Utarbeiding av kommunedelplan for fjordkryssinga Sande Fastlandssamband – kommunane Sande og Vanylven Konkurransegrunnlag - Invitasjon til å gje tilbod på planleggingsarbeidet
Utarbeiding av kommunedelplan for fjordkryssinga
Sande Fastlandssamband – kommunane Sande og Vanylven
Konkurransegrunnlag -
Invitasjon til å gje tilbod på planleggingsarbeidet
INNHALDSLISTE
A Konkurranseinnbyding
B Orientering om prosjektet og leveransen
C Konkurransereglar
D Kvalifikasjonskrav
E Tildelingskriteria
F Kontraktreglar
G Innhald i tilbodsdokument
H Vedlegg
A KONKURRANSEINNBYDING
A.1 Oppdragsgjevar
Kommunane Sande og Vanylven inviterer med dette til open konkurranse i samband med rådgjevartenester knytt til utarbeiding av kommunedelplan og konsekvensutgreiing for fjordkryssing av Sandsfjorden, mellom Kvamsøy og Voksa i Sande kommune og Åram i Vanylven kommune.
Namnet til prosjektet: ”Sande Fastlandssamband”
Kontaktperson: |
Xxxxxxxx Xxxxxxxxx |
Postadresse: |
Rådhuset,0000 Xxxxxxx |
Besøksadresse: |
Rådhuset, Larsnes |
E-post |
xx@xxxxx-xx.xxxxxxx.xx |
Telefon: |
00000000 |
|
|
Kontaktperson: |
Xxxxx Xxxxxxx |
Postadresse: |
Rådhuset, 0000 Xxxxx |
Besøksadresse: |
Rådhuset; Fiskå |
E-post |
xxxxx.xxxxxxx@xxxxxxxx.xxxxxxx.xx |
Telefon: |
00000000 |
Eventuelle spørsmål kan rettast til kontaktpersonane pr e- post.
A.2 Bakgrunn for utlysinga
Bakgrunnen for dette planarbeidet er fylkesvegsprosjektet Sande Fastlandssamband mellom Kvamsøy, Voksa og Åram. Kommunedelplanen for fjordkryssing Sande Fastlandssamband skal avklare trasé for prosjektet.
Kommunane Sande og Vanylven skal no starte arbeidet med kommunedelplan for fjordkryssing av Sandsfjorden mellom Kvamsøy, Voksa og Åram. Kommunedelplanen for vegsambandet utløyser krav om konsekvensutgreiing etter reglane i forskrift om konsekvensutgreiing, tilhøyrande plan- og bygningslova. I samsvar med § 6 i forskrifta er det utarbeidd planprogram for planarbeidet. Vedlagde planprogram, revidert etter politisk handsaming i kommunane, skal leggjast til grunn ved utarbeiding av planframlegg med tilhøyrande konsekvensutgreiing.
Denne konkurranseinnbydinga omhandlar rådgjevartenester knytt til utarbeiding av konsekvensutgreiing og kommunedelplan for Sande Fastlandssamband mellom Kvamsøy, Voksa og Åram, jamfør kapittel B.
Innkjøpet er omfatta av Lov om offentlige anskaffelser 30.juni 2006 nr. 41 (LOA) og forskrift om offentlige anskaffelser (FOA) av 3. september. 2010 nr. 1236 del II.
Konkurransen skal gjennomførast som open anbodskonkurranse
Alle tilbod - i papirform og på minnepinne skal i korrekt utfylt stand leverast/sendast til:
Sande kommune v/Xxxxxxxx Xxxxxxxxx
Rådhuset,
6084 Larsnes
Komplette tilbod skal vere levert/innkome og registrert på rådhuset i Sande kommune seinast 16.09.2013 kl. 12.00. Dette gjeld også for tilbod som er sendt pr. post. For seint innleverte tilbod vil bli avviste.
Tilbodet med naudsynte dokument skal sendast eller leverast i lukka konvolutt merka:
«Kommunedelplan Sande Fastlandssamband.»
A.3 Omfang
Utarbeiding av komplett kommunedelplan med konsekvensutgreiing for fjordkryssing Sande Fastlandssamband – kommunane Sande og Vanylven. Arbeid fram til første gongs politisk handsaming om utlegging til offentleg ettersyn, samt deltaking på to folkemøte i samband med offentleg ettersyn, skal gjevast som fastpris.
