Kontrakt for bruk av meirope bibliotek
Kontrakt for bruk av meirope bibliotek
Meirope bibliotek betyr tilgang til faglitteratur-avdelinga ved Høyanger bibliotek utanom betent opningstid. For å få tilgang til meirope bibliotek, må du skrive under ein kontrakt med Høyanger bibliotek.
Den meiropne avdelinga er ope kl. 07.00-22.00 alle dagar.
Reglar
• Du må være 18 år for å få adgangskort.
• Foreldre/føresette kan ha med seg eigne barn under 15 år. For tryggleiken til barna skal du ikkje etterlate dei aleine på biblioteket i meiropen tid.
Biblioteket er eit offentleg rom og felles eigedom som skal vere til glede og nytte for alle. Ved å oppgradere lånekortet ditt til tilgjengekort for meirope forpliktar du deg til å overhalde følgjande reglar:
⮚ Vis omsyn til andre
⮚ Rydd etter deg
⮚ Hald ro og orden
⮚ Hugs å lukke vindauge etter deg
⮚ Ta vare på biblioteket ditt
⮚ Xxxx deg etter dei lånereglane som gjeld til ei kvar tid
⮚ Kontrakten og lånekortet er personlege og det er berre du som kan bruke kortet ditt som tilgjengekort.
Brot på desse reglane kan føre til at du mistar retten til å bruke meirope bibliotek.
Slik gjer du
Du kjem deg inn på biblioteket ved å bruke lånekortet ditt og ein pinkode. Du scannar lånekortet i underkant av kodebrettet, og tastar pinkoden din. Dette må du gjere ved to dører. Døra vil opne seg og du kan gå inn.
Alle må låse seg inn med eige lånekort.
Døra vert automatisk låst når du har gått inn. Når du skal forlate biblioteket, brukar du dørknappen for å opne døra. Du treng ikkje lånekort for å gå ut, men pass på at du har med deg kortet dersom du skal inn att.
Orienter deg om kvar nødutgangane på biblioteket er (sjå oppslag i biblioteket). Viss brannalarmen går, må du forlate biblioteket med ein gong.
Biblioteket og gangen utanfor er videoovervaka. Dette er av omsyn til tryggleiken din og for å førebygge hærverk på biblioteket. Hærverk vert meldt til politiet.
Ljoset vert sløkt automatisk når det meiropne biblioteket stengjer, og innbrotsalarm vert skrudd på.
Overvakinga er for at du skal føle deg trygg og som vern av biblioteket sitt inventar og utstyr.
Opphald i det meiropne biblioteket skjer på eige ansvar. Du må derfor passe på å vere ute av lokala til rett tid.
Slik lånar du ei bok
Du låner og leverer materiale ved å bruke utlånsautomaten. Rettleiinga på skjermen viser deg korleis du gjer dette. Når du brukar automaten, må du passe på at du registrerer alle låna dine. Det
kjem ei grøn hake ved sida av tittelen på materialet når du har registrert strekkoden. Ved raudt kryss har du scanna feil strekkode og må prøve på nytt.
Av og til vil det vere arrangement på biblioteket i meirope tid. Arrangementa vert annonserte på biblioteket sin nettstad og facebookside.
Om du har spørsmål, problem med automaten eller noko anna, ta kontakt med biblioteket
⮚ på e-post: xxxxxxxxx@xxxxxxxx.xxxxxxx.xx,
⮚ på telefon: 000 00 000 i betent tid.
Velkomen som brukar!
Eg har lese kontrakten og informasjonen om tilbodet og aksepterer vilkåra. Dato:
Namn med blokkbokstavar: Signatur: Lånenummer: (fyllast ut av biblioteket)