Revidert samarbeidsavtale mellom kommunane i Møre og Romsdal og Helse Møre og Romsdal HF- Høyringssvar frå xxx kommune
Revidert samarbeidsavtale mellom kommunane i Møre og Romsdal og Helse Møre og Romsdal HF- Høyringssvar frå xxx kommune
Samandrag:
Med bakgrunn i gjeldande samhandlingsavtale mellom kommunane i Møre og Romsdal og Helse Møre og Romsdal HF, har partane forplikta seg til å revidere avtalen slik at den til ei kvar tid er i samsvar med gjeldande rettspraksis, lover og forskrifter. Xxxxxxx plikter å foreta ein gjennomgang og evaluering anna kvart år ved utgangen av året. Det har vore forhandling om ny avtale sidan hausten 2018. Forslag til ny revidert samarbeidsavtale er no ute på høyring, med høyringsfrist satt til 26.10.2020.
Kommunedirektøren si tilråding:
Xxxx kommunestyre gir slik høyringsuttale på utkastet til revidert samarbeidsavtale mellom kommunane i Møre og Romsdal og Helse Møre og Romsdal HF:
Utkastet for revidert samarbeidsavtale er harmonisert og stramma opp både i omfang og språk. Avtalen framstår meir oversiktleg.
Xxxx kommune er nøgd med at avtalen sin delavtale 1 omfattar pasientar innan psykisk helse og rus, i tillegg til somatikk. For kommunen er dette særs viktig for å kunne yte forsvarleg helsehjelp til pasientar uavhengig av diagnose.
Xxxx kommune meiner punkt 1.3 d) som viser til retningsline når personar med spesielle oppfølgingsbehov vert innlagt ved Møre og romsdal HF, med bistand av kommunal tilsett personell, må takast ut av avtalen. Innhaldet i denne retningslina er det ikkje forhandla om individuelt i forhandlingsutvalet. Retningslina slik den ligg føre, er ikkje i tråd med kommunen sitt syn om korrekt ansvarsfordeling ifht gjeldande lovverk. Kommunen ønsker i utgangspunktet ei retningsline på dette området, men retningslina slik den ligg føre no kan kommunen ikkje akseptere å ta inn i samarbeidsavtalen.
Xxxx kommune viser til ytterligare presiseringar og konkrete forslag gitt i vedlegg 1 til avtalepunkta i avtalen.
Vedlegg:
Vedlegg 1- Høyringsuttale frå xxxx kommune til utkast til samhandlingsavtale Vedlegg 2 - Hjelpedokument - utkast til samarbeidsavtale med spor endringar
Høyring – Revidert samarbeidsavtale mellom kommunane i Møre og Romsdal og Helse Møre og Romsdal HF
Høyringsbrev - revidert samarbeidsavtale mellom kommunane i Møre og Romsdal og Helse Møre og Romsdal HF
Høyringsutkast - revidert samarbeidsavtale mellom kommunane i Møre og Romsdal og Helse Møre og Romsdal HF.docx
Saksopplysningar:
Med bakgrunn i gjeldande samhandlingsavtale mellom kommunane i Møre og Romsdal og Helse Møre og Romsdal HF, har partane forplikta seg til å revidere avtalen slik at den til ei kvar tid er i samsvar med gjeldande rettspraksis, lover og forskrifter. Xxxxxxx plikter å foreta ein gjennomgang og evaluering anna kvart år ved utgangen av året. Det har vore forhandling om ny avtale sidan hausten 2018. Forslag til ny revidert samarbeidsavtale er no ute på høyring, med høyringsfrist satt til 26.10.2020.
Avtalestrukturen i utkast til hovudavtale og reviderte delavtalar slik den ligg føre no, er eit resultat av ei harmonisering, der delavtalane er redusert frå 15 til 6 delavtalar.