Prosjektleiing av oppdraget, dvs m.a. koordinere arbeidet, følgje opp avtalt framdriftsplan, samt køyre naudsynte prosessar for kommunane med utarbeiding av saksframlegg osv, skal gjevast som fastpris.
For nærare skildring av omfang, sjå kapittel B i dette konkurransegrunnlaget.
A.4 Kontraktvilkår
Avtaleforholdet skal regulerast etter NS 8401.
A.5 Kunngjering
Konkurransen er kunngjort i DOFFIN-databasen – Sjå xxx.xxxxxx.xx
A.6 Tilleggsopplysningar
Tilbydar skal gjere oppdragsgjevar oppmerksam på eventuelle forhold som ikkje er teke med i dette konkurransegrunnlaget, når dette kan ha innverknad på den praktiske gjennomføringa av avtalen. Oppdragsgjevar er ikkje forplikta til å godta noko tilbod dersom ingen av dei innkomne tilboda blir sett på som rimelege.
A.7 Rettingar, suppleringar eller endring av konkurransegrunnlaget
Oppdragsgjevar tek atterhald om å kunne rette, supplere og endre konkurransegrunnlaget innan tilbodsfristen, iht. FOA § 8-2.
Dersom oppdragsgjevar retter, supplerer eller endrar konkurransegrunnlaget, skal rettingane, suppleringane og endringane sendast alle som har motteke konkurransegrunnlaget gjennom meldingssystemet i Doffin.
Alle spørsmål frå tilbydarane innan fastsett frist, vil bli svart på og lagt ut i DOFFIN
A.8 Framdriftsplan for konkurransen
Aktivitet |
Tidspunkt |
Kunngjering i DOFFIN |
23.08.2013 |
Frist for spørsmål |
09.09.2013 |
Frist for å levere tilbod |
16.09.2013 kl 1200 |
Lukka tilbodsopning |
16.09 2013 kl 1300 |
Evaluering |
veke 38/39 |
Val av leverandør og melding til tilbydar |
veke 41. Atterhald om godkjenning av kommunen |
Klagefrist tilbydar |
10 dagar etter val av leverandør og melding til tilbydarar er gjort. |
Kontraktsinngåing |
Seinast veke 45, med atterhald om at det ikkje vert klage på val av leverandør. |
Vedståingsfrist |
Leverandøren må vedstå seg sitt tilbod tre månader etter innleveringsfristen. |
ORIENTERING OM PROSJEKTET OG LEVERANSEN
B.1 Generelt om prosjektet
Kommunane Sande og Vanylven skal starte arbeidet med kommunedelplan for fjordkryssing av Sandsfjorden mellom Kvamsøy, Voksa i Sande kommune og Åram i Vanylven kommune.
Kommunedelplanen for vegsambandet utløyser krav om konsekvensutgreiing etter reglane i forskrift om konsekvensutgreiing, tilhøyrande plan- og bygningslova. I samsvar med § 6 i forskrifta er det utarbeidd planprogram for planarbeidet. Planprogrammet skal leggjast til grunn ved utarbeiding av planframlegg med tilhøyrande konsekvensutgreiing.
Bakgrunnen for planarbeidet er prosjektet Sande Fastlandssamband, eit bru og/eller tunnelsamband mellom Kvamsøy, Voksa og Åram. Kommunedelplanen for fjordkryssinga av Sandsfjorden skal avklare trasé for Sande Fastlandssamband.
Parsellen består av alternativ 1);ny veg og fylling og bru frå Kvamsøya til Voksa, vidare tunnel frå Voksa til Åram. Eller alternativ 2); Tunnel med undersjøisk kryss frå Kvamsøy til Åram med arm opp til Voksa. Dagens ferjesamband Kvamsøy-Voksa- Åram –Larsnes skal leggast ned etter utbygginga. Anleggskostnadene er grovt kalkulert til ca. 760 mill. 2010-kr.
Planprogram:
Planprogrammet inneheld omtale av dagens situasjon, aktuelle alternativ, og krav til utgreiing av kostnader og konsekvensar av dei ulike alternativa.
