakar : Utleigar :
Fedje kommune v/