I utkast til delavtale 1 «Samarbeid om koordinering av tjenester, samt innleggelse og utskrivning fra sykehus», er det ei betydeleg forenkling der fem delavtalar er slått saman til ein delavtale. Revidert delavtale omhandlar både pasientar innan psykisk helse og rus og somatikk. Sjølv om der er språkmessige endringar, er det innarbeida tidlegare avtalefesta vilkår knytt til betalingsplikt utover det som er forskriftsfesta, som tek i vare konklusjonar frå tidlegare tvistesaker. Xxxxxxxxxxxxxxx knytt til krav om at det er sendt epikrise på utskrivingstidspunktet, omfattar etter revisjonen alle pasientgrupper. Dette har vore eit viktig krav frå kommunane i forhandlingane.
Forhandlingsutvalet har samtidig vore opptatt av å ivareta lokale omsyn/vilkår, som mellom anna i hovudavtalen og samhandlingsfora. Her har forhandlingsutvalet valt å gå vidare med dei fire lokale samhandlingsutvala, til tross for signal i avtale om helsefellesskap om tredelt struktur. Bakgrunnen er behovet for lokale fellesarenaer rundt det enkelte sjukehus, med mål om å understøtte lokal oppfølging, iverksetting av tiltak og lokalt forbetringsarbeid.
Forhandlingsutvalet viser også til nylig utsendt høyring om «Forslag om å innføre krav om at kommuner og helseforetak skal avtale hvordan de sammen skal planlegge og utvikle tjenester» datert 25.08.2020. Forslaget er ei oppfølging av Meld.St.7 (2019-2020) Nasjonal helse- og sykehusplan og regjeringa sin avtale med KS om etablering av helsefellesskap.
Tilrådinga gjeld eit nytt punkt 13 i helse- og omsorgstjenesteloven § 6-2 første ledd.
Endringa inneber eit krav om at det må konkretiserast i samarbeidsavtalen korleis kommunane og helseføretak i fellesskap skal utvikle og planlegge tenester. Eventuelle lovendringar takast med som ein del av det framtidige revisjonsarbeidetfor å sikre at samarbeidavtalen er i tråd med overordna føringar. Dersom tilrådinga blir vedteken, må det konkretisere yttarlegare korleis vi kan sikre gjensidige planprosessar i samarbeidsavtalen.
Vurdering og konklusjon:
Utkastet for revidert samarbeidsavtale er harmonisert og stramma opp både i omfang og språk. Avtalen framstår difor meir oversiktleg.
Xxxx kommune er nøgd med at avtalen sin delavtale 1 omfattar pasientar innan psykisk helse og rus, i tillegg til somatikk. For kommunen er dette særs viktig for å kunne yte forsvarleg helsehjelp til pasientar uavhengig av diagnose.
Xxxx kommune meiner punkt 1.3 d) som viser til retningsline når personar med spesielle oppfølgingsbehov vert innlagt ved Møre og romsdal HF, med bistand av kommunal tilsett personell, må takast ut av avtalen. Innhaldet i denne retningslina er det ikkje forhandla om individuelt i forhandlingsutvalet. Retningslina slik den ligg føre, er ikkje i tråd med kommunen sitt syn om korrekt ansvarsfordeling ifht gjeldande lovverk. Kommunen ønsker i utgangspunktet ei retningsline på dette området, men retningslina slik den ligg føre no kan kommunen ikkje akseptere å ta inn i samarbeidsavtalen.
Xxxx kommune viser til ytterligare presiseringar og konkrete forslag i vedlegg 1 til avtalepunkt i avtalen. Vedlegg 2 viser korleis dette er foreslått inn i avtalen.
Likestillingsmessige sider ved saka:
Konsekvensar for folkehelsa: Det er ein eigen delavtale som viser til samarbeid om helsefremmande og forebyggande helsearbeid. Godt samarbeid mellom kommunen og Helse og Møre Romsdal HF er elles særs viktig for innbyggarane i xxxx kommune.
Økonomiske konsekvensar: Avtalen har ingen nye økonomiske konsekvensar.
Kommunedirektør Kommunalsjef helse og omsorg