På bakgrunn av konsekvensutgreiing og val av alternativ skal Sande og Vanylven kommune utarbeide Kommunedelplan for Sande Fastlandssamband med konsekvensutgreiing, og leggje den ut til offentleg ettersyn.
SAMLA VURDERING OG TILRÅDING I VEDTEKE PLANPROGRAM SEIER FYLGJANDE:
«På grunnlag av utarbeiding av alternativ og konsekvensutgreiing av alternativa skal det utarbeidast ei samla vurdering av alternativa. Alternativa og konsekvensane av dei skal systematiserast og samanliknast i samsvar med metodikken i handbok 140 fram mot ei tilråding av alternativ. Hovudstega i samanlikninga er
Oppsummering av konsekvensar og avbøtande tiltak
Drøfting av dei to alternativa etter målsettinga i planarbeidet
Tilråding av alternativ
Eventuelle oppfølgjande undersøkingar.
I tilrådinga av alternativ skal det leggjast vekt på dei vurderingane og avvegingane som er gjort. Det skal gjerast greie for eventuelle behov som konsekvensutgreiinga har avdekka med tanke på oppfølgjande undersøkingar i neste planfase og i gjennomføring av veg- og tunnelsambandet.
På bakgrunn av konsekvensutgreiing og val av alternativ skal Sande og Vanylven kommune utarbeide kommunedelplan for fjordkryssinga Sande Fastlandssamband med konsekvensutgreiing, og leggje den ut til offentleg ettersyn.»
Kommunestyret i Sande kommune vedtok 19.06 2013 i K–29-13 planprogrammet som var framlagt. Kommunestyret i Vanylven kommune vedtok 18.06.2013 i KST-35/2013, planprogrammet som var framlagt. Planprogram, etter nemnde politiske vedtak, ligg vedlagt og det er dette planprogrammet, i lag med vedlagde politiske vedtak i kommunane Sande og Vanylven, som ligg til grunn for arbeidet og skal vere styrande for utarbeiding av nemnde konsekvensutgreiing og kommunedelplan.
B.2 Planprosess, medverknad og møter
Kommunestyret i dei to kommunane, har ansvar for og leiing av arbeidet med kommunedelplanen, i samsvar med PBL § 9-1. Formannskapa vil fungere som kommunedelplanutval/ prosjektgruppe.
Det administrative ansvaret for arbeidet med kommunedelplanen, etter PBL § 9-2 har Rådmannen, som leiar av kommunens administrasjon. Plankontoret utarbeider planen i samarbeid med rådgjevar/konsulent. Valt tilbydar/leverandør skal stå føre prosjektleiinga av oppdraget, dvs m.a. koordinere arbeidet, følgje opp avtalt framdriftsplan, samt køyre naudsynte prosessar for kommunane med utarbeiding av saksframlegg osv. Dette skal gjevast som fastpris.
Xxxxx Xxxxxxxxx er utpeika til å vere Statens vegvesen sine kontaktperson i planarbeidet.
Sande Fastlandssamband as vil vere den som fyl prosessen og Xxxxxxx Xxxxxxx vil vere kontaktperson for selskapet.
Representantar for barn i plansaker, ungdomsrådet, eldrerådet og rådet for personar med nedsett funksjonsevne vil verte involvert etter behov i løpet av planprosessen.
Kunngjering av oppstart av kommunedelplanarbeidet, vart gjort samstundes som kunngjering offentleg ettersyn av planprogrammet. Medverknad vil skje gjennom informasjon i lokalavis, og naboar og offentlege høyringsinstansar vil bli tilskrivne og inviterte til å kome med synspunkt, innspel og merknader til sjølve planforslaget.
Som nemnd tidlegare, skal planframlegg med konsekvensutgreiing, utarbeidast med bakgrunn i vedteke planprogram, som ligg vedlagt.
Det vert teke sikte på å halde offentlege folkemøte på Kvamsøya og på Åram, ved høyringa av sjølve planframlegget. Offentlege møter vil verte annonsert i lokalavisene.
