Ny samarbeidsavtale med Rikskonsertane
Ny samarbeidsavtale med Rikskonsertane
Fylkesdirektøren rår hovudutval for kultur til å gjere slikt vedtak:
1. Hovudutval for kultur godkjenner ny avtale med Rikskonsertane om skulekonsertar slik det går fram av avtalen.
Prenta vedlegg:
1. Ny avtale mellom Rikskonsertane og Sogn og Fjordane fylkeskommune Uprenta vedlegg:
Saksframstilling
Bakgrunn for saka
Sogn og Fjordane fylkeskommune har hatt eit gjennomgåande samarbeid om skulekonsertverksemda i fylket sidan 1987, då distriktsmusikarordninga vart oppretta, og det vart tilsett fylkesprodusent for skulekonsertane. I starten var det fylkeskommunen som la sine planar i samråd med Rikskonsertane, som deretter godkjende planane. Sidan 2001 vart ansvaret for gjennomføring av skulekonsertane i fylket vore delt mellom fylkeskommunen og Rikskonsertane. Grunnen til dette var at fylkeskommunane ynskte ein større kontroll med både planlegginga og gjennomføringa av skulekonsertane i landet. Det vart gjennom den prosessen slått fast at det overordna ansvaret for skulekonsertane skal ligge hjå Rikskonsertane.
Fylkeskommunane fekk då eit utvida sjølvstendig ansvar for planlegging, produksjon og gjennomføring, heimla i ein avtale med Rikskonsertane som skulle regulere dette samarbeidet.
Vurdering
Vi tek no til på den tredje avtaleperioden der Sogn og Fjordane fylkeskommune har hatt ansvaret for planlegging, produksjon og gjennomføring av 50% av skulekonsertane i fylket.
Sidan alle kommunane i fylket kom med i skulekonsertordninga hausten 2006, har vi også fått utvida talet på konsertdagar i fylket. No får alle elevane i grunnskulen i Sogn og Fjordane oppleve to skulekonsertar pr. år. Fylkeskommunen og Rikskonsertane har også samarbeidd om utvikling av lokal arrangørkompetanse på den einskilde skule, og gjennomførte i 2007 og 2008 kurs for alle ungdomsskulane i fylket.
Kvar kommune betaler ein eigendel på kr. 9 pr. grunnskuleelev pr. konsert, og utrekningar viser at for kvar krone kommunen yter i eigendel, får kommunen om lag 7-8 kroner att i form av musikkformidling til barn og unge.
Erfaringane med skulekonsertordninga er gode. Vi har no fått til eit tett samarbeid med Rikskonsertane, der fagkompetansen i Oslo utfyller fagkompetansen lokalt, og vi har eit rikt mangfald i skulekonsertproduksjonar i fylket både når det gjeld form og innhald.
Det nye i avtalen som ligg føre no, er at skulekonsertordninga også i avtaleform vert definert inn som ein del av den kulturelle skulesekken. I tillegg definerer også den nye avtalen eit ansvar for turnelegging av skulekonsertane som fylkeskommunen ikkje har hatt før. Tidlegare var det utdanningsavdelinga ved Fylkesmannen som hadde ansvaret for turnelegginga av skulekonsertane.
Den nye avtalen medfører at det er fylkeskommunen som skal ha dette ansvaret, noko som til no ikkje har vorte tilfredsstillande kompensert frå statleg nivå. Det er Kulturdepartementet som tek avgjersle om dette.
For fylkeskommunen vil eit ansvar for all turnélegging i Den kulturelle skulesekken medføre ein gevinst når det gjeld planlegging og gjennomføring av både skulekonsertane og dei andre konsertane innan DKS, særskilt i høve bruken av KSYS (xxx.xxxx.xx - fylkeskommunen sin portal og verktøy for DKS i fylket).
Konklusjon
Fylkesdirektøren tilrår at Sogn og Fjordane fylkeskommunen inngår ny avtale med Rikskonsertane om skulekonsertar slik det framgår av avtalen.