B.3 Framdrift for planarbeidet
Kommunedelplan med konsekvensutgreiing |
Tidspunkt |
Kunngjering oppstart av kommunedelplan |
februar 2013 |
Kunngjering og fastsetting av aktuelle vegsamband |
november - desember- 2013 |
Utarbeiding av forslag til kommunedelplan med konsekvensutgreiing, tilråding av trasé |
desember 2013 – april 2014 |
Utlegging/offentleg ettersyn |
mai - juni 2014 |
Oppsummere innkomne merknader eg ev. justering av planforslaget |
juli – august 2014 |
Kommunane Sande og Vanylven vedtek kommunedelplanen |
oktober 2014 |
B.4 Xxxxx og synfaringar
Tilbydar skal i sitt tilbod inkludere totalt 5 turar til området for synfaring og møter, inkludert 4 timar med møtetid, jamfør kap. H Vederlag.
Desse møta/synfaringane er tenkt som følgjer:
- I planprosess fram til politisk handsaming om offentleg ettersyn:
1stk oppstartsmøte med kommunane Sande og Vanylven og Sande Fastlandssamband as på Larsnes .
1 stk synfaring til området for aktuell fjordkryssing
1 stk oppsummeringsmøte med kommunane Sande og Vanylven.
- I samband med offentleg ettersyn av planforslaget:
1 stk folkemøte på Kvamsøy
1 stk folkemøte i Åram
Det vert teke atterhald om endringar i kvar møta skal haldast.
Dersom det syner seg at det vert arrangert færre møter enn 5 som er med i fastprisen, så skal dette trekkast i frå fastprissummen, med utgangspunkt i turprisen oppgjeve under kapittel H3 Honorar. Dersom det vert arrangert fleire møter, skal også turprisen nyttast.
B.5 Tilbydars framdrift av oppdraget
Tilbydar skal sette opp ein eigen framdriftsplan/aktivitetsplan for prosjektet, som syner prosessen heilt fram til endeleg handsaming av kommunedelplanen. Framdriftsplanen skal vise tidfesting for aktivitetar i planprosessen fram til politisk handsaming om offentleg ettersyn, slik som:
Oppstartsmøte
Synfaring
Forundersøkingar omtalt i kap 6.4 og kap. 7 i vedteke Planprogram, slik som: Vurderingar knytt til grunnforhold på land og i sjø (m.a. geotekniske vurderingar), Landskapsanalyse, og vurdere behov/grunnlag for eigne støyutrekningar (trafikkstøy i høve til nærmiljø) mm.
Klarlegging og fastsetting av aktuelle vegalternativ
Utarbeiding av Konsekvensutgreiing og ROS
Utarbeiding av planforslag
Oppsummeringsmøte
Levering av komplett planforslag med konsekvensutgreiing til Sande og Vanylven kommune, i samsvar med plan- og bygningslova med forskrifter og rettleiarar og kartforskrifta.
Vidare skal framdriftsplanen vise aktivitetar etter politisk handsaming og offentleg ettersyn, og synleggjere tilbydars kapasitet for oppfølging i planprosessen fram til endeleg vedtak av kommunedelplanen, inkludert deltaking på dei to folkemøta under offentleg ettersyn som skal inngå i tilbodet.
Tilbydars framdriftsplan skal ta utgangspunkt i oppgjeve framdrift i kap. B.3. Som eit minimum skal det leggast opp til levering av komplett planforslag til offentleg høyring, seinast .05.05.2014 og endeleg vedtak i kommunane seinast i oktober 2014. For vektlegging, sjå kap. E.
B.6 Tilbydars forståing av og framdrift for oppdraget
Her skal tilbydar skildre arbeidsomfang og greie ut om arbeidsmetodar og korleis han ser føre seg at oppdraget skal løysast. Tilbydar skal også skildre omfanget av prosjektleiinga av oppdraget. Bruk maksimum 2 A4 sider for denne beskrivinga.
Det skal gå tydeleg fram av tilbodet kva som er med/eventuelt ikkje er med i tilbodet av aktivitetar.
B.7 Leveranse
Valt tilbydar skal levere ein komplett kommunedelplan med plankart, føresegner, evt. retningslinjer, planomtale med konsekvensutgreiing og risiko- og sårbarheisanalyse. Kommunedelplanen skal tilfredsstille krava i plan- og bygningslova med forskrifter og rettleiarar.
Delrapportar i høve konsekvensutgreiinga, skal inkluderast i den samla summen for oppdraget. Dersom tilbydar sjølv ikkje har kompetanse til å utføre naudsynte delrapportar, må tilbydar i sitt tilbod sjølv legge inn ein naudsynt sum for nemnde rapportar. Sjå dessutan vedlagde planprogram for meir informasjon.
Kommunedelplanen skal utarbeidast i samsvar med vedlagde «Planprogram Kommunedelplan for Sande Fastlandssamband».
Plandokumentet skal leverast både på pdf og word-format. Plankartet skal leverast både på sosi-format og som pdf. Dette gjeld alle avtalte leveransar, både til offentleg ettersyn og til endeleg vedtak. Oppdragsgjevar har rettane til det leverte materialet.
I plandokumenta skal det nyttast nynorsk målform.
Eventuelt tilleggsarbeid skal avtalast skriftleg med oppdragsgjevar og timeprisane under kapittel H3 Honorar skal nyttast.
B.8 Atterhald
Det vert teke atterhald om oppdragsgjevar si godkjenning av prosjektkostnadene basert på innkomne tilbod, før inngåing av kontrakt
Oppdragsgjevar har rett til å gjer endringar av konkurransegrunnlaget, som ikkje er av vesentleg karakter, heilt fram til fristen for levering av tilbod går ut.
Rettingar, tillegg eller endringar vert omgåande sendt til alle som har motteke konkurransegrunnlaget.
Dersom rettingar, endringar eller tillegg kjem så seint at det vert vanskeleg for leverandøren å ta omsyn til det i tilbodet, skal det fastsetjast ei forlenging av tilbodsfristen. Alle leverandørar skal varslast om forlenginga.
C. KONKURRANSEREGLAR
C.1 Innkjøpsprosedyre
Innkjøpet er omfatta av Lov om offentlige anskaffelser 30.juni 2006 nr. 41 (LOA) og forskrift om offentlige anskaffingar (FOA) av 3. september. 2010 nr. 1236 del II.
Denne anskaffinga skal gjennomførast som ein open anbodskonkurranse. Det vert derimot lukka anbodsopning.
Kvalifikasjons- og konkurransegrunnlag vert sendt ut som samla dokumentasjon (dette dokumentet). I ein open konkurranse er det ikkje høve til forhandlingar, berre mindre avklaringar, dersom avklaringane er av ein slik art at de ikkje rokerer rangeringa av tilbydarane.
Oppdragsgjevar tek atterhald om å kunne akseptere eit kva som helst tilbod, eller forkaste alle.
Etter at tilboda er mottekne vil det bli vurdert om leverandørane tilfredsstiller kvalifiseringskriteria i konkurransegrunnlaget. Dei leverandørane som ikkje tilfredsstiller kvalifiseringskriteria vil ikkje komme vidare i konkurransen.
Det blir deretter gjort ei evaluering av tilboda til dei leverandørane som blir kvalifiserte. På bakgrunn av tildelingskriteria, vert det innstilt ein vinnar. Etterpå vert det sendt ut melding til alle tilbydarane med resultatet. Det vert gjeve ein klagefrist på 10 dagar.
C.2 Utforming og levering av tilbod
Tilbodet skal vere merka « Kommunedelplan Sande Fastlandssamband»
Tilbodet skal ligge i ein lukka konvolutt/pakke.
Dette konkurransegrunnlaget som er opplista i kapittel H skal nyttast for å gje tilbod.
Tilbodet skal leverast pr post, eller direkte på rådhuset i Larsnes.
Innleveringsstad/ adresse er Sande kommune, Rådhuset, 0000 Xxxxxxx.
Tilbodet skal vere signert.
Det skal leverast: To eksemplar inkludert alle vedlegg. 1 stk på papir og 1 stk på minnepinne.
Dette konkurransegrunnlaget er utforma slik at leverandøren kan fylle ut teksten direkte i konkurransegrunnlaget, kapittel H3, slik at det saman med tilbodsbrev og vedlegg, vert leverandøren sitt tilbod.
C.3 Innleveringsfrist
Komplette tilbod skal vere levert/innkome og registrert på rådhuset i Sande kommune seinast 16.09.2013 kl 1200. Dette gjeld også for tilbod som er sendt pr. post. For seint innleverte tilbod vil bli avviste.
Det er tilbydars ansvar at tilbodet er levert oppdragsgjevar til rett tid.
C.4 Atterhald og avvik
Dersom tilbydar tek atterhald til krav i førespurnaden, må leverandøren syne til dei eventuelle punkt i tilbodsgrunnlaget/konkurransegrunnlaget som det enkelte atterhald/unnatak refererer seg til. Oppdragsgjevar gjer merksam på at atterhald av vesentleg karakter vil kunne medføre til avvising av tilbodet.
Avvika skal være presise og eintydige slik at oppdragsgjevar kan vurdere dei utan kontakt med tilbydar.
Om Leverandøren visar til standardiserte leveringsvilkår eller liknande, vert det rekna som atterhald dersom dei avvikar frå konkurranse- eller kontraktvilkåra i dette konkurransegrunnlaget.
Eventuelle atterhald og/eller avvik skal takast med i tilbodsbrevet.
C.5 Alternative tilbod og minstekrav
Alternative tilbod vert ikkje akseptert
C.6 Deltilbod
Det er ikkje mogleg å gje tilbod på delar av oppdraget
C.7 Vedståingsfrist
Leverandøren må vedstå seg sitt tilbod 90 dagar etter innleveringsfristen.
C.8 Behandling av tilbod
Alle leverandørar vil få tilbakemelding om kva tilbod som er valt.
Med atterhald om at ei eventuell klage vil få medhald, vil det bli inngått avtale med valt leverandør, snarast råd etter at klagefristen er ute, jamfør kapittel A 8 framdriftsplan.
C.9 Offentligheit
Allmennheita har rett til innsyn i tilbod og protokoll etter at val av leverandør er gjort, sjå lov 16. Desember 2011 nr. 62 om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova) § 23 tredje avsnitt, jf. forskrift av 3.september. 2010 nr. 1236 om offentlige anskaffelser (FOA) § 3-5. Oppdragsgjevar er pålagt og følgje prinsippet om meirinnsyn, jf. offentleglova § 11. Tilbydarane skal i sitt tilbodsbrev notere forhold som tilbyder reknar som forretningshemmelegheiter og som ikkje må gjerast kjent for andre.
Ved krav om grunngjeving og innsyn, skal Oppdragsgjevar uavhengig av dette vurdere om opplysningane er av ein slik art at Oppdragsgjevar plikter halde dei utanfor offentlegheita.
C.10 Teieplikt
Oppdragsgjevar og tilsette pliktar å hindre at uvedkomande får tilgang eller kjennskap til opplysningar, framgangsmåtar eller drifts- og forretningsforhold, som av konkurranseomsyn skal haldast hemmeleg.
D KVALIFIKASJONSKRAV
Krav til leverandøren for deltaking i konkurransen.
D.1 Obligatoriske og ufråvikelege krav.
Krav |
Dokumentasjonskrav |
Leverandøren skal ha ordna forhold i høve skatteinnbetaling og meirverdiinnbetaling. |
tilsvarande myndigheiter som dei norske. |
Leverandøren skal ha eit fungerande HMS – system. |
NB: Dersom fleire føretak saman gir tilbod som gruppe skal det leverast attest for alle gruppedeltakarane. |
D.2 Leverandørens organisatoriske og juridiske stilling.
Krav |
Dokumentasjonskrav |
Leverandøren skal vere eit lovleg etablert føretak. |
selskapet er registrert i bransjeregister eller føretaksregister i samsvar med lovgiving i det landet leverandøren er etablert.
NB: Dersom fleire føretak saman gir tilbod som gruppe skal det leverast attest for alle gruppedeltakarane. |
D.3 Leverandøren sin økonomiske og finansielle stilling.
Krav |
Dokumentasjonskrav |
Leverandøren skal ha økonomisk kapasitet til å gjennomføre oppdraget/kontrakten. |
NB: Dersom fleire føretak saman gir tilbod som gruppe kan det enten leverast dokumentasjon for at kvar og ein av gruppedeltakarane har økonomisk kapasitet, alternativt kan gruppedeltakarane støtte seg på ein av gruppedeltakarane sin økonomiske kapasitet. Det må då saman med tilbodet leggjast fram ei signert stadfesting frå tilbydaren som skal oppfylle kravet for heile gruppa, der det går fram at dei andre deltakande føretaka kan nytte seg av hans økonomiske styrke.
(Gruppemedlemane vil under alle omstende ha solidarisk ansvar for alle forpliktingar.) |
D.4 Leverandørens tekniske og faglege kvalifikasjonar.
Krav |
Dokumentasjonskrav |
erfaring med levering av etterspurd teneste.
godt og velfungerande kvalitetssikringssystem. |
i samsvar med etterspurd teneste (referanseliste med opplysning om oppdragets type, innhald og omfang, oppdragsgjevar m/kontaktperson som kan kontaktast og oppdragets varigheit, for dei tre siste åra.)
NB: Dersom fleire føretak saman gir tilbod som gruppe skal det leverast dokumentasjon for alle gruppedeltakarane innanfor dei tenestene som dei ulike deltakarane skal utføre.
NB: Dersom fleire føretak saman gir tilbod som gruppe skal det leverast dokumentasjon på kvalitetssikringssystem for alle gruppedeltakarane. |
E Tildelingskriteria
Innleiande om tildelingskriteria
Tildelinga skjer på basis av kva tilbod som er det økonomisk mest fordelaktige, basert på fyljande kriteria:
Kriterium |
Vekt |
Dokumentasjonskrav |
Pris Av kriteriumspris som er vekta til 60%,tel oppgjeven fastpris for prosjektleiing 20%, oppgjeven fastpris på utarbeidinga av kommunedelplan m.m. 60%, oppgjeven turpris 10% og gjennomsnittet av oppgjevne timeprisar 10%
|
60% |
Utfylt kap. H3 Honorar – i konkurransegrunnlaget. |
Kompetanse og Oppgåveløysing Her vert oppgjevne nøkkel- personar i forhold til formell kompetanse og erfaring frå liknande oppdrag.
Her vil oppdragsgjevar vurdere innhald og struktur, forståing av oppdraget, løysningsforslag og angrepsmåtar, jamfør kapittel B.5. |
20% |
Oversikt over tilbydd nøkkelpersonell, med CV. CV’ar for nøkkelpersonell skal innehalde referansar til relevante liknande prosjekt, med oppgjeven referanse som kan kontaktast. Eventuelt andre dokument som er relevante for vurdering av kompetanse hjå tilbydd personell. Utgreiing av korleis oppdraget er tenkt gjennomført. |
Gjennomføringsevne Her vil oppdragsgjevar vurdere planlagt ressursbruk på viktige aktivitetar, nøkkelpersonar sin medverknad, framdriftsplan, realisme i aktivitetar, møteverksemd og milepelar. |
20% |
Framdriftsplan i samsvar med kapittel B3 og aktivitetsplan som inneheld planlagt ressursbruk og milepælar, folkemøte og andre møter. Organisering av prosjektet. |
F KONTRAKTREGLAR
F.1 Generelle kontraktreglar
Som kontraktreglar gjeld NS 8401: 2010.
F.2 Avtale
Det skal opprettast avtaledokument (kontrakt) mellom oppdragsgjevar og valt tilbydar/leverandør. Som kontraktformular skal nyttast NS 8401 sin mal. Avtale er inngått når begge partar har skrive under avtaledokumentet.
F.3 Byggherren si sikkerheitsstilling
Oppdragsgjevar stiller ikkje sikkerheit for sine forpliktingar.
F4. Tilleggsarbeid
Tilleggsarbeid med priskonsekvens skal godkjennast skriftleg av oppdragsgjevar. Timeprisar under H3 Honorar, skal nyttast.
F5. Prisstigning
Det vert ikkje tillegg for prisstigning.
F.6 Dagsmulkt
Tidsfristar:
Dei tidsfristane for start og ferdigstilling av arbeidet som vert skrivne inn i avtaledokumentet er bindande.
Dagsmulkt:
Dagsmulkt i samsvar med reglane i NS 8401 og med utgangspunkt i avtalte tidsfristar.
G INNHALD I TILBODSDOKUMENT
Tilbodsdokumentet skal leverast i ringperm eller tilsvarande inndelt i delkapittel
som fylgjande:
1. Signert tilbodsbrev.
2. Signert prisskjema, dvs kap. H3 Honorar.
3. Firmaattest.
4. Skatteattest og meirverdiattest.
5. HMS- eigenerklæring. (eigenfråsegn)
6. Beskriving av tilbydar sitt kvalitetsikringssystem.
7. Rekneskap for dei to siste åra.
9. Referanseliste for dei 3 siste åra for liknande oppgåver, jfr. kap D4.
10. Oppgåveforståing, jamfør kap. B.6 og E.
11. Framdrift/aktivitetsplan m.m., jamfør kap. B.5 og E.
12. Organisering av prosjektet med namn på tilbydd personell.
13. CV’ar for tilbydd personell med referanselister for liknande arbeide med referanse oppgjeve.
Sjå dessutan kapittel B, D og E for meir detaljar. For utanlandske tilbydarar og
gruppetilbydarar, sjå særskilde krav under kap. D.
H VEDERLAG
H.1 Utgifter
Følgjande utgifter skal vere inkludert i honoraret:
- Porto, telefon, telefaks, intern kopiering.
- Interne møte i føretaket, evt. planleggingsgruppe, inkludert reise til og frå desse.
- Reiseutgifter, reisetid og tidsbruk i samband med inngåing av eiga kontrakt.
I tillegg til honorar vert følgjande dekt:
- Utgifter til mangfaldiggjering av prosjekt- og teikningsmateriell, teikningsplott, lyskopiering, fotodokumentasjon, plansjemateriell innbinding m.m. etter rekning utan påslag.
Avtalte reiser for synfaring/møter etter oppgjevne satsar, utover avtalte 5 turar.
H.2 Prisregulering
Prisen skal gjevast i norske kroner eks. mva. Prisane skal gjevast for dei kategoriar som går fram av H3. Valutaklausul vert ikkje akseptert. Prisen er fast i avtaleperioden.
H.3 Honorar
Underteikna tilbyr seg å utføre planarbeidet for fylgjande honorar:
Fastpris for komplett kommunedelplan med konsekvensutgreiing og forundersøkingar, og 5 reiser til området Kvamsøy – Åram – Larsnes, inkludert 4 timar møtetid, og alle reiseutgifter for alt naudsynt personell inkludert. Komplett arbeid fram til første gongs politisk handsaming av planforslaget, samt deltaking på dei to folkemøta i samband med offentleg høyring.
Jamfør Kapittel B i dette konkurransegrunnlag: kr eks. moms: ______________________
Underteikna tilbyr seg å utføre prosjektleiinga for fylgjande honorar:
Fastpris prosjektleiing: kr eks. moms: __________________________________________
Turpris:
1 stk komplett reise for alt naudsynt personell til området Kvamsøy – Åram – Larsnes, inkludert 4 timar møtetid,
og alle reiseutgifter inkludert: kr eks. moms:_________________________
(Før opp tal deltakarar frå føretaket): (____________________)
Timeprisar:
Timepris prosjektansvarleg/leiar: kr/time eks. moms __________________
Timepris siv.arkitekt/siv.ingeniør: kr/time eks. moms __________________
Timepris spesialrådgjevar: kr/time eks. moms __________________
Timepris ingeniør/arealplanleggar: kr/time eks. moms___________________
Timepris teiknar: kr/time eks. moms___________________
I VEDLEGG
Planprogram – Kommunedelplan for Sande Fastlandssamband – Sande og Vanylven kommunar. Justert i samsvar med politisk handsaming i kommunane.
Sande kommune: Vedtak om planoppstart i formannskapet 10.01 2013.
Vedtak av planprogram KST-29-13.
Vanylven kommune Vedtak om planoppstart i formannskapet 22 01 13.
Vedtak planprogram Vanylven kommune KS 18.06.2013 - fastsetjing av planprogram for kommunedelplan.
Fjordkryssing Kvamsøy – Voksa. Xxx- Xxxxxxxx 2009.
Skisse til xxxxx Xxxxxxx – Voksa – Åram Nordconsult 2008.